Stortinget - Møte tirsdag den 28. mai 2019

Dato: 28.05.2019
President: Tone Wilhelmsen Trøen

Søk

Innhold

Sak nr. 8 [19:19:43]

Interpellasjon fra representanten Kjersti Toppe til helseministeren: «Helsepolitisk barometer 2019 viser at den norske befolkningen er mer bekymret enn før for om helsevesenet klarer å dekke behovet for helse- og omsorgstjenester i fremtiden. Nesten halvparten av de spurte i undersøkelsen er tvilende til at det offentlige helsevesenet alene vil være i stand til å dekke samfunnets fremtidige behov for helse- og omsorgstjenester. 62 prosent av de spurte mener at vi allerede har et todelt helsevesen, der personlig økonomi har betydning for hvor god behandling man får. De fleste mener dette bidrar til at forskjellene mellom folk øker. I Granavolden-plattformen er det flere punkt om å legge til rette for økt privatisering og konkurranseutsetting av vår offentlige helsetjeneste. Mener statsråden at vi har et todelt helsevesen i dag, er økt privatisering av det offentlige helsevesen et mål for regjeringen, og hva gjør regjeringen for å hindre en utvikling av et todelt helsevesen»?

Talere

Kjersti Toppe (Sp) []: I den seinaste utgåva av den årlege undersøkinga Helsepolitisk barometer frå Kantar svarer 62 pst. at vi har eit todelt helsevesen, der personleg økonomi har betydning for kor god behandling ein får. 78 pst. av dei spurde meiner at dette er negativt, og 64 pst. meiner at det bidrar til å skape større forskjellar mellom folk.

Frå media har vi dei siste åra fått fleire enkelthistorier om pasientar med dødelege sjukdomar som har betalt av eiga lomme for å få behandling det offentlege ikkje tilbyr. Dette er bekymringsfullt, særleg når vi veit at det i utgangspunktet er store sosiale forskjellar i helsetilstanden i befolkninga. Folkehelserapporten 2018 frå Folkehelseinstituttet viser at dei med høgast utdanning lever opptil seks år lenger enn dei lågt utdanna. Dei sosiale forskjellane i levealder aukar, og dei er større i Noreg enn i mange andre europeiske land. Ein rapport frå Statistisk sentralbyrå utgitt i 2017 viste at blant personar over 45 år oppgir nesten 50 pst. av dei med lågast inntekt at dei ikkje har god helse. Blant dei med høgast inntekt er talet berre 20 pst. Liknande forskjellar ser vi mellom utdanningsnivåa. Når vi derimot ser på kor mykje personar i dei ulike inntektsgruppene faktisk bruker av helsetenester, er ikkje forskjellane like store. Det tyder på at det er andre forhold enn det reelle behandlingsbehovet som bestemmer i kva grad fattig og rik nyttar seg av helsetenestene våre. Når det gjeld helsetenester med høg eigenbetaling, slik som legespesialist og tannlege, viser tala frå SSB at personar med høg utdanning bruker desse tenestene meir enn lågtlønte og lågt utdanna.

Det viktigaste vi kan gjera politisk for å motverka eit todelt helsevesen, er å sikra at den offentlege helsetenesta er så god at det ikkje er nødvendig å betala for kommersielle tenester. Ein rapport frå analysebyrået Menon utgitt i 2017 stilte spørsmålet: Bruker vi for mykje pengar på helse? Konklusjonane deira var tydelege: Løyvingane til helsesektoren har ikkje vore spesielt høge dei siste ti åra, og vi bruker ikkje meir enn andre land med tilsvarande høgt inntektsnivå. Rapporten konkluderer med at investeringane i helsesektoren har vorte nedprioriterte dei siste ti åra. Sjølv om investeringane har auka, utgjer investeringane likevel mindre av dei totale utgiftene i spesialisthelsetenesta.

Helseministeren lovde å styrkja pasientbehandlinga i sjukehusa med 12 mrd. kr i førre stortingsperiode. Det klarte ein ikkje. Gjennom reforma fritt behandlingsval gir regjeringa derimot hundretals millionar kroner årleg til kommersielle behandlingsplassar heller enn å styrkja det offentlege tilbodet. I Granavolden-plattforma fastslår regjeringa at dei vil utvida fritt behandlingsval til å omfatta enda fleire område. I tillegg vil ein innføra fritt brukarval i kommunane etter modell frå Sverige. Det skal ifølgje regjeringa gi større valfridom, men erfaringar frå Sverige viser at det ikkje er innhaldet i tenestene brukarane får velje blant, berre kva selskap som skal levera tenesta. Derimot veit vi frå svensk erfaring at dei brukarane som kan betala for det, får tilbod om ekstratenester frå dei kommersielle tenesteytarane. Ei svensk offentleg utgreiing peiker på at fritt brukarval kan ha ført til større sosial og geografisk ulikskap. Det betyr at fritt brukarval kan gi ytterlegare todeling av helse- og omsorgstenestene òg i Noreg.

