Stortinget - Møte tirsdag den 9. mars 2021

Dato: 09.03.2021
President: Tone Wilhelmsen Trøen
Dokumenter: (Innst. 276 L (2020–2021), jf. Prop. 19 L (2020–2021))

Søk

Innhold

Sak nr. 9 [17:19:14]

Innstilling fra justiskomiteen om Endringer i våpenlova (oppbevaring av skytevåpen mv.) (Innst. 276 L (2020–2021), jf. Prop. 19 L (2020–2021))

Talere

Presidenten: Etter ønske fra justiskomiteen vil presidenten ordne debatten slik: 3 minutter til hver partigruppe og 3 minutter til medlemmer av regjeringen.

Videre vil det – innenfor den fordelte taletid – bli gitt anledning til inntil fem replikker med svar etter innlegg fra medlemmer av regjeringen, og de som måtte tegne seg på talerlisten utover den fordelte taletid, får også en taletid på inntil 3 minutter.

Lene Vågslid (A) [] (leiar i komiteen og ordførar for saka): Denne saka er me heilt einige om, så her blir det kanskje ein litt kortare debatt.

Dette handlar om våpenloven som kom på plass i 2018, og nødvendige endringar knytte til han. Komiteen er samrøystes, og mens ein ventar på ny våpenforskrift har våpenloven av 2018 enno ikkje tredd i kraft.

Utanom det reint språklege blir det frå regjeringa føreslått bl.a.:

  1. å gje ein forskriftsheimel for oppbevaring av løyvepliktige våpen, våpendelar og ammunisjon på annan stad enn der våpeneigaren bur fast

  2. å endre reglane om inn- og utførsel av skytevåpen mv. utan europeisk våpenpass i ny våpenforskrift

  3. at forbodet mot å ha halvautomatiske rifler etter våpenloven § 5 andre ledd nr. 3 skal tre i kraft eitt år etter at våpenloven har tredd i kraft

Under behandlinga av saka har regjeringspartia og ein samla komité endra innstillinga når det gjeld punkt 3. Ein samla komité seier no i innstillinga at me viser til at det ved vedtakinga av ny våpenlov i 2018 blei vedteke at forbodet mot halvautomatiske rifler ville tre i kraft tre år etter at loven har tredd i kraft. Komiteen meiner at forbodet mot halvautomatiske rifler er godt grunngjeve, lat meg understreke det. Det er likevel viktig at våpeneigarar som blir ramma av forbodet, kan halde seg til stabile og føreseielege fristar når dei fyrst blir pålagde å omsetje, deaktivere eller levere inn våpena sine. Komiteen ynskjer difor å halde ved lag den opphavlege fristen på tre år, og det blir fremja forslag om det i innstillinga.

Stortingets vedtak om ny våpenlov gjorde det nødvendig å utarbeide ei ny våpenforskrift. I samband med det arbeidet er regjeringa, slik ein skriv i proposisjonen, blitt merksam på fleire forhold som det er behov for å presisere i våpenloven. Me viser til at regjeringa etter ei nærmare vurdering i tillegg har kome fram til at enkelte forhold bør regulerast på ein annan måte enn det som blei vedteke i den nye våpenloven, og der viser me til brevet frå Justis- og beredskapsdepartementet som omtalar det. Eg viser òg til forslaget me samrøystes fremjar i innstillinga når det gjeld straffeloven § 189.

Heidi Greni hadde her overtatt presidentplassen.

Frida Melvær (H) []: Vedtaket om eit forbod mot halvautomatiske våpen er ei viktig oppfølging av Gjørv-kommisjonen sine anbefalingar. Med dette forbodet markerer vi ei fullstendig oppfølging av alt vi vart anbefalt å gjere for å styrkje beredskapen etter 22. juli-tragedien. For regjeringa har det vore viktig å følgje opp alle anbefalingane, noko som no altså er gjort.

I 2018 vedtok vi ei heilt ny våpenlov, og det vart bestemt at eit forbod mot halvautomatiske rifler skulle tre i kraft tre år etter at lova vart sett i kraft, noko som saksordføraren gjorde greie for, og sjølv om vi meiner at forbodet er godt grunngjeve, ønskjer vi likevel å behalde fristen på tre år framfor eitt år.

Det har gått lang tid sidan vedtaket om våpenlova og forbodet mot halvautomatiske rifler vart gjort, i 2018, men av omsyn til våpeneigarar som vert råka av forbodet, meiner vi at det er rett å halde fast ved treårsfristen frå ikraftsetjing. Det er viktig med føreseielege fristar når våpeneigarar først vert pålagde eit sånt forbod. På bakgrunn av dette ønskjer regjeringspartia å halde fast ved den opphavlege fristen på tre år.

Per-Willy Amundsen (FrP) []: Fremskrittspartiet er svært fornøyd med at man velger å forholde seg til den gamle fristen på tre år når det gjelder overgangsregler. Det er helt nødvendig for at folk skal kunne tilpasse seg de endringene som er kommet.

