Stortinget - Møte tirsdag den 29. mai 2018

Dato: 29.05.2018
President: Tone Wilhelmsen Trøen
Dokumenter: (Innst. 314 S (2017–2018), jf. Dokument 8:156 S (2017–2018))

Søk

Innhold

Sak nr. 16 [22:01:28]

Innstilling frå justiskomiteen om Representantforslag fra stortingsrepresentantene Petter Eide, Audun Lysbakken, Karin Andersen, Kari Elisabeth Kaski, Freddy André Øvstegård og Arne Nævra om å avslutte arbeidet til utvalget som skal vurdere endringer i beredskapslovgivningen (Innst. 314 S (2017–2018), jf. Dokument 8:156 S (2017–2018))

Talere

Presidenten: Etter ønske frå justiskomiteen vil presidenten føreslå at taletida vert avgrensa til 5 minutt til kvar partigruppe og 5 minutt til medlemer av regjeringa.

Vidare vil presidenten føreslå at det – innanfor den fordelte taletida – vert gjeve høve til fem replikkar med svar etter innlegg frå medlemer av regjeringa, og at dei som måtte teikna seg på talarlista utover den fordelte taletida, får ei taletid på inntil 3 minutt.

– Det er vedteke.

Frida Melvær (H) [] (ordførar for saka): Denne saka omhandlar eit representantforslag frå SV, der forslagsstillarane opprinneleg oppmoda Stortinget om å be regjeringa avslutte arbeidet til utvalet som skal vurdere endringar i beredskapslovgjevinga. Forslaget har sin bakgrunn i at regjeringa 9. februar i år sette ned eit offentleg utval som skal vurdere endringar i beredskapslovgjevinga. Utvalet er omtalt i Meld. St. 10 for 2016–2017, Risiko i et trygt samfunn, som vart behandla i førre stortingsperiode.

Frå regjeringa si side vert det vist til at det kan oppstå behov for å kunne agere raskare og meir fleksibelt frå myndigheitene si side for å handtere kritiske situasjonar på ein betre måte enn det lovar og reglar gjev rom for i dag. Utvalet har m.a fått som mandat å sjå på om regjeringa bør ha moglegheiter til å supplere eller gjere unntak frå lovgjeving og til midlertidig å suspendere eller modifisere elles lovpålagte rettar i ekstraordinære situasjonar.

Forslagsstillarane viser til merknader i Innst. 326 S for 2016–2017, jf. Meld. St. 10 for 2016–2017, Risiko i et trygt samfunn, der fleirtalet i dåverande justiskomité oppmoda regjeringa til ikkje å setje ned eit utval som skulle vurdere ei utviding av beredskapslovgjevinga sitt verkeområde. Denne oppmodinga vart ikkje fremja som forslag, med bakgrunn i at ho ikkje hadde fleirtalet i Stortinget bak seg. Tiltaket vart ståande i meldinga, og det er dette punktet regjeringa nå følgjer opp.

Komiteen har gjennom behandlinga av denne saka i all hovudsak anerkjent regjeringas rett til å setje ned utval og plikta ho har til å følgje opp fleirtalsvedtak fatta av Stortinget. Det er ein viktig og god ting at vi som stortingsrepresentantar trass i usemje i ei sak respekterer og stiller oss bak dei konstitusjonelle rammene som gjeld mellom storting og regjering.

Forslaget frå SV har vorte trekt undervegs i komiteen si behandling, og eg viser difor i det vidare til nytt forslag frå komiteen sitt fleirtal, frå Arbeidarpartiet, Senterpartiet og Sosialistisk Venstreparti. Forslaget som no ligg føre i saka, handlar først og fremst om å innskrenke mandatet til utvalet.

Lovgjevinga i ekstraordinære krisesituasjonar kan by på utfordringar av ulik art. Situasjonar kan vere slik at det innanfor gjeldande rett ikkje er tilgang til å treffe nødvendige tiltak, med den konsekvens at det ikkje i tide vil vere mogleg å handtere ein kritisk situasjon på ein tenleg måte. Sånne situasjonar kan medføre eit så stort og brått press på ressursane at det ikkje let seg gjere å oppfylle dei forpliktingane som kviler på myndigheitene. Myndigheitene vil då kunne stå i ein situasjon der den einaste moglegheita for å handtere krisa på ein forsvarleg måte, er å setje dei normale prosedyrane til side.

