Presidenten
[10:00:14 ]: Det ligg føre tre permisjonssøknader:
frå
Arbeidarpartiet si stortingsgruppe om permisjon for representanten
Sverre Myrli i
tida frå og med 17. til og med 21. april for å delta på reise med NATOs
parlamentarikarforsamling til Canada
frå
Arbeidarpartiet si stortingsgruppe om permisjon for representanten
Trine Lise Sundnes i
tida frå og med 17. til og med 21. april for å delta på EFTA-parlamentarikarbesøk
til India
frå
Høgre si stortingsgruppe om permisjon for representanten Lene Westgaard-Halle i
tida frå og med 18. til og med 20. april for å delta på møte i Den europeiske
interparlamentariske romkonferansen i Wien
Etter
forslag frå presidenten blei samrøystes vedteke:
Søknadene
blir handsama straks og innvilga.
Følgjande
vararepresentantar blir innkalla for å møta i Stortinget i tida
frå og med 18. til og med 20. april:
For
Akershus: Tobias Hangaard Linge
For
Oslo: Agnes Nærland Viljugrein
For
Vestfold: Henning Wold