Stortinget - Møte tirsdag den 30. januar 2024

Dato: 30.01.2024
President: Masud Gharahkhani
Dokumenter: (Innst. 173 S (2023–2024), jf. Dokument 3:4 (2023–2024))

Søk

Innhold

Sak nr. 3 [10:41:43]

Innstilling frå kontroll- og konstitusjonskomiteen om Riksrevisjonens undersøkelse av matsikkerhet og beredskap på landbruksområdet (Innst. 173 S (2023–2024), jf. Dokument 3:4 (2023–2024))

Talere

Presidenten []: Etter ønske fra komiteen vil presidenten ordne debatten slik: 5 minutter til hver partigruppe og 5 minutter til medlemmer av regjeringen.

Videre vil det – innenfor den fordelte taletid – bli gitt anledning til inntil seks replikker med svar etter innlegg fra medlemmer av regjeringen, og de som måtte tegne seg på talerlisten utover den fordelte taletid, får en taletid på inntil 3 minutter.

Nils T. Bjørke (Sp) [] (ordførar for saka): Eg vil takka komiteen for godt samarbeid i denne saka. Det er ein samla komité som står bak innstillinga eg no legg fram. Eg vil òg takka Riksrevisjonen for ein særs framifrå rapport. Undersøkinga om mattryggleik og beredskap på landbruksområdet er ein av dei viktigaste og mest omfattande rapportane Riksrevisjonen har lagt fram for Stortinget på lang tid.

Undersøkinga omfattar i hovudsak perioden 2000–2023. Enkelte analysar strekkjer seg tilbake til 1980-talet og 1990-talet. I 2024 forstår alle at mattryggleiken må verta forvalta rett. Sjølv mangel på 1 pst. av mjølk og egg skaper stor politisk uro og ikkje minst uro hjå forbrukaren. Nett difor er det viktig at Riksrevisjonen har gått så grundig inn i mattryggleiken og beredskapen på landbruksområdet.

Nasjonal mattryggleik byggjer på tre sentrale føresetnader: kontinuerleg nasjonal produksjon av mat, sikring av produksjonsgrunnlaget og eit velfungerande handelssystem. Mattryggleik inneber at folk i Noreg til kvar tid skal ha fysisk og økonomisk tilgang på nok og trygg mat. Å ta i bruk landbruksressursane over heile landet, sikra produksjonsgrunnlaget og leggja til rette for konkurransedyktige verdikjeder er turvande for å kunna produsera mat til eige folk. I undersøkinga legg Riksrevisjonen vekt på at 60 pst. av all maten me et, er anten importert eller produsert med importerte fôrråvarer til husdyrnæringa og oppdrettsnæringa. Difor er me utsette for stor risiko viss tilgangen på importert mat og fôrråvarer av ulike årsaker skulle verta redusert.

Kontroll- og konstitusjonskomiteen støttar Riksrevisjonen i at det er kritikkverdig at arealressursane i jordbruket ikkje vert forvalta på ein fullt ut berekraftig måte, m.a. ved at betydelege jordbruksareal av god kvalitet vert omdisponerte og bygde ned. Kontroll- og konstitusjonskomiteen støttar Riksrevisjonen i at det ikkje er tilfredsstillande at Landbruks- og matdepartementet og Nærings- og fiskeridepartementet i dagens norske matvareberedskap ikkje har gjort betre førebuingar dersom det skulle oppstå vesentleg svikt i tilgangen på mat eller fôr.

I innstillinga viser komiteen til at i handsaminga av jordbruksoppgjeret 2014 uttalte ein samla næringskomité at det er avgjerande at landbrukspolitikken som vert ført, gjev trygg og sikker mat, landbruk over heile landet, auka verdiskaping og ei berekraftig næring. Kontrollkomiteen viser til at næringskomiteen i Innst. 251 S for 2016–2017 viste til at regjeringa i jordbruksmeldinga varsla at «kostnadseffektiv matproduksjon» skulle vera hovudføremålet med jordbrukspolitikken, i tråd med den politiske plattforma til regjeringa. Næringskomiteen støtta ikkje dette hovudformålet med jordbrukspolitikken, men såg ei kostnadseffektiv verdikjede for mat som eitt av fleire verkemiddel for å nå dei overordna måla.