Eg finn det underleg at forslagsstillarane vel å konkludere i ei så viktig sak før utgreiinga ligg føre. Når forslagsstillarane argumenterer mot endringar i beredskapslovverket, grunngjev dei det først og fremst med at behovet ikkje er tilstrekkeleg godtgjort frå regjeringa si side. Høgre og Framstegspartiet sine representantar i komiteen vil understreke at utvalet nettopp har som mandat å kartleggje og dokumentere behovet for ei eventuell utvida regulering utover den som finst i dag. Forslagsstillarane krev på den eine sida ei godtgjering av behovet, men på den andre sida ønskjer dei slett ikkje at behovet skal verte greidd ut. I mandatet til utvalet ligg det òg å gjere ei vurdering av eventuelle innvendingar mot ei slik utvida fullmakt og belyse mekanismar som må vere på plass for å forhindre misbruk.

Det er rett og viktig at denne utgreiinga vert gjennomført på eit tidspunkt med ro og ikkje når ein står midt i ei krise. Gjennom utvalet sitt faglege arbeid vil vi få grundige og gjennomtenkte vurderingar, og vi vil få belyst fleire sider av saka.

Det ligg ikkje til utvalet å konkludere i ei bestemt retning. Regjeringa har heller ikkje på nokon måte førehandskonkludert i denne saka, men ønskjer å få gjort ei vurdering av om vi har dei styringsmekanismane vi treng for effektivt å handtere ein ekstraordinær krisesituasjon på best mogleg måte.

Sidan forholdet til menneskerettar er omtalt både i merknad og i media, vil eg vise til at det i mandatet til utvalet tydeleg er understreka at innhaldet i utgreiinga og eventuelle konklusjonar og vedtak aldri kan stride mot Grunnlova eller internasjonale konvensjonar om menneskerettar.

Eg tek opp mindretalet sitt forslag, som ligg ved i saka.

Presidenten: Representanten Frida Melvær har teke opp det forslaget ho refererte til.

Lene Vågslid (A) []: Dette er jo ikkje ein ny debatt; me hadde delar av dette temaet til debatt òg under behandlinga av Risiko i et trygt samfunn, slik saksordføraren viste til. Fleirtalet i justiskomiteen den gongen var tydeleg på at ein ikkje ønskte at eit slikt utval skulle setjast ned. Men det var òg ein realitet at det ikkje hadde fleirtal i Stortinget. Så regjeringa står fritt til å setje ned det utvalet dei vil, og ein kan heller ikkje meine at det, slik sett, var i strid med noko Stortinget vedtok, men det var i strid med synet til fleirtalet i justiskomiteen.

Arbeidarpartiet meiner framleis at det er ein veldig dårleg idé å gjere det som ligg i mandatet til utvalet, og eg meiner saka er veldig viktig, for det handlar om om ein er villig til å gje ei sektorovergripande fullmaktsføresegn i beredskapsloven med sikte på andre ekstraordinære situasjonar enn der riket er i krig, der krig trugar eller der rikets sjølvstende er i fare. Det er ei ganske stor endring, ei ganske stor forskyving av makt. Difor meiner eg det er, til tross for at ein ikkje var einig i SVs opphavlege forslag, gledeleg at me kan ta denne debatten no, for det sender eit veldig tydeleg signal til regjeringa med omsyn til kor Stortinget står i denne saka. Noko her kan sikkert greiast ut, men eg meiner òg at det er eit prinsipielt spørsmål kva ein gjer med å skyve makt frå Stortinget og setje lovar og reglar til side. Det skal svært mykje til.

Det er mange gode grunnar til at ein ikkje bør gjere dette. Me har eksempel frå andre land der ein har innført unntakslovar. Etter f.eks. terrorangrepa i Frankrike har ein erfart at unntakstilstanden har vart ganske lenge etterpå. Og i mandatet som er gjeve til utvalet, har regjeringa eit forslag til ei generell og sektorovergripande fullmakt som gjev heimel for førebels å supplere og om nødvendig gjere unntak frå gjeldande lovgjeving. Eg vil gjenta at eg meiner det er eit stort og drastisk tiltak, som me ikkje støttar.

