Stortinget - Møte torsdag den 30. mars 2023

Dato: 30.03.2023
President: Morten Wold
Dokumenter: (Innst. 254 S (2022–2023), jf. Dokument 8:94 S (2022–2023))

Søk

Innhold

Sak nr. 12 [15:37:11]

Innstilling fra kommunal- og forvaltningskomiteen om Representantforslag fra stortingsrepresentantene Helge André Njåstad, Hans Andreas Limi, Roy Steffensen, Marius Arion Nilsen, Morten Wold og Frank Edvard Sve om at trekk i rammetilskudd for ekstraordinære inntekter fra konsesjonskraft gjennomføres i tråd med de forutsetningene som regjeringen presenterte for de berørte kommunene og Stortinget (Innst. 254 S (2022–2023), jf. Dokument 8:94 S (2022–2023))

Talere

Presidenten []: Etter ønske fra kommunal- og forvaltningskomiteen vil presidenten ordne debatten slik: 3 minutter til hver partigruppe og 3 minutter til medlemmer av regjeringen.

Videre vil det – innenfor den fordelte taletid – bli gitt anledning til inntil fem replikker med svar etter innlegg fra medlemmer av regjeringen, og de som måtte tegne seg på talerlisten utover den fordelte taletid, får også en taletid på inntil 3 minutter.

Rune Støstad (A) [] (ordfører for saken): Takk til komiteen for samarbeidet om saken.

På grunn av høye strømpriser har både kommuner og fylkeskommuner med konsesjonskraft hatt ekstraordinære inntekter. Derfor har Stortinget vedtatt at noen av disse ekstra inntektene skal deles med fellesskapet. Deler av inntektene trekkes inn og fordeles ut igjen til kommuner og fylkeskommuner i hele landet.

I statsbudsjettet var verdien av konsesjonskraften anslått til ca. 11 mrd. kr. Trekket fra kommunene ble satt til 3 mrd. kr.

Forslagsstillerne ber i denne saken om at trekket i rammetilskuddet må gjøres i tråd med de signalene som ble gitt fra regjeringen i fjor høst, og forslaget er at trekket skal tilsvare under en tredjedel av den anslåtte verdien over 70 øre/kWh. Jeg går ut fra at Fremskrittspartiet selv begrunner det.

For regjeringspartiene har det vært viktig å finne en rettferdig måte å fordele de høye kraftinntektene på, og at det vi trekker inn fra kraftkommunene, skal stå i et rimelig forhold til de faktiske inntektene de klarer å realisere. Når strømprisene har gått ned, vil også inntektene for mange kraftkommuner bli lavere enn det som var lagt til grunn.

Regjeringen sa i statsbudsjettet, og har gjentatt det flere ganger, at den vil vurdere dette på nytt dersom situasjonen og prisene endrer seg. Allerede i februar sa statsråden at regjeringen vil gjøre en ny vurdering av trekket i forbindelse med revidert nasjonalbudsjett og i nysaldert budsjett mot slutten av året, slik at verken fylkeskommuner eller kommuner blir urimelig behandlet.

Regjeringspartiene mener det er rettferdig at de ekstraordinære inntektene fordeles mellom alle kommuner dette året. Samtidig er det viktig å understreke at dette trekket fra kraftkommunene er en engangshendelse dette året. Konsesjonskraftordningen og prinsippet om at de lokalsamfunnene som stiller sine naturressurser til rådighet, skal ha sin rettmessige del av verdiene som skapes, skal stå fast.

Flertallet i komiteen, bestående av Arbeiderpartiet, Høyre, Senterpartiet, Sosialistisk Venstreparti og Rødt, støtter ikke forslaget i saken. Vi viser ellers til brev fra statsråden og skriftlige innspill i saken. Med det ønsker jeg lykke til med behandlingen.

Mudassar Kapur (H) []: Regjeringens forslag til statsbudsjett anslo verdien av konsesjonskraften som var solgt i høyprisområdene, til 13 mrd. kr i 2022 og 11 mrd. kr i 2023. Dette var anslag basert på at all kraften i disse områdene ble solgt til spotpris. Trekket fra kommunene ble satt til 3 mrd. kr.

Vi i Høyre merker oss at regjeringens anslag for spotmarkedsprisen i 2023 har vært for høyt, og at det har hatt konsekvenser for trekket i rammetilskuddet for ekstraordinære inntekter fra konsesjonskraft. Høyre deler selvsagt forslagsstillernes bekymring og forventer at regjeringen retter opp skjevheter og utilsiktede konsekvenser i forbindelse med revidert nasjonalbudsjett. Det er naturlig at dette følges opp nærmere der.

Helge André Njåstad (FrP) []: Det er riktig som saksordføraren sa, at forslaget frå Framstegspartiet vil gje kommunane føreseielegheit. Eg registrerer at det berre er Framstegspartiet som ønsker å gje den føreseielegheita, medan dei andre partia anten er imot eller vil venta og sjå til revidert nasjonalbudsjett for å gje den føreseielegheita.

