Stortinget - Møte torsdag den 15. juni 2023

Dato: 15.06.2023
President: Masud Gharahkhani
Dokumenter: (Innst. 484 S (2022–2023))

Søk

Innhold

Sak nr. 2 [10:08:23]

Innstilling fra Stortingets presidentskap om oppnevning av nytt styre for Norges institusjon for menneskerettigheter (NIM) (Innst. 484 S (2022–2023))

Talere

Femte visepresident Ingrid Fiskaa []: Presidentskapet legg med dette fram innstillinga si om oppnemning av nytt styre for Noregs institusjon for menneskerettar, NIM, for perioden 2023–2027. Det følgjer av NIM-lova § 5 at institusjonens styre skal bestå av fem medlemer. Styremedlemene skal representera ulike fagfelt, m.a. juridisk kompetanse om menneskerettar, og styret skal ha kompetanse om verksemdsstyring. Eit av medlemene skal ha særskild kjennskap til samiske spørsmål. I styret skal kvart kjønn vera representert med minst to medlemer. Som ledd i ein open og konsultativ oppnemningsprosess har Stortingets presidentskap oppmoda organisasjonar, institusjonar og publikum elles til å føreslå kandidatar til det nye styret i NIM, som no skal veljast. Fristen for å fremja forslag gjekk ut 10. mars 2023, og det kom inn forslag på 47 kandidatar.

Det sitjande styret i NIM blei oppnemnt med verknad frå 1. juli 2019 til 30. juni 2023 ved vedtak i Stortinget 20. juni 2019. Det følgjer av NIM-lova at styremedlemene kan veljast att, men ingen kan sitja styret i meir enn to periodar.

Dei tre styremedlemene Gro Dikkanen, Jan E. Helgesen og Anne-Sofie Syvertsen har vore valde i to periodar og kan dermed ikkje oppnemnast igjen. I tillegg har noverande styreleiar, Marit Berger Røsland, gjeve melding om at ho ikkje stiller til attval.

Etter ei grundig vurdering av dei innkomne forslaga har presidentskapet avgjort å føreslå følgjande kandidatar til styret for Noregs institusjon for menneskerettar for perioden 1. juli 2023 til 30. juni 2027: Trine Skei Grande som styreleiar og Nils Asbjørn Engstad som nestleiar. Skei Grande er nå tilsett som kommunikasjonsrådgjevar i Footprint. Engstad er lagdommar i Hålogaland lagmannsrett og leiar av Utmarksdomstolen for Finnmark. Han har vore nestleiar i NIMs styre sidan 1. juli 2019 og stiller seg til disposisjon for ein ny periode. Som styremedlemer føreslår presidentskapet: Aili Keskitalo, politisk rådgjevar i Amnesty International Noreg, Geir Ulfstein, professor emeritus ved Universitetet i Oslo, og Ingvild Bruce, førsteamanuensis ved Politihøgskolen og førsteamanuensis II ved Universitetet i Oslo. Elles viser eg til innstillinga frå presidentskapet og den einstemmige tilrådinga.

Presidenten []: Flere har ikke bedt om ordet til sak nr. 2.

Votering, se voteringskapittel