Så meiner eg at det òg kjem fram av merknadene at regjeringa skyv flyktningsituasjonen og den krisa me opplevde i 2015, føre seg i denne saka. Det var ikkje beredskapslovgjevinga som var problemet då; det var det at regjeringa ikkje evna å handtere den situasjonen, forstod alvoret for seint og ikkje fekk sett i gang tiltak tidleg nok. Stortinget måtte, på si side, den gongen fatte eit hastevedtak, slik at nødvendige endringar kom på plass så fort som mogleg. Så eg meiner det er vanskeleg å forstå at det skal vere ei god grunngjeving for å endre lovverket, som i dag berre kan brukast i krig, om krig trugar, eller om det er alvorlege truslar mot rikets sikkerheit. Det meiner eg rett og slett ikkje heng på greip.

Så meiner eg det sjølvsagt skal vere svært høg terskel for å avbryte eit pågåande arbeid i eit offentleg utval, men samtidig meiner eg at regjeringa bør registrere i alle fall det som er Stortingets meining i saka. Kristeleg Folkeparti var like tydelege som Arbeidarpartiet i førre periode på at det er uaktuelt å gjere det som ein ber dette utvalet sjå på, og eg håpar at Kristeleg Folkeparti kjem til å synleggjere sitt standpunkt under debatten òg i dag, slik at ein kan få gjeve ein klar beskjed frå Stortinget til regjeringa at det å skyve makt på denne måten, gjere endringar i beredskapslovgjevinga slik utvalet har bedt oss sjå på, er det ikkje fleirtal for i Stortinget.

Himanshu Gulati (FrP) []: Jeg mener denne saken har to sider. Det ene er at jeg mener representanten som har fremmet forslaget, har en manglende forståelse for rollefordelingen mellom den lovgivende og den utøvende makt i vårt parlamentariske styresett, uavhengig av hvem som sitter i regjering. Dette er et utvalg satt ned av regjeringen, det er ikke et forslag. Alle eventuelle lovendringer vil jo måtte fremmes på vanlig måte etter at dette utvalget har gjort sin utredning og kommet med sine anbefalinger, og så får regjeringen ta stilling til om de skal følge det opp. Det er regjeringens prerogativ å sette ned denne type utvalg. Jeg mener derfor det er feil av Stortinget å be regjeringen avslutte et utvalg som regjeringen selv har satt ned.

Det andre er sakens innhold, som jeg personlig mener er et stort feiltrinn, og som jeg også mener er uansvarlig. Nå er det mange typer situasjoner som kan oppstå, som gir unntakstilstand. Det kan være naturkatastrofer, det kan være andre typer hendelser. Den vi har friskest i minne, og som også er mye av bakgrunnen for at dette utvalget ble satt ned, er hendelsen nærmest oss: Det var flyktningkrisen, som det ikke er mer enn to–tre år siden, hvor det i løpet av få uker kom 5 500 flyktninger over grensen til Storskog – nesten 200 daglig til det lille samfunnet med 3 500 innbyggere. Hele Europa, ikke bare Norge, var i en unntakstilstand i noen uker og måneder. Regjeringen ba Stortinget om, og fikk heldigvis støtte til, at det ble vedtatt nødvendige lovendringer veldig raskt for å håndtere den situasjonen.

Det dette utvalget skal vurdere og utrede, og som de ikke har noen fasit på foreløpig, er nettopp å sette oss bedre i stand til å håndtere unntakstilstander som oppstår i framtiden. Det å ikke forberede seg på unntakstilstander, enten det er flyktningstrømmer eller andre typer situasjoner som oppstår, vil jeg mene er uansvarlig. Det er bedre å gjøre jobben nå slik at vi har de hjemlene som trengs for å håndtere akutte situasjoner.

Jeg hørte representanten fra Arbeiderpartiet si at regjeringen ikke håndterte situasjonen som var, på en god måte. Jeg vil mene at utfallet den situasjonen fikk – både hjemlene som ble foreslått raskt og vedtatt i Stortinget, og at situasjon som oppsto i Storskog, ble raskt avsluttet diplomatisk og på andre måter – viste at situasjonen nettopp ble håndtert godt. Men hvis vi nå, i en situasjon hvor det ikke er unntakstilstand, ikke har de nødvendige virkemidlene som trengs for å håndtere denne type sitasjoner på nytt, mener jeg at vi ikke følger opp vårt ansvar som ledere.

