Kjersti Toppe (Sp) [19:20:50 ] : I den seinaste utgåva av den
årlege undersøkinga Helsepolitisk barometer frå Kantar svarer 62 pst.
at vi har eit todelt helsevesen, der personleg økonomi har betydning
for kor god behandling ein får. 78 pst. av dei spurde meiner at
dette er negativt, og 64 pst. meiner at det bidrar til å skape større forskjellar
mellom folk.
Frå media har
vi dei siste åra fått fleire enkelthistorier om pasientar med dødelege
sjukdomar som har betalt av eiga lomme for å få behandling det offentlege ikkje
tilbyr. Dette er bekymringsfullt, særleg når vi veit at det i utgangspunktet
er store sosiale forskjellar i helsetilstanden i befolkninga. Folkehelserapporten
2018 frå Folkehelseinstituttet viser at dei med høgast utdanning lever
opptil seks år lenger enn dei lågt utdanna. Dei sosiale forskjellane
i levealder aukar, og dei er større i Noreg enn i mange andre europeiske
land. Ein rapport frå Statistisk sentralbyrå utgitt i 2017 viste
at blant personar over 45 år oppgir nesten 50 pst. av dei med lågast
inntekt at dei ikkje har god helse. Blant dei med høgast inntekt
er talet berre 20 pst. Liknande forskjellar ser vi mellom utdanningsnivåa.
Når vi derimot ser på kor mykje personar i dei ulike inntektsgruppene
faktisk bruker av helsetenester, er ikkje forskjellane like store.
Det tyder på at det er andre forhold enn det reelle behandlingsbehovet
som bestemmer i kva grad fattig og rik nyttar seg av helsetenestene
våre. Når det gjeld helsetenester med høg eigenbetaling, slik som
legespesialist og tannlege, viser tala frå SSB at personar med høg
utdanning bruker desse tenestene meir enn lågtlønte og lågt utdanna.
Det viktigaste
vi kan gjera politisk for å motverka eit todelt helsevesen, er å
sikra at den offentlege helsetenesta er så god at det ikkje er nødvendig
å betala for kommersielle tenester. Ein rapport frå analysebyrået
Menon utgitt i 2017 stilte spørsmålet: Bruker vi for mykje pengar
på helse? Konklusjonane deira var tydelege: Løyvingane til helsesektoren
har ikkje vore spesielt høge dei siste ti åra, og vi bruker ikkje
meir enn andre land med tilsvarande høgt inntektsnivå. Rapporten
konkluderer med at investeringane i helsesektoren har vorte nedprioriterte
dei siste ti åra. Sjølv om investeringane har auka, utgjer investeringane
likevel mindre av dei totale utgiftene i spesialisthelsetenesta.
Helseministeren
lovde å styrkja pasientbehandlinga i sjukehusa med 12 mrd. kr i
førre stortingsperiode. Det klarte ein ikkje. Gjennom reforma fritt
behandlingsval gir regjeringa derimot hundretals millionar kroner årleg
til kommersielle behandlingsplassar heller enn å styrkja det offentlege
tilbodet. I Granavolden-plattforma fastslår regjeringa at dei vil
utvida fritt behandlingsval til å omfatta enda fleire område. I
tillegg vil ein innføra fritt brukarval i kommunane etter modell
frå Sverige. Det skal ifølgje regjeringa gi større valfridom, men
erfaringar frå Sverige viser at det ikkje er innhaldet i tenestene
brukarane får velje blant, berre kva selskap som skal levera tenesta.
Derimot veit vi frå svensk erfaring at dei brukarane som kan betala
for det, får tilbod om ekstratenester frå dei kommersielle tenesteytarane.
Ei svensk offentleg utgreiing peiker på at fritt brukarval kan ha
ført til større sosial og geografisk ulikskap. Det betyr at fritt
brukarval kan gi ytterlegare todeling av helse- og omsorgstenestene
òg i Noreg.
Mykje av bekymringa
for eit todelt helsevesen botnar i at pasientane fryktar at den
offentlege helsetenesta ikkje tilbyr den beste behandlinga, og at
ein er nøydd til å bruka kommersielle behandlingsplassar for å få
dei nyaste og mest effektive behandlingane.
Dei siste åra
har sjukehusa fått finansieringsansvaret for stadig fleire legemiddel.
