§ 30-3 Endringar i andre lover
Frå den tida
lova trer i kraft, blir det gjort følgjande endringar i andre lover:
I lov 4. juli
2003 nr. 84 om private skolar med rett til statstilskot (privatskolelova)
blir det gjort følgjande endringar:
§ 1-2 skal
lyde:
§ 1-2 Verkeområdet
Lova gjeld godkjenning
med rett til statstilskot for private grunnskolar og private vidaregåande
skolar og vilkår for å få slikt tilskot. Lova kapittel 6A gjeld godkjenning
med rett til statstilskot for diverse skolar som gir yrkesretta
opplæring, og vilkår for å få slikt tilskot. Lova elles gjeld ikkje
for slike skolar.
Lova gjeld ikkje
skolar som er omfatta av folkehøyskoleloven, fagskoleloven eller voksenopplæringsloven, eller
som driv verksemda si etter opplæringslova § 22-1. Lova gjeld heller
ikkje skolar som blir drivne av politiske grupper eller parti på
partipolitisk grunnlag.
Lova gjeld ikkje kjøp av opplæringstenester med unntak
av kjøp av opplæringstenester ved gjennomføring av fjernundervisning
i samsvar med § 3-4 a.
§ 1-3 skal
lyde:
§ 1-3 Definisjonar
Med heimkommune
og heimfylke i denne lova er meint den kommunen eller fylkeskommunen
som har ansvaret for grunnskoleopplæring etter opplæringslova § 28-1 eller den
fylkeskommunen som har ansvaret for den vidaregåande opplæring etter
opplæringslova § 28-2.
Med vertskommune og vertsfylke
i denne lova er meint den kommunen eller fylkeskommunen der privatskolen
ligg.
Med skole i denne lova er det
meint private skolar som er godkjent etter § 2-1. Med skole i kapittel 6A er det meint
diverse skolar som gir yrkesretta opplæring godkjent etter § 6A-1.
§ 2-1 andre
ledd bokstav g skal lyde:
§ 2-1 tredje
ledd første punktum skal lyde:
Med særskild tilrettelagd vidaregåande
opplæring i kombinasjon med toppidrett etter andre ledd bokstav d,
er det i denne samanhengen meint årstimetalet for utdanningsprogram
idrettsfag eller årstimetalet for utdanningsprogram studiespesialisering
med tillegg av 140 årstimar toppidrett på vidaregåande trinn 1.
§ 2-3 skal
lyde:
§ 2-3 Krav til innhald
i opplæringa
Skolen skal drive
verksemda si etter læreplanar godkjende av departementet. Det må
gå fram av planen kva slag vurderingsformer og dokumentasjon skolen
skal nytte. Skolane skal anten følgje den læreplanen som gjeld for
offentlege skolar, eller læreplanar som på annan måte sikrar elevane
jamgod opplæring, jf. opplæringslova § 1-4. Elles har skolen
sin undervisningsfridom. I samband med godkjenning fastset departementet
kva for tilbod skolen kan gi, og maksimalt elevtal på det enkelte
tilbodet. Departementet kan
gi forskrift om krav til læreplanen.
Departementet kan gi forskrift
om plikt til å delta i aktivitetar i grunnskolen som ikkje er opplæring
i fag. Departementet kan gi
forskrift om fritak frå opplæring i sidemålet for elevar som får særskilt språkopplæring,
om godskriving av tidlegare gjennomgått vidaregåande opplæring eller
praksis, og om fritak frå
kroppsøving i den vidaregåande skolen.
I grunnskolen kan opp til ti prosent
av timane i kvart fag flyttast til andre fag eller brukast til særskilde
tverrfaglege aktivitetar.Styret fastset fag- og timefordeling
for det enkelte skoleåret der omdisponeringa av timer mellom fag
kjem fram.
Ny § 2-3 a
skal lyde:
§ 2-3 a Vurdering og dokumentasjon
Elevane har rett
til individuell vurdering og dokumentasjon av opplæringa. Elevane
på 1. til 7. trinn skal ha individuell vurdering utan karakterar.
Departementet gir forskrift om individuell vurdering, om klage på vurdering
og om dokumentasjon. Departementet kan gi forskrift om at mangel
på vurderingsgrunnlag kan føre til tap av rett til individuell vurdering
med karakter i faget.
§ 2-4 skal
lyde:
§ 2-4 Krav til skoleanlegg
og skolemiljø
Skoleanlegga skal vere godkjende
av departementet. Anlegga skal liggje
samla.
Opplæringslova kapittel 12 om elevane
sitt skolemiljø og § 13-2
om skolebyte gjeld for skolar godkjende etter lova her. I saker om skolebyte er det heimkommunen
eller heimfylket som gjer vedtak. Departementet er klageinstans
for enkeltvedtak etter § 12-7 om
det fysiske skolemiljøet og enkeltvedtak etter § 13-2 om skolebyte.
Når kapittel 12 viser til «kommunen
og fylkeskommunen», skal dette lesast som «skolen» i §§ 12-6 tredje
og fjerde ledd, 12-8, 12-9 og 12-10, og som «skolens styre» i §§ 12-4
andre ledd og 12-5. Når kapittel 12 viser til «rektor» skal det
lesast som «dagleg leiar», jf. § 4-1 andre ledd.