Emilie Enger Mehl (Sp) []: § 3 i dagens beredskapslov er en konkretisering av konstitusjonell nødrett som bare gjelder ved særdeles alvorlige hendelser. Det er bare når riket er i krig, er truet av krig, eller det er alvorlige trusler mot rikets trygghet og selvstendighet, at regjeringen kan avvike fra loven eller selv gi bestemmelser med lovinnhold. Regjeringen ønsker nå å vurdere en utvidelse av både virkeområdet og terskelen for denne loven, og de har satt ned et mye omdiskutert utvalg som skal vurdere og gi regjeringen tverrsektorielle fullmakter som vil gi dem langt lavere terskel for å tilsidesette Stortingets vedtak i tilfeller som ikke er omfattet av beredskapsloven.

Jeg forstår ønsket om at man vil sørge for raske løsninger når det oppstår vanskelige situasjoner, men Senterpartiet mener at regjeringen ikke har dokumentert eller godtgjort behovet for at regjeringen skal kunne gjøre vedtak med lovinnhold eller se bort fra lovene Stortinget har gitt, i de tilfellene de har nevnt.

Jeg forstår også tanken om å ville tenke sektorovergripende, men jeg mener at i denne saken legger regjeringen opp til altfor vide fullmakter til seg selv på bekostning av Stortinget. Det finnes visse skranker som regjeringen er nødt til å respektere.

Man kan gjerne si at dette er en vanskelig debatt på beredskapsfeltet som man må ta når vi ikke står midt oppe i en krise. Men jeg kan ikke se at dette forslaget vil bedre beredskapen og samtidig være innenfor det som burde være maktforholdet mellom storting og regjering.

Jeg har særlig merket meg at regjeringspartiene – for å begrunne utvidede fullmakter til seg selv – viser til asylsituasjonen i 2015 og det presset som oppsto på forvaltningen og velferdstjenestene den gangen. Det var ikke mangler i lovverket som var det store problemet da, men at regjeringen ikke forsto alvoret tidlig nok og heller ikke satte i gang tiltak når de burde ha gjort det.

At Stortingets håndtering den gangen skal begrunne at regjeringen skal få makt til å sette til side Stortingets lovvedtak, kan jeg vanskelig se gode grunner til. Stortinget viste handlekraft og stor samarbeidsvilje. Erfaringen viste at det er fullt mulig å treffe raske og fornuftige beslutninger i Stortinget når en presset situasjon oppstår. Det er vanskelig å forstå at dette skal være en god grunn til å endre den delen av lovverket som i dag bare brukes i krig, om krig truer, eller når det er alvorlige trusler mot rikets trygghet og selvstendighet, slik at regjeringen i praksis får fullmakter langt utover det den har i dag.

Det er vesentlig forskjell på den ordinære forskriftskompetansen Stortinget gir regjeringen, og en generell tverrsektoriell fullmaktsbestemmelse som regjeringen ønsker seg. Handlingsrommet for den utøvende makt vil bli langt større, på bekostning av Stortinget, legalitetsprinsippet og ikke minst innbyggerne. En vid fullmaktsbestemmelse er spesielt problematisk når det er snakk om å gjøre inngrep i individenes rettigheter. Det bør ikke være opp til den til enhver tid sittende regjering å bestemme hvilke rettigheter individer skal ha, eller å se bort fra hva Stortinget har vedtatt på området.

Faren for misbruk ved en vid fullmaktsbestemmelse er stor, spesielt når det gjelder et saksområde som asylfeltet, som lett politiseres. Frykt og politisk press kan føre til uheldige avgjørelser som går drastisk ut over individets rettigheter, uten at det er demokratisk behandlet i Stortinget. Det er et grunnleggende prinsipp i et demokrati at rettsstillingen til individene blir avgjort i lov vedtatt av Stortinget, ikke i forskrifter basert på åpne fullmakter. Stortinget må være svært varsom med å overlate for mye av avgjørelsene på dette feltet til regjeringen og forvaltningen alene, og dermed åpne for bakveier for å kutte individenes rettigheter.

At utvalget skal holde seg innenfor Grunnloven og de folkerettslige forpliktelsene, skulle egentlig bare mangle, så jeg ser ingen grunn til at regjeringen kan skryte av at dette er tatt med i mandatet. Men selv om et eventuelt forslag holder seg innenfor Grunnloven og folkerettslige forpliktelser, vil det likevel harmonere dårlig med legalitetsprinsippet.

Regjeringen har allerede fått tydelige signaler fra både nåværende og forrige flertall i justiskomiteen om at endringer i beredskapsloven ikke er ønskelig. Sammensetningen i komiteen har endret seg siden valget, men flertallet i komiteen står fortsatt fast på budskapet om at man ikke ønsker forslag i tråd med det som er mandatet til beredskapslovutvalget.

