Stortinget - Møte torsdag den 20. april 2023

Dato: 20.04.2023
President: Masud Gharahkhani

Søk

Innhold

Sak nr. 12 [14:55:28]

Interpellasjon fra representanten Alfred Jens Bjørlo til klima- og miljøministeren: «Biogass er ei løysing som verkeleg kan monne i det grøne skiftet, med eit potensial i Noreg på minst 10 TWh før 2030. Auka produksjon og bruk av biogass kan kutte klimautslepp, løyse lokale miljøproblem og gi ny verdiskaping. EU, Sverige og Danmark satsar stort på biogass, medan Noreg ligg langt etter sjølv om vi har eit enormt behov for ny rein energi raskt. Biogassnæringa har i tillegg eit stort eksportpotensial. Kva vil regjeringa gjere for å auke produksjonen og bruken av biogass i Noreg og stimulere til eksport av biogassteknologi?»

Talere

Alfred Jens Bjørlo (V) []: Noreg står framfor enorme utfordringar i åra framover med å skaffe meir energi. Tittelen på energikommisjonen sin rapport oppsummerer det presist: «Mer av alt – raskere».

Dimensjonane på energiomstillinga vi skal gjennom, er enorme. For å setje det i perspektiv: Det er om lag 150 år sidan vi starta å byggje ut elektrisk kraft i Noreg. På dei 150 åra har vi bygd ut produksjonskapasitet på 150 TWh. No har vi grovt sagt mål om å byggje ut ytterlegare 40 TWh i løpet av sju år – altså på sju år byggje ut meir enn ein fjerdepart av det vi til no har brukt 150 år på. Det er ei seksdobling av gjennomsnittstempoet dei siste 150 åra.

Det er mildt sagt ambisiøst. Det betyr at vi i tillegg til storstilt utbygging av ny elektrisk kraft også må ta i bruk alle andre moglege verkemiddel for å skaffe tilstrekkeleg med berekraftig energi, samtidig som vi tek vare på naturen. Det handlar m.a. om storstilt satsing på energieffektivisering og energisparing, som rapporten frå energikommisjonen peikar tydeleg på.

Det må også handle om meir enn elektrisitet. Sist månad kom ein ny rapport som syner at vi over tid kan få opptil 20 TWh inn i energisystemet i Noreg frå biogass, og at relativt mykje av det, kanskje opptil 10 TWh, kan kome på plass raskt, dvs. innan 2030–2035. Ja, alt ligg eigentleg til rette for det. Råstoffa har vi: avløpsslam, matavfall og fiskeensilasje, husdyrgjødsel og eit stadig aukande volum gjødsel og slam frå havbruk. Det er avfall som i dag er eit miljøproblem, men som gjennom satsing på biogass kan gå frå å vere eit problem til å bli ein del av løysinga i framtidas sirkulærøkonomi, der vi i framtida også kan fange og lagre CO2 frå biogassanlegga og dermed gjere biogass til ei endå betre klimaløysing enn det allereie er.

Kompetansen har vi også. Vi har gode fagmiljø på både biogassproduksjon og biogassteknologi over store delar av landet. Aktørane finst, og dei er klare både til å ta ei mykje større rolle i norsk energiforsyning enn i dag og til å bli ein ny stor norsk eksportindustri av både teknologi og ferdige produkt.

Og ikkje minst: Andre land klarer det. Sverige, Danmark og andre EU-land satsar allereie tungt på biogass. EU har sett eit produksjonsmål om å tidoble produksjonen av biogass frå 30 til 340 TWh innan 2030 og har vedteke ein tipunkts plan for å nå målet. Sverige set no av 700 mill. svenske kroner årleg for å auke produksjonen av biogass, med eit tydeleg definert støtteregime som gjer det mogleg å satse langsiktig og industrielt på nye storskala biogassanlegg. Tilsvarande langsiktige, kraftige verkemiddelpakkar retta inn mot auka biogassproduksjon er på plass i Danmark.

I Noreg heng vi etter. Vi har enno ikkje vedteke eit forpliktande nasjonalt mål om kvar vi skal med norsk biogass-satsing, sjølv om Venstre og fleire andre parti på Stortinget har ønskt det. Enova har ikkje noko eige «oppdrag» på biogass. Det er ikkje etablert eit støtteregime som løyser ut det industrielle potensialet vi veit at vi har. Nye Bionova blir for alle praktiske formål som småpengar å rekne med i denne samanhengen, ute av stand til å løfte større industrielle anlegg som kan få opp produksjonsvolumet av biogass raskt og kraftig.