Riksrevisjonen har funne at mykje av maten er importert, men forvaltninga kjenner ikkje potensialet for å omstilla verken produksjonen eller forbruket vårt i ein krisesituasjon. Noreg kan verta meir sjølvforsynt med mat ved å auka kornproduksjonen, men dagens verkemiddel er ikkje tilstrekkelege for å nå målet om auka produksjon. Lønsemda i kornproduksjonen har falle over tid. Riksrevisjonen har funne at arealressursane i jordbruket ikkje vert forvalta på ein fullt ut berekraftig måte. Store jordbruksareal av god kvalitet er ikkje i drift. Beredskapsplanlegginga på mattryggleiksområdet er mangelfull.

Komiteen støttar opp om Riksrevisjonens tilrådingar til departementa om å styrkja verkemidla for mattryggleik og beredskap og å styrkja samarbeidet mellom departementa. Eg vil særleg trekkja fram tilrådinga om å gjennomføra ein risiko- og sårbarheitsanalyse av norsk matforsyning som òg omfattar ei vurdering av situasjonar med ein ikkje velfungerande internasjonal handel. I 2024 er me i ein internasjonal tryggingssituasjon der den internasjonale handelen er truga.

Det er avgjerande at landbrukspolitikken som vert ført, gjev trygg og sikker mat, landbruk over heile landet, auka verdiskaping og ei berekraftig næring. Det er mange faktorar som er med på å avgjera om næringa vert oppfatta som attraktiv, men gode inntektsmoglegheiter er det viktigaste verkemiddelet for å nå dei jordbrukspolitiske måla.

Rapporten frå Riksrevisjonen er omfattande og klargjer mange sider ved mattryggleiken. Eg rekk berre nokre hovudpunkt i dette innlegget. Eg vil difor oppfordra alle til å lesa rapporten og innstillinga frå komiteen. Det sentrale er at utgangspunktet for matproduksjonen er arealressursane. Forvaltninga av dei må ha eit evig perspektiv. Eit aktivt landbruk basert på lokale ressursar er avgjerande for å ha kunnskap og utstyr til å styrkja mattryggleiken. Dette må regjeringa følgja opp i arbeidet med rapporten frå totalberedskapskommisjonen, i tråd med svara statsrådane har gjeve til Riksrevisjonen.

Carl I. Hagen (FrP) []: Forslaget til vedtak er at dette dokumentet vedlegges protokollen. Det fattes altså ikke noen andre formelle vedtak. Men jeg vil gjerne føye til at det står en del mer, som er å oppfatte på omtrent samme måte. Det står:

«Komiteen viser til at Riksrevisjonen tilrår at:

  • Landbruks- og matdepartementet legg fram ei vurdering av kva for verkemiddel – både eksisterande og eventuelle nye – som kan bidra til å auke sjølvforsyninga, og som samstundes tek omsyn til forbrukarane sine preferansar og situasjonen i marknaden (…)

  • Justis- og beredskapsdepartementet saman med Nærings- og fiskeridepartementet og Landbruks- og matdepartementet etablerer felles dimensjonerande planføresetnader for den norske mat- og forsyningsberedskapen

  • Nærings- og fiskeridepartementet og Landbruks- og matdepartementet i samarbeid utarbeider eit anslag for Noreg si sjølvforsyningsevne og greier ut korleis kosthaldet og matproduksjonen i jordbruket, havbruket og fiskeria ved behov kan omstillast ved kortvarige eller langvarige kriser

  • Nærings- og fiskeridepartementet og Landbruks- og matdepartementet i samarbeid gjennomfører ein risiko- og sårbarheitsanalyse av norsk matforsyning som òg omfattar ei vurdering av situasjonar med ein ikkje velfungerande internasjonal handel.