Når alle partiene, flertallet i justiskomiteen og flertallet i Stortinget har uttalt seg så klart som man har gjort, har ikke regjeringen stortingsflertallet bak seg til å endre beredskapsloven i tråd med det de skisserer, og de forslagene bør ikke fremmes.

Petter Eide (SV) []: Det er undertegnede som har tatt initiativet til dette. Det skjedde fordi jeg ble ganske overrasket – ganske forskrekket faktisk – av at regjeringen ville sette ned et utvalg som skulle se på muligheten for å få en utvidet unntakstilstand, med andre ord fravike eksisterende lover og rettigheter. I mandatet er det en klar referanse til flyktningkrisen i 2015.

Min kritikk av utvalget må også ses i sammenheng med at den som tok initiativet til utvalget, var en minister, en justisminister, som ikke hadde respekt for at Norge skulle følge internasjonale rettigheter i en flyktningsituasjon. Hun ønsket at Norge skulle se på muligheter til å fravike sine internasjonale forpliktelser ved en flyktningstrøm. Veldig tydelig kom det fram, hun sier det eksplisitt, i Dagbladet 24. august 2017, hvor hun er tydelig på at Den europeiske menneskerettskonvensjon står i veien for hvordan Norge skal håndtere flyktningstrømmen. Slik jeg leste dette, ønsket daværende justisminister å lete etter en mulighet for at Norge kunne fravike rettigheter til asylsøkere, eventuelt stenge ute eller hindre asylsøkere i å komme til landet. Det er med det politiske bakteppet jeg foreslo at dette utvalget ikke burde arbeide videre.

Norsk beredskapslov – som altså er i tråd med Den europeiske menneskerettskonvensjon artikkel 15 – slår fast at unntak fra gjeldende lov og rett bare kan skje ved krig, når krig truer, eller når grunnleggende trygghet er i fare. Det skal altså veldig sterke begrunnelser til for å utvide disse fullmakts- og unntakslovene. Det er ikke slik som representanten fra Fremskrittspartiet sier, at det er mange ting som kan utløse en unntakstilstand. Nei, det er ikke det. Internasjonale konvensjoner er veldig tydelige på at det er ved krig, når krig truer, eller når annen type grunnleggende sikkerhet er i fare, at det kan være grunnlag for en unntakstilstand. Det å definere en strøm av flyktninger som en situasjon hvor man kan erklære unntakstilstand, er antakelig i brudd med Den europeiske menneskerettskonvensjon, veldig svakt folkerettslig begrunnet og også et dårlig skjult forsøk på å prøve nye muligheter for å begrense asylstrømmen til Norge.

Den forrige ministeren har altså tatt initiativet til et utvalg som har et mandat som sannsynligvis er i strid med EMK artikkel 15. Det er ganske spesielt. Jeg kan også minne Stortinget om at Europarådet har slått hardt ned på bruk av unntakstilstand i ulike land, spesielt i land som Tyrkia og Frankrike, hvor statskupp og terrorhandlinger har vært bakteppet. Europarådets parlamentarikerforsamling vedtok en resolusjon i april, nå i vår, som slo veldig klart fast at det bare er disse tre elementene, krig, når krig truer, eller når grunnleggende sikkerhet er i fare – bare disse tre tingene – som kan gi grunnlag for å erklære en unntakstilstand. Europarådet slo knallhardt fast at en flyktningstrøm absolutt ikke er grunnlag for å erklære en unntakstilstand. Det at dette utvalget nå har fått muligheten til å se på om det kan være slik, at en flyktningstrøm kan være grunnlag for en unntakstilstand, er også i strid med Europarådets nye resolusjon.

SV foreslo opprinnelig at hele utvalget skulle legges ned, fordi vi mener det var uhørt å sette ned et utvalg med denne typen målsettinger, men også fordi Stortinget tidligere har uttrykt at et slikt utvalg er uønsket. Men vi ønsket å samle støtte, og det er nå blitt støtte fra tre partier for et omforent forslag fra Arbeiderpartiet som ber regjeringen om å ikke komme tilbake til Stortinget med utvidede fullmaktsbestemmelser. Vi foreslår altså ikke nå at utvalget skal legges ned, men en kraftig begrensning i mandatet. Blir det vedtatt, får utvalget lite å gjøre, og de får heller ikke mulighet til å komme tilbake til Stortinget med noen forslag.

