Minnetale over tidlegare stortingsrepresentant Ottar Brox
Presidenten [10:00:01 ]: Vyrde medrepresentantar! Den
16. februar 2024 gjekk Ottar Brox bort, i ein alder av 91 år. Han
vaks opp i Torsken kommune på Senja i Troms, i et samfunn kor fiskarbondekulturen
var grunnpilaren.
Ottar Brox blei ein av vår tids mest markante
samfunnsdebattantar. Forskaren, debattanten og stortingsrepresentanten
var eit gjennomført politisk menneske som ikkje oppfatta forsking
og politikk som to åtskilte arenaer.
Den store debuten i norsk offentlegheit kom
i 1966 med utgivinga av boka «Hva skjer i Nord-Norge?». Ho sette
ord på ei utvikling folk såg og kjente på kroppen, men ikkje var
i stand til å formulera teori om. Krisene langs kysten, som nærmast
kunne verka som ein naturkatastrofe folk berre kunne observera som
tilskodarar, blei av Brox forklart som ein villa, planmessig politikk, skapt
av menneske med manglande kjennskap til landsdelen.
Brox dokumenterte at den nordnorske livsforma var
tufta på sunne og rasjonelle verdiar. Ho var fleksibel og tilpassa
lokale forhold, med store naturlege svingingar i ressursgrunnlaget.
Ho var både økonomisk rasjonell og berekraftig. Brox insisterte
på at ein måtte sjå samfunn ut frå deira eigne føresetnader, ikkje
frå toppen og ned, men nedanfrå og opp.
Boka kom i stadig nye opplag og markerte eit
skilje for ein heil generasjon. Brox gav folk håp, energi og innsikt,
ei heilt ny kjensle av å bli sett. Og det var ein av deira eigne
som stod bak.
Frå studietida begynte Brox å engasjera seg
i SF og det som seinare blei SV. Før valet i 1973 blei han spurt om
å stilla på Troms-lista. Frank Rossavik skriv i si SV-historie frå
2011 om korleis det gjekk til. Då Brox fekk veta at SV ville ha
han øvst på lista, spurde han uroleg: «Jeg kan vel ikke bli valgt?»
Brox ville mykje heller vera ved Universitetet i Tromsø enn på Stortinget.
Det blei rekna som usannsynleg at SV hadde reelle mandatsjansar
i Troms, men Brox hadde ei høg stjerne i nord og gjekk rett inn.
«Du sa jo at jeg ikke kunne bli valgt», sa ein sint og ulykkeleg
Brox til Tor Bjerkmann etterpå.
Brox viste gjennom eit langt og aktivt liv
som samfunnsengasjert at politikken blir forma på mange arenaer.
Han etterlet seg ei enorm mengd sakprosabøker og kronikkar, og han
var heilt til det siste kronikkforfattar i Klassekampen. Han hadde
ein svært variert karriere som forskar. Han var innom ei lang rekke
tema og skreiv om dei både som akademikar og som samfunnsdebattant
i nærmare 60 år. Han har vore ein inspirator og inspirerer stadig
nye generasjonar, også etter at han gjekk bort.
Me lyser fred over minnet til Ottar Brox.
Representantane høyrde ståande på presidentens minnetale.
Presidenten [10:04:04 ]: Representantane
Jan Tore Sanner , Sverre Myrli ,
Anne Kristine Linnestad , Turid Kristensen , Kathy Lie ,
Sigurd Kvammen Rafaelsen , Nils T. Bjørke , Per Vidar Kjølmoen ,
Sveinung Stensland , Tove Elise Madland , Ingvild Kjerkol og
Hege Bae Nyholt , som har vore permitterte,
har igjen teke sete.
Følgjande innkalla vararepresentantar tek no
sete:
For Aust-Agder: Ramani Nordli
For Vest-Agder: Aase Marthe J. Horrigmo
For Hordaland: Sigbjørn Framnes
For Sør-Trøndelag: Maren Grøthe
Det ligg føre to permisjonssøknader:
frå Senterpartiet si stortingsgruppe
om permisjon for representanten Siv Mossleth i
tida frå og med 11. til og med 14. februar for å delta på reise
med OSSEs parlamentariske forsamling
frå Arbeidarpartiet si stortingsgruppe om permisjon etter
Stortingets forretningsorden § 5 andre punktum for representanten
Eva Kristin Hansen frå og med 11. februar
og inntil vidare
Etter forslag frå presidenten vart samrøystes
vedteke:
Søknadane blir handsama straks og innvilga.
Følgjande vararepresentantar blir innkalla for å møta i
permisjonstida slik:
Presidenten [10:05:16 ]: Trine Fagervik
og Steinar Krogstad er til stades og vil ta sete.
Statsråd Kjersti Stenseng la
fram 3 kgl. proposisjonar (sjå under Referat).
Presidenten [10:05:41 ]: Representanten
Kari-Anne Jønnes vil setja fram to representantforslag.
Kari-Anne Jønnes (H) [10:06:41 ]: På vegne av representantene
Himanshu Gulati, Grete Wold, Abid Raja, Kjell Ingolf Ropstad og
meg selv vil jeg sette fram et forslag om å utsette endringene i
omregningstabeller for International Baccalaureate.
På vegne av representanten Grete Wold og meg
selv vil jeg framsette et forslag om å gjeninnføre forskningskravet
i dosentstigen.
Presidenten [10:07:05 ]: Representanten
Sofie Marhaug vil setja fram eit representantforslag.
Sofie Marhaug (R) [10:07:23 ]: På vegne av representantene
Marie Sneve Martinussen, Bjørnar Moxnes og meg selv vil jeg fremme
et representantforslag om å legge ned veto mot EUs fjerde energimarkedspakke.
Presidenten [10:07:37 ]: Forslaga vil
bli handsama etter reglementet.
Presidenten vil be representantane om å bli
sitjande til sak nr. 1 er ferdig handsama. Det vil bli votering over
den saka no innleiingsvis.