Komiteen sluttar seg til Riksrevisjonen sine tilrådingar.»

Det er dette som er mitt poeng, at når komiteen enstemmig slutter seg til disse anbefalingene, er det i realiteten omtrent det samme som et formelt stortingsvedtak, slik at vi forventer at departementene som her er nevnt, følger opp nøyaktig det som er anbefalingene, og som komiteen enstemmig har sluttet seg til. I en tid med stor usikkerhet og kriser internasjonalt er selvsagt selvforsyningsgraden og beredskapen for mat i landet av større betydning enn når det er fredelige situasjoner, som det har vært tidligere. Derfor håper jeg statsråden vil bekrefte at også han oppfatter den enstemmige komitétilslutningen til Riksrevisjonens anbefalinger som et stortingsvedtak, slik at når Riksrevisjonen forhåpentlig følger opp dette om noen år, kan den rapportere tilbake at det som er anbefalingene, og som komiteen enstemmig har sluttet seg til, er oppfylt. Det håper jeg vil være situasjonen om noen år når Riksrevisjonen rapporterer om dette på nytt.

Statsråd Geir Pollestad []: Eg trur det er sjeldan kritikk frå Riksrevisjonen har vorte motteken med større begeistring enn denne rapporten, og eg meiner at rapporten peikar på veldig grunnleggjande ting.

Sikker tilgang på mat er avgjerande for beredskapen i eit land. Med klimaendringar og ei uroleg verd er det gode grunnar for at arbeidet med matsikkerheit vert løfta fram og ettergått av Riksrevisjonen. Eg meiner Riksrevisjonen har gjort eit godt og grundig arbeid på eit viktig område både for regjeringa og for landet.

Riksrevisjonen rettar kritikk på to område. Eg tek på stort alvor at Riksrevisjonen meiner det er kritikkverdig at jordbruksareala ikkje vert forvalta på ein fullt ut berekraftig måte, og at det ikkje er tilfredsstillande førebuingar dersom det skulle oppstå vesentleg svikt i tilgangen på mat eller fôr. Regjeringa vil følgja opp dette i ulike saker til Stortinget, bl.a. gjennom oppfølging av totalberedskapskommisjonens arbeid og gjennom andre saker som vert fremja frå Landbruks- og matdepartementet.

Riksrevisjonen tilrår at Landbruks- og matdepartementet legg fram ei vurdering av kva for verkemiddel som kan nyttast for å auka sjølvforsyninga, og som samtidig tek omsyn til både dei preferansane forbrukarane har, og situasjonen i marknaden. Regjeringa vil allereie denne våren leggja fram ei melding til Stortinget med ein strategi for auka sjølvforsyning.

Komiteen peikar i si innstilling på at gode inntektsmoglegheiter er det viktigaste verkemiddelet for å nå dei jordbrukspolitiske måla, og at det er ei hovudutfordring i jordbrukspolitikken å bidra til tilstrekkeleg lønsemd i jordbruket til å utnytta jordbruksresursane til produksjon av varer, tenester og fellesgode. Eg støttar denne vurderinga og vil leggja til at god lønsemd òg er avgjerande for å halda jordbruksareala i drift og i god hevd.

Regjeringa har satsa tungt på å løfta inntektene i jordbruket gjennom dei siste to jordbruksoppgjera, og me arbeider med ein plan for å auka inntektsmoglegheitene i jordbruket, som skal leggjast fram for Stortinget denne våren.

Drenering er viktig for å oppretthalda produksjonsgrunnlaget og produktiviteten i jordbruket. Riksrevisjonen peikar på dette og viser til at det vert drenert for lite areal i høve til kva som trengst. Eg er difor svært nøgd med at det i vår vart gjort ein auke på 60 pst. i tilskottet til drenering, og det har verkeleg sett fart på aktiviteten. Det er registrert ein stor auke i talet på søknader. Det viser at politikk verkar. Det viser òg kor viktig jordbruksavtalen og jordbruksforhandlingane er for å drøfta og prioritera viktige saker saman med jordbruket.