Mykje av bekymringa for eit todelt helsevesen botnar i at pasientane fryktar at den offentlege helsetenesta ikkje tilbyr den beste behandlinga, og at ein er nøydd til å bruka kommersielle behandlingsplassar for å få dei nyaste og mest effektive behandlingane.

Dei siste åra har sjukehusa fått finansieringsansvaret for stadig fleire legemiddel. Det dreier seg ofte om dei mest kostbare medisinane. I fjor gjekk Lovisenberg Diakonale Sykehus ut og påpeikte at den auka løyvinga ikkje var nok til å dekkja dei faktiske utgiftene til dei nye legemidla sjukehusa skulle finansiera. Direktøren ved sjukehuset kalla det ei skjult effektivisering frå regjeringa, og sjølv om helsevesenet er nøydd til å prioritera kva nye behandlingar dei skal tilby, er det grunn til å frykta at underfinansiering av sjukehusa bidrar til at pasientar må gå til private for å få tilgang til dei nyaste og beste behandlingsmetodane.

I vinter bestemte Beslutningsforum for nye metodar å seia nei til innføring av kombinasjonsbehandling med cellegift og immunterapi mot lungekreft i den norske helsetenesta, ei behandling som ein gjekk ut frå var aktuell for rundt 700 norske pasientar årleg. Etter nye forhandlingsrundar med stor offentleg merksemd snudde Beslutningsforum. Det var ei veldig god nyheit for dei norske lungekreftpasientane, men med tanke på dei store konsekvensane det har om eit legemiddel får ja eller nei, er det bekymringsfullt, slik Senterpartiet ser det, at slike avgjerder vert gjorde bak lukka dører. Sidan helseministeren har gitt etter for krava frå legemiddelindustrien om å halda medisinprisen hemmeleg, får vi ikkje vita kor stor helsegevinst per krone som må til før Beslutningsforum seier ja til å tilby ei ny behandling. Vi veit ikkje om legemiddelselskapa snakkar sant når dei påstår at dei har gitt eit rimelegare tilbod, og vi veit heller ikkje om føretaksdirektørane snakkar sant når dei seier at prisen som er tilbydd, er altfor høg. Vi veit ikkje kva den kostnaden er. Vi kan heller ikkje etterprøve Beslutningsforum om dei seier nei til behandling fordi behandlinga ikkje er kostnadseffektiv, eller om dei seier nei fordi den totale utgifta for den offentlege helsetenesta er for høg. Denne informasjonen vert halden hemmeleg.

For å motverka ei todeling er det avgjerande at befolkninga har tillit til prioriteringane som vert gjorde i helsetenesta. Når det er så pass stort hemmeleghald rundt prioriteringa av helsekronene, vert det ingen open debatt. Det er lett å forstå at det går ut over tilliten, og det kan vera medverkande til at så mange svarer at ein har eit todelt helsevesen i Noreg i dag.

Det burde heller ikkje ha vore nødvendig å kjøpa privat helseforsikring i Noreg, men ifølgje statistikk frå Finans Norge har talet på nordmenn med privat helseforsikring auka jamt dei siste åra. I 2013 var det ca. 400 000 personar som hadde behandlingsforsikring, i 2018 var talet auka til ca. 550 000. Da Høgre gjekk til val i 2013, var det 380 000 som hadde helseforsikring. Eg hugsar veldig godt at helseminister Høie uttalte før valet at det ikkje ville vera marknad for helseforsikringar med innføringa av fritt behandlingsval. Men sidan har altså forsikringane berre auka. Fleire av forsikringsselskapa har framheva at dei skal dekkja kreftlegemiddel som ikkje vert dekte av det offentlege.