§ 2-5 skal
lyde:
§ 2-5 Forsøksverksemd
Etter søknad frå skolen, eller
etter eige initiativ, kan departementet gjere tidsavgrensa unntak
frå lova eller reglar gitt med heimel i lova dersom det er nødvendig
for å gjennomføre pedagogiske eller organisatoriske forsøk. Forsøka
skal vere etisk forsvarlege, godt fagleg underbygde, og ikkje svekkje
elevane sine grunnleggjande rettar etter opplæringslova og privatskolelova.
Forsøka skal evaluerast og rapporterast.
§ 3-1 første
ledd skal lyde:
Skolane skal
ha heile landet som inntaksområde. Dei skal stå opne for alle som
fyller vilkåra for inntak i offentlege skolar, jf. opplæringslova § 2-1 og § 5-1 første ledd.
Dette gjeld også skolar
i utlandet og internasjonale skolar i Noreg. Skolane kan reservere
eit avgrensa tal på elevplassar til søkjarar som kjem etter hovudinntaket.
§ 3-1 andre
ledd skal lyde:
Dei vidaregåande skolane kan ta
inn vaksne søkjarar som har rett til vidaregåande opplæring etter
opplæringslova § 18-3 første ledd og § 18-4. Ved inntak
til vidaregåande skolar skal ungdom med rett til vidaregåande opplæring
etter opplæringslova § 5-1
første ledd prioriterast før vaksne søkjarar
med rett til vidaregåande opplæring etter opplæringslova § 18-3 første ledd og § 18-4.
Skolar for funksjonshemma kan også ta inn vaksne søkjarar utan rett
til vidaregåande opplæring. Heimfylket skal vurdere realkompetansen
til ein vaksen søkjar før han eller ho kan takast inn som elev ved
ein vidaregåande skole. Departementet kan gi forskrift om inntak
til vidaregåande skolar. Forskrifta kan mellom anna innehalde reglar
om krava til inntak og om unntak frå krava i andre og fjerde punktum.
§ 3-2 skal
lyde:
§ 3-2 Rett og plikt
til opplæring
Elevar i grunnskolar
som er godkjende etter denne lova, oppfyller si plikt til grunnskoleopplæring
etter opplæringslova § 2-2
første og andre ledd.
Elevar i vidaregåande
skolar som er godkjende etter denne lova, nyttar retten sin til
vidaregåande opplær-ing etter opplæringslova § 5-1 første og andre ledd, § 5-5, § 5-7
første ledd, § 5-9, § 18-3 første ledd og § 18-4.
§ 3-3 skal
lyde:
§ 3-3 Skolegangen
Ein elev som
har fått plass ved ein grunnskole som er godkjend etter denne lova,
har rett til å fullføre opplæringa si ved skolen, så langt skolen
er godkjend.
Opplæringslova § 2-2 tredje ledd om heilt eller
delvis fritak frå opplæringsplikta og § 2-4 om utsett og tidleg
skolestart gjeld tilsvarande for elevar i grunnskolar
som er godkjende etter denne lova. Heimkommunen gjer vedtak. Departementet
er klageinstans.
Ein elev som
har fått plass ved ein vidaregåande skole som er godkjend etter
denne lova, har rett til å fullføre trinnet med mindre eleven kan
visast bort, jf. § 3-10.
Opplæringslova § 5-5 om omval gjeld
for elevar i vidaregåande skolar som er godkjende etter denne lova. Heimfylket
gjer vedtak.
§ 3-4 skal
lyde:
§ 3-4 Inndeling av elevar
i klassar og grupper
Skolen skal sørgje for at kvar
elev høyrer til éin klasse og har så mykje opplæringstid i klassen
at eleven kan utvikle sosial samkjensle. I delar av opplæringa kan
elevane delast i andre grupper. Klassane og gruppene skal setjast
saman slik at skolen blir ein møteplass der elevane utviklar toleranse
og respekt for kvarandre.
Ingen klassar eller grupper skal
vere større enn det som er trygt og pedagogisk forsvarleg.
Elevane kan delast inn i grupper
etter fagleg nivå i særskilde og avgrensa delar av opplæringa, dersom
det er nødvendig for at ein eller fleire av elevane skal få eit
tilfredsstillande utbytte av opplæringa.
Elevane kan berre delast inn i
grupper etter kjønn dersom det er særleg tungtvegande grunnar til
å gjere det. Elevane kan ikkje delast inn i grupper etter etnisitet.
Skolen skal sørgje for at alle
elevar har ein kontaktlærar. Kontaktlæraren har eit særleg ansvar
for eleven, for kontakten med heimen og for administrative, sosiale og
pedagogiske gjeremål i klassen.
§ 3-4 a skal
lyde:
§ 3-4 a Fjernundervisning
Delar av opplæringa kan gjennomførast
utan at læraren er til stades saman med elevane (fjernundervisning) dersom
det er gode grunnar for det og det er trygt og pedagogisk forsvarleg.
At det må vere gode grunnar betyr at fordelane for elevane må vere
større enn ulempene ved å gjennomføre opplæringa som fjernundervisning.
Når det skal vurderast om det vil vere trygt og pedagogisk forsvarleg
å gi delar av opplæringa som fjernundervisning, skal det mellom
anna takast omsyn til elevane sitt høve til læring, utvikling, trivsel
og sosial samkjensle.
