Knut Arild Hareide (KrF) [20:21:13 ] : Eg har nesten dårleg
samvit som tar vår hardtarbeidande utanriksminister enda ein kveld
til Stortinget, men eg har ikkje dårleg samvit for det viktige temaet
eg tar opp, og som det er all grunn til å diskutere.
Etter at dei
kommunistiske regima i Aust- og Sentral-Europa blei tvinga til å
gi frå seg makta på slutten av 1980-åra, vaks trua på at demokratiet,
rettsstaten og menneskerettane ville bli styrkte i denne delen av
Europa. Det skjedde òg, men denne optimismen er dei siste åra blitt
avløyst av bekymring over at land som Russland, Kviterussland, Aserbajdsjan
og Tyrkia, men òg EU-land som Ungarn og Polen, har bevega seg i
feil retning. Det er urovekkjande når bl.a. rettsvesen og massemedia blir
kontrollerte av og underlagde regjeringa.
Våre liberale
demokrati er ikkje ei gåve me kan ta for gitt. Me må sjå faren når
alarmsignala lyser. Me må forstå kvifor rettsstaten blir undergraven,
kvifor det skjer. Me må bli einige om meir effektive tiltak for
å stanse undergravinga av grunnprinsippa i demokratiet. Det er derfor
eg reiser denne interpellasjonen, og eg ber utanriksministeren utdjupe
kva ho meiner er Noregs viktigaste verkemiddel i arbeidet mot autoritære
styreformer og for å verne rettsstatsprinsippa.
Me har internasjonale
samarbeidsorgan som byggjer på slike prinsipp. Korleis kan Noreg
bidra til å styrkje Europarådets og OSSEs rolle i sikringa av demokratiet,
rettsstaten og menneskerettane? Korleis kan me samarbeide med EU
om tiltak? Vil regjeringa bruke EØS-midlane enda meir målretta til
å fremje demokrati og eit sterkt sivilsamfunn? Kva er statusen for
regjeringa sitt arbeid med å etablere menneskerettssanksjonar?
Truleg har demokratiske
styreformer som ideal og verkelegheit aldri stått sterkare globalt
sett enn dei gjorde rundt 2005. Sidan da har det vore ein reell
tilbakegang òg i Europa. Er me no vitne til eit tidsskilje? Kva
er det som har skjedd?
Russland er det
landet som har hatt størst negativ påverknad, bl.a. fordi myndigheitene
der har støtta opp om populistiske, sterkt nasjonalistiske og antidemokratiske
parti i fleire europeiske statar. Samtidig ser ei rekkje ytterleggåande
europeiske parti til «den sterke mann»-modellen som Putin-regimet
representerer. Regimet i Russland står bak ei omfattande innblanding
i demokratiske val i Vesten, inkludert presidentvalet i USA. Det
bidrog til at Donald Trump blei USAs 45. president, jf. Mueller-rapporten.
President Lukasjenko i Kviterussland og president Alijev i Aserbajdsjan
har lenge sete ved makta. Dei har innskrenka ei rekkje menneskerettar
og tillèt ingen politisk opposisjon. Politiske fengslingar er utbreidd.
Kviterussland er det einaste landet som ikkje er medlem av Europarådet,
og dei har framleis dødsstraff. Aserbajdsjan har i fleire saker
nekta å gjennomføre dommar frå Den europeiske menneskerettsdomstolen.
Landet stod bak ein omfattande korrupsjonsskandale i Europarådets
parlamentariske forsamling, der dei kjøpte stemmer for å unngå negative
resolusjonar.
Tyrkia har etter
2005, under president Erdogan, utvikla seg i autoritær retning.
Me ser fengsling av journalistar og politisk opposisjon basert på
skuldingar om at dei støttar kurdisk nasjonalisme, vald, terrorisme
eller Gülen-bevegelsen. Erdogan har dei siste åra utvikla eit sentralistisk
presidentstyre. Regimet kontrollerer dei store mediehusa, har svekt
uavhengigheita til domstolane og innskrenka ytringsfridomen. Nyleg
pressa han igjennom annullering av valresultatet i Istanbul etter
at opposisjonskandidaten vann valet.