Det er fleire tendensar som bidrar til større todeling av helsetenestene. Vi ser at dei sosiale helseforskjellane i befolkninga aukar. Vi ser at etterspørselen etter private helseforsikringar aukar. Det kjem stadig fleire dyre legemiddel på marknaden. Men avgjerda om kva legemiddel den offentlege helsetenesta skal tilby, er hemmeleg. I denne situasjonen satsar altså regjeringa storstilt på å bruka offentlege helsekroner på kommersielle tenesteytarar heller enn å styrkja det offentlege tilbodet. Vi ser ein konkurransepolitikk der private tilbydarar skal konkurrera med det offentlege om å tilby offentleg finansierte helsetenester. Det er eit overordna prinsipp i den nye regjeringsplattforma. Spørsmålet mitt er difor om statsråden meiner at vi har eit todelt helsevesen i dag, om meir privatisering av det offentlege helsevesenet er eit mål for regjeringa, og kva regjeringa gjer for å hindra ei utvikling av eit todelt helsevesen.

Statsråd Bent Høie []: Jeg tar resultatene fra Helsepolitisk barometer på alvor. Det er urovekkende at så mange av de spurte mener at vi har et todelt helsevesen der personlig økonomi har betydning for hvor god behandling en får. Det er bred enighet om at vi skal verne om løsninger for et offentlig ansvar for å sørge for å finansiere helse- og omsorgstjenestene. Befolkningen skal få rettferdig fordelte helsetjenester etter behov og betale etter evne over skatteseddelen. I et sånt system er det viktig at befolkningen har tillit til at de får de tjenestene de har behov får, når de trenger dem.

Pasienter skal ikke behøve helseforsikringer eller å finansiere sin egen behandling for å få nødvendig helsehjelp som vi i fellesskap har blitt enige om at det offentlige skal finansiere. Regjeringens mål er å skape pasientens helsetjeneste, og et godt samarbeid mellom det offentlige og private vil bidra til mer innovasjon, mangfold, kvalitet og valgfrihet i helsetjenesten. Dette er sentrale elementer i pasientens helsetjeneste. Bruk av private aktører er med andre ord et virkemiddel for å nå et overordnet mål.

I så måte er det også viktig å vise til den samme undersøkelsen – Helsepolitisk barometer – der tre av fire i spørreundersøkelsen sier at de er enig med regjeringen i at det er viktigere å få den hjelpen de trenger, og at den er offentlig finansiert, enn hvem som leverer den. Tre av fire er åpenbart uenig i representantens politikk på dette området.

Det vi kritiserer den forrige regjeringen for, er at vi så økende helsekøer og ventetider samtidig som ledig kapasitet ikke ble utnyttet og kun var tilgjengelig om en betalte selv eller hadde helseforsikring. Det var årsaken til at vi innførte fritt behandlingsvalg. Reformen gir mer valgfrihet til pasienten og reduserte ventetider og bidrar til økt aktivitet i de offentlige sykehusene. Vi gir pasientene rett til å velge behandling hos godkjente private, mens regningen tas av det offentlige. Pasientene slipper å tegne helseforsikringer eller betale av egen lomme, som de må gjøre i Senterpartiets modell.

Over 15 000 pasienter har benyttet seg av fritt behandlingsvalg-ordningen og kommet raskere til helsehjelp enn de ellers ville ha gjort, eller fått behandling hos en institusjon som de selv mener har det beste tilbudet. Mennesker med behov for psykisk helsehjelp eller rusbehandling har stor verdi av å komme så raskt som mulig til behandling, og særlig for disse pasientene har også mangfoldet av tilbud en verdi i seg selv. Jeg er derfor glad for at flere av rusbehandlingsinstitusjonene som var i ferd med å bli nedlagt under den rød-grønne regjeringen, nå behandler pasienter som aldri før. Derfor sørget vi for at disse tjenestene var de første som ble inkludert i fritt behandlingsvalg da dette startet opp i 2015. Senere har vi utvidet ordningen til å omfatte flere somatiske tjenester og rehabiliteringstjenester.

Omfanget av private helseforsikringer har økt årlig siden 2002 og økte mest i perioden 2007–2011, under den forrige regjeringen. Vi ser at den årlige veksten i private helseforsikringer har vært lavere etter 2014 enn før, og dette sammenfaller med reduserte ventetider og økt valgfrihet, som et resultat av denne regjeringens politikk. Jeg tror imidlertid ikke vi kan forvente at private helseforsikringer forsvinner. Jeg håper det snart blir slutt på at representanten framstiller sitater fra meg feilaktig fra før valget i 2013. Også den gangen understreket jeg at det er mange faktorer som kommer til å bidra til at vi fortsatt vil ha helseforsikringer, ikke minst at forsikringsselskapene alltid tilpasser seg markedet. De vil f.eks. kunne selge forsikringer som brukes til å dekke helsetjenester som vi i fellesskap ikke har blitt enige om at skal være prioritert.

