Presidenten [16:20:38 ]: Etter ønske
fra justiskomiteen vil presidenten ordne debatten slik: 5 minutter
til hver partigruppe og 5 minutter til medlemmer av regjeringen.
Videre vil det – innenfor den fordelte taletid
– bli gitt anledning til inntil fem replikker med svar etter innlegg
fra medlemmer av regjeringen, og de som måtte tegne seg på talerlisten
utover den fordelte taletid, får en taletid på inntil 3 minutter.
Alfred Jens Bjørlo får ordet for saksordfører
Ingvild Wetrhus Thorsvik.
Alfred Jens Bjørlo (V) [16:21:06 ] : Representanten Thorsvik
er blitt forhindra frå å møte, så eg skal halde dette innlegget
i hennar stad. Først av alt: På vegner av saksordføraren vil eg
takke for arbeidet i komiteen ved behandlinga av denne proposisjonen,
der det blir føreslått endringar i straffelova, straffeprosesslova
og politilova.
Det blir bl.a. føreslått innført eit nytt straffebod
der det skal vere straffbart å bidra på vegner av eller etter avtale
med ein framand etterretningsaktør i verksemd som har til føremål
å påverke avgjerder eller den allmenne meiningsdanninga når verksemda
kan skade betydelege samfunnsinteresser. Straffa blir føreslått
sett til bot eller fengsel i inntil tre år. Det blir òg føreslått
eit eige straffebod om grove lovbrot, der strafferamma er fengsel i
inntil ti år. Vidare blir det i proposisjonen føreslått endringar
i straffeprosesslova som vil opne for bruk av skjulte tvangsmiddel
for å etterforske brot på straffeboda og bruk av tvangsmiddel for
å avverje og førebyggje grove lovbrot.
Det blei gjennomført munnleg høyring i saka
27. februar, der Advokatforeningen, Noregs institusjon for menneskerettar,
NIM, Norsk Presseforbund og Norsk Redaktørforening møtte. Desse
høyringsinstansane har òg gjeve skriftlege høyringsinnspel til saka.
Det blei i både den munnlege og den skriftlege høyringa sett fram ei
rekkje innvendingar mot lovforslaget.
Eg legg til grunn at partia sjølve gjer greie
for sitt syn i saka, og går med det over til Venstre sitt syn på
denne proposisjonen.
Venstre deler regjeringa si uro for trugsmålet
som framand etterretning sin illegitime påverknad på norske borgarar
utgjer, og vi er samde i at det er viktig at demokratiske avgjerder
og prosessar må kunne skje utan illegitim påverknad frå framande
statar. Vi må ta på alvor at framandstatlege påverkingsoperasjonar
i ytste konsekvens kan destabilisere heile det fundamentet liberale
demokrati er bygde på, verdiar som vi òg er menneskerettsleg forplikta
til å beskytte. Venstre er likevel av den oppfatninga at dette forslaget
som her er fremja, går for langt og i verste fall vil kunne true
ytringsfridomen og demokratiet, som er nettopp dei verdiane vi søkjer
å beskytte.
Eg synest NIM i sitt høyringsinnspel har treft
blink i beskrivinga av forslaget ved å vise til det dilemmaet som EMD
har kalla faren for å «destroy democracy under the cloak of defending
it». Det er nettopp det vi står i fare for å gjere ved å innføre
heimlar som er så lite klare og så innskrenka som desse, ikkje minst
når det er for eit straffebod som kan ha nedkjølande effekt, altså
medføre at folk vegrar seg for å ytre seg og seie kva dei meiner.
Både ytringsfridomskommisjonen, forsvarskommisjonen
og totalberedskapskommisjonen har anbefalt å leggje vekt på tiltak
som styrkjer og bevarer befolkninga si motstandsdyktigheit mot desinformasjon
og påverkingsoperasjonar. Alle kommisjonane har framheva at tiltaka
som blir sette i verk, ikkje må gå på kostnad av verdiane ein prøver
å beskytte. Her meiner vi heimelen i dette framlegget er for vid
og uklår, og vi må ta på alvor det tunge høyringsinstansar seier
når dei gjev uttrykk for uro over at denne lovgjevinga kan innskrenke ytringsfridomen
og ha ein nedkjølande effekt på legitime ytringar.