Det dreier seg ofte om dei mest kostbare medisinane. I fjor gjekk
Lovisenberg Diakonale Sykehus ut og påpeikte at den auka løyvinga ikkje
var nok til å dekkja dei faktiske utgiftene til dei nye legemidla
sjukehusa skulle finansiera. Direktøren ved sjukehuset kalla det
ei skjult effektivisering frå regjeringa, og sjølv om helsevesenet
er nøydd til å prioritera kva nye behandlingar dei skal tilby, er
det grunn til å frykta at underfinansiering av sjukehusa bidrar
til at pasientar må gå til private for å få tilgang til dei nyaste
og beste behandlingsmetodane.
I vinter bestemte
Beslutningsforum for nye metodar å seia nei til innføring av kombinasjonsbehandling med
cellegift og immunterapi mot lungekreft i den norske helsetenesta,
ei behandling som ein gjekk ut frå var aktuell for rundt 700 norske
pasientar årleg. Etter nye forhandlingsrundar med stor offentleg
merksemd snudde Beslutningsforum. Det var ei veldig god nyheit for
dei norske lungekreftpasientane, men med tanke på dei store konsekvensane
det har om eit legemiddel får ja eller nei, er det bekymringsfullt,
slik Senterpartiet ser det, at slike avgjerder vert gjorde bak lukka
dører. Sidan helseministeren har gitt etter for krava frå legemiddelindustrien
om å halda medisinprisen hemmeleg, får vi ikkje vita kor stor helsegevinst
per krone som må til før Beslutningsforum seier ja til å tilby ei
ny behandling. Vi veit ikkje om legemiddelselskapa snakkar sant
når dei påstår at dei har gitt eit rimelegare tilbod, og vi veit
heller ikkje om føretaksdirektørane snakkar sant når dei seier at
prisen som er tilbydd, er altfor høg. Vi veit ikkje kva den kostnaden
er. Vi kan heller ikkje etterprøve Beslutningsforum om dei seier
nei til behandling fordi behandlinga ikkje er kostnadseffektiv,
eller om dei seier nei fordi den totale utgifta for den offentlege
helsetenesta er for høg. Denne informasjonen vert halden hemmeleg.
For å motverka
ei todeling er det avgjerande at befolkninga har tillit til prioriteringane
som vert gjorde i helsetenesta. Når det er så pass stort hemmeleghald rundt
prioriteringa av helsekronene, vert det ingen open debatt. Det er
lett å forstå at det går ut over tilliten, og det kan vera medverkande
til at så mange svarer at ein har eit todelt helsevesen i Noreg
i dag.
Det burde heller
ikkje ha vore nødvendig å kjøpa privat helseforsikring i Noreg,
men ifølgje statistikk frå Finans Norge har talet på nordmenn med
privat helseforsikring auka jamt dei siste åra. I 2013 var det ca. 400 000
personar som hadde behandlingsforsikring, i 2018 var talet auka
til ca. 550 000. Da Høgre gjekk til val i 2013, var det 380 000
som hadde helseforsikring. Eg hugsar veldig godt at helseminister
Høie uttalte før valet at det ikkje ville vera marknad for helseforsikringar
med innføringa av fritt behandlingsval. Men sidan har altså forsikringane
berre auka. Fleire av forsikringsselskapa har framheva at dei skal
dekkja kreftlegemiddel som ikkje vert dekte av det offentlege.
Det er fleire
tendensar som bidrar til større todeling av helsetenestene. Vi ser
at dei sosiale helseforskjellane i befolkninga aukar. Vi ser at
etterspørselen etter private helseforsikringar aukar. Det kjem stadig
fleire dyre legemiddel på marknaden. Men avgjerda om kva legemiddel
den offentlege helsetenesta skal tilby, er hemmeleg. I denne situasjonen
satsar altså regjeringa storstilt på å bruka offentlege helsekroner
på kommersielle tenesteytarar heller enn å styrkja det offentlege
tilbodet. Vi ser ein konkurransepolitikk der private tilbydarar
skal konkurrera med det offentlege om å tilby offentleg finansierte
helsetenester. Det er eit overordna prinsipp i den nye regjeringsplattforma.
Spørsmålet mitt er difor om statsråden meiner at vi har eit todelt
helsevesen i dag, om meir privatisering av det offentlege helsevesenet
er eit mål for regjeringa, og kva regjeringa gjer for å hindra ei
utvikling av eit todelt helsevesen.