Den beste måten å motvirke denne utviklingen på er imidlertid å sørge for at offentlige helse- og omsorgstjenester har best mulig kvalitet og tilgjengelighet. Regjeringen vil ta i bruk alle gode krefter for å sikre det, også ved å kjøpe ledig kapasitet hos private som et tilbud til alle pasienter, ikke bare dem med helseforsikring eller tykk lommebok, som er Senterpartiets alternativ.

Stortinget har sluttet seg til prioriteringsmeldingen og vår ordning for prioritering. Dette har bidratt til mer åpenhet om de beslutningene som tas. En grunnleggende utfordring for helsetjenestene er at mulighetene og ønskene alltid vil overstige ressursene. Vi kan derfor ikke velge om vi skal prioritere – prioritering skjer uansett hvilke institusjoner vi har – men vi kan velge hvilke prinsipper som skal ligge til grunn for beslutningene. Stortinget har sluttet seg til et sett prinsipper for prioritering i den norske helsetjenesten, og disse skal bidra til nettopp en rettferdig tilgang til helsetjenester og gi legitimitet til de vanskelige beslutningene som de som jobber i helsetjenesten, tar hver eneste dag.

Ordningen med innføring av nye metoder i spesialisthelsetjenesten er et verktøy for at vi også kan sikre at alle helseregionene kan oppfylle sitt sørge-for-ansvar. Ordningen for nye metoder har bidratt til større åpenhet om prosessene rundt vurdering og de prioriteringsbeslutningene som vi tar for de nye behandlingsmetodene.

Beslutningsgrunnlaget og beslutningene som treffes, offentliggjøres på nettsider umiddelbart. På nettsidene til systemet ligger det informasjon om bl.a. hver enkelt metode som vurderes innført – informasjon om prosessene, metodevurderingene og beslutningene. Mer og lett tilgjengelig informasjon om disse prosessene har sannsynligvis ført til at det også blir større offentlig oppmerksomhet om prioriteringsbeslutningene som blir tatt i denne ordningen. Dette er beslutninger som tidligere i all hovedsak ble foretatt i interne prosesser som ikke var tilgjengelige for offentligheten. Legemiddelindustrien har også store økonomiske interesser i å skape oppmerksomhet og press når de har dyre legemidler, og det er behandling i denne metoden.

Når representanten bruker ord som at Beslutningsforum snudde, spiller representanten på legemiddelindustriens lag, for det er ikke det som er tilfellet. Det som er tilfellet, var at legemiddelselskapet reduserte prisen, sånn at prisen ble akseptabel og sto i forhold til metoden. Hadde representanten hatt rett i at Beslutningsforum snudde, ville det vært nettopp det presset som industrien prøver å skape i det offentlige rom knyttet til disse prosessene, som nå hadde nådd fram. Et sånt system som representanten og Senterpartiets ordninger legger til rette for, nemlig politisk press i denne typen saker, vil føre til større todeling, mer urettferdighet og mer tilfeldighet i prioriteringene – stikk i strid med de prinsippene som stortingsflertallet har sluttet seg til.

Senterpartiets krav om at prisene alltid skal være åpne ensidig fra Norges side, ville gjort at svært mange av de nye kreftbehandlingsmetodene som er tatt i bruk i Norge, ikke ville vært mulige å ta i bruk. Dermed ville færre pasienter fått hjelp, noe som igjen hadde ført til en større todeling i den norske helsetjenesten.

Jeg tror at åpenheten rundt dette selvfølgelig også har bidratt til et inntrykk i befolkningen av at vi i Norge ikke tilbyr pasientene god behandling, og at flere må betale selv. Det er da viktig å vise til at siden innføringen av systemet har de regionale helseforetakene behandlet opp mot 200 metoder. Av disse er omtrent to tredjedeler besluttet innført, mens én tredjedel er besluttet ikke innført.

Vi har som mål å gi flere kreftpasienter og andre med alvorlig sykdom tilgang til utprøvende behandling. Utprøvende behandling representerer en mulighet for pasienter når verken etablert behandling eller deltakelse i kliniske studier anses som mulig. De nasjonale prinsippene for utprøvende behandling åpner for at sånn behandling unntaksvis også kan tilbys enkeltpasienter når gitte forhold er oppfylt.

