Stortinget - Møte tirsdag den 27. februar 2018

Dato: 27.02.2018

Dokumenter: (Innst. 123 S (2017–2018), jf. Dokument 8:32 S (2017–2018))

Søk

Innhold

Sak nr. 13 [17:44:23]

Innstilling fra helse- og omsorgskomiteen om Representantforslag fra stortingsrepresentantene Karin Andersen, Freddy André Øvstegård og Nicholas Wilkinson om å sikre åpenhet i helse- og omsorgsinstitusjoner som utfører tjenester i kommunal regi (Innst. 123 S (2017–2018), jf. Dokument 8:32 S (2017–2018))

Talere

Presidenten: Etter ønske frå helse- og omsorgskomiteen vil presidenten føreslå at taletida vert avgrensa til 5 minutt til kvar partigruppe og 5 minutt til medlemer av regjeringa.

Vidare vil presidenten føreslå at det – innanfor den fordelte taletida – vert gjeve høve til inntil fem replikkar med svar etter innlegg frå medlemer av regjeringa, og at dei som måtte teikna seg på talarlista utover den fordelte taletida, får ei taletid på inntil 3 minutt.

– Det er vedteke.

Kjersti Toppe (Sp) [] (ordførar for saka): I denne saka har helse- og omsorgskomiteen tatt stilling til eit representantforslag frå SV om å sikra openheit i helse- og omsorgsinstitusjonar som utfører tenester i kommunal regi. Komiteen har brukt ein del tid på behandlinga og har bl.a. bedt regjeringa svara på fleire spørsmål som komiteen hadde i samband med saka. Komiteen har også fått skriftlege innspel til saka.

Forslagsstillarane viser i forslaget sitt til at private institusjonar i dag ikkje er underlagde same krav om å følgja forvaltingslova, offentleglova og arkivlova som offentlege institusjonar. Forslagsstillarane skriv:

«Private institusjoner kan også unnlate å delta i kommunale eller statlige satsinger og felles brukerundersøkelser.»

Ein samla komité framhevar i innstillinga at norsk helsevesen har stor tillit i befolkninga. Denne tilliten er det viktig å ta vare på. For å sikra dette må ein ha mest mogleg openheit om både det offentlege tenestetilbodet og private tenester som vert drivne i offentleg regi. Det er komiteen samrøystes om. Brukarar av private tilbod som er finansierte av det offentlege, må ha same rettar som dei som nyttar tilbod som er drivne i offentleg regi. Det er svært gledeleg at ein samla komité står bak forslag til vedtak I i innstillinga. Forslaget lyder:

«Stortinget ber regjeringen sørge for at kommunene forpliktes til, gjennom eksisterende rapporteringsrutiner og avtaler, å sikre innsyn i og åpenhet rundt helse- og omsorgstjenester som blir utført i kommunal regi eller på oppdrag fra kommunen, og fremme eventuelle lovforslag som er nødvendige for å oppnå dette.»

Eit fleirtal i komiteen som består av Arbeidarpartiet, Senterpartiet, SV og Kristeleg Folkeparti, står bak vedtak II i innstillinga, om å be regjeringa vurdera korleis ein kan sikra at aktørar som mottar offentlege tilskot til drift av helse- og omsorgstenester, har løns-, arbeids- og pensjonsvilkår på linje med det som gjeld i offentlege verksemder.

Det same fleirtalet peikar i merknader på at ein ikkje ønskjer ei utvikling der store kommersielle konsern skal tene store pengar på å driva omsorg for dei sjukaste og svakaste. Det må vera sikkerheit for at fellesskapets midlar går til tenester med tydelege krav til kvalitet, kompetanse og bemanning.

Dette fleirtalet er òg bekymra over at ideelle aktørar vert pressa ut av store kommersielle selskap, og at ideelle tilbod som supplement til det offentlege er trua.

Arbeidarpartiet, SV og Senterpartiet står bak merknader der ein seier at ein må styrkja kommunens moglegheit for innsyn i private verksemder. Desse partia viser til at kommunens kontroll med og innsynsrett i verksemder som utfører oppgåver for kommunen, i dag ikkje er like god som når kommunen driftar tenestene sjølv.