NIM har kome med heilt konkrete innspel til
korleis heimelen kan forbetrast. Ei av forbetringane som NIM føreslår,
er at berre fordekt verksemd skal rammast. Ei anna er å beskrive
kva som ikkje er straffbart, slik at det blir lettare å sjå kva
regelen er meint å ramme og ikkje. Eit tredje forbetringsforslag
frå NIM er å vurdere oppsplitting i fleire reglar framfor éin kortfatta
og omfattande regel.
Venstre meiner lovframlegget bør sendast tilbake
til regjeringa, og at desse forbetringsframlegga bør vurderast.
Med forslaget får PST òg ein utvida tilgang
til å nytte skjulte tvangsmiddel. Det er utan tvil ei markant utviding
av tilgangen til å ta i bruk skjulte tvangsmiddel at dei no skal
brukast til førebyggjande og avverjande føremål. NIM påpeikar i
sitt høyringssvar at PST sin utvida tilgang til skjulte tvangsmiddel
primært blir drøfta som eit isolert spørsmål om inngrep i privatlivet,
men at det i proposisjonen manglar ei vurdering av om denne effekten
tilseier ytterlegare avgrensingar. Det meiner Venstre burde ha blitt
vurdert grundigare.
Eg vil nytte denne anledninga til å understreke
kor viktig det er at vi arbeider med å styrkje motstandsdyktigheita
mot framandstatlege påverkingsoperasjonar på fleire måtar enn i
straffesporet. Noko av det viktigaste vi kan gjere, er å styrkje
samfunnet og den enkelte si evne til å vurdere, sortere og handtere
flaumen av tilgjengeleg informasjon, for som ytringsfridomskommisjonen skriv:
«En godt utdannet befolkning (…) – det
man kan kalle beredte borgere – er den beste beskyttelsen mot desinformasjon.»
Med det tek eg opp Venstres framlegg i saka.
Presidenten [16:26:14 ]: Representanten
Alfred Jens Bjørlo har tatt opp de forslagene han refererte til.
Odd Harald Hovland (A) [16:26:32 ] : Påverkingsoperasjonar
frå framande trusselaktørar er alvorlege og kan bidra til å undergrave
den demokratiske meiningsutvekslinga. Trass i at påverkingsoperasjonar
ikkje er eit nytt fenomen, kan framsteg innanfor teknologi, som kunstig
intelligens, gjere det både lettare å generere og at det som vert
spreidd, vert meir truverdig.
Når me no vil vedta endringar i straffeloven,
straffeprosessloven og politiloven for å styrkje det stafferettslege
vernet mot utanlandsk påverkingsverksemd, reiser det viktige spørsmål
om balansen mellom tryggleik og fridom i eit liberalt demokrati.
Føremålet med endringane er å gje Politiets
tryggingsteneste nødvendige verktøy for å førebyggje og etterforske
skadeleg innflytelse frå utanlandsk etterretning. Behovet for slike
tiltak meiner me er uomtvisteleg. Samtidig er det viktig å ivareta
grunnleggjande prinsipp som ytringsfridom og rettstryggleik. Det
er nettopp desse berande prinsippa og verdiane i eit liberalt demokrati me
vil forsvare med desse lovendringane. Dei utanlandske aktørane som
driv påverking, ønskjer å ramme verdiane våre, bryte ned tillit,
polarisere og destabilisere demokratiet og rettsstaten.
Det er ingen tvil om at Noreg, som alle andre
moderne demokrati, står overfor truslar frå utanlandske aktørar
som ønskjer å påverke samfunnet vårt på ulike måtar. Desse truslane
kan omfatte alt frå desinformasjonskampanjar og hacking til direkte
innsyn i sensitive institusjonar. I eit stadig meir digitalisert
og globalisert samfunn vert sårbarheitene våre tydelegare, og behovet
for effektiv beskyttelse av nasjonale interesser vert meir presserande.