Dersom me tek litt historikk, vart 28. september i fjor dessverre ein merkedag for skattesjokk. Eg har vel sjeldan opplevd å vakna ein morgon til så mange ulike sjokk, både ekstra arbeidsgjevaravgift, lakseskatt og denne øvinga her, som saksordføraren kalla det å trekkja inn pengar frå norske kommunar som har stilt naturressursar til rådvelde, og så blir pengane trekte inn i Finansdepartementet og haldne der.

Det vart då sagt at ein skulle trekkja inn 3 mrd. kr. Det skulle tilsvara omtrent ein tredjedel, og kraftkommunane slo seg til ro med det trekket. Då dei skulle ta juleferie, fekk dei ei pressemelding frå Kommunaldepartementet der det viste seg at den eine tredjedelen hadde vorte ein atskilleg høgare sum enn ein tredjedel. Norske kommunar opplevde at dei var førte bak lyset, og det vart eit stort ordføraropprør, med ord og vendingar frå Senterparti- og Arbeidarparti-ordførarar det er godt mogleg at presidenten, dersom eg hadde referert dei, hadde sagt at var uparlamentarisk ordbruk om regjeringa, så eg avstår frå å sitera frå fleire av kommentarane frå Senterparti- og Arbeidarparti-ordførarar.

Det retta seg litt opp på nyåret med ei ny pressemeldinga frå statsråden, som då la til grunn eit lågare trekk igjen, men framleis lever norske kraftkommunar i uvisse om kva dei skal budsjettera med for inneverande år. Dei har ikkje fått to strekar under svaret. Det er det Framstegspartiet vil gje dei no. Dei skal revidera budsjetta sine i juni. Det hadde vore ein stor fordel om kraftkommunane kunne vita kva inntekter dei har å forhalda seg til neste år, og at dei ikkje har den usikkerheita og må venta til Stortinget behandlar revidert nasjonalbudsjett før dei veit kva dei har å forhalda seg til.

Med det tek eg opp forslaget frå Framstegspartiet, som ville ha gjeve norske kraftkommunar føreseielegheit.

Presidenten []: Representanten Helge André Njåstad har tatt opp det forslaget han refererte til.

Statsråd Sigbjørn Gjelsvik []: Det har vore ei interessant sak å følgje. Då vi behandla statsbudsjettet før jul, var det eit breitt fleirtal på Stortinget som hadde budsjettert med at ein skulle trekkje inn 3 mrd. kr frå kommunar og fylke som hadde ekstraordinært høge inntekter frå konsesjonskraft på grunn av dei høge straumprisane. Det einaste partiet som vel ikkje budsjetterte med å trekkje inn 3 mrd. kr, var Høgre, som føreslo at ein skulle trekkje inn endå meir. Det var det som var lagt til grunn når det gjeld å trekkje inn inntekter. Så når enkeltrepresentantar går på talarstolen og nærmast i uforståande ordelag stiller spørsmål ved korleis ein kan finne på å trekkje inn den typen beløp frå kommunar og fylke med konsesjonskraftinntekter, har altså deira eigne parti føreslått akkurat det same i Stortinget før jul som ein del av budsjettbehandlinga.

Så til korleis det trekket skulle gjerast: Det som har vore lagt til grunn frå regjeringa si side heile vegen, og som også er kommunisert i statsbudsjettet, er at trekket skal baserast på dei faktiske inntektene som kan realiserast, altså ikkje på ein teoretisk berekna verdi av konsesjonskrafta, men på dei faktiske inntektene som kan realiserast. Difor fekk kommunane ei moglegheit til å innrapportere kva slags inntekter dei såg for seg å ha i 2023. Det vart lagt til grunn for fordeling av trekk mellom ulike kommunar, og så vart det laga ein modell på same måten som ein har høgprisbidrag for kraftselskapa. Ein seier at for bruttoinntekter under 70 øre/kWh for den enkelte konsesjonskraftkommunen skal ein ikkje få trekk i inntektene. Har ein inntekter over 70 øre/kWh, som er ein historisk sett høg straumpris i Noreg, høge inntekter, skal ein trekkjast for ein stor andel av det beløpet.

Så er det ein føresetnad som har endra seg betydeleg sidan vi la modellen for trekket før jul – noko vi òg sa vi ville ta høgd for dersom det var vesentlege endringar – nemleg at straumprisen heldigvis har utvikla seg i positiv retning og gått vesentleg ned. Difor vil vi i forbindelse med revidert nasjonalbudsjett fremje forslag basert på nye anslag for straumprisen i 2023, som også vil påverke kor stort trekk det vert for den enkelte kommunen, slik at ein baserer seg mest mogleg på dei faktiske inntektene som den enkelte kommunen vil ha i 2023.

Presidenten []: Det blir replikkordskifte.