Dette vert bekrefta i statsrådens svar til komiteen, datert 13. desember 2017. Statsråden viser i svarbrevet til at kommunelova § 80 første ledd gir kontrollutvalet og revisor rett til alle opplysningar som er nødvendige for å gjennomføra kontroll i interkommunale selskap, interkommunale styre etter § 27 og i aksjeselskap som er kommunalt heileigde. Men når kommunen legg ansvaret for oppgåveløysing til andre enn slike kommunalt heileigde selskap, gir kommunelova i dag ingen rett til slikt innsyn. Innsynsretten til kommunen må difor verta fastsett i avtalen med selskapet. Kommunen har vidt høve til å avtala innsynsrett i dei forholda der det vert sett på som nødvendig.

Men vi meiner at lova i dag ikkje gir kommunen tilstrekkeleg innsynsrett, og at systemet er sårbart når ein føreset at kommunane når dei inngår kontrakt, skal sørgja for dette.

Statsråden viser også til at kommunelovutvalet i NOU 2016:4 føreslår ein utvida lovbestemt innsynsrett for kommunane i verksemder som utfører oppgåver for kommunen.

I innstillinga står Senterpartiet og SV bak to forslag om dette:

«Stortinget ber regjeringen foreslå en lovendring som sikrer kommunene innsynsrett i alle opplysninger som er nødvendige for å kontrollere at en privat leverandør av tjenester til kommunen oppfyller kontrakten i henhold til norske lover.»

Og:

«Stortinget ber regjeringen foreslå en lovendring som sikrer at kommunenes informasjonsplikt også skal omfatte virksomhet som foregår i andre rettssubjekter enn kommunene, når slike rettssubjekter utfører oppgaver for kommunene.»

Men i dag er det grunn til å vera glad for at vi har fått dette samrøystes vedtaket, der ein presiserer at kommunane må sikra innsyn i og openheit rundt helse- og omsorgstenester som vert utførte i kommunal regi eller på oppdrag frå kommunen, og at regjeringa skal vurdera eventuelle lovforslag som er nødvendige.

Med det vil eg ta opp forslaga frå Senterpartiet og SV.

Presidenten: Representanten har teke opp dei forslaga ho refererte.

Torill Eidsheim (H) []: Først vil eg få lov til å takke saksordføraren for både grundig og ryddig arbeid med denne saka i komiteen.

Forslagsstillarane viser til at det å gje trygg og god velferd til dei som har behov for det, er samfunnet sitt ansvar. Vidare viser dei til at det dei siste åra har vore fleire gjennomgangar og avsløringar av avvik i dei kommunale helse- og omsorgstenestene for eldre. Slik skal det ikkje vere.

Kvar og ein av oss skal få gode tenester, og tenestene skal formast ut etter ei individuell vurdering av behovet til den enkelte. Difor stiller vi oss bak intensjonen til forslagsstillarane om å sikre innsyn og openheit.

Samtidig vil det ikkje vere utelukkande positivt å krevje fullt innsyn for allmenta i drifts- og forretningsforhold, slik forslagsstillarane her ber om. Forslaget er i tillegg, dessverre, prega av påstandar og manglande pålitelegheit når det gjeld fakta. Dette bidreg ikkje til å oppnå målet – dersom intensjonen er å sikre trygg og god velferd. Snarare ser vi det som viktig at eit godt tillitsforhold mellom kommunen og dei private aktørane blir halde ved lag, og her er teieplikta faktisk nødvendig for å styrkje dette tillitsforholdet.

Sjølv om kommunen vel å inngå avtale med private tenesteytarar, vil det likevel vere kommunen som har det overordna ansvaret for å sørgje for eit nødvendig og forsvarleg tenestetilbod. For den enkelte pasienten og brukaren skal det difor i prinsippet ikkje ha nokon rettsleg betyding om vedkomande bur på ein kommunal sjukeheim eller på ein privat sjukeheim som blir driven etter avtale med kommunen. Det er uansett kommunen som står ansvarleg overfor bebuaren, og som har ansvaret for at den enkelte får forsvarlege og nødvendige helse- og omsorgstenester. Det krev at kommunane faktisk sikrar seg god kompetanse på korleis dei ser til at private tenesteytarar dei inngår avtale med, er i stand til å oppfylle krava i loven til nødvendige og forsvarlege tenester.