Endringar i lovgjevinga som gjev PST auka handlingsrom for å motverke
slike truslar, er difor som sagt nødvendige.
Samtidig er det viktig å erkjenne dei potensielle
dilemmaa som følgjer av slike tiltak. I eit liberalt demokrati verdset
me grunnleggjande rettar som ytringsfridom og rettstryggleik. Lovgjeving
på dette området må difor vegast nøye opp mot behovet for tryggleik.
For å balansere behovet for effektiv beskyttelse
mot utanlandsk påverkingsverksemd med omsynet til demokratiske prinsipp
er det viktig at endringane i lovgjevinga er tydelege og forståelege,
og at dei er proporsjonale og nødvendige sett i høve til trusselbiletet.
I tillegg er det sjølvsagt vesentleg at det
finst etablerte, effektive mekanismar for tilsyn og ansvarleggjering av
myndigheitene. Det har me i Noreg gjennom EOS-utvalet, ved domstolskontroll
og ikkje minst ved ei fri og uavhengig presse.
Det må leggjast vekt på å oppretthalde openheit
og offentleg debatt rundt desse tiltaka. I eit ope demokrati er
det avgjerande at borgarane har moglegheit til å forstå og utfordre
handlingane til myndigheitene, og at vedtaksprosessane er gjennomsiktige
og demokratisk forankra.
Til sjuande og sist handlar det om å finne
den rette balansen mellom tryggleik og fridom. Medan trusselen frå
utanlandske påverkingsverksemder krev handling, må me samtidig vere
årvakne og ikkje ofre dei grunnleggjande verdiane som samfunnet
vårt er bygd på. Endringane i lovgjevinga må ein difor sjå som del
av ein breiare diskusjon om korleis me best kan beskytte demokratiet
vårt i ei stadig meir kompleks og utfordrande verd. Det krev ei
kontinuerleg avveging mellom ulike omsyn og ei bevisstheit om dei
moralske og politiske dilemmaa me står overfor. Dette er noko me
bør ta med oss når me skal behandle tema som beredskap og motstandskraft
i befolkninga i forbindelse med stortingsmeldinga om totalberedskap.
Med dette forslaget meiner eg at me ivaretek
desse omsyna og finn den rette balansen. Innvendingane frå høyringane
i Stortinget er i stor grad vurderte i proposisjonen og i merknadene
våre som me òg har ført i saka.
Eg vil spesielt vise til at dei straffeboda
ein har føreslått, har ei anna utforming enn forslaget som vart
sendt på høyring den 12. mai 2021. Den utforminga ein har føreslått,
gjer at føresegna får eit klarare og meir avgrensa bruksområde og
imøtekjem etter mi oppfatning langt på veg dei innvendingane som
vart sette fram under høyringa.
Kari Henriksen hadde
her overtatt presidentplassen.
Sveinung Stensland (H) [16:31:14 ] : I denne saken er Høyre
helt på linje med regjeringspartiene, og vi stiller oss bak argumentene
fra foregående taler.
Det kan være flere grunner til at utenlandske
aktører vil påvirke et demokratisk valg. Det kan være fordi de vil
forsøke å påvirke utfallet, eller fordi en utenlandsk aktør mener
noen partier eller regjeringskonstellasjoner gagner dem mer enn
andre. Noen vil gjerne skape splid i samfunnet eller mistillit til
institusjoner og systemer, og en kan ville styrke eller svekke partier
som i enkeltsaker er av interesse for trusselaktører. Dette er ting
vi ser skje i flere vestlige land om dagen. Å skape usikkerhet om
valgresultatet er kanskje et mål i seg selv for et regime som ikke
er demokratisk anlagt, men å påvirke valg er bare én av måtene en
kan drive påvirkningsarbeid på.
