Presidenten
[10:41:56 ]: Etter ønske fra komiteen vil presidenten ordne
debatten slik: 5 minutter til hver partigruppe og 5 minutter til
medlemmer av regjeringen.
Videre vil det
– innenfor den fordelte taletid – bli gitt anledning til inntil
seks replikker med svar etter innlegg fra medlemmer av regjeringen,
og de som måtte tegne seg på talerlisten utover den fordelte taletid,
får en taletid på inntil 3 minutter.
Nils T. Bjørke (Sp) [10:42:30 ] (ordførar for saka): Eg vil
takka komiteen for godt samarbeid i denne saka. Det er ein samla
komité som står bak innstillinga eg no legg fram. Eg vil òg takka
Riksrevisjonen for ein særs framifrå rapport. Undersøkinga om mattryggleik
og beredskap på landbruksområdet er ein av dei viktigaste og mest
omfattande rapportane Riksrevisjonen har lagt fram for Stortinget
på lang tid.
Undersøkinga omfattar
i hovudsak perioden 2000–2023. Enkelte analysar strekkjer seg tilbake
til 1980-talet og 1990-talet. I 2024 forstår alle at mattryggleiken
må verta forvalta rett. Sjølv mangel på 1 pst. av mjølk og egg skaper
stor politisk uro og ikkje minst uro hjå forbrukaren. Nett difor
er det viktig at Riksrevisjonen har gått så grundig inn i mattryggleiken
og beredskapen på landbruksområdet.
Nasjonal mattryggleik
byggjer på tre sentrale føresetnader: kontinuerleg nasjonal produksjon
av mat, sikring av produksjonsgrunnlaget og eit velfungerande handelssystem.
Mattryggleik inneber at folk i Noreg til kvar tid skal ha fysisk
og økonomisk tilgang på nok og trygg mat. Å ta i bruk landbruksressursane
over heile landet, sikra produksjonsgrunnlaget og leggja til rette for
konkurransedyktige verdikjeder er turvande for å kunna produsera
mat til eige folk. I undersøkinga legg Riksrevisjonen vekt på at
60 pst. av all maten me et, er anten importert eller produsert med
importerte fôrråvarer til husdyrnæringa og oppdrettsnæringa. Difor
er me utsette for stor risiko viss tilgangen på importert mat og
fôrråvarer av ulike årsaker skulle verta redusert.
Kontroll- og konstitusjonskomiteen
støttar Riksrevisjonen i at det er kritikkverdig at arealressursane
i jordbruket ikkje vert forvalta på ein fullt ut berekraftig måte,
m.a. ved at betydelege jordbruksareal av god kvalitet vert omdisponerte
og bygde ned. Kontroll- og konstitusjonskomiteen støttar Riksrevisjonen
i at det ikkje er tilfredsstillande at Landbruks- og matdepartementet og
Nærings- og fiskeridepartementet i dagens norske matvareberedskap
ikkje har gjort betre førebuingar dersom det skulle oppstå vesentleg
svikt i tilgangen på mat eller fôr.
I innstillinga
viser komiteen til at i handsaminga av jordbruksoppgjeret 2014 uttalte
ein samla næringskomité at det er avgjerande at landbrukspolitikken
som vert ført, gjev trygg og sikker mat, landbruk over heile landet,
auka verdiskaping og ei berekraftig næring. Kontrollkomiteen viser
til at næringskomiteen i Innst. 251 S for 2016–2017 viste til at
regjeringa i jordbruksmeldinga varsla at «kostnadseffektiv matproduksjon»
skulle vera hovudføremålet med jordbrukspolitikken, i tråd med den
politiske plattforma til regjeringa. Næringskomiteen støtta ikkje
dette hovudformålet med jordbrukspolitikken, men såg ei kostnadseffektiv
verdikjede for mat som eitt av fleire verkemiddel for å nå dei overordna måla.