Elevane skal få fjernundervisning
på skolen. I særlege tilfelle kan ein elev få fjernundervisning
andre stader enn på skolen. Elevar i vidaregåande skole kan også
få unntak etter avtale med rektor.
Fjernundervisninga skal gjennomførast
slik at elevane og læraren kan kommunisere effektivt. Dei tekniske løysingane
som blir nytta, må leggje til rette for kommunikasjon i sanntid
eller med kort responstid.
Skolen skal godtgjere at vilkåra
i denne paragrafen er oppfylte.
Departementet kan gi forskrift
om fjernundervisning. Departementet kan også gi forskrift om rapportering
og dokumentasjon ved bruk av fjernundervisning.
§ 3-4 b skal
lyde:
§ 3-4 b Tilpassa opplæring
Skolen skal sørgje for at opplæringa
er tilpassa, det vil seie at elevane skal få eit tilfredsstillande
utbytte av opplæringa uavhengig av føresetnader, og at alle skal
få utnytta og utvikla evnene sine.
Ny § 3-4 c
skal lyde:
§ 3-4 c Tilfredsstillande
utbytte av opplæringa
Skolen skal sørgje
for at lærarane følgjer med på utviklinga til elevane og melder
frå til dagleg leiar dersom det er tvil om at ein elev har tilfredsstillande
utbytte av opplæringa. Om det må til, skal skolen setje i verk eigna tiltak,
jf. § 3-4 b og § 3-4 d.
Skolen skal vurdere
om tiltaka er nok til å gi eleven eit tilfredsstillande utbytte
av opplæringa, eller om eleven kan trenge individuell tilrettelegging
etter reglane i opplæringslova §§ 11-4, 11-5 og 11-6, jf. § 3-6.
Ny § 3-4 d
skal lyde:
§ 3-4 d Intensiv opplæring
på 1.-4. trinn
På 1. til 4.
trinn skal skolen sørgje for at elevar som står i fare for ikkje
å ha forventa progresjon i lesing, skriving eller rekning, raskt
får eigna intensiv opplæring. Dersom det er best for eleven, kan
den intensive opplæringa i ein kort periode givast som eineundervisning.
§ 3-5 skal
lyde:
§ 3-5 Særskild språkopplæring
Elevar med anna morsmål enn norsk
og samisk har rett til særskild språkopplæring til dei kan norsk
godt nok til å følgje den vanlege opplæringa. Særskild språkopplæring
skal omfatte forsterka opplæring i norsk og, om det trengst, morsmålsopplæring,
tospråkleg opplæring i fag eller begge delar.
Heimkommunen eller heimfylket
skal jamleg vurdere om ein elev som har vedtak om særskild språkopplæring kan
norsk godt nok til å følgje den vanlege opplæringa.
Heimkommunen eller heimfylket
kan gjere vedtak om at eleven skal få opplæring i morsmål på ein
annan skole enn den eleven går på.
Heimkommunen eller heimfylket
til eleven gjer vedtak og dekkjer utgiftene til særskild språkopplæring.
Departementet er klageinstans.
Reglane gjeld ikkje for elevar
ved internasjonale skolar og norske skolar i utlandet.
Ny § 3-5 a
skal lyde:
§ 3-5 a Innføringsopplæring
for elevar som har budd kort til i Noreg
Heimkommunen
eller heimfylket kan gi elevar som har budd kort tid i Noreg og
har fått vedtak om særskild språkopplæring, heile eller delar av
opplæringa i særskilde grupper eller klassar eller på særskilde
skolar. Heimkommunen eller heimfylket kan berre gi slik innføringsopplæring
dersom eleven eller foreldra samtykkjer.
Heimkommunen
eller heimfylket kan gjere vedtak om innføringsopplæring for ein
elev for opp til eitt år om gongen, i til saman opp til to år. I
vedtaket kan det gjerast unntak frå læreplanar i fag og fag- og
timefordelinga.
Private skolar
kan gi innføringsopplæring når det ligg føre vedtak frå heimkommunen
eller heimfylket om slik organisering og om at skolen kan gi slikt
opplæringstilbod. Skolar som vil gi innføringstilbod, må gi kommunen
eller fylkeskommunen den informasjon som er nødvendig for å opplyse
saka før denne gjer vedtak.
Reglane gjeld
ikkje for elevar ved internasjonale skolar og norske skolar i utlandet.
§ 3-6 skal
lyde:
§ 3-6 Individuell tilrettelegging
Elevar i privatskolar godkjende
etter lova her har same rett til individuell tilrettelegging som
elevar i offentlege skolar. Reglane i opplæringslova §§ 11-4 til
11-11 gjeld tilsvarande for privatskolar.
Heimkommunen
eller heimfylket til eleven gjer vedtak
om personleg assistanse, vedtak om fysisk tilrettelegging og tekniske
hjelpemiddel og vedtak om individuelt tilrettelagd opplæring etter
reglane i opplæringslova §§ 11-4 til 11-6, jf. § 11-7.
Heimkommunen eller heimfylket skal dekkje utgiftene til individuell tilrettelegging etter
reglane i opplæringslova §§ 11-4 til 11-6 i private skolar
på lik linje med offentlege skolar. Vedtak om dekning av utgifter
til individuell tilrettelegging er eit enkeltvedtak. Berekninga
av midlar til individuelt
tilrettelagd opplæring skal vere relatert til talet elevar
med individuelt tilrettelagd
opplæring. I tvilstilfelle avgjer departementet kva kommune
eller fylkeskommune som er ansvarleg for kostnadene. Departementet
har tilsvarande ansvar for elevar ved norske skolar i utlandet.