Norge har til nå manglet effektive virkemidler
for å hindre påvirkningsaksjoner, selv om både PST og E-tjenesten
har advart mot dette flere ganger. Påvirkningsaksjoner har ikke
vært ulovlig. Det kommer på plass nå. Det har ikke vært straffebelagt
om en fremmed stat driver påvirkning mot norske politiske prosesser.
Derfor har det vært vanskelig for politiet å forebygge og etterforske
dette. Sikkerhetstjenesten har rett og slett ikke hatt juridiske
verktøy til å etterforske og drive etterretning hvis andre stater
driver med påvirkningsoperasjoner i Norge.
De andre nordiske landene har sånne lovhjemler, og
allerede i 2021 ble det sendt ut forslag til lovgivning. Dette er
nå fremmet i en noe endret form, men det er stort sett sånn det
ble foreslått tilbake i 2021. PST vil nå få hjemmel til å etterforske
skadelig påvirkningsvirksomhet fra utenlandsk etterretning. Det
er gjort grundige vurderinger av hvordan disse truslene fra fremmede stater
best kan bli møtt, samtidig som hensynet til ytringsfrihet og personvern
er ivaretatt. Dette er godt beskrevet i proposisjonen.
Det finnes nok eksempler på aktivitet fra fremmed etterretning
i Norge, og aktiviteten er dessverre tiltakende. Jeg ser flere her
i salen som har oppdaget hva det vil si at utenlandske aktører prøver
å hacke seg inn på deres egen mailkonto – så dette er noe som skjer
rundt oss hver dag.
NATOs analysesenter StratCom i Riga følger
mønstrene for russisk propaganda tett, og de har publisert en rekke
rapporter om russisk bruk av tradisjonelle og sosiale medier, inkludert
rapporten Russlands fotavtrykk i det nordisk-baltiske informasjonsmiljøet.
I 2018-rapporten får vi se hva som er de russiske narrativene om Norge,
fortellinger som blir plantet i media og offentligheten både hjemme
og ute. Det er f.eks. at flyktninger er et problem her, og at islam
splitter og destabiliserer. At Russland er en forsvarspolitisk trussel
mot Norge, blir latterliggjort, og kritikken mot norsk barnevern
får stor omtale. Norge utenfor EU er også en god rollemodell for Storbritannias
brexit. Vi ser dessverre at sånne aksjoner er i ferd med å bli helt
vanlige, og det er vanskelig for folk å skille mellom hva som er
reelle nyheter, og hva som er noe som er konstruert. I en annen
StratCom-rapport, som heter Vasking av informasjon i den nordisk-baltiske
regionen, blir det avslørt hvordan nyheter blir hvitvasket, vridd
og forfalsket. I vår tid får dette en uunngåelig spredning i sosiale
medier, og konklusjonene kan leses som dystre: Norge regnes som
et høyt prioritert mål for vridd informasjon fra Kreml og Kreml-aktører.
Disse russiske teknikkene styrker først og
fremst hjemlandets eget bilde av hva som er galt i Vesten, men nyhetsbiten
har også et internasjonalt publikum gjennom nettstedet og tv-stasjonen
RT, tidligere Russia Today, og den engelske versjonen av nettavisen
Sputnik News. Begge er eid av den russiske staten. Når anonyme nettkontoer
bruker sosiale medier til å forsterke spredningen, stenger ikke
grensene for påfyll til eksempelvis høyreradikal nettdebatt i Europa
eller sinte anonyme nettdebattanter her hjemme.
Høyre er fornøyd med at regjeringen har fulgt
opp lovforslagene som ble sendt på høring for en del år siden. Vi
har også etterlyst dem ved flere anledninger. Det er bra at dette
nå kommer på plass, og jeg vil gi honnør til regjeringen for at
dette er fremmet i en proposisjon som vi mener er balansert og ivaretar
Norges interesser på en god måte.
Else Marie Rødby (Sp) [16:35:58 ] : Over flere år har PST og
Etterretningstjenesten trukket fram påvirkningsoperasjoner utført
av autoritære stater som en alvorlig trussel mot Norge. Vi står
i en tid hvor de temaene denne saken handler om, har fått økt aktualitet.