Riksrevisjonen peikar på at betydelege jordbruksareal vert bygde ned og omdisponerte kvart år. Det svekkjer produksjonsgrunnlaget. Regjeringa har allereie lagt fram ein ny nasjonal jordvernstrategi med eit nytt og skjerpa jordvernmål, og nye konkrete tiltak for å nå målet. Statistikken viser gledeleg nok òg at nedbygging av matjord over tid er på veg ned, men framleis er for høg. Eg stiller meg likevel bak Riksrevisjonens tilråding om å greia ut om verkemidla for å beskytta jordbruksareala bør styrkjast.

Eg merkar meg, og er glad for, at ein samla komité stiller seg bak både kritikken og tilrådingane frå Riksrevisjonen. Komiteen står òg samla i sine merknader i saka. No skal ikkje eg gå inn og tolka om merknader kan oppfattast som vedtak, og vedtak oppfattast som merknader, men regjeringa har tenkt å følgja opp det Riksrevisjonen seier, og det komiteen skriv. På svært mange punkt er me allereie i gang, og fleire punkt høyrer òg naturleg saman i oppfølginga av totalberedskapskommisjonen.

Det er ikkje alltid ein er veldig glad for å få kritikk frå Riksrevisjonen, og eg skulle ønskt at denne kritikken ikkje var nødvendig – at ting var på stell – men det er vel eit uttrykk for at ein ikkje tidleg nok har sett behovet for å skjerpa beredskapen. Denne regjeringa har teke beredskap på største alvor og er i gang med fleire av dei sakene som ligg føre, og det vil jobbast vidare på breitt grunnlag med å styrkja beredskapen i Noreg.

Presidenten []: Det blir replikkordskifte.

Geir Jørgensen (R) []: Innledningsvis vil jeg si: Det er ikke bare denne regjeringens ansvar at vi er i den situasjonen som Riksrevisjonen så riktig påpeker og kommer med kritikk av. Her er det mange som er nødt til å ta ansvar, og dette er en utvikling som har pågått over lang tid.

Likevel ser vi nå, når vi er i en vanskelig sikkerhetssituasjon i verden, at vi får denne alvorlige kritikken på dette tidspunktet. Da er det jo lett for statsråden å være glad for kritikken; det vanskelige er de konkrete oppfølgingspunktene i dette dokumentet. Da er jeg interessert i å høre: Hva mener statsråden er det viktigste enkelttiltaket for å komme i inngrep med den alvorlige situasjonen som er beskrevet her?

Statsråd Geir Pollestad []: For det fyrste er eg glad for – når eg no har latt vere å peika på tidlegare regjeringar og deira ansvar for den situasjonen me har kome opp i – at Raudt kjem meg til unnsetning og understrekar det, noko som sjølvsagt er heilt korrekt.

Så vert det spurt om det viktigaste enkelttiltaket. Her er det jo kritikk på litt fleire punkt, men viss eg skal nemna éin ting som er viktig for sjølvforsyning og for evna til å halda jorda i drift og til å sikra fornying og vedlikehald av jordressursane, er det ei styrking av inntektsmoglegheitene i landbruket.

Eg var i går på landbruksmøte både i Vestland og i Rogaland. Det er ein krevjande situasjon i landbruket; kostnadsveksten har prega landbruket. Dei to siste jordbruksoppgjera har hjelpt, men det er klart at det er behov for ei vidare styrking av inntekta for å produsera mat i Noreg. Det vil eg peika på som det viktigaste tiltaket.

Geir Jørgensen (R) []: Da ser vi fram til en skikkelig god plan for å løfte inntektene i jordbruket.

Riksrevisjonen peker også på ting som ikke ligger direkte under storting og regjering, men det er jo måten vi har valgt å organisere oss på i dette landet. Når de da skriver at store jordbruksarealer av god kvalitet ikke er i drift, og at oppfølgingen av driveplikten er svak, er dette i første ledd et ansvar som kommunene har, men storting og regjering har jo et ansvar for at det blir fulgt opp. Det samme gjelder bit-for-bit-raseringen av verdifull matjord ute i det ganske land. Hvilken linje tenker statsråden at regjeringen skal legge seg på i balansegangen mellom kommunalt selvstyre og nasjonale mål?

