Stortinget - Møte torsdag den 20. juni 2019

Dato: 20.06.2019
President: Magne Rommetveit
Dokumenter: (Innst. 425 S (2018–2019))

Innhold

Sak nr. 6 [12:10:11]

Innstilling fra Stortingets presidentskap om valg til Stortingets kontrollutvalg for etterretnings-, overvåkings- og sikkerhetstjeneste (EOS-utvalget) (Innst. 425 S (2018–2019))

Talere

Presidenten: Etter ønske fra presidentskapet vil presidenten foreslå at taletiden blir begrenset til 3 minutter til hver partigruppe.

Videre vil presidenten foreslå at det ikke blir gitt anledning til replikker, og at de som måtte tegne seg på talerlisten utover den fordelte taletid, får en taletid på inntil 3 minutter.

– Det anses vedtatt.

Fjerde visepresident Nils T. Bjørke []: Presidentskapet fremjar i innstillinga forslag til ny leiar, nestleiar og medlemar til Stortingets kontrollutval for etterretnings-, overvakings- og sikkerheitstenester, EOS-utvalet. Ifølgje EOS-kontrollova skal utvalet ha sju medlemar, medrekna leiar og nestleiar. Alle er valde av Stortinget etter innstilling frå Stortingets presidentskap for eit tidsrom på inntil fem år. Ein medlem kan verta nemnd opp att éin gong og maksimalt ha vervet i ti år.

Tre av EOS-utvalets medlemar er i år på val. Desse er leiaren for utvalet, Eldbjørg Løwer, og utvalsmedlemane Theo Koritzinsky og Inger Marie Sunde. I tillegg har Håkon Haugli bedt om fritak frå vervet. Dei tre medlemane som ikkje er på val, er noverande nestleiar, Svein Grønnern, Øyvind Vaksdal og Elfrid Øfsti Øvstedal, som alle er valde fram til 30. juni 2021.

Presidentskapet har lagt vekt på å finna fram til kandidatar som har nødvendig tillit og integritet overfor både Stortinget, dei aktuelle tenestene og offentlegheita. Det er i tillegg lagt vekt på å finna kandidatar som har brei og relevant erfaring for dei viktige oppgåvene utvalet skal varetaka på vegner av Stortinget.

Som ny leiar for EOS-utvalet vert Svein Grønnern føreslått. Grønnern har lang og solid erfaring som nestleiar for EOS-utvalet gjennom ei årrekkje. Grønnern vert føreslått nemnd opp som leiar fram til funksjonstida hans går ut 30. juni 2021.

Som nye medlemar til utvalet føreslår presidentskapet Astri Aas-Hansen, Magnhild Meltveit Kleppa, Camilla Bakken Øvald og Erling Johannes Husabø. Presidentskapet føreslår også at Astri Aas-Hansen vert nemnd opp som ny nestleiar for EOS-utvalet.

Presidenten: Flere har ikke bedt om ordet til sak nr. 6.

Etter ønske fra transport- og kommunikasjonskomiteen vil presidenten foreslå at sakene nr. 7 og 8 behandles under ett. – Det anses vedtatt.