Kort sagt: Vi manglar mål. Vi har ikkje rydda på verkemiddelrommet. Vi manglar ein reell politisk vilje til å seie at biogass skal og må vere ein viktig del av løysinga for å sørgje for nok rein energi i Noreg fram mot 2030 – faktisk også noko av det som kan vere med på å motverke eit varsla mogleg energiunderskot i Noreg så tidleg som i 2026. I motsetnad til ein del andre mykje omtalte nye energiformer som er meir «fuglar på taket», kan vi med biogass klare å realisere det raskt og utan store planprosessar og omstendeleg teknologiutvikling. Her snakkar vi i stor grad om gryteklar teknologi der råvarene allereie finst. Det er politikken for skalering og industrialisering som manglar. Den biogasspolitikken er det etter underteikna sitt syn eit felles politisk ansvar å få på plass.

La meg mot slutten presisere dette: Eg skal ikkje stå her i dag og seie at tidlegare regjeringar har gjort alt rett, og at denne regjeringa gjer alt feil. At vi ikkje er komne lenger på biogass i Noreg, er ein situasjon heile det politiske miljøet må ta medansvar for. For å ta eit konkret døme: Heilt tilbake i 2009 blei det fastsett eit nasjonalt mål om at 20 pst. av husdyrgjødsla skulle fangast opp og nyttast til å produsere biogass. I dag – 14 år etter – har vekselvis SV, Arbeidarpartiet, Senterpartiet, Høgre, Framstegspartiet, Kristeleg Folkeparti og til og med Venstre styrt landet. Fasiten er framleis under 1 pst. – ikkje 20 pst.

Vi kan ikkje lenger stå på staden kvil mens resten av Europa set full biogass framover. No må vi få opp tempoet, og det er bakgrunnen for min interpellasjon i dag.

Statsråd Espen Barth Eide []: Jeg vil, helt oppriktig, takke interpellanten Bjørlo for å løfte et stort og viktig spørsmål. Jeg deler veldig mye av analysen, ikke minst når det gjelder betydningen av biogass og potensialet for å utnytte biogass mer enn hva som har vært tilfellet fram til nå. Klimaloven slår fast at Norge skal være et lavutslippssamfunn innen 2050. Det er ingen tvil om at interpellanten har helt rett i at bærekraftig bruk av bioressurser er en forutsetning for at vi kan klare å lykkes i overgangen til lavutslippssamfunnet.

Som det ble beskrevet grundig i innlegget fra interpellanten, er biogass en form for bioressurs som kan produseres på lokale avfalls- og biprodukter, og er et godt eksempel på sirkulærøkonomi i praksis. Vi løser faktisk flere problemer på en gang. Vi bidrar til å løse utfordringen med å få tilstrekkelig fornybar energi, eller tilstrekkelig ren utslippsfri energi, og vi kan samtidig løse seriøse avfallsproblemer, bl.a. med gjødseloverskudd og de miljøproblemene det kan skape i både bekker, elver, innsjøer og havet – avløpssystemer ditto. Slik sett er vi enig i denne beskrivelsen. Det er flere problemer som kan løses med biogass.

Derfor gjør denne regjeringen en rekke ting for å stimulere til økt etterspørsel etter og produksjon av biogass. Enova har støttet ganske betydelig opp om investeringer i biogassproduksjon, og det er spesielt knyttet til teknologier og løsninger med spredningspotensial utover det enkelte prosjekt. De innovative teknologiene og løsningene skal på sikt bidra til videre kostnadsreduksjoner og/eller inntektsøkninger og økt lønnsomhet for bransjen. Støtten skal gjennom dette bidra til at industrielle produksjonsanlegg i framtiden kan etableres uten investeringsstøtte. Siden 2009 har Enova bidratt til å utvikle biogassverdikjeden med støtte til produksjon, fylleinfrastruktur og kjøretøy med om lag 1,2 mrd. kr. Det går til biogasskjøretøy, fyllestasjoner og produksjonsanlegg.