Ungarn gjennomførte
etter Viktor Orbáns braksiger i 2010 ei drastisk omlegging med sterk
sentralisering av makta, ikkje minst regjeringa sin dominans over
media, domstolane og andre viktige institusjonar. I dei seinare vala
har han brukt ein retorikk prega av anti-flyktningar, anti-islam,
anti-EU, anti-FN og ikkje minst anti-Soros. Kvifor? Han meiner EU
sviktar, at det er Ungarn som forsvarer det kristne Europa mot islam
og vernar liberale verdiar.
Polens president
har under det nasjonalkonservative Lov- og rettferdspartiet gjennomført
liknande innstrammingar, der regjeringa søkjer å dominere media og
domstolane. Men det sivile samfunnet i Polen er sterkare enn i Ungarn.
Nokre av forsøka på å ta over domstolane med eigne støttespelarar
er òg blitt stoppa av EU – eit EU som har gjort ein viktig jobb.
Dei siste to
åra er USAs leiarrolle med støtte til demokrati endra og svekt,
noko òg utanriksministeren påpeikte i utgreiinga si her tidlegare
i vår. Vesten framstår ikkje lenger på same måte som ei samla blokk
når det gjeld å fremje demokrati. President Trump blir oppfatta som
mindre samlande, meir splittande. At han vil fremje USAs interesser,
er forståeleg og ikkje noko særeige. Det som bekymrar, er at han
har redusert USAs bidrag til internasjonale organisasjonar, f.eks.
ved å trekkje USA ut av FNs menneskerettsråd. Han har hylla autoritære
leiarar og bidratt til eit nytt politisk klima prega av nasjonalisme,
handelskrig og stormaktspolitikk. Det kan svekkje den internasjonale
rettsordenen.
Det er grunn
til å merke seg korleis demokratiet i fleire land blir undergrave.
Det skjer som regel ikkje ved militærkupp. Metodane som blir nytta,
er andre. Den politiske opposisjonen blir stigmatisert. Viktige
institusjonar, inkludert rettsvesen og dei viktigaste massemedia,
blir underlagde direkte kontroll frå regjeringa si side. Sivile
rettar blir avgrensa, slik at det blir vanskeleg å organisere seg
eller ytre seg kritisk mot regjeringa. Makta blir sentralisert rundt
ein sterk president, slik me ser i Aserbajdsjan, Russland, Tyrkia
og Kviterussland, rundt regjeringa, som i Ungarn, eller rundt ein
mektig person utanfor det formelle maktapparatet som trekkjer i
trådane, noko me bl.a. ser i Polen. Det blir utvikla ein topptung
korrupsjonskultur, der den politiske og økonomiske eliten samarbeider
om å gjere kvarandre rike på kostnad av folket.
Me må vere på
vakt mot autoritær oppførsel frå politiske leiarar i demokratia.
Varsellampene bør blenkje når dette skjer – når dei avviser eller
uttrykkjer svak tilslutning til demokratiske spelereglar, når dei
avviser at dei politiske motstandarane er legitime, når dei tolerer eller
oppfordrar til vald, og når dei prøver å avgrense dei sivile rettane
for opponentane sine og for media.
Me ser teikn
på at demokratiet blir svekt. Når det gjeld å vite korleis me best
skal handle for å forsvare demokratiet og rettsstaten, når demokratiske
politikarar i Europa ser slike tendensar i eigne kretsar, må dei
ta ansvar. Me må ta ansvar. Partilojalitet må ikkje få nokon til å
unnlate å forsvare demokratiet.
Dessverre er
det mange mainstream-politikarar som har trudd at dei kunne temje
ein autoritær outsider når dei kom til makta. Det går sjeldan bra,
og nokre gonger går det heilt gale. Det har historia vår vist. Heldigvis er
me ikkje der i dag. Eg vil ikkje samanlikne det som skjer, verken
med Hitlers nazisme eller Stalins kommunisme. Det var totalitære
regime og ideologiar. I dag er vår oppgåve å forsvare demokratiet,
rettsstaten og menneskerettane og hindre forvitring av berebjelkane
i liberale demokrati. Me må forsvare verdiar me trur er avgjerande
for vårt frie samfunn. Me må gi norsk og internasjonal støtte til
demokratiske politiske krefter, til sivilt samfunn, til uavhengige
medium og til rettsvesen. Det kan spele ei viktig førebyggjande
rolle på lengre sikt.
