Presidenten: Etter
ønske fra presidentskapet vil presidenten foreslå at taletiden blir
begrenset til 3 minutter til hver partigruppe.
Videre vil presidenten
foreslå at det ikke blir gitt anledning til replikker, og at de
som måtte tegne seg på talerlisten utover den fordelte taletid,
får en taletid på inntil 3 minutter.
– Det anses vedtatt.
Fjerde visepresident Nils T. Bjørke [12:10:42 ] : Presidentskapet
fremjar i innstillinga forslag til ny leiar, nestleiar og medlemar
til Stortingets kontrollutval for etterretnings-, overvakings- og
sikkerheitstenester, EOS-utvalet. Ifølgje EOS-kontrollova skal utvalet
ha sju medlemar, medrekna leiar og nestleiar. Alle er valde av Stortinget
etter innstilling frå Stortingets presidentskap for eit tidsrom
på inntil fem år. Ein medlem kan verta nemnd opp att éin gong og
maksimalt ha vervet i ti år.
Tre av EOS-utvalets
medlemar er i år på val. Desse er leiaren for utvalet, Eldbjørg
Løwer, og utvalsmedlemane Theo Koritzinsky og Inger Marie Sunde.
I tillegg har Håkon Haugli bedt om fritak frå vervet. Dei tre medlemane som
ikkje er på val, er noverande nestleiar, Svein Grønnern, Øyvind
Vaksdal og Elfrid Øfsti Øvstedal, som alle er valde fram til 30. juni
2021.
Presidentskapet
har lagt vekt på å finna fram til kandidatar som har nødvendig tillit
og integritet overfor både Stortinget, dei aktuelle tenestene og
offentlegheita. Det er i tillegg lagt vekt på å finna kandidatar
som har brei og relevant erfaring for dei viktige oppgåvene utvalet
skal varetaka på vegner av Stortinget.
Som ny leiar for
EOS-utvalet vert Svein Grønnern føreslått. Grønnern har lang og
solid erfaring som nestleiar for EOS-utvalet gjennom ei årrekkje.
Grønnern vert føreslått nemnd opp som leiar fram til funksjonstida hans
går ut 30. juni 2021.
Som nye medlemar
til utvalet føreslår presidentskapet Astri Aas-Hansen, Magnhild
Meltveit Kleppa, Camilla Bakken Øvald og Erling Johannes Husabø.
Presidentskapet føreslår også at Astri Aas-Hansen vert nemnd opp
som ny nestleiar for EOS-utvalet.
Presidenten: Flere
har ikke bedt om ordet til sak nr. 6.
Etter ønske fra
transport- og kommunikasjonskomiteen vil presidenten foreslå at
sakene nr. 7 og 8 behandles under ett. – Det anses vedtatt.