La meg bare si at hadde man ikke valgt å gå inn på dette fra regjeringspartiene, er det ganske stor sannsynlighet for at Stortinget hadde funnet det ut på vegne av regjeringen. Det er bra at det er en enstemmig komité som vil rydde opp i dette.

Så vil jeg si at Fremskrittspartiet forbeholder seg retten til å komme tilbake til våpenloven i en dertil egnet sammenheng. Det er ikke nødvendigvis slik, selv om Fremskrittspartiet satt i regjering og fremmet den våpenloven som ble vedtatt av Stortinget den gangen, at vi nødvendigvis er enig i den våpenloven på alle punkt. Det kan være at vi kommer til å komme med forslag om justeringer, men det vil vi komme tilbake til i en senere sammenheng.

Vi konstaterer i hvert fall at det er en samlet komité som er enige om det vi vedtar her i dag. Det er godt.

Så trenger jeg ikke å bidra til å dra ut debatten. Vi har diskutert dette vel og lenge i dag.

Jenny Klinge (Sp) []: Då Stortinget vedtok endringane i våpenlova i 2018, var vi einige om mykje, men stridstema var særleg det forbodet som vart vedteke med tilbakeverkande kraft mot enkelte typar halvautomatiske rifler. Det er snakk om våpen som er kjøpt lovleg til lovlege føremål, som jakt, og dei som har skaffa seg desse våpna, har brukt mykje pengar på dette. Likevel meinte alle parti den gongen, bortsett frå Senterpartiet, at våpeneigarane ikkje skulle få kompensasjon for dei økonomiske tapa som forbodet vil påføre dei som blir nøydde til å gje frå seg desse riflene.

Det seier seg sjølv at det ikkje er lett å selje våpen som blir forbodne om få år. Det vart den gongen vedteke ei overgangsordning på tre år frå forskrifta skulle kome, slik at desse våpeneigarane i alle fall skulle få litt tid til å områ seg lite grann.

Regjeringa presterer no å kome tilbake til Stortinget med forslag om å forkorte denne overgangsordninga frå tre til eitt år. Det er direkte frekt. Heldigvis går Høgre i komiteen mot si eiga regjering, og det er ein samrøystes komité som går inn for å oppretthalde dei opphavlege tre åra.

Senterpartiet har lagt fram eit eige representantforslag om å få på plass ei kompensasjonsordning for dei som blir ramma av forbodet med tilbakeverkande kraft. Vi håpar at dei andre partia denne gongen har fått tenkt seg nok om til å forstå at det er urimeleg at mange enkeltpersonar får vesentlege ulemper utan økonomisk kompensasjon av det som var eit brot med norsk lovgjevande praksis på området, nemleg at forbodet vart gjeve tilbakeverkande kraft.

Eg viser til merknaden frå Senterpartiet frå behandlinga av våpenlova i 2018, som grunngjev vårt syn på både forbodet og kompensasjonsordninga betre enn merknadene til saka i dag. Dette kjem vi også tilbake til når det nemnde representantforslaget blir behandla i justiskomiteen og Stortinget i vår. Eg vil slå fast at det skulle då berre mangle at Stortinget held fast på at overgangsordninga skal vare i tre år, men det er fint at det blir slik. Det er nok av det uføreseielege i denne saka lell.

Eg vil avslutte med å seie at det er fint at det kjem meir smidige reglar for oppbevaring av våpen for pendlarar og studentar m.a.

Statsråd Monica Mæland []: Komiteen har gjort en grundig vurdering av forslagene til endring i våpenloven. Et av forslagene var å endre overgangsregelen slik at forbudet mot halvautomatiske rifler med størst skadepotensial kan tre i kraft ett år etter lovens ikrafttredelse, fremfor tre år, slik Stortinget vedtok i 2018. Komiteen har imidlertid innstilt på ikke å endre overgangsbestemmelsen.

Disse våpnene har så stort skadepotensial at de ikke bør være i omløp lenger enn strengt nødvendig. Det er likevel en avveining av det hensynet opp mot hensynet til forutsigbarhet for våpeneiere som rammes av forbudet. En tre års overgangsregel vil gjøre det lettere for eiere av slike våpen å innrette seg etter forbudet. Det betyr at jeg også forstår komiteens resonnement.

Jeg er godt fornøyd med at komiteen stiller seg bak de øvrige forslagene i proposisjonen. Den nye våpenloven ble vedtatt i 2018. I påvente av ny våpenforskrift er loven foreløpig ikke i trådt i kraft. Etter planen skal det skje 1. juni i år, og jeg er glad for komiteens samlede innstilling slik at regelverket kan komme på plass.

Presidenten: Ingen har bedt om ordet til replikk.

Flere har heller ikke bedt om ordet til sak nr. 9.

Votering, se torsdag 11. mars