Det er gledelig å se at det norske markedet for biogass er under utvikling, og at etterspørselen etter biogass nå øker i flere sektorer. Vi vet at det er et stort marked for fossilgass – eksempelvis innen sjøfart, industri og oppvarming – der også biogass vil kunne konkurrere. Jeg har lyst til å understreke at den jevne årlige økningen av CO2-avgiften i seg selv er et viktig virkemiddel som vil bidra til at biogass blir stadig mer konkurransedyktig på sikt, også i disse markedene. Det kan også være andre tiltak – krav, standarder, forbud, påbud – som kan brukes slik at det fossile fortrenges til fordel for bl.a. biogass.

Lavere bomtakst for biogasskjøretøy har vært et ønsket virkemiddel fra Stortinget og fra lokale myndigheter en rekke steder. Statens vegvesen opprettet 1. september 2022 en løsning innenfor AutoPASS-ordningen, som gir en egen takstgruppe – såkalt gass – som åpner for at lokale myndigheter i byområder med et miljødifferensiert takstopplegg kan innføre fritak eller redusert bomtakst for tyngre gasskjøretøy. Det har skjedd i flere kommuner.

Jeg vil gjerne trekke fram det som heter verdiskapingsprogrammet for fornybar energi i landbruket. I 2022 bevilget dette støtte til flere nye gårdsanlegg. Nettopp husdyrgjødsel er en viktig ressurs i produksjonen av biogass, altså gjødsel vi har for mye av på enkelte steder, og det kan bidra til å kutte klimagassutslipp av metan og lystgass fra lagring av gjødsel. Over jordbruksavtalen gis det tilskudd for levering av husdyrgjødsel og biogassanlegg. Som Stortinget vil være kjent med, er vi på vei inn i nye forhandlinger om ny jordbruksavtale. Dette er et tema som landbruksministeren og jeg tar med oss inn i den diskusjonen.

Når man utvikler biogass fra slike produkter, får man biorest. Denne bioresten kan brukes som gjødsel og bidrar igjen til å skape et kretsløp for verdifulle næringsstoffer – som nitrogen, fosfor og andre næringsstoffer – som kan brukes på nytt. Utfordringen her er ofte geografisk avstand og det å lage verdikjeder som gjør at denne bioresten kommer dit den gjør mest nytte for seg.

Når det vises til andre nordiske land, vil jeg helt generelt si at ulike nordiske land ofte har samme retning, men ulike virkemidler. Jeg er ikke helt enig i at de nødvendigvis ligger så fryktelig mye lenger framme, men de har valgt et annet sett av virkemidler. For oss er det viktig å bruke både Innovasjon Norge, Enova og andre tiltak for å støtte teknologiutvikling og markedsintroduksjon og ikke minst å videreføre en ambisiøs opptrapping av CO2-avgiften.

Alfred Jens Bjørlo (V) []: Eg takkar statsråden for svaret, eit godt og grundig svar som tydeleg viser at dette er eit område der vi har felles politiske ambisjonar. Vi ser eit potensial, og vi ser at biogass er noko som det òg kan bli volum på. Det er ikkje berre ei symbolsk løysing, men det kan bli volum, og det kan reelt vere med og inngå som eit relativt tungt element i ein framtidig rein energimiks i Noreg.

Det er òg rett, som statsråden seier, at det har vore ei til dels tung offentleg satsing på f.eks. pilotanlegg, å kome i gang med dei første anlegga, å ha eigne verkemiddel i landbruket osv. Men når ein snakkar med bransjeaktørane og dei som har anlegg oppe i dag, er det som blir etterlyst av dei aller fleste, for det første at vi har nokre tydelege mål om kor vi skal og kor vi vil, og at vi greier å gå frå denne pilotfasen og over til faktisk å få opp ei industriell satsing på større anlegg og ein infrastruktur som heng saman, for å ta opp dette. Litt av utfordringa oppfattar eg då er nettopp at det er ulike verkemiddelaktørar. Ein har Enova, som har sine verkemiddel, Innovasjon Noreg, som har sine, og no snart også Bionova, som har sine. Mens verkemidla til Innovasjon Noreg er relativt små og avgrensa, og det same vil dei til Bionova bli, sit Enova på ein svær verkemiddelportefølje samla sett, men når det gjeld biogass, har dei ikkje eit definert og tydeleg oppdrag som gjer det mogleg å setje retning og ha eit større og tydeleg program som gjer det mogleg og langsiktig for dei store aktørane å gå inn og investere, fordi ein veit kor vi skal i volum, og at Enova har retta verkemiddel inn mot biogass.