Riksrevisjonen
har funne at mykje av maten er importert, men forvaltninga kjenner
ikkje potensialet for å omstilla verken produksjonen eller forbruket
vårt i ein krisesituasjon. Noreg kan verta meir sjølvforsynt med mat
ved å auka kornproduksjonen, men dagens verkemiddel er ikkje tilstrekkelege
for å nå målet om auka produksjon. Lønsemda i kornproduksjonen har
falle over tid. Riksrevisjonen har funne at arealressursane i jordbruket
ikkje vert forvalta på ein fullt ut berekraftig måte. Store jordbruksareal
av god kvalitet er ikkje i drift. Beredskapsplanlegginga på mattryggleiksområdet
er mangelfull.
Komiteen støttar
opp om Riksrevisjonens tilrådingar til departementa om å styrkja
verkemidla for mattryggleik og beredskap og å styrkja samarbeidet
mellom departementa. Eg vil særleg trekkja fram tilrådinga om å gjennomføra
ein risiko- og sårbarheitsanalyse av norsk matforsyning som òg omfattar
ei vurdering av situasjonar med ein ikkje velfungerande internasjonal
handel. I 2024 er me i ein internasjonal tryggingssituasjon der den
internasjonale handelen er truga.
Det er avgjerande
at landbrukspolitikken som vert ført, gjev trygg og sikker mat,
landbruk over heile landet, auka verdiskaping og ei berekraftig
næring. Det er mange faktorar som er med på å avgjera om næringa
vert oppfatta som attraktiv, men gode inntektsmoglegheiter er det
viktigaste verkemiddelet for å nå dei jordbrukspolitiske måla.
Rapporten frå
Riksrevisjonen er omfattande og klargjer mange sider ved mattryggleiken.
Eg rekk berre nokre hovudpunkt i dette innlegget. Eg vil difor oppfordra
alle til å lesa rapporten og innstillinga frå komiteen. Det sentrale
er at utgangspunktet for matproduksjonen er arealressursane. Forvaltninga
av dei må ha eit evig perspektiv. Eit aktivt landbruk basert på
lokale ressursar er avgjerande for å ha kunnskap og utstyr til å
styrkja mattryggleiken. Dette må regjeringa følgja opp i arbeidet
med rapporten frå totalberedskapskommisjonen, i tråd med svara statsrådane
har gjeve til Riksrevisjonen.
Carl I. Hagen (FrP) [10:47:59 ] : Forslaget til vedtak er at
dette dokumentet vedlegges protokollen. Det fattes altså ikke noen
andre formelle vedtak. Men jeg vil gjerne føye til at det står en
del mer, som er å oppfatte på omtrent samme måte. Det står:
«Komiteen viser
til at Riksrevisjonen tilrår at:
Landbruks-
og matdepartementet legg fram ei vurdering av kva for verkemiddel
– både eksisterande og eventuelle nye – som kan bidra til å auke
sjølvforsyninga, og som samstundes tek omsyn til forbrukarane sine
preferansar og situasjonen i marknaden (…)
Justis-
og beredskapsdepartementet saman med Nærings- og fiskeridepartementet
og Landbruks- og matdepartementet etablerer felles dimensjonerande
planføresetnader for den norske mat- og forsyningsberedskapen
Nærings-
og fiskeridepartementet og Landbruks- og matdepartementet i samarbeid
utarbeider eit anslag for Noreg si sjølvforsyningsevne og greier
ut korleis kosthaldet og matproduksjonen i jordbruket, havbruket
og fiskeria ved behov kan omstillast ved kortvarige eller langvarige
kriser
Nærings-
og fiskeridepartementet og Landbruks- og matdepartementet i samarbeid
gjennomfører ein risiko- og sårbarheitsanalyse av norsk matforsyning som
òg omfattar ei vurdering av situasjonar med ein ikkje velfungerande
internasjonal handel.
Komiteen sluttar
seg til Riksrevisjonen sine tilrådingar.»