For Høgre er det ingen tvil om at private, både dei ideelle og dei kommersielle selskapa, er viktige bidragsytarar til velferdstenestene i Noreg, og at dei vil vere endå viktigare i tida framover. Mangfald og valfridom i tenestetilbodet er faktisk ein verdi i seg sjølv, som gjev menneske større grad av sjølvstyre over sitt eige liv. Difor er det veldig viktig at kommunane framleis blir sikra moglegheit til å yte eit differensiert og tilpassa tenestetilbod til alle innbyggjarane, og samtidig sikre eit tilbod der kvaliteten er førande.

Nicholas Wilkinson (SV) []: Vi har ansvar for å sikre at alle skal kunne ha det godt når de blir gamle, og da må vi sikre en god eldreomsorg.

Kunnskap og åpenhet gjør det mulig å sikre og forbedre kvaliteten. Uten å vite om kunnskapen hos de ansatte er god nok, er det vanskelig å vite hvilke kompetansekrav som må stilles. Om vi ikke vet hvor mange som er på jobb, er det vanskelig å vite hvilke bemanningskrav som må stilles. Og viktigst av alt: Uten kunnskap om sykehjemmene blir det vanskelig å avdekke grov svikt før det er for sent.

Svikt kan skje, og skjer, i både offentlige, ideelle og kommersielle sykehjem. Felles for alle er at åpenhet og ærlighet er det som kan bringe oss videre, så vi kan stoppe feil og lære av feil når det skjer. Men her er det hull i loven. Som statsråden skriver i sitt svarbrev: Når kommunene legger ansvaret til andre, gir dagens kommunelov ingen rett til innsyn.

Åge Villi Kristiansen var renovasjonsarbeider og ble skadd i en ulykke. På sine eldre dager bodde han på et kommersielt sykehjem i Moss. Han fortjente den samme trygge eldreomsorgen som alle andre. Men i avviksmeldingen, som aldri kom fram til kommunen, sto det at det vrimlet av levende larver under bandasjen.

Journalister og lokale folkevalgte fra SV som ønsker å kontrollere og sikre kvaliteten i sykehjemmene i Norge, blir ofte møtt med at informasjonen er bedriftshemmeligheter. Bedriftshemmeligheter! Våre felles velferdstjenester – dine og mine besteforeldres omsorg – har blitt bedriftshemmeligheter. Slik skal det ikke være lenger. Jeg er stolt over at et enstemmig storting støtter SVs forslag om at vi nå skal ha åpenhet rundt tjenester fra helse- og omsorgsinstitusjoner som utføres for kommunen, også om de kommersielle gjør det.

Vedtaket om åpenhet gir større muligheter for å stoppe grusomme feil som Åge Villi ble utsatt for. Det gir kunnskap, så vi kan heve kvaliteten, det gir kontroll med pengebruk, så det ikke lures vekk i skatteparadiser, og det sikrer reell valgfrihet, der eldre og pårørende kan gjøre opplyste valg basert på virkelig kunnskap og informasjon om hvordan det står til i sykehjemmene.

Vi gjør også et annet viktig vedtak i dag, for stadig mer kunnskap viser at en del kommersielle velferdsprofitører ikke driver mer effektivt. I stedet har de tjent penger ved å kutte lønn og pensjon for sine ansatte. Dette har også kuttet mangfoldet i eldreomsorgen, fordi ideelle, som oftere driver med trygge arbeidsrettigheter, skvises ut av de kommersielle, som ofte driver rovdrift på de ansatte.

Flertallet, de rød-grønne og Kristelig Folkeparti, vedtar at det må vurderes hvordan ansatte i helse- og omsorgstjenestene skal sikres lønns-, arbeids- og pensjonsvilkår som er minst like gode som i det offentlige. Det vil gi kunnskap om hvordan vi kan kutte urettferdig konkurranse som truer de ansatte.

Det er godt å være stortingsrepresentant og kunne si til velgerne at SV nå gjennomfører det vi lovet i valgkampen. Stortinget tar grep, etter forslag fra SV, for å sikre åpenhet om våre felles velferdstjenester, så vi bedre kan sikre at alle eldre skal kunne ha det godt når de blir gamle, og vi tar grep for å sikre rettighetene til de dyktige helsefagarbeiderne og sykepleierne som tar vare på våre eldre. Dette er en god dag for våre besteforeldre.

Presidenten: Fleire har ikkje bedt om ordet til sak nr. 13.