Dette har vore tema i Stortinget, i energimeldinga og på andre måtar, at tida er inne for faktisk å setje nokre nasjonale mål, gje Enova eit tydelegare oppdrag, og at det er eit mål dei spesifikt med sine verkemiddel skal bidra til å nå. Det har foreløpig ikkje vore fleirtal for å vedta det frå Stortinget si side, men eg oppfattar at regjeringspartia òg er einige i at vi må gå ein runde for å sjå om det er meir som kan gjerast her. Det er då mi utfordring til statsråden. Oppfølgingsspørsmålet mitt til statsråden er: Er det aktuelt no, i relativt nær framtid, å setje tydelegare mål, å gje Enova eit tydelegare definert oppdrag om korleis vi skal løfte det potensialet som vi veit ligg i biogass i Noreg, på fem–ti års sikt?

Statsråd Espen Barth Eide []: Jeg vil igjen takke for gode spørsmål fra interpellanten. Jeg er ikke uenig i det som blir sagt, ikke i det hele tatt. Vi er nok enige om at biogass vil spille en mye større rolle i framtiden enn det har gjort fram til nå, og være en viktig del av en rekke av de løsningene vi begge nå har nevnt.

Jeg har lyst til å si at når det gjelder å sette krav til Enova, opplever jeg at de har et veldig tydelig og klart mandat for en omfattende energiomstilling og klimakutt, og at de, faktisk helt automatisk og uten at vi trenger å fortelle dem det, også vil prioritere tiltak som dette. Det er derfor det har gått en god del penger fra Enova til de tiltakene jeg nevnte, uten at vi har detaljstyrt det. Jeg tror vi – storting og regjering – står oss på å ha noen overordnede føringer istedenfor å gå inn med altfor mange delmål. Det betyr ikke nei til alle delmål, det betyr bare at vi skal tenke oss om med hensyn til om det er det vi først og fremst gjør.

Jeg kunne også legge til f.eks. vårt arbeid med grønt industriløft, hele satsingen på en omstilling og klimakutt i landbruket, hvor vi har en ambisiøs avtale med landbrukets organisasjoner om å kutte utslipp, og hele omstillingen av transportsektoren. Det er nesten umulig å lykkes uten at biogass er en del av svaret. Da er spørsmålet: Er målene for biogassproduksjon, eller er de for utslippskutt og energitilfang?

Jeg tar med meg det som nevnes her, inn i det arbeidet vi gjør nå, både inn mot neste Grønn bok – hvor vi jo skal rapportere på hvordan det er, og hvor vi har sagt at vi skal rapportere usminket og ærlig om hvordan vi ligger an, hvilke tiltak som kommer, hvilke som mangler, og hvilke som bør komme etter hvert – og inn mot den klimameldingen vi jobber med, på lengre sikt, som blir et litt større og mer helhetlig svar på det.

Som interpellanten helt riktig påpekte, kommer vi til å få knapphet på energi. Vi må produsere mer energi selv om vi skal bruke den smartere. Olje- og energiministeren og jeg er veldig opptatt av å formidle, alle steder vi er, at vi også må prioritere hvilken energi som går til hva. Der hvor elektrifisering er et modent tilgjengelig alternativ, burde vi ikke bruke biogass, rett og slett fordi vi trenger den til andre sektorer som ikke har kommet så langt.

Det at det enkelte utslippet kuttes, er bare delvis en del av svaret. Man må også sørge for at den samlede energipakken blir minst mulig fossil fortest mulig, og da må man innrette riktig energibruk mot mye. Jeg tror at det åpenbart økte behovet for bioressurser i energibruk kanskje særlig må innrettes mot de sektorene som ligger bak, f.eks. personbilen, som jo for alle praktiske formål bør bli elektrisk i sin helhet.

Med det sagt så er dette viktige og sentrale tema som regjeringen jobber med, og kommer til å jobbe enda mer med. Jeg er glad for det engasjementet interpellanten Bjørlo har vist.

Presidenten []: Med det er interpellasjonsdebatten i sak nr. 12 avsluttet.