Det er dette som
er mitt poeng, at når komiteen enstemmig slutter seg til disse anbefalingene,
er det i realiteten omtrent det samme som et formelt stortingsvedtak,
slik at vi forventer at departementene som her er nevnt, følger
opp nøyaktig det som er anbefalingene, og som komiteen enstemmig
har sluttet seg til. I en tid med stor usikkerhet og kriser internasjonalt
er selvsagt selvforsyningsgraden og beredskapen for mat i landet
av større betydning enn når det er fredelige situasjoner, som det
har vært tidligere. Derfor håper jeg statsråden vil bekrefte at
også han oppfatter den enstemmige komitétilslutningen til Riksrevisjonens
anbefalinger som et stortingsvedtak, slik at når Riksrevisjonen
forhåpentlig følger opp dette om noen år, kan den rapportere tilbake
at det som er anbefalingene, og som komiteen enstemmig har sluttet
seg til, er oppfylt. Det håper jeg vil være situasjonen om noen
år når Riksrevisjonen rapporterer om dette på nytt.
Statsråd Geir Pollestad [10:51:08 ] : Eg trur det er sjeldan
kritikk frå Riksrevisjonen har vorte motteken med større begeistring
enn denne rapporten, og eg meiner at rapporten peikar på veldig
grunnleggjande ting.
Sikker tilgang
på mat er avgjerande for beredskapen i eit land. Med klimaendringar
og ei uroleg verd er det gode grunnar for at arbeidet med matsikkerheit
vert løfta fram og ettergått av Riksrevisjonen. Eg meiner Riksrevisjonen
har gjort eit godt og grundig arbeid på eit viktig område både for
regjeringa og for landet.
Riksrevisjonen
rettar kritikk på to område. Eg tek på stort alvor at Riksrevisjonen
meiner det er kritikkverdig at jordbruksareala ikkje vert forvalta
på ein fullt ut berekraftig måte, og at det ikkje er tilfredsstillande
førebuingar dersom det skulle oppstå vesentleg svikt i tilgangen på
mat eller fôr. Regjeringa vil følgja opp dette i ulike saker til
Stortinget, bl.a. gjennom oppfølging av totalberedskapskommisjonens
arbeid og gjennom andre saker som vert fremja frå Landbruks- og
matdepartementet.
Riksrevisjonen
tilrår at Landbruks- og matdepartementet legg fram ei vurdering
av kva for verkemiddel som kan nyttast for å auka sjølvforsyninga,
og som samtidig tek omsyn til både dei preferansane forbrukarane har,
og situasjonen i marknaden. Regjeringa vil allereie denne våren
leggja fram ei melding til Stortinget med ein strategi for auka
sjølvforsyning.
Komiteen peikar
i si innstilling på at gode inntektsmoglegheiter er det viktigaste
verkemiddelet for å nå dei jordbrukspolitiske måla, og at det er
ei hovudutfordring i jordbrukspolitikken å bidra til tilstrekkeleg
lønsemd i jordbruket til å utnytta jordbruksresursane til produksjon
av varer, tenester og fellesgode. Eg støttar denne vurderinga og
vil leggja til at god lønsemd òg er avgjerande for å halda jordbruksareala
i drift og i god hevd.
Regjeringa har
satsa tungt på å løfta inntektene i jordbruket gjennom dei siste
to jordbruksoppgjera, og me arbeider med ein plan for å auka inntektsmoglegheitene
i jordbruket, som skal leggjast fram for Stortinget denne våren.
Drenering er viktig
for å oppretthalda produksjonsgrunnlaget og produktiviteten i jordbruket.
Riksrevisjonen peikar på dette og viser til at det vert drenert
for lite areal i høve til kva som trengst. Eg er difor svært nøgd med
at det i vår vart gjort ein auke på 60 pst. i tilskottet til drenering,
og det har verkeleg sett fart på aktiviteten. Det er registrert
ein stor auke i talet på søknader. Det viser at politikk verkar.
Det viser òg kor viktig jordbruksavtalen og jordbruksforhandlingane
er for å drøfta og prioritera viktige saker saman med jordbruket.
Riksrevisjonen
peikar på at betydelege jordbruksareal vert bygde ned og omdisponerte
kvart år. Det svekkjer produksjonsgrunnlaget. Regjeringa har allereie
lagt fram ein ny nasjonal jordvernstrategi med eit nytt og skjerpa
jordvernmål, og nye konkrete tiltak for å nå målet. Statistikken
viser gledeleg nok òg at nedbygging av matjord over tid er på veg
ned, men framleis er for høg. Eg stiller meg likevel bak Riksrevisjonens
tilråding om å greia ut om verkemidla for å beskytta jordbruksareala bør
styrkjast.