Statsråd Bent Høie [19:30:26 ] : Jeg tar resultatene fra Helsepolitisk
barometer på alvor. Det er urovekkende at så mange av de spurte
mener at vi har et todelt helsevesen der personlig økonomi har betydning
for hvor god behandling en får. Det er bred enighet om at vi skal
verne om løsninger for et offentlig ansvar for å sørge for å finansiere
helse- og omsorgstjenestene. Befolkningen skal få rettferdig fordelte
helsetjenester etter behov og betale etter evne over skatteseddelen.
I et sånt system er det viktig at befolkningen har tillit til at de
får de tjenestene de har behov får, når de trenger dem.
Pasienter skal
ikke behøve helseforsikringer eller å finansiere sin egen behandling
for å få nødvendig helsehjelp som vi i fellesskap har blitt enige
om at det offentlige skal finansiere. Regjeringens mål er å skape
pasientens helsetjeneste, og et godt samarbeid mellom det offentlige
og private vil bidra til mer innovasjon, mangfold, kvalitet og valgfrihet
i helsetjenesten. Dette er sentrale elementer i pasientens helsetjeneste.
Bruk av private aktører er med andre ord et virkemiddel for å nå et
overordnet mål.
I så måte er
det også viktig å vise til den samme undersøkelsen – Helsepolitisk
barometer – der tre av fire i spørreundersøkelsen sier at de er
enig med regjeringen i at det er viktigere å få den hjelpen de trenger,
og at den er offentlig finansiert, enn hvem som leverer den. Tre
av fire er åpenbart uenig i representantens politikk på dette området.
Det vi kritiserer
den forrige regjeringen for, er at vi så økende helsekøer og ventetider
samtidig som ledig kapasitet ikke ble utnyttet og kun var tilgjengelig
om en betalte selv eller hadde helseforsikring. Det var årsaken til
at vi innførte fritt behandlingsvalg. Reformen gir mer valgfrihet
til pasienten og reduserte ventetider og bidrar til økt aktivitet
i de offentlige sykehusene. Vi gir pasientene rett til å velge behandling
hos godkjente private, mens regningen tas av det offentlige. Pasientene
slipper å tegne helseforsikringer eller betale av egen lomme, som
de må gjøre i Senterpartiets modell.
Over 15 000 pasienter
har benyttet seg av fritt behandlingsvalg-ordningen og kommet raskere
til helsehjelp enn de ellers ville ha gjort, eller fått behandling hos
en institusjon som de selv mener har det beste tilbudet. Mennesker
med behov for psykisk helsehjelp eller rusbehandling har stor verdi
av å komme så raskt som mulig til behandling, og særlig for disse
pasientene har også mangfoldet av tilbud en verdi i seg selv. Jeg
er derfor glad for at flere av rusbehandlingsinstitusjonene som var
i ferd med å bli nedlagt under den rød-grønne regjeringen, nå behandler
pasienter som aldri før. Derfor sørget vi for at disse tjenestene
var de første som ble inkludert i fritt behandlingsvalg da dette
startet opp i 2015. Senere har vi utvidet ordningen til å omfatte
flere somatiske tjenester og rehabiliteringstjenester.
Omfanget av private
helseforsikringer har økt årlig siden 2002 og økte mest i perioden
2007–2011, under den forrige regjeringen. Vi ser at den årlige veksten
i private helseforsikringer har vært lavere etter 2014 enn før, og
dette sammenfaller med reduserte ventetider og økt valgfrihet, som
et resultat av denne regjeringens politikk. Jeg tror imidlertid
ikke vi kan forvente at private helseforsikringer forsvinner. Jeg
håper det snart blir slutt på at representanten framstiller sitater
fra meg feilaktig fra før valget i 2013. Også den gangen understreket jeg
at det er mange faktorer som kommer til å bidra til at vi fortsatt
vil ha helseforsikringer, ikke minst at forsikringsselskapene alltid
tilpasser seg markedet. De vil f.eks. kunne selge forsikringer som
brukes til å dekke helsetjenester som vi i fellesskap ikke har blitt
enige om at skal være prioritert.
Den beste måten
å motvirke denne utviklingen på er imidlertid å sørge for at offentlige
helse- og omsorgstjenester har best mulig kvalitet og tilgjengelighet.
Regjeringen vil ta i bruk alle gode krefter for å sikre det, også
ved å kjøpe ledig kapasitet hos private som et tilbud til alle pasienter,
ikke bare dem med helseforsikring eller tykk lommebok, som er Senterpartiets
alternativ.