Jeg er litt forundret over at vi ikke har fått støtte fra Kristelig Folkeparti til dette. Jeg synes det er oppsiktsvekkende. Det må Kristelig Folkeparti ta ansvar for. Ved ikke å støtte dette forslaget stiller Kristelig Folkeparti seg bak en minister som leter etter en mulighet til å bruke unntakslover ved en flyktningbølge. Det er ganske sterkt. Da må de også ta ansvar for at unntakslover muligens vil ramme flyktninger fra krigsområder.

Torhild Bransdal (KrF) []: I stortingsmeldingen Risiko i et trygt samfunn, som Høyre–Fremskrittsparti-regjeringen la fram i forrige periode, varslet man at regjeringen ville sette ned et utvalg som skulle se på sektorovergripende fullmaktsbestemmelser i beredskapslovgivningen ved bl.a. høye asylankomster, naturkatastrofer, ulykker, pandemier og sammenbrudd i infrastruktur. Beredskapslovgivningen er en konkretisering av konstitusjonell nødrett som gir regjeringen hjemmel til å vike fra gjeldende lovgivning eller gi bestemmelser med lovgivningsmessig innhold i bestemte situasjoner. Det er strenge krav til når denne retten inntrer – det gjelder kun når riket er i krig, når krig truer eller rikets selvstendighet eller sikkerhet er i fare.

Allerede da regjeringen varslet at de ønsket å sette ned dette utvalget, anmodet Kristelig Folkeparti regjeringen om å la det være. Vi mente at regjeringen ikke hadde begrunnet godt nok hvorfor beredskapslovgivningens virkeområde måtte utvides. Vi påpekte at det kun er grunnleggende sikkerhetsinteresser for nasjonen som kan begrunne en utvidelse av beredskapslovgivningens virkeområde. Høye asylankomster kan ikke karakteriseres som en grunnleggende sikkerhetssituasjon. Dette står vi ved den dag i dag. Men Kristelig Folkeparti vil likevel ikke støtte forslaget som ligger til behandling, selv om jeg merker meg at forslaget er noe annerledes formulert enn det som står i representantforslaget. Men konsekvensen blir den samme. Den går ut over retten en regjering har til å fremme de forslag de ønsker.

Stortinget på sin side har selvsagt rett til selv å bestemme hvilke forslag en vil støtte eller ikke. Og i denne saken har ikke regjeringen flertallet på sin side. Så om de vil legge fram et forslag de vet vil bli stemt ned, må de gjerne gjøre det, for gjør de det, vil Kristelig Folkeparti stemme forslaget ned. Så selv om vi er enige i at beredskapslovgivningen ikke bør utvides, stemmer vi ikke for tilrådingen i justiskomiteens innstilling, men for forslaget fra Høyre og Fremskrittspartiet i innstillingen.

Statsråd Tor Mikkel Wara []: Jeg er glad for at en samlet komité ser at det utvalgsarbeidet som nå har startet, er ledd i en helt ordinær lovgivningsprosess, og at det selvsagt tilligger Stortinget å bestemme om det skal vedtas endringer i lovgivningen på dette området.

Et lovvedtak vil kunne bli en realitet først etter at utvalget eventuelt har kommet med en tilråding om endringen. Saken har vært på alminnelig høring, blitt vurdert nærmere av departementet – og munner eventuelt ut i et forslag fra regjeringen. Det er i dag altfor tidlig å si hva et eventuelt lovforslag bør gå ut på, hvis det i det hele tatt kommer. Det er nettopp det utvalget i første omgang skal vurdere.

Jeg er også glad for at Arbeiderpartiet i sine merknader i komitéinnstillingen anerkjenner regjeringens rett til å sette ned offentlige utvalg for å utrede ulike spørsmål. Jeg vil tro at ethvert parti som kan tenke seg å sitte i regjering, ser verdien i at den utøvende makt sørger for faglig gode utredninger, og eventuelt fremmer forslag om lovgivning til oppfølging av disse, mens Stortinget, ut fra sin sammensetning, til enhver tid avgjør om forslagene bør vedtas fullt ut, delvis eller i modifisert form.