Helge André Njåstad (FrP) []: Det er rett som statsråden seier, at fleire parti la inn 3 mrd. kr i trekk i statsbudsjetta sine, basert på at regjeringa føreslo det, og at regjeringa formidla til både kommunar og Stortinget før behandlinga at det ville medføra om lag ein tredjedel av trekket. Så kom det ein beskjed til kommunane etter at statsbudsjett hadde vore behandla i Stortinget, som viste at det trekket var langt større enn ein tredjedel. Kvifor venta statsråden så lenge som til tett opp under jul med å fortelja kommunane at trekket vart større enn ein tredjedel?

Statsråd Sigbjørn Gjelsvik []: Det som var viktig, og som vi heile tida kommuniserte, var at ein skulle basere seg på inntekter som kommunane faktisk kunne realisere. Difor gav vi kommunane og fylka ei moglegheit til å rapportere inn, og det vart gjeve ein frist til 1. desember. Etter at vi hadde motteke innrapporteringane 1. desember, gjekk vi igjennom dei, og vi sørgde då for å gje ei ulik fordeling av trekket mellom ulike kommunar. Kommunar som hadde bunde seg opp til avtaler, hadde fastprisavtale eller anna, som gjorde at dei f.eks. berre kunne realisere 30 eller 40 øre/kWh, fekk ikkje trekk i det heile. Slike kommunar, som enkeltkommunar i fylket til representanten Njåstad, som hadde selt krafta til 3 kr/kWh, fekk òg eit mykje høgare trekk prosentvis fordi dei hadde berekna mykje høgare inntekter enn andre kommunar.

Helge André Njåstad (FrP) []: På pressekonferansen etter 28. september sa kommunalministeren at trekket var omtrent ein tredjedel. Forstår statsråden at fleire kommunar føler seg lurte når dei oppdagar at trekket er noko heilt anna, etter at dei har vedteke budsjettet sitt?

Statsråd Sigbjørn Gjelsvik []: Her trur eg ein må skilje mellom ulike ting. Det som vart presentert i statsbudsjettdokumenta, som ein kan lese rett ut av statsbudsjettdokumenta, og som eg har understreka fleire gonger, er at det samla trekket på 3 mrd. kr er ca. ein tredjedel av den teoretisk berekna verdien i sum av konsesjonskrafta. Vidare sa vi at fordi ein ikkje hadde noka oversikt frå dei enkelte kommunane og fylka over korleis krafta var disponert, skulle dei rapportere inn, og så skulle ein gjere eit trekk basert på det. Dette er nettopp for å få ei rettferdig fordeling mellom ulike kommunar. Slike kommunar, som fleire kommunar i Hallingdal, som har ca. 30 øre/kWh i konsesjonskraftinntekter, sjølv om dei ligg i eit høgprisområde, får ikkje trekk i inntektene sine i det heile, for dei har ikkje særleg høgare inntekter enn ordinært, mens kommunar som har disponert krafta på ein slik måte at dei har mykje høgare inntekter enn ordinært, ja, dei vil òg få eit vesentleg trekk.

Helge André Njåstad (FrP) []: Det er litt merkeleg å høyra statsråden leggja ut på ein slik overtydande måte at dette burde alle ha forstått. Det er ingen kommunar som forstod at trekket skulle vera så stort som det er. Då dei laga kommunebudsjettet sitt, forstod kommunane det slik som fleire parti på Stortinget oppfatta det, at trekket skulle vera om lag ein tredjedel for den enkelte kommunen. Etter at budsjetta er vedtekne i kommunane, kjem det då eit heilt anna signal frå statsråden, som vil ha det justert på nyåret, og kommunane skal leva i uvisse fram til revidert nasjonalbudsjett.

Synest statsråden det er greitt at så mange norske kommunar har budsjettert med eit heilt anna inntrykk enn det som viser seg å vera reelt? Synest ein at ein skal venta heilt til juni før ein får to strekar under svaret, kan justera budsjetta sine og bringa dei i samsvar med kommunelova, dvs. at dei skal vera realistiske?

Statsråd Sigbjørn Gjelsvik []: Den største endringa som har skjedd frå før jul, då ein hadde nasjonale budsjettprosessar i både kommunar og fylke, til no, er at den forventa straumprisen er vorten ein heilt annan. I starten av desember – då vi jobba med saka, og då kommunane la budsjetta sine – var den forventa straumprisen i høgprisområda nærare 3 kr/kWh. Han varierte litt opp og ned mellom 2,5 og 3 kr/kWh. Heldigvis har straumprisen gått vesentleg ned i løpet av vinteren, og gjennom dei første månadene i år har ein forventa prisar på omtrent halvparten av dette. Då er det grunnlag for å gå gjennom saka på nytt og leggje fram nye berekningar baserte på oppdaterte straumprisar. Det vil sørgje for at ein får eit meir rett trekk for resten av året. Vi har òg sagt at ved behov vil vi kome tilbake til dette i forbindelse med nysalderinga, dersom straumprisane ytterlegare skulle gå ned og det er grunnlag for å justere trekket til den enkelte kommunen.

Presidenten []: Replikkordskiftet er over.

Flere har ikke bedt om ordet til sak nr. 12.

Votering, se voteringskapittel