Stortinget har
sluttet seg til prioriteringsmeldingen og vår ordning for prioritering.
Dette har bidratt til mer åpenhet om de beslutningene som tas. En
grunnleggende utfordring for helsetjenestene er at mulighetene og ønskene
alltid vil overstige ressursene. Vi kan derfor ikke velge om vi
skal prioritere – prioritering skjer uansett hvilke institusjoner
vi har – men vi kan velge hvilke prinsipper som skal ligge til grunn
for beslutningene. Stortinget har sluttet seg til et sett prinsipper
for prioritering i den norske helsetjenesten, og disse skal bidra
til nettopp en rettferdig tilgang til helsetjenester og gi legitimitet
til de vanskelige beslutningene som de som jobber i helsetjenesten,
tar hver eneste dag.
Ordningen med
innføring av nye metoder i spesialisthelsetjenesten er et verktøy
for at vi også kan sikre at alle helseregionene kan oppfylle sitt
sørge-for-ansvar. Ordningen for nye metoder har bidratt til større
åpenhet om prosessene rundt vurdering og de prioriteringsbeslutningene
som vi tar for de nye behandlingsmetodene.
Beslutningsgrunnlaget
og beslutningene som treffes, offentliggjøres på nettsider umiddelbart.
På nettsidene til systemet ligger det informasjon om bl.a. hver enkelt
metode som vurderes innført – informasjon om prosessene, metodevurderingene
og beslutningene. Mer og lett tilgjengelig informasjon om disse
prosessene har sannsynligvis ført til at det også blir større offentlig oppmerksomhet
om prioriteringsbeslutningene som blir tatt i denne ordningen. Dette
er beslutninger som tidligere i all hovedsak ble foretatt i interne
prosesser som ikke var tilgjengelige for offentligheten. Legemiddelindustrien
har også store økonomiske interesser i å skape oppmerksomhet og
press når de har dyre legemidler, og det er behandling i denne metoden.
Når representanten
bruker ord som at Beslutningsforum snudde, spiller representanten
på legemiddelindustriens lag, for det er ikke det som er tilfellet.
Det som er tilfellet, var at legemiddelselskapet reduserte prisen, sånn
at prisen ble akseptabel og sto i forhold til metoden. Hadde representanten
hatt rett i at Beslutningsforum snudde, ville det vært nettopp det
presset som industrien prøver å skape i det offentlige rom knyttet
til disse prosessene, som nå hadde nådd fram. Et sånt system som
representanten og Senterpartiets ordninger legger til rette for,
nemlig politisk press i denne typen saker, vil føre til større todeling,
mer urettferdighet og mer tilfeldighet i prioriteringene – stikk
i strid med de prinsippene som stortingsflertallet har sluttet seg
til.
Senterpartiets
krav om at prisene alltid skal være åpne ensidig fra Norges side,
ville gjort at svært mange av de nye kreftbehandlingsmetodene som
er tatt i bruk i Norge, ikke ville vært mulige å ta i bruk. Dermed
ville færre pasienter fått hjelp, noe som igjen hadde ført til en større
todeling i den norske helsetjenesten.
Jeg tror at åpenheten
rundt dette selvfølgelig også har bidratt til et inntrykk i befolkningen
av at vi i Norge ikke tilbyr pasientene god behandling, og at flere
må betale selv. Det er da viktig å vise til at siden innføringen
av systemet har de regionale helseforetakene behandlet opp mot 200 metoder.
Av disse er omtrent to tredjedeler besluttet innført, mens én tredjedel
er besluttet ikke innført.
Vi har som mål
å gi flere kreftpasienter og andre med alvorlig sykdom tilgang til
utprøvende behandling. Utprøvende behandling representerer en mulighet
for pasienter når verken etablert behandling eller deltakelse i
kliniske studier anses som mulig. De nasjonale prinsippene for utprøvende
behandling åpner for at sånn behandling unntaksvis også kan tilbys
enkeltpasienter når gitte forhold er oppfylt.
Debatten om et
todelt helsevesen handler ikke om hvem som utfører tjenesten – om
det er en offentlig eller privat institusjon. Den handler om å sikre
alle norske pasienter god og forsvarlig behandling uten å måtte
tegne forsikring eller betale privat for helsehjelpen av egen lomme.