Behovet for å kunne fange opp aktivitet som har vesentlig betydning
for nasjonale sikkerhetsinteresser, er viktigere enn på mange år,
og vi vet at sånne påvirkningsoperasjoner stort sett skjer digitalt
og i det skjulte. Som samfunn og som rettsstat må vi ha nødvendige
verktøy til å håndtere disse utfordringene, slik som – men ikke bare
– med disse lovendringene vi behandler i dag.
Som forrige taler var inne på, har dette lovforslaget vært
underlagt en ganske lang og grundig lovprosess, som startet med
regjeringen Solberg. Etter både nye høringsrunder og endringer har
vi det som nå ligger i den framlagte proposisjonen, en proposisjon
som skal balansere hensynet til effektiv bekjempelse av skadelige påvirkninger
på den ene siden og samfunnets rett til og behov for frie ytringer
og personvern på den andre.
Jeg tror det er viktig å anerkjenne at dette
forslaget reiser krevende dilemmaer. Hadde det vært lett, hadde vi
ikke hatt debatt. Høringsinnspillene både til regjeringen og til
komiteens behandling her på Stortinget har også vært viktige og
er i hovedsak – mener vi – imøtekommet og innarbeidet i forslagene
som ligger til behandling i dag. Forslag til endringer i straffeloven
på dette området er det bra at det blir debatt av. Det å ta problemstillingene
opp i lyset, vurdere dem og debattere dem, selv om man kommer til
ulike konklusjoner, er nettopp noe av det som kjennetegner et åpent
og liberalt demokrati.
Et viktig tema som har vært gjenstand for diskusjon i
denne saken, er faren for en nedkjølingseffekt, og at lovforslaget
gjør det så krevende å definere hva som er innenfor og utenfor,
at det legger en demper på retten til og behovet for å ytre seg.
Det man selvfølgelig også må være bevisst på når man snakker om
nedkjølingseffekten, er totaliteten av rammen som legges gjennom
lover og regler. Etter Senterpartiets syn ivaretar lovendringene
en god balanse mellom nødvendige hensyn, gjennom så presise og klare
bestemmelser som mulig for nettopp å unngå unødvendige inngrep i
ytringsfriheten.
La meg derfor understreke at lovforslaget er
avgrenset til å rette seg mot personer som opptrer på vegne av eller
etter avtale med en fremmed etterretningsaktør og bidrar i etterretningsvirksomhet
som kan skade betydelige samfunnsinteresser. Dette er en viktig
presisering og gir derfor etter vårt syn ikke grunnlag for å frykte
at personer som driver med helt legitim informasjonsutveksling,
blir rammet og straffeforfulgt. Som representanten Hovland var inne
på, er det nettopp gjennom innstillingen understreket at det ikke
er tvil om at medievirksomhet, akademisk virksomhet og alminnelig
politisk og diplomatisk virksomhet ikke omfattes av lovforslaget,
så lenge den som ytrer seg, ikke opptrer på vegne av eller etter
avtale med en fremmed etterretningsaktør. Hva som er å regne som
fremmed etterretningsaktør, er også nærmere definert og rammet inn.
Noe av det som kanskje er mest bekymringsfullt
i den tiden vi står i, er enkeltpersoners plass i det digitale og
skjulte terrenget som påvirkningsoperasjoner foregår i. Evnen til
å skille mellom hva som er ekte, og hva som er målrettet feilinformasjon
fra aktører som ikke vil oss vel, er ujevnt fordelt i befolkningen.
Fremmede staters påvirkningsvirksomhet kan utfordre og i verste
fall undergrave den høye tilliten vi har mellom folk i Norge, mellom
folk og myndigheter, og tilliten til pressen. Vi har sett at denne
typen påvirkning kan påvirke og forstyrre grunnleggende demokratiske
prosesser, som også andre har vært inne på, f.eks. valg. Det er
alvorlig, og det er i ytterste konsekvens det vi beskytter oss mot
ved å ramme inn påvirkningsvirksomhet gjennom strafferettslige bestemmelser,
som man gjør i dette forslaget.