Eg merkar meg,
og er glad for, at ein samla komité stiller seg bak både kritikken
og tilrådingane frå Riksrevisjonen. Komiteen står òg samla i sine
merknader i saka. No skal ikkje eg gå inn og tolka om merknader
kan oppfattast som vedtak, og vedtak oppfattast som merknader, men
regjeringa har tenkt å følgja opp det Riksrevisjonen seier, og det
komiteen skriv. På svært mange punkt er me allereie i gang, og fleire
punkt høyrer òg naturleg saman i oppfølginga av totalberedskapskommisjonen.
Det er ikkje alltid
ein er veldig glad for å få kritikk frå Riksrevisjonen, og eg skulle
ønskt at denne kritikken ikkje var nødvendig – at ting var på stell
– men det er vel eit uttrykk for at ein ikkje tidleg nok har sett
behovet for å skjerpa beredskapen. Denne regjeringa har teke beredskap
på største alvor og er i gang med fleire av dei sakene som ligg
føre, og det vil jobbast vidare på breitt grunnlag med å styrkja
beredskapen i Noreg.
Presidenten
[10:55:46 ]: Det blir replikkordskifte.
Geir Jørgensen (R) [10:55:56 ] : Innledningsvis vil jeg si:
Det er ikke bare denne regjeringens ansvar at vi er i den situasjonen
som Riksrevisjonen så riktig påpeker og kommer med kritikk av. Her
er det mange som er nødt til å ta ansvar, og dette er en utvikling
som har pågått over lang tid.
Likevel ser vi
nå, når vi er i en vanskelig sikkerhetssituasjon i verden, at vi
får denne alvorlige kritikken på dette tidspunktet. Da er det jo
lett for statsråden å være glad for kritikken; det vanskelige er
de konkrete oppfølgingspunktene i dette dokumentet. Da er jeg interessert i
å høre: Hva mener statsråden er det viktigste enkelttiltaket for
å komme i inngrep med den alvorlige situasjonen som er beskrevet
her?
Statsråd Geir Pollestad [10:56:53 ] : For det fyrste er eg
glad for – når eg no har latt vere å peika på tidlegare regjeringar
og deira ansvar for den situasjonen me har kome opp i – at Raudt
kjem meg til unnsetning og understrekar det, noko som sjølvsagt
er heilt korrekt.
Så vert det spurt
om det viktigaste enkelttiltaket. Her er det jo kritikk på litt
fleire punkt, men viss eg skal nemna éin ting som er viktig for
sjølvforsyning og for evna til å halda jorda i drift og til å sikra
fornying og vedlikehald av jordressursane, er det ei styrking av
inntektsmoglegheitene i landbruket.
Eg var i går på landbruksmøte
både i Vestland og i Rogaland. Det er ein krevjande situasjon i
landbruket; kostnadsveksten har prega landbruket. Dei to siste jordbruksoppgjera
har hjelpt, men det er klart at det er behov for ei vidare styrking
av inntekta for å produsera mat i Noreg. Det vil eg peika på som
det viktigaste tiltaket.
Geir Jørgensen (R) [10:57:54 ] : Da ser vi fram til en skikkelig
god plan for å løfte inntektene i jordbruket.
Riksrevisjonen
peker også på ting som ikke ligger direkte under storting og regjering,
men det er jo måten vi har valgt å organisere oss på i dette landet.
Når de da skriver at store jordbruksarealer av god kvalitet ikke
er i drift, og at oppfølgingen av driveplikten er svak, er dette i
første ledd et ansvar som kommunene har, men storting og regjering
har jo et ansvar for at det blir fulgt opp. Det samme gjelder bit-for-bit-raseringen
av verdifull matjord ute i det ganske land. Hvilken linje tenker
statsråden at regjeringen skal legge seg på i balansegangen mellom
kommunalt selvstyre og nasjonale mål?