Statsråd Geir Pollestad []: Det er heilt rett at kommunane har ei viktig oppgåve, både når det gjeld å følgja opp at driveplikta vert overhalde, og når det gjeld å ta vare på matjorda vår. Eg sende i går, saman med kommunalministeren, eit brev til alle landets kommunestyrerepresentantar og understrekte ansvaret som dei har, og viktigheita av den jobben dei gjer. Eg peikte òg på tilbakemeldingane frå totalberedskapskommisjonen.

Utgangspunktet er at arealforvaltninga er kommunal og lokal, og sånn må det vera. Samtidig er det òg sånn at statsforvaltarane og staten har eit ansvar for å sikra at det nasjonale jordvernmålet vert følgt opp. Det vil seia at ein må bruka dei verkemidla ein har for å sørgja for at summen av dei vedtaka som vert gjorde rundt om i kommunane, heng saman med det nasjonale målet, og det er å koma ned til 2 000 dekar omdisponert. Det kjem til å krevja ganske mykje av både kommunane og staten.

Carl I. Hagen (FrP) []: Jeg tolker statsråden dit hen at han var positiv til det jeg nevnte i mitt innlegg, men jeg vil gjerne bare formelt ha en bekreftelse på at han – og departementet og embetsverket – oppfatter disse syv konkrete tilrådingene fra Riksrevisjonen, som komiteen enstemmig har sluttet seg til, på samme måte som, la oss si, vedtak i Stortinget. Det kan jo av og til være en forskjell på f.eks. et anmodningsvedtak og merknader hos dem som skal gjennomføre disse tingene i praksis, og det gjelder jo ikke alltid bare statsråden selv, men også et embetsverk. Så jeg vil bare få ham til å bekrefte at embetsverket vil få klar beskjed om at dette må ses på som vedtak og noe som skal følges opp.

Statsråd Geir Pollestad []: Eg trur at eg skal oppfatta vedtak som vedtak og merknad som merknad, men dei punkta som komiteen einstemmig har peikt på, vil verta følgde opp av regjeringa. Det kan eg bekrefta, og det vil sjølvsagt politisk leiing, embetsverket og dei forskjellige departementa jobba med å få gjennomført. Eg meiner dette er sju punkt som er fornuftige, og mange av dei er me allereie i gang med.

Eg tenkjer at det kanskje aller viktigaste punktet, som er litt krevjande, men som òg er nytt, og som denne regjeringa har teke tak i, er at planlegginga òg må ta høgd for ein situasjon der handelen ikkje går som normalt. Det har vore problemet med dei rapportane som kom under førre regjering, at planføresetnadene la til grunn at det ikkje vart svikt i handelen. Det punktet meiner eg er det som kanskje endrar mest i denne saka, og då trur eg komiteen er tydeleg på at me har støtte til å gjera det.

Presidenten []: Replikkordskiftet er avsluttet.

De talere som heretter får ordet, har en taletid på inntil 3 minutter.

Per Olav Tyldum (Sp) []: La meg få starte med å gi komiteen ros for å stå samlet bak innstillingen i saken og med det gi norsk matsikkerhet og beredskap innen landbruksområdet en viktig anerkjennelse.

Norge er forpliktet gjennom FN-konvensjonen til å sikre og produsere mat til egen befolkning. Matsituasjonen i verden er blitt særlig usikker etter at Russland invaderte Ukraina.

Med et slikt bakteppe er det viktig at Norge legger til rette for en så stor matproduksjon som mulig. Vi kan ikke ta for gitt at internasjonale forsyningskjeder alltid er åpne og i funksjon. Matjorda og bonden er kanskje de viktigste bidragene til vår nasjonale matsikkerhet, vår beredskap og befolkningens trygghet.