Motstandskraften mot påvirkning, desinformasjon og
kaos i en befolkning reguleres ikke først og fremst gjennom straffeloven,
men gjennom motinformasjon, åpen debatt og en opplyst og bevisst
befolkning som har kunnskap til å skille mellom det falske og det
som er rett.
Andreas Sjalg Unneland (SV) [16:40:23 ] : Det er ingen tvil
om at hybrid krigføring som involverer påvirkning for å oppnå politiske
eller andre strategiske mål, er en trussel, og det er en rekke eksempler
på det. Den tyske forfatteren og journalisten Hubert Seipel mottok 600 000
euro fra selskaper med tilknytning til en oligark nær Putin for
å skrive to bøker som framstår sympatiske til den russiske presidenten.
Franske og tyske youtubere og influensere fikk tilbud om penger
fra et PR-byrå i Storbritannia med russiske forbindelser for å spre
desinformasjon om Pfizer-vaksinen. Tsjekkisk og belgisk etterretning
avslørte i slutten av mars 2024 at russiske interesser har drevet
propagandavirksomhet gjennom å bruke nettstedet Voice of Europe,
forkledd som en avis, til å spre russiskvennlige narrativer. Avsløringen
har ført til at tsjekkiske myndigheter har sanksjonert den Putin-vennlige
oligarken Viktor Medvedtsjuk for å ha drevet en russisk påvirkningskampanje gjennom
bruk av Voice of Europe.
Spørsmålet er ikke om man anerkjenner denne trusselen,
men hvordan man møter denne trusselen. Å trygge befolkningen er
en kjerneoppgave for oss folkevalgte, men noe vi har sett de siste
årene, er at vi stadig pusher grensene for hvilket overvåkningstrykk
vi har i samfunnet. PNR-direktivet og ny hjemmel til PST om bruk
av åpent tilgjengelig informasjon har begge flyttet terskelen for
legitim overvåkning, og nå skal man styrke arbeidet mot skadelig
påvirkningsvirksomhet fra utenlandsk etterretning. Det er ingen
tvil om at hensikten er god, men på samme måte som at å ta for mye
medisin kan skade pasienten vil for mye overvåkning og reguleringer
og begrensninger kunne skade demokratiet.
SVs bekymring er den samme som den til Norges
institusjon for menneskerettigheter, som skrev i sitt høringssvar:
«Påvirkning iscenesatt av utenlandske
sikkerhetstjenester kan utfordre fri meningsdannelse og informasjonsfrihet
i samfunnet. I disse situasjonene er det andre lands styresmakter
som foretar handlinger som kan representere en trussel mot ytringsfriheten
og våre demokratiske tradisjoner og institusjoner. Norske styresmakter
plikter å beskytte oss mot denne trusselen.»
Dette forslaget går imidlertid svært langt
i å gi hjemler til norske styresmakter som også vil kunne true ytringsfriheten
og demokratiet. Dette er en kritikk som også ble fremmet av Advokatforeningen
og Norsk Presseforbund. Lovforslaget er for uklart og bør ikke vedtas
i sin nåværende formulering. I sitt høringsinnspill til departementet
trakk NIM fram dilemmaet som Den europeiske menneskerettighetsdomstol
har kalt faren for å «destroy democracy under the cloak of defending
it». Dette er et perspektiv også ytringsfrihetskommisjonen har poengtert.
Hva er vår viktigste skanse mot fremmed påvirkning?
Både ytringsfrihetskommisjonen, forsvarskommisjonen og totalberedskapskommisjonen
har anbefalt å vektlegge tiltak som styrker og bevarer befolkningens
motstandsdyktighet mot desinformasjon og påvirkningsoperasjoner,
men samtlige kommisjoner framhever at tiltakene som igangsettes,
ikke må gå på bekostning av verdiene en forsøker å beskytte. Kritisk tenkning,
en stat som gjør seg fortjent til en høy grad av tillit, et offentlig
ordskifte der alle kan delta, og en skole som sikrer at alle lærer
kildekritikk og kritisk tenkning, er det viktigste vi kan ha for
å sikre samfunnet.