Debatten om et todelt helsevesen handler ikke om hvem som utfører tjenesten – om det er en offentlig eller privat institusjon. Den handler om å sikre alle norske pasienter god og forsvarlig behandling uten å måtte tegne forsikring eller betale privat for helsehjelpen av egen lomme. Regjeringen ønsker å ta i bruk alle gode krefter for å sikre at norske pasienter får tilgang på gode og likeverdige helse- og omsorgstjenester, og valgfriheten skal ikke bare være for dem med forsikring eller tykk lommebok.

Her går et av hovedskillene i norsk politikk. Senterpartiet og de rød-grønne partiene ønsker at valgfriheten skal være for dem med forsikringer og tykk lommebok. De vil ikke forby private helsetjenester. De ønsker dem til stede i det norske markedet, men de skal kun være til stede for dem som har muligheten til å betale for det. En fjerning av ordningen med fritt behandlingsvalg ville gitt de 12 000 pasientene som benytter seg av ordningen, kun én mulighet til valgfrihet, og det ville være å betale selv.

Kjersti Toppe (Sp) []: Det er ikkje Senterpartiet som har kome med den store befolkningsundersøkinga. Det er Kantar som har gjort ei stor befolkningsundersøking, som viser at seks av ti av dei som har svart, meiner at vi har eit todelt helsevesen i dag. Det er ikkje Senterpartiet som kjem med skuldingar mot regjeringa – det er folk sine oppfatningar av dagens helsepolitikk. Og dette har auka. Det har auka sidan førre undersøking, så det er enda fleire som meiner at vi har eit todelt helsevesen enn i den tilsvarande undersøkinga i fjor, da det var knapt 50 pst. Av dei spurde meiner 80 pst. at dette er negativt. Seks av ti meiner at dette skaper større forskjellar mellom folk.

Helseministeren skuldar på politikken til Senterpartiet for dette, men det er faktisk ein del år sidan vi satt i regjering, og denne regjeringa – i alle fall delar av ho – har hatt ansvaret for helsepolitikken sidan 2013. Da synest eg det er spesielt å svare på mitt spørsmål om kva regjeringa gjer for å hindra utviklinga av eit todelt helsevesen, og om ein meiner at vi har eit todelt helsevesen i dag, med å angripa Senterpartiet på den måten som vert gjort her.

Eg kan vera einig i ein ting helseministeren sa i innlegget, og det er at det som er viktig for å unngå at ein har bruk for kommersielle, og for å hindra utviklinga av eit todelt helsevesen, er å styrkja det offentlege helsevesenet. Vi er ueinige om måten det skal gjerast på. For regjeringa er det det same om tenestene vert utførte av private, eller om det er det offentlege sjølv som gjer det. Senterpartiet er ikkje mot at private er eit supplement i helsevesenet – det har vi heller aldri vore – men det er feil måte å sørgja for valfridom på når ein gir private rett til å driva med pasientbehandling som er betalt av staten, og så er det dei offentlege sjukehusa som skal finansiera det. Ein må altså ta pengar frå det offentlege til dei private. Det er det som gjer at mange offentlege sjukehus no står overfor veldig store kutt. Ein kan sjå rundt i mange fylke kor mange tilsette som ein må kutta for at budsjettet skal gå i hop, og for at ein skal ha eigenkapital til dei nye bygga sine. Det er ikkje berekraftig.

Det ser ikkje ut som om vi kjem noko lenger med denne debatten. Dette vert ein debatt frå skyttargravene, og det var ikkje det eg ønskte med å fremja denne interpellasjonen. Men det er slik eg registrerer det.

Statsråd Bent Høie []: Hvis representanten ikke ønsker at dette skal være en debatt fra skyttergravene, burde hun ha gravd seg opp av skyttergraven da hun holdt sitt første innlegg. Da sto hun fortsatt med spaden og gravde seg dypere og dypere ned i skyttergraven.

Jeg startet mitt svar med å si at jeg tar resultatet av denne undersøkelsen på det største alvor når en økt andel av befolkningen har inntrykk av at vi har fått et mer todelt helsevesen i Norge. Men jeg håper også at representanten tar den andre delen av undersøkelsen på alvor, nemlig at tre av fire i undersøkelsen sier at de er uenig i Senterpartiets politikk på dette området, og er enig med regjeringen. De sier rett ut at de mener at det er viktigere at oppgavene blir løst og betalt av det offentlige enn hvem som utfører oppgavene. Så tre av fire i den samme undersøkelsen som representanten ber meg om å ta på alvor, tar avstand fra Senterpartiets løsning på dette området og sier ja til regjeringens løsning på området. Så jeg tar undersøkelsen på alvor – men hele undersøkelsen, og ikke bare de svarene som passer meg.