Utenriksminister Ine M. Eriksen Søreide [20:31:20 ] : Representanten
Hareide tar opp et svært viktig tema – og han skal ikke på noen
måte ha dårlig samvittighet for den sene debatten, snarere tvert
imot – for utviklingen i deler av Europa gir grunn til bekymring.
I enkelte land er opposisjonens kår nå blitt så vanskelige at vi
i realiteten kan snakke om en dreining bort fra det representative
demokratiet mot noe som minner om tidligere tiders ettpartistater.
Vi registrerer også at ledere med autoritære trekk har fått økt
selvtillit.
Heldigvis ser
vi også motkrefter. Resultatet av helgens europaparlamentsvalg viser
et sammensatt bilde – mer sammensatt enn mange fryktet – i de landene
representanten nevner. I Ungarn bekreftet det styrende partiet sin
dominerende stilling. I Polen og Romania, derimot, fikk opposisjonen
økt oppslutning, og det er et viktig korrektiv fra velgernes side.
Et tema som har
gått igjen i disse landene de siste årene, er et økende press på
rettsstaten. Dette er en utvikling vi har all grunn til å være bekymret
for. Rettsstaten utgjør ryggraden i det demokratiske systemet, og
når ryggraden forvitrer, kan hele strukturen falle sammen. Uten
et uavhengig rettsvesen blir minoritetenes rettssikkerhet særlig
utsatt. De som ikke rammes direkte, ser gjerne ikke de langsiktige
konsekvensene av at lovlig valgte regjeringer styrker sin egen posisjon
på bekostning av rettsstatlige prinsipper og rettssikkerhet. Utviklingen
er ikke bare alvorlig for befolkningen i de aktuelle landene, den
kan også få konsekvenser for Norge og for det europeiske samarbeidet
Norge er en del av. Et trygt Europa er et Europa som bygger ned
skillelinjer som gir opphav til konflikt og ustabilitet.
Utviklingen i
Polen, Ungarn og Romania gir grunn til bekymring, og EU har startet
en debatt om unionen bør ha mer effektive virkemidler for å sikre
respekt for EUs verdigrunnlag og rettsstatsprinsipper. I sitt utkast
til nytt langtidsbudsjett har Kommisjonen lagt inn forslag om en
mekanisme som knytter overholdelse av rettsstatsprinsipper til overføringene
fra EUs budsjett, med en begrunnelse i at EUs midler må sikres i
tilstrekkelig grad. I tillegg har Tyskland og Belgia nylig lagt
fram et forslag om en «peer review»-ordning, der medlemslandene
gjennom rådet skal overvåke utviklingen for demokrati og rettsstat
i alle EUs medlemsland.
Norge støtter
EUs arbeid for å fremme respekt for grunnleggende rettigheter, rettsstat
og demokrati, og vi følger EUs prosesser mot Polen og Ungarn tett.
Vi har gjentatte ganger oppfordret landene til å samarbeide med
EUs institusjoner, og vi merket oss at Polen i desember 2018 valgte
å endre den nye loven om høyesterett etter pålegg fra EU-domstolen.
Regionale aktører
som Europarådet og OSSE sitter på relevante verktøy landene kan
trekke på. Venezia-kommisjonens rådgivende uttalelser er et godt
eksempel. EUs ulike verktøy, først og fremst artikkel 7, om brudd
på grunnleggende verdier, er også en mulighet EU benytter, men den
har selvfølgelig sine begrensninger. Utfordringen for alle er at
de forutsetter reell vilje til etterlevelse hos landets egne ledere.
Aktuelle virkemidler
for Norge er tilstedeværelse og dialog, målrettet støtte til aktører
i det sivile samfunn, uavhengige medier og en justisreform i tråd
med grunnleggende rettsstatlige prinsipper. FNs periodiske landhøringer,
UPR, har vist seg å være et effektivt utgangspunkt for dialog med
myndigheter. Det er viktig at vi kommuniserer hvorfor det er i landenes
egeninteresse å verne om demokrati, rettsstat og respekt for menneskerettigheter.