Ut fra dette mener jeg at forslaget til vedtak, som fremmes av Arbeiderpartiet, Senterpartiet og Sosialistisk Venstreparti i komiteen, er betenkelig. Forslaget framstår som en «light» variant av representantforslaget. Hvis jeg har forstått det nye forslaget rett, tillates regjeringen å utrede spørsmål, men ikke å fremme forslag i en bestemt retning, i samsvar med utredningen, selv om utvalget på faglig grunnlag mener at det ville være riktig, og selv om forslaget etter en grundig etterfølgende prosess ville ha fått solid støtte. En slik framgangsmåte synes jeg ikke er i samsvar med god lovgivningstradisjon. Også her vil jeg oppfordre til at man holder fast ved etablert arbeidsfordeling mellom storting og regjering.

Regjeringen retter seg – naturlig nok – etter de forslag Stortinget vedtar, men at Stortinget skulle vedta at regjeringen ikke engang kan komme med forslag til Stortinget, har jeg ikke registrert har vært vanlig praksis i vårt parlamentariske system. Jeg har også vanskeligheter med å forstå hva formålet med å etablere en slik praksis eventuelt skulle være, siden Stortinget uansett står fritt til å vurdere alle forslag fra regjeringen på selvstendig grunnlag.

Jeg nøyer meg ellers med å vise til det jeg har svart i mitt brev til justiskomiteen, og som ligger ved komitéinnstillingen.

Presidenten: Det vert replikkordskifte.

Lene Vågslid (A) []: Sidan dette er eit mandat til eit utval og ikkje noko som regjeringa har fremja for Stortinget enno, kunne det vore interessant å høyre kva justisministeren tenkjer om motførestillingar mot å utvide beredskapslovgjevinga, som utvalet er gjeve mandat til å sjå på. No har fleire parti i innlegga sine teke til orde for ulike motførestillingar, og det finst sikkert nokre argument for, men eg kunne som sagt godt tenkje meg å høyre refleksjonane til justisministeren rundt kva for motførestillingar han ser mot dette.

Statsråd Tor Mikkel Wara []: I likhet med mange i Stortinget ser jeg veldig lett at det finnes prinsipielle betenkeligheter med beredskapslovgivning. Det betyr at man før man gjør eventuelle endringer, bør ha tenkt seg grundig om. Nå tar vi utgangspunkt i at vi har en beredskapslovgivning fra 1950, og hvis man skal gjøre noe politisk, er det viktig at det er kunnskapsbasert. Hele utgangspunktet er å få et kunnskapsgrunnlag og en faglig vurdering som skal drøfte både ulike beredskapssituasjoner, som helse- og næringsmiddelberedskap, og de prinsipielle betenkningene som helt opplagt kan ligge her.

Kunnskapen vi skaffer oss, vil ligge til grunn for hva regjeringen eventuelt gjør senere, og selvfølgelig forhåpentligvis for det Stortinget eventuelt gjør senere.

Lene Vågslid (A) []: Eg takkar for svaret. Ei regjering har jo rett til å fremje dei forslaga ho vil. Men me har jo ein parlamentarisk situasjon med ei mindretalsregjering som er avhengig av eit fleirtal i Stortinget for å få gjennomført sin politikk. No høyrde me representanten frå Kristeleg Folkeparti veldig tydeleg seie kva Kristeleg Folkepartis standpunkt er i saka. Det er med andre ord ikkje fleirtal i dagens storting, i denne stortingsperioden, for eventuelt å gjere slike endringar.

Vil det påverke iveren regjeringa har etter å føreslå utvidingar i beredskapslovgjevinga?

Statsråd Tor Mikkel Wara []: Jeg merker meg hva som sies, men jeg vil ikke forskuttere hva regjeringen gjør, rett og slett fordi utvalgets jobb er å skaffe seg kunnskap. Jeg mener oppriktig talt at politikk bør være kunnskapsbasert, og at man bør legge kunnskap til grunn for de vurderinger som gjøres. Så mener jeg det kan være nyttig for regjeringen å dele kunnskapen man har, med Stortinget, så Stortinget kan fatte sine beslutninger kunnskapsbasert.

Lene Vågslid (A) []: Heilt til slutt: Viss ein skal basere seg på kunnskapsbasert politikk, kva for kunnskap legg statsråden og regjeringspartiet til grunn når dei viser til flyktningkrisa i 2015 som ei grunngjeving for å endre beredskapslovgjevinga? Kva var problemet med beredskapslovgjevinga i tilknyting til handteringa av flyktningkrisa som oppstod i 2015?