Departementet
kan gi forskrift om gjennomføring av reglane om individuell tilrettelegging.
Departementet
er klageinstans for klage over kommunale og fylkeskommunale enkeltvedtak
om individuell tilrettelegging.
§ 3-7 skal
lyde:
§ 3-7 Rett til skyss,
reisefølgje og tilsyn
Elevar i private grunnskolar har
rett til skyss til og frå skolen etter
reglane i opplæringslova § 4-1
og rett til reisefølgje og tilsyn etter reglane i opplæringslova
§ 4-2. Opplæringslova § 4-3 første, andre og tredje ledd gjeld for
elevar i private grunnskolar. Retten til skyss, reisefølgje
og tilsyn for elevar i grunnskolar gjeld berre innanfor kommunegrensa
i den kommunen der eleven bur.
Elevar i private vidaregåande
skolar har rett til skyss til og frå skolen etter reglane i opplæringslova
§ 9-1 om skyss for elevar i vidaregåande skole og § 9-2 om reisefølgje
og tilsyn for elevar i vidaregåande skole. For elevar
i vidaregåande skolar gjeld retten til skyss, reisefølgje og tilsyn
berre innanfor fylkeskommunegrensa i den fylkeskommunen der eleven
bur.
Heimkommunen
eller heimfylket til elevane gjer vedtak om skyss, og dekkjer utgifter
etter reglane i opplæringslova § 28-7.
Departementet er klageinstans ved klage over kommunale og fylkeskommunale
vedtak om skyss i grunnskolen. Heimfylket er klageinstans ved klage
på vedtak om skyss i vidaregåande skolar.
Reglane gjeld ikkje for elevar ved
norske skolar i utlandet.
§ 3-9 vert
oppheva.
§ 3-10 skal
lyde:
§ 3-10 Bortvising
Styret kan fastsetje
i skolereglane at elevane
kan visast bort frå opplæringa etter fleire eller grove brot på
skolereglane, med dei avgrensingane som følgjer av denne paragrafen.
Ein elev kan ikkje visast bort dersom mindre inngripande tiltak
er tilstrekkelege.
Elevar på 1. til 7. trinn kan
visast bort for enkelttimar eller resten av dagen, og elevar på
8. til 10. trinn kan visast bort for opp til tre dagar. Foreldra
skal få melding før ein elev på 1. til 7. trinn blir vist bort for
resten av dagen. Elevar i den vidaregåande opplæringa kan visast
bort for opp til fem dagar. Det kan også fastsetjast at elevar i
den vidaregåande opplæringa kan visast bort for resten av skoleåret
dersom regelbrota er særleg alvorlege.
Det er dagleg leiar sjølv som
vedtek bortvising frå opplæringa. Om ikkje styret fastset noko anna,
kan dagleg leiar gi lærarar høve til å vise bort elevar frå ei opplæringsøkt
som læraren sjølv har ansvaret for. Bortvisinga kan ikkje gjelde
for meir enn to klokketimar. Heimfylket gjer vedtak om at ein elev
i vidaregåande skole skal visast bort for resten av skoleåret. Heimfylket
kan ikkje delegere myndigheita til å gjere vedtak om at ein elev
i den vidaregåande opplæringa skal visast bort for resten av skoleåret til
den enkelte skolen. Norske vidaregåande skolar i utlandet gjer sjølv
vedtak om bortvising.
Avgjerd om bortvising
er enkeltvedtak, og reglane i forvaltningsloven gjeld. Departementet
er klageinstans.
§ 3-11 skal
lyde:
§ 3-11 Rådgiving om utdannings-
og yrkesval
Skolen skal sørgje for at elevar
i grunnskolen og i den vidaregåande opplæringa får den rådgivinga
som dei treng om utdannings- og yrkesval.
Elevane skal få rådgiving på den
skolen dei går på, og individuelt dersom dei ønskjer det.
Ny § 3-11 a
lyde:
§ 3-11 a Rådgiving om sosiale
og personlege forhold
Skolen skal sørgje
for at elevar får den rådgivinga som dei treng om sosiale og personlege
forhold som kan ha innverknad på korleis dei har det på skolen.
Elevane skal
få rådgiving på den skolen dei går på, og individuelt dersom dei
ønskjer det.
§ 3-12 skal
lyde:
§ 3-12 Fritak frå aktivitetar
i opplæringa på grunn av livssyn
Opplæringslova § 14-6 gjeld tilsvarande
for elevar i skolar godkjende
etter lova her. Retten til fritak frå aktivitetar m.m. gjeld likevel
ikkje for elevar i skolar som
er godkjende etter § 2-1
andre ledd bokstav a. Departementet er klageinstans for
enkeltvedtak etter denne
regelen.
§ 3-13 skal
lyde:
§ 3-13 Permisjon frå
den pliktige grunnskoleopplæringa
Skolen kan gi ein elev permisjon
frå skolen dersom eleven får ei opplæring som samla sett er forsvarleg.
Skolen skal ha retningslinjer om permisjon frå skolen.
Ein elev som høyrer til eit anna
trussamfunn enn Den norske kyrkja, har rett til permisjon frå skolen
dei dagane trussamfunnet har helgedag, dersom foreldra sørgjer for den
opplæringa som må til for at eleven skal kunne følgje med i opplæringa
på skolen etter fråværet.