Gjennom EØS-midlene
bidrar Norge til sosial og økonomisk utjevning i 15 europeiske land.
Midlene bidrar bl.a. til å styrke det sivile samfunn og justissektoren i
mottakerlandene, i tråd med prinsippene om rettsstat, demokrati
og godt styresett.
Interpellanten
spør om regjeringa vil bruke EØS-midlene enda mer målrettet for
å fremme demokrati og et sterkere sivilsamfunn. Hovedprofilen for
EØS-midlene i inneværende periode, altså 2014–2021, er fastlagt
i avtale mellom giverlandene og EU, etterfulgt av landvise forhandlinger
med mottakerlandene. Det er inngått avtaler med 14 av de 15 mottakerlandene.
Midlene til justissektoren og justisreform er betydelig styrket
i forhold til tidligere perioder. Dessuten er avsetningen til fondet for
sivilt samfunn økt og utgjør nå minst 10 pst. av de samlede overføringene,
og kravet om uavhengig forvaltning av fondet, altså uavhengig av
landets myndigheter, er skjerpet i forhold til forrige periode.
Dette gjør vi for å søke å bidra til et sterkere sivilt samfunn,
som er en viktig del av ethvert velfungerende demokrati.
Vi forhandler
fortsatt med Ungarn, der det først og fremst gjenstår å komme til
enighet om forvaltningen av fondet for sivilt samfunn. Giverlandene,
Island, Liechtenstein og Norge, står samlet om vår posisjon i forhandlingene.
Vår tilnærming støttes også av Kommisjonen og av sentrale EU-land.
Dette er en problemstilling jeg har holdt Stortingets europautvalg
løpende oppdatert om. Jeg har også diskutert det i mine redegjørelser
i Stortinget, og jeg opplever at det er tverrpolitisk støtte for
regjeringas linje.
Vi håper at det
fortsatt er mulig å bli enige, men vi er helt klare på at vi må
finne løsninger på alle utestående spørsmål samlet, herunder for
sivilt samfunn, for at det skal kunne bli en avtale med Ungarn.
Vi splitter altså ikke opp sivilt samfunn fra de andre fondsmidlene
– man kunne f.eks. tenke seg at man ble enige om fondsmidlene, altså
ca. 90 pst. først, og så komme tilbake til sivilt samfunn. Alt må
være på plass før vi utbetaler midlene. EØS-midler til Ungarn vil
altså ikke bli utbetalt før det er en helhetlig avtale på plass.
For å bistå mottakerlandene
i utviklingen og gjennomføringen av avtalte satsingsområder har
vi gjennom EØS-midlene også etablert samarbeid med norske fagetater,
som f.eks. Domstoladministrasjonen, og internasjonale organisasjoner
som Europarådet og EUs byrå for fundamentale rettigheter. Dette
samarbeidet bidrar også til ytterligere å styrke fokus på internasjonale
standarder, demokrati og rettsstat.
Europarådets
kjerneverdier – menneskerettigheter, demokrati og rettsstat – er
viktigere enn noen gang. Norge er en sterk støttespiller for organisasjonen,
og ikke minst støtter vi opp om Den europeiske menneskerettsdomstolen,
både finansielt og faglig. Vi har økt våre frivillige bidrag til
domstolen. Vi kommer til å fortsette å slutte opp om organisasjonens
overvåkingsmekanismer og menneskerettighetskommissærens behov for større
tilgang til såkalte gråsoner i enkelte medlemsland. Norge ønsker
å bevare Europarådet som en paneuropeisk organisasjon som inkluderer
alle Europas 830 millioner innbyggere og gir dem tilgang til Menneskerettsdomstolen.
Det er nokså unikt at vi har en dødsstraff-fri sone som omfatter
830 millioner mennesker, og vi ønsker at det skal fortsette å være
sånn.