Ytringsfrihetskommisjonen er tydelig på at
det er umulig å regulere seg bort fra innslag av usannheter og feilinformasjon
i offentligheten. De skriver:
«En godt utdannet befolkning som forholder seg
kritisk og selvstendig til informasjonen den konsumerer, det man
kan kalle beredte borgere, er den beste beskyttelsen mot desinformasjon.»
Det regjeringen foreslår, med støtte fra Høyre,
er et forslag som er for vidt, for uklart, og som burde sendes tilbake.
Når høringen var tydelig på at tunge fagmiljøer er kritiske til
utformingen, bør man lytte til det, sånn at vi ikke nettopp risikerer
å skade det demokratiet vi ønsker å forsvare.
Presidenten [16:45:09 ]: Av hensyn til
referentene vil jeg minne representanten om at det skal gå tydelig fram
når et sitat starter, og når et sitat slutter.
Statsråd Emilie Mehl [16:45:34 ] : Jeg er glad for at et bredt
flertall på Stortinget slutter seg til de foreslåtte lovendringene.
De handler om å beskytte oss mot fremmede staters påvirkning, en
påvirkning som skjer på stadig nye måter, og derfor er det også
viktig å sikre at lovverket vårt tar høyde for dette. Det handler
i bunn og grunn om å beskytte demokratiet vårt, beskytte oss mot
desinformasjon og sørge for at de som utfører slike handlinger,
kan straffes.
Både PST og Etterretningstjenesten har over
flere år trukket fram autoritære staters påvirkningsoperasjoner som
en alvorlig trussel mot nasjonal sikkerhet og andre grunnleggende
samfunnsinteresser. Fremmed etterretning og deres medhjelpere kan
f.eks. spre desinformasjon eller videoer som er manipulert med kunstig
intelligens. Formålet kan være å påvirke valg, skape økt polarisering
eller svekke folks tillit til pressen, offentlige myndigheter eller
andre viktige samfunnsinstitusjoner.
Folk i Norge er godt rustet til å stå imot
forsøk på påvirkning i dag, men det er ikke noe vi kan ta for gitt
i framtiden. Regjeringen vil jobbe langs flere spor for å beskytte
samfunnet mot skadelig fremmedstatlig påvirkning. Når påvirkningsoperasjoner
tar en så alvorlig form at betydelige samfunnsinteresser står på
spill, er det – ved siden av andre tiltak – behov for et strafferettslig vern.
Dette er bakgrunnen for at regjeringen har foreslått nye bestemmelser
i straffeloven rettet mot påvirkning fra fremmed etterretning.
For regjeringen har det vært viktig å utforme
så treffsikre bestemmelser som mulig for ikke å legge unødvendige
eller uforholdsmessige begrensninger på den enkeltes rett til å
ytre seg. Straffebestemmelsene regjeringen foreslår, er derfor klarere
og mer avgrenset enn forslaget Solberg-regjeringen sendte på høring.
Helt konkret vil de foreslåtte bestemmelsene gjøre det straffbart å
bidra på vegne av eller etter avtale med en fremmed etterretningsaktør
i virksomhet som har til formål å påvirke beslutninger eller den
allmenne meningsdannelsen. Forutsetningen er at virksomheten kan
skade betydelige samfunnsinteresser. De foreslåtte vilkårene innebærer
bl.a. at enhver som ikke opptrer på vegne av eller etter avtale
med en fremmed etterretningsaktør, fritt kan videreformidle informasjon
eller synspunkter som stammer fra en slik aktør.
Påvirkningsoperasjonene skjer stort sett digitalt
og i det skjulte. Hvis PST skal ha mulighet til å beskytte oss mot
samfunnsskadelig påvirkningsvirksomhet, må de ha en mulighet til
å bruke skjulte tvangsmidler. Regjeringen har derfor foreslått at
PST skal kunne bruke skjulte tvangsmidler for å etterforske brudd
på de foreslåtte straffebestemmelsene og for å avverge eller forebygge grove
overtredelser.