Statsråd Tor Mikkel Wara []: Jeg vil ikke forskuttere noe som helst av det utvalget skal gjøre. Det er ulike deler som skal vurderes, inkludert helseberedskap og næringsmiddelberedskap. Det er ulike ting vi skal skaffe oss kunnskap om.

Jeg minner igjen om at lovgivningen vi har, er fra 1950, og det kan være nyttig å se litt på hva som har skjedd i verden, og vurdere om det er grunnlag for å endre politikken.

Petter Eide (SV) []: Jeg er opptatt av at Norge skal arbeide i tråd med sine internasjonale forpliktelser. Det vi ser her, er at mandatet til dette utvalget går utover rammen av det EMK artikkel 15 sier når det gjelder mulighet for å lage unntakslover. I EMK artikkel 15 er det veldig tydelige begrensninger: krig, når krig truer grunnleggende sikkerhet. Dette ble understreket, som jeg nevnte i mitt innlegg i stad, av parlamentarikerforsamlingen i Europarådet 24. april. Synes justisministeren det er komfortabelt og i orden at han har et utvalg som jobber utover rammene av det EMK tillater?

Statsråd Tor Mikkel Wara []: Jeg har ikke noe grunnlag for å si at utvalget jobber utover de rammene. Utvalget har fått i oppgave å også drøfte prinsipielle betenkeligheter, og jeg synes det er veldig naturlig å vurdere også internasjonale konvensjoner og forpliktelser og Grunnloven, som de for så vidt skal gjøre før man kommer til en konklusjon. Vi har et utvalg som jobber med å utrede ting, og det må være mulig å ha det utvalget uten at man tillegger regjeringen standpunkter før utvalget har kommet med sin vurdering.

Petter Eide (SV) []: Mitt poeng er at når man har et utvalg som skal jobbe med denne type juridiske instrumenter, er det ganske naturlig i de aller fleste sammenhenger at man jobber innenfor rammen av det internasjonale konvensjoner tilsier er mulig. Hvis man ikke gjør det, kan dette arbeidet kanskje leses som en mulighet til å lete i om Norge ønsker å fravike artikkel 15. Mitt spørsmål er nå: Ser justisministeren en mulighet for at han kan komme tilbake med et forslag til Stortinget der Norge ønsker å derogere, eller avvike, fra artikkel 15 i Den europeiske menneskerettighetskonvensjon?

Statsråd Tor Mikkel Wara []: Jeg har selvfølgelig ikke tenkt å antyde eller mene noe om hva regjeringen eventuelt skulle komme tilbake til. Dette er et utvalg som skaffer fram kunnskap – om fakta i verden, om trusler som er der ute, og om de juridiske forpliktelsene Norge har. Det er også en del av vurderingen. Jeg mener at det er viktig å legge kunnskap til grunn, og jeg synes ikke man skal forskuttere noe før vi har fått den kunnskapen på bordet.

Presidenten: Replikkordskiftet er omme.

Dei talarane som heretter får ordet, har ei taletid på inntil 3 minutt.

Frida Melvær (H) []: Vi skal ikkje dra denne debatten så veldig mykje lenger. Eg har lyst til å takke for ein grei debatt. Eg har òg lyst til å rette ein stor takk til Kristeleg Folkeparti, som ser det same som regjeringspartia Høgre, Framstegspartiet og Venstre har sett, at denne saka handlar om regjeringa sin rett til å setje ned utval.

Avslutningsvis må eg berre seie at eg er litt forundra over partia og representantane her i salen som kjenner til kva utvalet faktisk har gjort av vurderingar og konklusjonar. Det verkar som om dei allereie har gjort seg ei oppfatning av det. Eg kjenner ikkje til kva konklusjonar eller vurderingar utvalet har, dei er ikkje kjende for nokon enno.

Eg vil òg understreke på det sterkaste at det er nokre verdiar som dette landet står heilt samla om. Menneskerettane er blant desse verdiane, og det skal aldri vere tvil om at regjeringspartia hegnar om grunnleggjande menneskerettar. Eg synest difor det er trist å registrere at det har vore spekulert i kva intensjonar regjeringa har kring dette i denne saka.

Saka vil gå gjennom dei ordinære demokratiske prosessane. Kjem ho til Stortinget, får vi ta dei vurderingane og den debatten då. Fram til dess trur eg vi skal vere forsiktige med å konkludere om kva utvalet faktisk kjem med av vurderingar.

Presidenten: Fleire har ikkje bedt om ordet til sak nr. 16.