OSSEs arbeid
i felt er også viktig. Vi har økt vårt engasjement gjennom personell
og prosjektfinansiering til OSSEs virksomhet i våre nærområder sør
og øst i Europa. Vi støtter også OSSEs omfattende valgobservasjoner,
og vi bidrar til OSSEs viktige innsats for likestilling, mediefrihet,
sikkerhetssektorreform og forebygging av voldelig ekstremisme.
Situasjonen når
det gjelder menneskerettigheter og rettsstatens stilling i Tyrkia,
er fortsatt veldig bekymringsfull. Regjeringa har gjentatte ganger
i bilaterale samtaler og gjennom Europarådet og andre egnede kanaler
gitt uttrykk for det som er vår bekymring. Regjeringa har styrket
støtten til sivilt samfunn i Tyrkia i takt med den forverrede situasjonen
etter kuppforsøket i 2016. Tiltak for ytringsfrihet har høyest prioritet.
Fra mange hold
uttrykkes det uro over autoritære utviklingstrekk og en stadig vanskeligere
menneskerettighetssituasjon i Russland. Jeg deler bekymringen over denne
utviklingen. Det gjelder både vilkårene for sivilt samfunn generelt
og konkrete saker som forfølgelsen av LHBTI-personer og det utilbørlige
presset mot menneskerettighetsforkjempere i Tsjetsjenia. Norge var
ett av 16 land som aktiverte den såkalte Moskva-mekanismen i OSSE.
Dette innebar bl.a. en ekspertgransking av rapporterte menneskerettighetsbrudd
i Tsjetsjenia.
Til slutt: Når
det gjelder arbeidet med å etablere menneskerettighetssanksjoner,
er Norge nå i dialog med nærstående land angående den pågående prosessen
i EU, hvor ulike problemstillinger knyttet til etableringen av et
slikt sanksjonsregime diskuteres. Det er mange og til dels vanskelige
spørsmål å ta stilling til, men de diskuteres nå i EU, og vi deltar
i den diskusjonen. Utenriksdepartementet vurderer hvordan Norge
best mulig kan bidra i disse diskusjonene, og er allerede i gang
med å revidere dagens hjemmelslover for internasjonale sanksjoner
og restriktive tiltak, slik at et eventuelt sanksjonsregime mot
personer for grove menneskerettighetsbrudd skal kunne gjennomføres
i norsk rett.
Knut Arild Hareide (KrF) [20:41:05 ] : Eg vil takke utanriksministeren
for eit veldig godt svar og ei veldig god utgreiing om den interpellasjonen
som eg har lagt fram. Det er eg svært glad for.
Eg trur at når
utanriksministeren seier at autoritære leiarar i dag framstår med
veldig god sjølvtillit, er det veldig treffande for den situasjonen
me har. Eg deler også utanriksministeren sitt bilde av at det er
ikkje eintydig svart, det er ikkje eintydig mørkt. Eg trur det EU-valet
som me no hadde, frå torsdag til søndag, viser eit bilde som er
blanda, der bl.a. opposisjonen i Ungarn og Romania gjer det betre.
Det er veldig gode signal. Samtidig er det jo slik at valet i Polen,
valet i Italia og – eg vil tore å seie – òg valet i Storbritannia
gir oss nokre utfordringar. Me får òg ein ny statsminister i Storbritannia
som det blir spennande å følgje.
Det ein likevel
kan oppsummere med frå Noreg si side, er at i ei tid der veldig
mange land i realiteten set seg sjølve først, og mindre samarbeid,
må Noregs stemme i det internasjonale vere meir samarbeid – meir
forpliktande samarbeid. Det er det eg høyrer frå utanriksministeren,
og det er eg veldig glad for.
Så er det òg
slik, president – og da ser eg på den presidenten som sit her no
– at eg la merke til at utanriksministeren vektla veldig sterkt
det tette samarbeidet me har med EU. Det er viktig. Eg trur òg me
ser eit EU som speler ei viktigare rolle i dag enn på lang, lang
tid, bl.a. blir det som blir nemnt her om den rolla ein har spelt knytt
til domstolane i Polen, veldig viktig.
Eg hadde gleda
av å møte ein menneskerettsforkjempar frå Ungarn, på min alder,
som hadde opplevd å leve i regimet som var før Muren fall – ei mørketid.