Avgjerd om permisjon
er enkeltvedtak, jf. forvaltningsloven § 2. Departementet er klageinstans.
§ 3-14 skal
lyde:
§ 3-14 Alternativ og
supplerande kommunikasjon (ASK)
Elevar som heilt
eller delvis manglar funksjonell tale og treng alternativ
og supplerande kommunikasjon, skal få bruke eigna kommunikasjonsformer
og nødvendige kommunikasjonsmiddel i opplæringa.
Elevar har også rett til den opplæringa
dei treng for å kunne bruke alternativ og supplerande kommunikasjon. Denne
opplæringa kan vere ein del av den individuelt tilrettelagde opplæringa
etter opplæringslova § 11-6, jf. § 3-6.
§ 3-15 skal
lyde:
§ 3-15 Forbod mot bruk
av plagg som dekkjer ansiktet
Elevar skal ikkje bruke plagg
som dekkjer heile ansiktet eller delar av det, når dei får opplæring.
Det same gjeld når dei deltek i skolefritidsordninga eller får leksehjelp.
Tilsette i skolen skal ikkje bruke
plagg som dekkjer heile ansiktet eller delar av det, når dei er
saman med elevane. Det same gjeld dei som arbeider i skolefritidsordninga
og leksehjelpordninga.
Forbodet gjeld ikkje tildekking
av ansiktet av omsyn til vêr, helse eller tryggleik, eller tildekking
som tener pedagogiske eller sosiale føremål.
§ 4-1 skal
lyde:
§ 4-1 Leiing
Kvar skole skal
ha ei leiing som er fagleg,
pedagogisk og administrativt forsvarleg.
Skolen skal ha
ein dagleg leiar.
§ 4-2 skal
lyde:
§ 4-2 Kompetansekrav
til undervisningspersonalet
For undervisningspersonalet
ved skolar som er godkjende etter lova her, gjeld dei kompetansekrava
som følgjer av §§ 17-3 og 17-4 i opplæringslova
med tilhøyrande forskrift.
For undervisningspersonalet
ved skolar som er godkjende med alternative læreplanar, kan departementet også
godkjenne alternative kompetansekrav til dei krava som følgjer av
opplæringslova §§ 17-3 og 17-4 med tilhøyrande
forskrift.
Departementet
kan gi forskrift om krav til kompetanse i tillegg til krava i første
ledd.
Departementet
kan gi forskrift om krav
til relevant kompetanse i dei ulike faga.
§ 4-3 skal
lyde:
§ 4-3 Politiattest og
forbod mot tilsetjing
Skolen skal krevje politiattest
av dei som skal tilsetjast fast eller mellombels i grunnskolen,
i den vidaregåande skolen, i leksehjelpa eller i skoleliknande aktivitetstilbod.
Skolen kan krevje politiattest
av personar som skal ha praksis på skolane og andre stader der tilboda
som nemnde i første ledd blir gitt. Når det skal vurderast om ein
person som skal ha praksis, skal leggje fram politiattest, skal det
leggjast vekt på om det alt er utført vandelskontroll etter eit
anna regelverk, kor langt praksisopphaldet skal vere, og kor mykje
kontakt personen skal ha med elevar.
Skolen kan krevje politiattest
av personar som skal utføre oppgåver ved skolane og andre stader
der tilboda som nemnde i første ledd blir gitt.
Politiattesten skal innehalde
dei merknadene som politiregisterloven § 39 første ledd fastset.
I tillegg skal politiattesten innehalde merknader om reaksjonar
for brot på straffeloven (2005) §§ 251, 252, 253, 254, 255, 256, 263,
264, 272, 273, 284 og 285, straffeloven (1902) §§ 222, 223, 227,
228 andre ledd, 229 og lov 15. desember 1995 nr. 74 om forbud mot
kjønnslemlestelse §§ 1 og 2. Merknader om reaksjonar for brot på
desse straffeboda skal i ordinær politiattest oppgis i samsvar med
politiregisterloven § 40.
Personar som er dømde for eller
har vedtatt førelegg for seksuelle overgrep mot mindreårige, skal
ikkje tilsetjast eller ha praksis i skolar eller tilbod som nemnde
i første ledd.
Dersom politiattesten inneheld
merknader om verserande sak eller andre straffebrot enn dei som
er nemnde i femte ledd, skal det vurderast konkret om personen bør tilsetjast,
ha praksis eller utføre oppgåver i skolar eller tilbod som nemnd
i første ledd.
Departementet gir forskrift om
politiattest, og kva for straffebod som skal vere omfatta av femte
ledd. Departementet kan også gi forskrift om innhenting og behandling av
politiattest.
§ 4-5 skal
lyde:
§ 4-5 Bruk av anna personale
enn dei som er tilsett i lærarstilling
Anna personale enn dei som er
tilsett i lærarstilling, kan hjelpe til i opplæringa, men skal ikkje
ha ansvaret for opplæringa. Skolen skal sørgje for at slikt personale
får nødvendig rettleiing av ein som er tilsett i lærarstilling.
I kapittel
4 skal ny § 4-6 lyde:
§ 4-6 Krav om at skolane
har tilgang på vikarar
Skolen skal sørgje
for å ha tilgang på vikarar ved vanleg og venta fråvær.