Statsråd Geir Pollestad [10:59:02 ] : Det er heilt rett at
kommunane har ei viktig oppgåve, både når det gjeld å følgja opp
at driveplikta vert overhalde, og når det gjeld å ta vare på matjorda
vår. Eg sende i går, saman med kommunalministeren, eit brev til
alle landets kommunestyrerepresentantar og understrekte ansvaret
som dei har, og viktigheita av den jobben dei gjer. Eg peikte òg
på tilbakemeldingane frå totalberedskapskommisjonen.
Utgangspunktet
er at arealforvaltninga er kommunal og lokal, og sånn må det vera.
Samtidig er det òg sånn at statsforvaltarane og staten har eit ansvar
for å sikra at det nasjonale jordvernmålet vert følgt opp. Det vil
seia at ein må bruka dei verkemidla ein har for å sørgja for at summen
av dei vedtaka som vert gjorde rundt om i kommunane, heng saman
med det nasjonale målet, og det er å koma ned til 2 000 dekar omdisponert.
Det kjem til å krevja ganske mykje av både kommunane og staten.
Carl I. Hagen (FrP) [11:00:20 ] : Jeg tolker statsråden dit
hen at han var positiv til det jeg nevnte i mitt innlegg, men jeg
vil gjerne bare formelt ha en bekreftelse på at han – og departementet
og embetsverket – oppfatter disse syv konkrete tilrådingene fra
Riksrevisjonen, som komiteen enstemmig har sluttet seg til, på samme
måte som, la oss si, vedtak i Stortinget. Det kan jo av og til være
en forskjell på f.eks. et anmodningsvedtak og merknader hos dem
som skal gjennomføre disse tingene i praksis, og det gjelder jo
ikke alltid bare statsråden selv, men også et embetsverk. Så jeg
vil bare få ham til å bekrefte at embetsverket vil få klar beskjed om
at dette må ses på som vedtak og noe som skal følges opp.
Statsråd Geir Pollestad [11:01:09 ] : Eg trur at eg skal oppfatta
vedtak som vedtak og merknad som merknad, men dei punkta som komiteen
einstemmig har peikt på, vil verta følgde opp av regjeringa. Det
kan eg bekrefta, og det vil sjølvsagt politisk leiing, embetsverket
og dei forskjellige departementa jobba med å få gjennomført. Eg
meiner dette er sju punkt som er fornuftige, og mange av dei er
me allereie i gang med.
Eg tenkjer at
det kanskje aller viktigaste punktet, som er litt krevjande, men
som òg er nytt, og som denne regjeringa har teke tak i, er at planlegginga
òg må ta høgd for ein situasjon der handelen ikkje går som normalt.
Det har vore problemet med dei rapportane som kom under førre regjering,
at planføresetnadene la til grunn at det ikkje vart svikt i handelen.
Det punktet meiner eg er det som kanskje endrar mest i denne saka, og
då trur eg komiteen er tydeleg på at me har støtte til å gjera det.
Presidenten
[11:02:10 ]: Replikkordskiftet er avsluttet.
De talere som
heretter får ordet, har en taletid på inntil 3 minutter.
Per Olav Tyldum (Sp) [11:02:29 ] : La meg få starte med å gi
komiteen ros for å stå samlet bak innstillingen i saken og med det
gi norsk matsikkerhet og beredskap innen landbruksområdet en viktig
anerkjennelse.
Norge er forpliktet
gjennom FN-konvensjonen til å sikre og produsere mat til egen befolkning.
Matsituasjonen i verden er blitt særlig usikker etter at Russland
invaderte Ukraina.
Med et slikt bakteppe
er det viktig at Norge legger til rette for en så stor matproduksjon
som mulig. Vi kan ikke ta for gitt at internasjonale forsyningskjeder
alltid er åpne og i funksjon. Matjorda og bonden er kanskje de viktigste
bidragene til vår nasjonale matsikkerhet, vår beredskap og befolkningens
trygghet.