Han hadde frå 1989 og i realiteten fram til 2010 berre opplevd ei
positiv utvikling og ikkje trudd at den utviklinga var mogleg å
snu. Men frå 2010 har dei altså opplevd at media er blitt styrte
og stengde, at domstolane er blitt påverka, at det ikkje er den
opne, frie debatten. Det som såg ut til å vere umogleg i 2009–2010,
er dessverre blitt eit mørkt bilde berre ti år seinare.
Utenriksminister Ine M. Eriksen Søreide [20:44:13 ] : Jeg er
helt enig i den oppsummeringen representanten Hareide gjør. La meg
bare legge til at jeg tror vi skal være veldig oppmerksom på at
en del av den utviklingen som foregår, og som gjør at rommet for
sivilt samfunn innskrenkes, ikke bare handler om hvilke lover og
regler som vedtas, eller hvordan man innretter f.eks. en domstolsreform.
Erfaringene vi
har gjort oss etter mange års samarbeid – ikke bare med land utenfor
Europa, men også i det samarbeidet vi har gjennom både EØS-midlene
og med europeiske land og EU-systemet – er at i stadig flere land
opplever sivilsamfunnet nettopp at det ikke er gjennom vedtak av
lover og formelle prosedyrer rommet blir mindre. Det er i stedet
ved at man etablerer regler og rutiner som gjør at organisasjonene
ikke kan møtes. Det etableres en følelse av angiversamfunn. Det
etableres måter å forfølge både organisasjoner, minoriteter og aktivister
på som ikke gjenspeiles i formelle lovvedtak, men som likevel kanskje
på mange måter gjør det enklere for regimer med enkelte autoritære
trekk å slå ned på det sivilsamfunnet som vi er helt enige om er
ryggraden og bærebjelken i ethvert demokratisk samfunn.
Det er en utvikling
som er dypt bekymringsfull, og som gjør at vi i tillegg til å jobbe
gjennom de kanalene og på de måtene jeg nevnte i mitt innledende
svar, må jobbe på andre måter. Det handler om ikke bare å se hen
til hvilke lover og regler som vedtas, men også i hvilken retning
samfunnet går, og hvordan vi best kan støtte sivilsamfunn i de sammenhengene.
Min opplevelse er at det er usedvanlig viktig å fortsette å snakke
om disse tingene og se hva som foregår, ha god kunnskap om ulike
strømninger og organisasjoner i de forskjellige landene. Det bruker
vi våre ambassader aktivt til, som har et usedvanlig godt inntak
både på myndighetssiden og når det gjelder sivilsamfunnsorganisasjoner.
Det mener vi er en viktig del av den jobben vi har, og den oppgaven
vi har med å kartlegge situasjonen også i land nær oss.
Jeg vil avslutte
der både representanten Hareide og jeg begynte. Det er bekymringsfullt
når vi ser at flere ledere føler at de har såpass stor selvtillit
at de – såpass kostnadsfritt – kan stramme til i helt sentrale og
elementære spørsmål som ytringsfrihet, rettsstat, pressefrihet og
organisasjonsfrihet. Da er det vår felles jobb gjennom de nettverkene
vi har, enten som parlamentarikere eller som regjeringsmedlemmer,
og gjennom de virkemidlene vi har som norske myndigheter eller som
støtte til sivilsamfunn på andre måter, å ta den kampen sammen med
dem.
Kristoffer Robin Haug (MDG) [20:47:48 ] : Resultatet av valget
i Europa viser en ny politisk skillelinje. Det er de grå, autoritære
partiene som vokser fram, mot de grønne partiene, som løfter fram
grasrotdemokratiet. Enkelte kommentatorer ser det som et tegn på
at de eksisterende maktstrukturene og verktøyene ikke lenger har
den samme legitimiteten i befolkningen. Man kan spørre seg om vi
skal føle oss så trygge som det framstår i denne debatten, på at
dagens framgangsmåte er tilstrekkelig, eller om vi må ser mer grunnleggende
på hvordan vi kan skape et mer inkluderende demokrati for å sikre
den demokratiske utviklingen vi ønsker.
Presidenten: Flere
har ikke bedt om ordet, og sak nr. 10 er ferdigbehandlet.