§ 5-1 skal
lyde:
§ 5-1 Styret
Som øvste ansvarlege
organ skal kvar skole ha eit styre. Skolen sitt styre skal oppnemnast
i samsvar med det rettsgrunnlaget skolen blir driven etter.
Rett til å vere
til stades på møte i styret, til å seie meininga si og få denne
tilført protokollen, har:
-
a.
ein representant oppnemnd av vertskommunen når det gjeld ein grunnskole,
ein representant oppnemnd av fylkeskommunen når det gjeld ein vidaregåande
skole,
-
b.
ein representant frå elevane,
-
c.
ein representant frå foreldra
i grunnskolar,
-
d.
ein representant for undervisningspersonalet ved skolen,
-
e.
ein representant for andre tilsette ved skolen,
-
f.
dagleg leiar av skolen.
Departementet
kan i særskilde tilfelle og etter søknad gjere unntak frå andre
ledd.
Ved behandling av saker
der det gjeld lovfesta teieplikt,
skal styret sørgje for at personar under 18 år med møterett forlet møtet.
§ 5-2 andre
ledd bokstav d skal lyde:
§ 5-2 andre
ledd bokstav e skal lyde:
§ 5-2 b første
ledd første punktum skal lyde:
Styret skal ha
eit forsvarleg system for å følgje opp resultata frå nasjonale kvalitetsvurderingar
som departementet gjennomfører etter § 7-2 c.
§ 5-3 og § 5-4
vert oppheva.
§ 5-5 skal
lyde:
§ 5-5 Overgangen frå
barnehagen til skolen
Skolen skal sørgje for at barna
får ein trygg og god overgang frå barnehagen til skolen.
I kapittel
5 skal ny § 5-6 lyde:
§ 5-6 Overgangen frå
grunnskolen til den vidaregåande opplæringa
Dei vidaregåande
skolane skal sørgje for at elevane får ein trygg og god overgang
frå grunnskolen til den vidaregåande opplæringa. Grunnskolen skal
samarbeide med den vidaregåande skolen om overgangen.
Nytt kapittel
5 A skal lyde:
Kapittel 5A Det
beste for eleven, medverknad, skoledemokrati, foreldresamarbeid,
skolereglar og plikt til å delta
§ 5A-1 Det beste for
eleven
Ved handlingar
og avgjerder som vedkjem elevar, skal kva som er best for eleven,
vere eit grunnleggjande omsyn.
§ 5A-2 Elevane sin rett
til medverknad
Elevane har rett
til medverknad i alt som gjeld dei sjølve etter denne lova, og har
rett til å ytre meiningane sine fritt. Elevane skal bli høyrde,
og det skal leggjast vekt på meiningane deira etter alder og modning.
§ 5A-3 Samarbeid med
foreldra
Skolen skal samarbeide
med foreldra om opplæringa til eleven.
Departementet
kan gi forskrift om samarbeidet mellom skolen og foreldra.
§ 5A-4 Skoledemokratiet
Skolen skal sørgje
for at elevane og foreldra får vere med på å planleggje, gjennomføre
og vurdere verksemda til skolen, mellom anna arbeidet med skolemiljøet, kvalitetsutvikling
i opplæringa og fastsetjinga av skolereglar. Elevane skal ikkje
delta i behandlinga av saker som er omfatta av lovfesta teieplikt.
Skolen skal leggje
til rette for at alle elevane skal kunne ytre seg, og oppmuntre
dei til å delta i skoledemokratiet. Skolen skal òg hjelpe elevane
i arbeidet med skoledemokratiet.
§ 5A-5 Organiseringa
av skoledemokratiet
Kvar grunnskole
og vidaregåande skole skal ha eit elevråd som er valt av elevane
ved skolen. Elevane kan velje å organisere seg på ein annan måte.
Kvar grunnskole skal ha eit foreldreråd, der alle foreldre som har
barn i skolen, er medlemmer. Foreldrerådet kan velje eit arbeidsutval.
Skolens styre skal sørgje for at det blir fastsett kva for andre
brukarorgan skolane skal ha.
Elevane og foreldra
skal vere representerte i organ ved grunnskolar, og elevane skal
være representerte i organ ved vidaregåande skolar.
§ 5A-6 Elevane si plikt
til å delta og skolens oppfølgingsplikt
Elevane skal
vere aktivt med i opplæringa og følgje skolereglane. Skolen skal
sørgje for at elevar med fråvær frå opplæringa blir følgde opp.
Elevane kan bli
pålagde å gjere oppgåver utanom skoletida (lekser). Det må takast
omsyn til at elevar har rett til kvile og fritid.
§ 5A-7 Skolereglar
Skolen skal ha
skolereglar om organisering av skoledemokratiet og om rettar og
plikter for elevane, mellom anna om orden og oppførsel (skolereglar).
Skolens styre
kan i slike skolereglar angi kva tiltak som kan brukast når elevar
bryt skolereglane, og korleis slike saker skal behandlast.
§ 5A-8 Informasjon til
elevane og foreldra
Skolen skal gi
elevar og foreldre den informasjonen dei har bruk for, mellom anna
om opplæringa, den enkelte eleven, skolemiljøet og skolereglane,
og om dei rettane og pliktene elevane elles har.