Det som er svaret på disse utfordringene, er nettopp å sørge for at de offentlig finansierte helsetjenestene stadig blir bedre. Derfor blir det prioritert av denne regjeringen. Det handler også om å redusere unødvendig venting og å gi pasienter som ikke har helseforsikring eller en tykk lommebok, en valgmulighet, f.eks. at ruspasienter har mulighet til å velge akkurat det ruskollektivet som de tror på, og at det ikke skal være tilgjengelig for bare dem som har foreldre som kan betale for seg, eller dem som får en lokal menighet til å samle inn penger til seg, noe som ofte var tilfellet tidligere.

Når vi ser på hva som skjer i Sykehus-Norge, er det svært høye investeringer i bygg, medisinsk-teknisk utstyr og IKT. Ventetidene har gått ned, og flere får behandling. Det er dette som er hovedbildet fra Sykehus-Norge. Det er en utvikling som jeg er stolt over at har skjedd i vår regjeringstid, og som jeg mener bidrar til å styrke den offentlige helsetjenesten, som i Norge uansett vil være den største. Men vi kan ikke ha et dogmatisk forhold til det å bruke private og gi innbyggerne våre valgfrihet. Da er jeg helt sikker på at det kommer til å bli en større vekst i de private, kommersielle, finansiert av lommebok og helseforsikring. Det så vi også i den kraftige veksten i helseforsikringer som var sist gang den politikken ble ført i Norge.

Presidenten: Ønsker interpellanten et avsluttende innlegg, enten fra bunnen eller toppen av skyttergraven?

Kjersti Toppe (Sp) []: Eg vil berre ha ein kort kommentar: Eg synest ikkje dette var ein så veldig fruktbar debatt. Men heldigvis – heldt eg på å seia – er det ingen andre som har deltatt i han, så det vert mellom meg og statsråden, og slik er det.

Poenget er det som eg sa om helseforsikringar. Om ein er feilsitert, får ein i alle fall rydda opp i det. Men eg var her i salen sjølv og hørte statsråden seia – eg kan ikkje nøyaktig gjengi ordvalet, men det vart i alle fall brukt som eit argument frå regjeringa – at det ikkje ville vera marknad for den store veksten i helseforsikringar når ein innførte reforma fritt behandlingsval, og i dag er det over ein halv million som har helseforsikring. Ein kan godt fortsetja debatten ved å gå bakover i tid og nekta å ta inn over seg realitetar ved dagens helsepolitikk, men eg tenkjer at dette er nok for i dag.

Statsråd Bent Høie []: Jeg tror jeg har rimelig god oversikt over hva jeg selv har sagt når det gjelder helseforsikringer. Jeg har hele veien – både når jeg har blitt intervjuet, og når jeg har snakket om dette – understreket at reduserte ventetider og reformen fritt behandlingsvalg skal redusere behovet for å ha private helseforsikringer for å få de nødvendige helsetjenestene. Men jeg har også, ved alle anledninger som har bydd seg når jeg har blitt bedt om å snakke om dette, understreket at helseforsikringsbransjen alltid kommer til å tilpasse seg markedet. Det betyr f.eks. at de kommer til å tilby forsikringer på områder som ikke er en del av det som vi har prioritert felles, offentlig.

Det er ingen tvil om at den kraftigste veksten i salget av helseforsikringer var under den forrige regjeringen, da det også var økte ventetider til de offentlig finansierte helsetjenestene. Den veksten har flatet ut etter 2014.

Når en inviterer til en debatt om den todelte helsetjenesten og hva som er rett svar på den utviklingen, må også representanter fra Senterpartiet tåle at en setter lys på det som er deres alternativ. Det er tydeligvis en litt ny opplevelse for representanten, for det kom ingen svar på de påstandene som jeg kom med. Da regner jeg med at representanten er enig i min beskrivelse av konsekvensene av Senterpartiets politikk på dette området, og at det betyr et mer todelt helsevesen i Norge.

Presidenten: Debatten i sak nr. 8 er dermed avsluttet.