Det er krevende avveininger som skal gjøres,
men det er også gjort grundige vurderinger etter høringen. Jeg mener
vi nå får et godt innrammet straffebud som klart rammer inn de straffbare
handlingene.
Presidenten [16:48:14 ]: Det blir replikkordskifte.
Andreas Sjalg Unneland (SV) [16:48:29 ] : Ministeren var fra
talerstolen tydelig på at det var gjort endringer i dette forslaget
nettopp for å innarbeide en del av kritikken som var i det opprinnelige
forslaget. Da justiskomiteen behandlet dette på Stortinget, kom
det likevel mye kritikk fra fagmiljøene – fra Advokatforeningen,
fra Norges institusjon for menneskerettigheter, fra Norsk Presseforbund.
Mener ministeren og regjeringen at denne kritikken er grunnløs?
Statsråd Emilie Mehl [16:49:08 ] : Først synes jeg det er riktig
å si at det ikke er til å legge skjul på at det er krevende å utforme
treffsikre straffebestemmelser som skal ramme påvirkningsvirksomhet,
og samtidig unngå at det blir en for stor kostnad opp mot ytringsfriheten. Derfor
la regjeringen fram et forslag som er bearbeidet etter den første
høringen, og hvor vi har lagt opp til betydelige innramminger. Så
ser jeg at det har kommet innspill i den høringen som Stortinget
har gjennomført. Vi mener at vi langt på vei har ivaretatt en del
av de innspillene i proposisjonsarbeidet. Jeg er glad for at de ulike
fagmiljøene ytrer seg, og det har vært viktig for oss å jobbe godt
med denne saken også før vi la fram proposisjonen.
Andreas Sjalg Unneland (SV) [16:49:56 ] : Jeg refererte fra
talerstolen til at man har utvidet en rekke hjemler etter forslag
fra regjeringen, riktignok hjemler SV har stemt imot. En kritikk
vi har fremmet når det har vært nye hjemler til PST, PNR-direktivet
eller det vi behandler i dag, er at man behandler dette stykkevis
og delt og ikke ser på totaliteten av overvåkningstrykket man legger
på befolkningen. Dette er ikke en bekymring kun SV har hatt. Det
er en bekymring også ytringsfrihetskommisjonen har hatt – nettopp
det at det behandles stykkevis og delt, at man ikke har sett på
totaliteten av overvåkning og regulering av denne type handlinger.
Er det en bekymring ministeren også deler med ytringsfrihetskommisjonen,
at man nå lager et så stort trykk, som kan ha en nedkjølende effekt
på ytringsfriheten man ønsker å bevare og forsvare?
Statsråd Emilie Mehl [16:50:54 ] : Jeg mener det er noe av
denne kritikken som er grunnen til at vi gjorde innstramminger i
proposisjonen som ble lagt fram, kontra det som ble sendt ut på
høring. Nettopp fordi bl.a. en mulig nedkjølingseffekt på ytringsfriheten
ble problematisert, så vil det alltid være sånn. Vi har gitt PST
også andre typer nye hjemler i løpet av vår tid i regjering med
Senterpartiet og Arbeiderpartiet. Jeg mener det har vært viktig
av hensyn til de forventningene samfunnet har til hva PST skal kunne
utføre av oppgaver, hva de skal kunne beskytte oss mot. Så er det
noe som hele tiden må balanseres opp mot hvor sterke inngrep vi
ønsker at vi skal kunne gjøre i vårt frie og åpne samfunn. Dette
er en vanskelig avveining og kommer alltid til å være det. Det er
jo bra, for det gjør at vi må ta de rundene med refleksjon i hvert
enkelt tilfelle.
Presidenten [16:51:44 ]: Replikkordskiftet
er omme.
Flere har ikke bedt om ordet til sak nr. 7.
Votering, se tirsdag 14. mai