§ 6A-1 første
ledd skal lyde:
Dette kapitlet gjeld godkjenning
av diverse skolar som gir yrkesretta opplæring. Skolar
som 30. juni 2010 var godkjende og i drift etter tidlegare kapittel
6A i denne lova, har rett til statstilskot og til å drive verksemd
etter dette kapitlet.
§ 6A-7 skal
lyde:
§ 6A-7 Andre reglar
Følgjande reglar
i denne lova gjeld så langt dei passar for skolar etter dette kapitlet:
-
a. § 1-1 andre og tredje ledd om
formålet med lova
-
b.
§ 1-2 om verkeområdet
-
c.
§ 2-2 om krav til verksemda til skolen, med unntak av tredje ledd.
Dersom ein skole etter dette kapittelet har færre enn 10 elevar
tre skoleår i samanheng, fell godkjenninga bort
-
d.
§ 2-4 om krav til skoleanlegg og skolemiljø
-
e.
§ 3-3 tredje ledd om skolegangen
-
f.
§ 3-4 om organisering av elevane i klassar eller basisgrupper
-
g. § 3-4 a om fjernundervisning
-
h.
§ 3-4 b om tilpassa opplæring
-
i.
§ 3-15 om forbod mot bruk av plagg
som dekkjer ansiktet
-
j.
§ 4-1 om leiing
-
k. § 4-3 om politiattest og forbod
mot tilsetjing
-
l. § 5-1 om styret,
med unntak av bokstavane a og c
-
m. § 5-2 om styret
sine oppgåver, med unntak av bokstavane a og e
-
n. § 5-2a om internkontroll
-
o. § 5-2b første ledd om plikt
til å arbeide med kvalitetsutvikling
-
p. § 5 A-5 andre ledd om organisering
av skoledemokratiet
-
q. § 5 A-7 om skolereglar
-
r. § 7-1 om budsjett,
rekneskap og rapportering
-
s. § 7-2 om tilsyn
m.m.
-
t. § 7-2a om moglege
reaksjonsformer
-
u. § 7-2b om karantene
-
v. § 7-3 om teieplikt
-
w. § 7-9 første og
femte ledd om behandling av personopplysningar
§ 7-1 b skal
lyde:
§ 7-1 b Ulykkesforsikring
Skolen skal sørgje for ulykkesforsikring
for elevane. Plikta til å
sørgje for ulykkesforsikring gjeld ikkje leksehjelp. Departementet kangi forskrift om ulykkesforsikring.
§ 7-1 d vert
oppheva.
§ 7-1 e skal
lyde:
§ 7-1 e Leksehjelp
Skolen skal ha tilbod om gratis
leksehjelp til elevar i grunnskolen. Departementet kan gi forskrift
om leksehjelptilbodet.
§ 7-2 c skal
lyde:
§ 7-2 c Plikt til å delta
i evalueringar og gi opplysningar
Departementet
kan gi forskrift om at dei
ansvarlege for opplæringa og
dei som får opplæring, skal delta i evalueringar og gi
opplysningar om opplæringa, så langt det er nødvendig for å å evaluere
verksemda etter denne lova. Departementet kan vidare gi forskrift
om at det i dette arbeidet kan behandlast personopplysningar, og
mellom anna om formålet med behandlinga, behandlingsansvar, kva
opplysningar som kan behandlast og om kven, og tilgang til, vidarebehandling
og utlevering av personopplysningar. Behandlinga kan også omfatte
personopplysningar som nemnde i personvernforordninga artikkel 9
og 10.
§ 7-4 skal
lyde:
§ 7-4 Plikt til å melde
frå til barnevernet
Alle som utfører tenester eller
arbeid etter denne lova, skal i arbeidet sitt vere merksame
på forhold som kan føre til tiltak frå barnevernstenesta.
Alle som utfører tenester eller
arbeid etter denne lova, skal utan hinder av teieplikta
melde frå til barnevernstenesta utan ugrunna opphald
-
a.
når det er grunn til å tru at eit barn blir eller kjem til å bli
mishandla, utsett for alvorlege manglar ved den daglege omsorga
eller annan alvorleg
omsorgssvikt
-
b. når det er grunn
til å tru at eit barn har ein livstruande eller annan alvorleg sjukdom
eller skade og ikkje kjem til undersøking eller behandling, eller at eit barn med nedsett
funksjonsevne eller eit særleg hjelpetrengande barn ikkje får dekt
det særlege behovet for behandling eller opplæring
-
c. når eit barn viser alvorlege
åtferdsvanskar i form av alvorleg eller gjentatt kriminalitet, misbruk
av rusmiddel eller annan utprega normlaus oppførsel
-
d. når det er grunn til å tru
at eit barn blir eller kjem til å bli utnytta til menneskehandel
Alle som utfører
tenester eller arbeid etter denne lova, har også plikt til å gi opplysninger
etter pålegg i samsvar med barnevernsloven § 13-4.
§ 7-5 skal
lyde:
§ 7-5 Opplysningar til
den kommunale helse- og omsorgstenesta og sosialtenesta
Styret skal sørgje
for at alle som utfører tenester eller arbeid etter denne lova,
er merksame på forhold som bør føre til tiltak frå sosialtenesta
eller helse- og omsorgstenesta. Styret skal sørgje for at dei som blir merksame på slike forhold,
av eige tiltak gir sosialtenesta og eller helse- og omsorgstenesta alle relevante opplysningar som
dei ikkje har plikt til å teie om.