Komiteen viser til Riksrevisjonens kritikk om at arealressursene i jordbruket ikke blir forvaltet på en fullt ut bærekraftig måte, ved at betydelige arealer blir omdisponert og bygd ned. Senterpartiet er glad for at Stortinget gjennom behandlingen av fjorårets jordbruksoppgjør vedtok en tydelig jordvernstrategi med skjerpede mål – bare synd at ikke flere partier støttet vedtaket utover dagens regjeringspartier og SV.

Å styrke bondens inntektsmuligheter er ikke et mål i seg selv. Det er et virkemiddel for å kunne oppnå mål om selvforsyning, matsikkerhet og beredskap i vårt land.

Jeg mener det er helt avgjørende at vi framover prioriterer tiltak for å sikre bondens inntektsmuligheter ved å ta ut riktig produsentpris i verdikjeden, tilpasse tollvernet ut fra prioriterte produkter, bidra med budsjettmidler for matproduksjon i hele landet og sist, men ikke minst, støtte opp om en næring som ønsker å tilpasse seg framtidige forventninger og krav.

Riksrevisjonens rapport om matsikkerhet og beredskap i landbruksområdet blir møtt med en samlet innstilling fra kontroll- og konstitusjonskomiteen. Det er bra, men hva nå?

Jeg mener at en flerårig, sivil beredskapsplan, med bl.a. matsikkerhet som en sentral del av planen, burde etableres. Riksrevisjonens rapport er klar på at vi ikke er godt nok forberedt. Konklusjonen er at vi ikke kan gjøre oss mer avhengig av mat fra utlandet.

Per Olaf Lundteigen (Sp) []: Den historiske erfaring er at ethvert lands ledelse gjør det den kan for å sikre befolkningen nok mat i krisesituasjoner. Situasjonen i Norge er at vi har den dårligste sjølforsyningsgraden – matvaresikkerheten – på jordbruksområdet i hele Europa, med 40 pst. av kaloriene produsert på norske arealer. Vi er altså i en meget kritisk situasjon, og det har ikke vært bedring de siste årene – tvert imot.

Fram til 1990 ble det hvert år utarbeidet en rapport, som Næringsdepartementet eide, om en sjølforsyningsmodell, dvs. om hvordan en skulle sikre forsyning av mat, både fra land og fra hav, til befolkningen – altså et samsvar mellom hva befolkningen trengte av mat, og produksjonen. Den sjølforsyningsmodellen var en svær, lineær programmeringsmodell som hele tida tilpasset forbruk til produksjonen, og da så en hva som var de logiske sammenhengene.

En skal ikke arbeide mye med disse spørsmålene før en forstår at det jordbruksarealet vi har i Norge, er for lite. Det er for skrint til at en greier å ha normal forsyning i en situasjon hvor en er avskåret fra å bruke andre lands arealer. Derfor er det viktig at en får tilbake denne sjølforsyningsmodellen, sånn at myndighetene har et redskap for å se hvordan en skal tilpasse seg, både i forkant og dersom situasjonen oppstår.

Det som er det sentrale i en sånn modell, er kornets stilling. Kornet har bestandig vært jokeren fordi det er noe alle kan spise, det kan lagres, og det kan selges. Derfor er det viktig å balansere tilbud av og etterspørsel etter korn, og da kommer vi til et poeng som er utrolig vesentlig: Vi kan ikke bruke kornet på dyr i så stor grad som vi gjør i dag. Vi må sikre at dyrene i større grad spiser gras, for det vil styrke sjølforsyningsgraden. Norge er et grasland.

Det er noen faglige sammenhenger her som jeg appellerer til at en i større grad tar inn over seg. Hvis en ikke kan de faglige sammenhengene og ser de historiske linjene og hva som er behovet framover, vil grunnlaget for de politiske beslutningene bli for svake. Sjølforsyningsgraden må opp, og det er et politisk spørsmål.

Presidenten []: Flere har ikke bedt om ordet til sak nr. 3.

Votering, se voteringskapittel