Komiteen viser
til Riksrevisjonens kritikk om at arealressursene i jordbruket ikke
blir forvaltet på en fullt ut bærekraftig måte, ved at betydelige
arealer blir omdisponert og bygd ned. Senterpartiet er glad for
at Stortinget gjennom behandlingen av fjorårets jordbruksoppgjør
vedtok en tydelig jordvernstrategi med skjerpede mål – bare synd
at ikke flere partier støttet vedtaket utover dagens regjeringspartier
og SV.
Å styrke bondens
inntektsmuligheter er ikke et mål i seg selv. Det er et virkemiddel
for å kunne oppnå mål om selvforsyning, matsikkerhet og beredskap
i vårt land.
Jeg mener det
er helt avgjørende at vi framover prioriterer tiltak for å sikre
bondens inntektsmuligheter ved å ta ut riktig produsentpris i verdikjeden,
tilpasse tollvernet ut fra prioriterte produkter, bidra med budsjettmidler
for matproduksjon i hele landet og sist, men ikke minst, støtte
opp om en næring som ønsker å tilpasse seg framtidige forventninger
og krav.
Riksrevisjonens
rapport om matsikkerhet og beredskap i landbruksområdet blir møtt
med en samlet innstilling fra kontroll- og konstitusjonskomiteen.
Det er bra, men hva nå?
Jeg mener at en
flerårig, sivil beredskapsplan, med bl.a. matsikkerhet som en sentral
del av planen, burde etableres. Riksrevisjonens rapport er klar
på at vi ikke er godt nok forberedt. Konklusjonen er at vi ikke
kan gjøre oss mer avhengig av mat fra utlandet.
Per Olaf Lundteigen (Sp) [11:05:20 ] : Den historiske erfaring
er at ethvert lands ledelse gjør det den kan for å sikre befolkningen
nok mat i krisesituasjoner. Situasjonen i Norge er at vi har den
dårligste sjølforsyningsgraden – matvaresikkerheten – på jordbruksområdet
i hele Europa, med 40 pst. av kaloriene produsert på norske arealer.
Vi er altså i en meget kritisk situasjon, og det har ikke vært bedring
de siste årene – tvert imot.
Fram til 1990
ble det hvert år utarbeidet en rapport, som Næringsdepartementet
eide, om en sjølforsyningsmodell, dvs. om hvordan en skulle sikre
forsyning av mat, både fra land og fra hav, til befolkningen – altså
et samsvar mellom hva befolkningen trengte av mat, og produksjonen.
Den sjølforsyningsmodellen var en svær, lineær programmeringsmodell
som hele tida tilpasset forbruk til produksjonen, og da så en hva
som var de logiske sammenhengene.
En skal ikke arbeide
mye med disse spørsmålene før en forstår at det jordbruksarealet
vi har i Norge, er for lite. Det er for skrint til at en greier
å ha normal forsyning i en situasjon hvor en er avskåret fra å bruke
andre lands arealer. Derfor er det viktig at en får tilbake denne
sjølforsyningsmodellen, sånn at myndighetene har et redskap for
å se hvordan en skal tilpasse seg, både i forkant og dersom situasjonen
oppstår.
Det som er det
sentrale i en sånn modell, er kornets stilling. Kornet har bestandig
vært jokeren fordi det er noe alle kan spise, det kan lagres, og
det kan selges. Derfor er det viktig å balansere tilbud av og etterspørsel
etter korn, og da kommer vi til et poeng som er utrolig vesentlig:
Vi kan ikke bruke kornet på dyr i så stor grad som vi gjør i dag.
Vi må sikre at dyrene i større grad spiser gras, for det vil styrke
sjølforsyningsgraden. Norge er et grasland.
Det er noen faglige
sammenhenger her som jeg appellerer til at en i større grad tar
inn over seg. Hvis en ikke kan de faglige sammenhengene og ser de
historiske linjene og hva som er behovet framover, vil grunnlaget for
de politiske beslutningene bli for svake. Sjølforsyningsgraden må
opp, og det er et politisk spørsmål.
Presidenten
[11:08:19 ]: Flere har ikke bedt om ordet til sak nr. 3.
Votering, se voteringskapittel