Regjeringen ønsker å ta i bruk alle gode krefter for å sikre at
norske pasienter får tilgang på gode og likeverdige helse- og omsorgstjenester,
og valgfriheten skal ikke bare være for dem med forsikring eller
tykk lommebok.
Her går et av
hovedskillene i norsk politikk. Senterpartiet og de rød-grønne partiene
ønsker at valgfriheten skal være for dem med forsikringer og tykk
lommebok. De vil ikke forby private helsetjenester. De ønsker dem til
stede i det norske markedet, men de skal kun være til stede for
dem som har muligheten til å betale for det. En fjerning av ordningen
med fritt behandlingsvalg ville gitt de 12 000 pasientene som benytter
seg av ordningen, kun én mulighet til valgfrihet, og det ville være
å betale selv.
Kjersti Toppe (Sp) [19:40:46 ] : Det er ikkje Senterpartiet
som har kome med den store befolkningsundersøkinga. Det er Kantar
som har gjort ei stor befolkningsundersøking, som viser at seks
av ti av dei som har svart, meiner at vi har eit todelt helsevesen
i dag. Det er ikkje Senterpartiet som kjem med skuldingar mot regjeringa
– det er folk sine oppfatningar av dagens helsepolitikk. Og dette
har auka. Det har auka sidan førre undersøking, så det er enda fleire
som meiner at vi har eit todelt helsevesen enn i den tilsvarande
undersøkinga i fjor, da det var knapt 50 pst. Av dei spurde meiner 80 pst.
at dette er negativt. Seks av ti meiner at dette skaper større forskjellar
mellom folk.
Helseministeren
skuldar på politikken til Senterpartiet for dette, men det er faktisk
ein del år sidan vi satt i regjering, og denne regjeringa – i alle
fall delar av ho – har hatt ansvaret for helsepolitikken sidan 2013.
Da synest eg det er spesielt å svare på mitt spørsmål om kva regjeringa
gjer for å hindra utviklinga av eit todelt helsevesen, og om ein
meiner at vi har eit todelt helsevesen i dag, med å angripa Senterpartiet
på den måten som vert gjort her.
Eg kan vera einig
i ein ting helseministeren sa i innlegget, og det er at det som
er viktig for å unngå at ein har bruk for kommersielle, og for å
hindra utviklinga av eit todelt helsevesen, er å styrkja det offentlege
helsevesenet. Vi er ueinige om måten det skal gjerast på. For regjeringa
er det det same om tenestene vert utførte av private, eller om det
er det offentlege sjølv som gjer det. Senterpartiet er ikkje mot
at private er eit supplement i helsevesenet – det har vi heller
aldri vore – men det er feil måte å sørgja for valfridom på når
ein gir private rett til å driva med pasientbehandling som er betalt
av staten, og så er det dei offentlege sjukehusa som skal finansiera
det. Ein må altså ta pengar frå det offentlege til dei private.
Det er det som gjer at mange offentlege sjukehus no står overfor
veldig store kutt. Ein kan sjå rundt i mange fylke kor mange tilsette
som ein må kutta for at budsjettet skal gå i hop, og for at ein
skal ha eigenkapital til dei nye bygga sine. Det er ikkje berekraftig.
Det ser ikkje
ut som om vi kjem noko lenger med denne debatten. Dette vert ein
debatt frå skyttargravene, og det var ikkje det eg ønskte med å
fremja denne interpellasjonen. Men det er slik eg registrerer det.
Statsråd Bent Høie [19:43:56 ] : Hvis representanten ikke ønsker
at dette skal være en debatt fra skyttergravene, burde hun ha gravd
seg opp av skyttergraven da hun holdt sitt første innlegg. Da sto
hun fortsatt med spaden og gravde seg dypere og dypere ned i skyttergraven.
Jeg startet mitt
svar med å si at jeg tar resultatet av denne undersøkelsen på det
største alvor når en økt andel av befolkningen har inntrykk av at
vi har fått et mer todelt helsevesen i Norge. Men jeg håper også
at representanten tar den andre delen av undersøkelsen på alvor,
nemlig at tre av fire i undersøkelsen sier at de er uenig i Senterpartiets
politikk på dette området, og er enig med regjeringen. De sier rett
ut at de mener at det er viktigere at oppgavene blir løst og betalt
av det offentlige enn hvem som utfører oppgavene. Så tre av fire
i den samme undersøkelsen som representanten ber meg om å ta på
alvor, tar avstand fra Senterpartiets løsning på dette området og
sier ja til regjeringens løsning på området. Så jeg tar undersøkelsen
på alvor – men hele undersøkelsen, og ikke bare de svarene som passer
meg.