§ 7-6 skal
lyde:
§ 7-6 Straffansvar for
brot på opplæringsplikta
Foreldre og andre som har omsorg
for eit barn, kan straffast med bot dersom dei forsettleg eller
aktlaust handlar slik at barnet er borte frå den pliktige grunnskoleopplæringa
utan å ha rett til det.
§ 7-7 skal
lyde:
§ 7-7 Rett til å ta
avgjerder for eleven når barnevernstenesta har overteke omsorga
Dersom barnevernstenesta
har overteke omsorga etter barnevernsloven § 5-1, har barnevernstenesta
rett til å ta avgjerder på vegner av eleven. Barnevernstenesta har
dessutan rett til å ta avgjerder på vegner av eleven etter vedtak
om flytteforbod etter barnevernsloven § 4-3 og etter vedtak om omsorgsovertaking
etter barnevernsloven § 4-2.
Foreldra til eleven har likevel
rett til å velje privat skole etter opplæringslova § 2-2, samtykkje
til fritak frå heile opplæringsplikta etter opplæringslova § 2-2
og krevje fritak frå delar av opplæringa på grunn av livssyn, jf.
§ 3-12.
§ 7-8 skal
lyde:
§ 7-8 Innhenting og
opplysningar frå Folkeregisteret
Offentlege styresmakter kan utan
hinder av teieplikt hente
inn opplysningar frå Folkeregisteret når det er nødvendig
for å utføre oppgåver etter denne lova. Departementet kan gi forskrift om
kva for opplysningar som kan hentast
inn.
§ 7-9 skal
lyde:
§ 7-9 Behandling av
personopplysningar og unntak frå teieplikt
Skolar kan behandle personopplysningernår det er nødvendig
for å utføre oppgåver etter lova.
Ved skolebyte
kan skolar hente inn dei
personopplysningane frå andre skolarsom er nødvendige for
å oppfylle retten til grunnskoleopplæring
og vidaregåande opplæring og retten til dokumentasjon av opplæringa.
Vidaregåande
skolar kan hente inn dei
personopplysningane frå grunnskolarsom er nødvendige for
å oppfylle retten til vidaregåande opplæring, gjennomføre inntak
til vidaregåande opplæring og førebyggje fråvær frå opplæringa.
Ved skolebyte
etter andre ledd og ved overgang til vidaregåande opplæring etter
tredje ledd kan skolane også dele personopplysningar,
å leggje til rette opplæringa til ein elev dersom eleven eller foreldra
tillèt det.
Behandlinga av personopplysningar
etter første til fjerde ledd kan også omfatte personopplysningar
som nemnde i personvernforordninga artikkel 9 og 10.
Departementet
kan gi forskrift om behandlinga av personopplysningar,
mellom anna om formålet med behandlinga, behandlingsansvar, kva
opplysningar som kan behandlast og
omkven,
bruk av automatiserte avgjerder,
og tilgang til, vidarebehandling og utlevering av personopplysningar.
Utlevering av opplysningar etter
andre, tredje og fjerde ledd kan gjerast utan hinder av teieplikt.
§ 7-10 første
ledd første punktum skal lyde:
Skolar som tilbyr
vidaregåande opplæring skal utan hinder av teieplikt levere resultat
frå alle vitnemål og kompetansebevis frå vidaregåande opplæring
til nasjonal database for vitnemål og dokumentasjon av kompetanse,
jf. opplæringslova § 25-2.
I lov 12. juni
1987 nr. 56 om Sametinget og andre samiske rettsforhold (sameloven)
blir det gjort følgjande endringar:
§ 3-8 andre
ledd skal lyde:
For opplæring
i og på samisk gjelder reglene i og i medhold av lov om grunnskoleopplæringa og
den vidaregåande opplæringa (opplæringslova).
I lov 17. juni
2005 nr. 64 om barnehager (barnehageloven) blir det gjort følgjande
endringar:
§ 2 a første
ledd første punktum skal lyde:
Barnehagen skal
samarbeide med skolen om barnas overgang fra barnehage til skole
og skolefritidsordning, jf. opplæringslova § 4-7 og privatskolelova
§ 5-5.
§ 5 første
ledd tredje punktum skal lyde:
Samarbeidsutvalget
skal også i slike tilfeller settes sammen etter § 4 tredje ledd,
men slik at foreldre og ansatte fra både barnehagen og skolen skal
være representert, jf. opplæringslova § 10-4 første ledd første punktum.
I lov 8. juni
2018 nr. 28 om høyere yrkesfaglig utdanning (fagskoleloven) blir
det gjort følgjande endringar:
§ 41 første
ledd skal lyde:
Fagskoler kan
oversende vitnemål og karakterer til den nasjonale databasen for
vitnemål og dokumentasjon av kompetanse, jf. opplæringslova § 25-2.
I lov 18. juni
2021 nr. 97 om barnevern (barnevernsloven) blir det gjort følgjande
endringar:
§ 15-13 andre
ledd skal lyde:
Kongen kan samtykke
til at forsøket kan gjennomføres uten hinder av lovbestemt taushetsplikt
etter denne loven og etter spesialisthelsetjenesteloven § 6-1, helsepersonelloven
kapittel 5, forvaltningsloven §§ 13 til 13 f, barnehageloven § 44,
helse- og omsorgstjenesteloven § 12-1 og opplæringslova § 22-4.