Tredje visepresident Magne Rommetveit [10:05:05 ] : Presidentskapet
legg med dette fram ei gladsak for representantane, nemleg forslaget
om to endringar i Stortingets forretningsorden. Endringane vil ta
bort krav om at forslag og spørsmål til regjeringa skal vera fysisk
underteikna av han eller ho som legg fram forslaget eller stiller
spørsmålet.
Utgangspunktet
for endringane er at det kjem ei ny teknisk løysing for parti- og
komitéportalane som representantane, gruppene og administrasjonen
nyttar når det vert sett fram forslag, levert inn spørsmål og interpellasjonar
eller sendt inn merknader til komitéinnstillingane. Dette er eit
sentralt arbeidsverktøy for representantane, og det har vore etterlyst
eit system med ei meir brukarvenleg løysing. Systemet må også tilpassast ein
røyndom der dei fleste arbeider meir mobilt enn tidlegare.
I § 38 i forretningsordenen
er det i dag fastsett at forslag ikkje kan vera underteikna av fleire
enn ti representantar. Vidare går det fram av § 70 at alle spørsmål
med skriftleg svar skal underteiknast av spørjaren sjølv. Det er
ikkje særskilde reglar om underskrift av andre typar spørsmål, men
det er lagt til grunn at forretningsordenen har underskrift som
ein føresetnad også her.
Den nye løysinga
vil gjera det mogleg å identifisera avsendaren av forslag og spørsmål
elektronisk. Ved å ta bort kravet om underskrift vil ein leggja
til rette for meir fleksible arbeidsmåtar for representantane. Dette
er etter presidentskapet si meining eit tiltak som svarar på behova
til representantane i kvardagen i Stortinget.
Det har vore diskutert
om ein skal krevja at forslag og spørsmål må sendast inn av representantane
sjølve. Presidentskapet ønskjer ikkje å leggja inn ein slik premiss
i forretningsordenen. I dag kan spørsmål og forslag også verta leverte
til administrasjonen av tilsette i gruppene, og reglane bør også
opna for at ein framleis kan få bistand med innlevering frå partigruppene.
Det er klart at retten til å stilla spørsmål eller setja fram forslag
berre gjeld representantane, og denne retten kan ikkje delegerast
til andre. Når det er sagt, ser eg det mest som eit praktisk spørsmål
kven som tek kontakt med administrasjonen.
Når det gjeld
spørsmål til presidentskapet etter § 69 i forretningsordenen, er
det inntil vidare naturleg å halda fast ved føresetnaden om underskrift,
ettersom slike spørsmål i praksis er forma som brev til presidentskapet.
Eg viser elles
til merknadene i innstillinga og tilrådinga frå eit samla presidentskap.