Det som er svaret
på disse utfordringene, er nettopp å sørge for at de offentlig finansierte
helsetjenestene stadig blir bedre. Derfor blir det prioritert av
denne regjeringen. Det handler også om å redusere unødvendig venting
og å gi pasienter som ikke har helseforsikring eller en tykk lommebok,
en valgmulighet, f.eks. at ruspasienter har mulighet til å velge
akkurat det ruskollektivet som de tror på, og at det ikke skal være
tilgjengelig for bare dem som har foreldre som kan betale for seg,
eller dem som får en lokal menighet til å samle inn penger til seg,
noe som ofte var tilfellet tidligere.
Når vi ser på
hva som skjer i Sykehus-Norge, er det svært høye investeringer i
bygg, medisinsk-teknisk utstyr og IKT. Ventetidene har gått ned,
og flere får behandling. Det er dette som er hovedbildet fra Sykehus-Norge.
Det er en utvikling som jeg er stolt over at har skjedd i vår regjeringstid,
og som jeg mener bidrar til å styrke den offentlige helsetjenesten,
som i Norge uansett vil være den største. Men vi kan ikke ha et
dogmatisk forhold til det å bruke private og gi innbyggerne våre valgfrihet.
Da er jeg helt sikker på at det kommer til å bli en større vekst
i de private, kommersielle, finansiert av lommebok og helseforsikring.
Det så vi også i den kraftige veksten i helseforsikringer som var
sist gang den politikken ble ført i Norge.
Presidenten: Ønsker
interpellanten et avsluttende innlegg, enten fra bunnen eller toppen
av skyttergraven?
Kjersti Toppe (Sp) [19:47:18 ] : Eg vil berre ha ein kort kommentar:
Eg synest ikkje dette var ein så veldig fruktbar debatt. Men heldigvis
– heldt eg på å seia – er det ingen andre som har deltatt i han,
så det vert mellom meg og statsråden, og slik er det.
Poenget er det
som eg sa om helseforsikringar. Om ein er feilsitert, får ein i
alle fall rydda opp i det. Men eg var her i salen sjølv og hørte
statsråden seia – eg kan ikkje nøyaktig gjengi ordvalet, men det
vart i alle fall brukt som eit argument frå regjeringa – at det
ikkje ville vera marknad for den store veksten i helseforsikringar når
ein innførte reforma fritt behandlingsval, og i dag er det over
ein halv million som har helseforsikring. Ein kan godt fortsetja
debatten ved å gå bakover i tid og nekta å ta inn over seg realitetar
ved dagens helsepolitikk, men eg tenkjer at dette er nok for i dag.
Statsråd Bent Høie [19:48:39 ] : Jeg tror jeg har rimelig god
oversikt over hva jeg selv har sagt når det gjelder helseforsikringer.
Jeg har hele veien – både når jeg har blitt intervjuet, og når jeg
har snakket om dette – understreket at reduserte ventetider og reformen
fritt behandlingsvalg skal redusere behovet for å ha private helseforsikringer
for å få de nødvendige helsetjenestene. Men jeg har også, ved alle
anledninger som har bydd seg når jeg har blitt bedt om å snakke
om dette, understreket at helseforsikringsbransjen alltid kommer
til å tilpasse seg markedet. Det betyr f.eks. at de kommer til å
tilby forsikringer på områder som ikke er en del av det som vi har
prioritert felles, offentlig.
Det er ingen
tvil om at den kraftigste veksten i salget av helseforsikringer
var under den forrige regjeringen, da det også var økte ventetider
til de offentlig finansierte helsetjenestene. Den veksten har flatet
ut etter 2014.
Når en inviterer
til en debatt om den todelte helsetjenesten og hva som er rett svar
på den utviklingen, må også representanter fra Senterpartiet tåle
at en setter lys på det som er deres alternativ. Det er tydeligvis
en litt ny opplevelse for representanten, for det kom ingen svar
på de påstandene som jeg kom med. Da regner jeg med at representanten
er enig i min beskrivelse av konsekvensene av Senterpartiets politikk
på dette området, og at det betyr et mer todelt helsevesen i Norge.
Presidenten: Debatten
i sak nr. 8 er dermed avsluttet.