Stortinget - Møte tirsdag den 10. mai 2016 kl. 10

Dato: 10.05.2016

Dokumenter: (Innst. 222 S (2015–2016), jf. Prop. 46 S (2015–2016))

Sak nr. 10 [15:43:35]

Innstilling fra næringskomiteen om Samtykke til ratifikasjon av protokoll av 18. september 2015 om endring av frihandelsavtalen mellom EFTA-statene og Albania

Talere

Votering i sak nr. 10

Ove Bernt Trellevik (H) [15:44:04]: (ordførar for saka): Sjølv om internasjonal handel har auka, er det likevel betydelege forskjellar i velferda mellom moderne økonomiar og framveksande økonomiar som ikkje er fullt så moderne og modne. Det er også store forskjellar i dei enkelte landa. Det er ei kjensgjerning at små land er meir avhengige av handel over landegrensene enn store land. Vårt eige land er eit godt døme på nettopp det. Eksport av bl.a. fisk, olje og gass har vore og er grunnlaget for velferda vår.

Det er såleis ein samla komité som støttar prioriteringane til regjeringa med frihandelsavtalar. I tillegg til at frihandelsavtalar skal fremja økonomiske interesser for Noreg, kjem ønske om at frihandelsavtalar skal fremja omsyn som menneskerettar, godt styresett, samfunnsansvaret til næringslivet, antikorrupsjon og berekraftig utvikling i all internasjonal handel, og ikkje minst at handelen generelt skal vareta andre utanriks- og utviklingspolitiske interesser.

Eg opplever at det er god og brei einigheit om desse overordna prinsippa. Det vart også slått fast i arbeidet i Stortinget med Meld. St. 29 for 2014–2015 om globalisering og handel. Komiteen støttar såleis initiativet frå regjeringa og EFTA til at fleire frihandelsavtalar må innehalda tilvisingar til menneskerettar, arbeidstakarrettar, miljø, antikorrupsjon og samfunnsansvaret til næringslivet. Det er ein samla komité som ser positivt på at det er vedteke at slike prinsipp skal ein forsøkja å forhandla inn i avtalar der slike tilvisingar ikkje allereie inngår i frihandelsavtalen.

Så er det slik at dei aller fleste landa er tente med både opne og frie marknader, og at eit land styrkjer sine nasjonale konkurranseevner basert på open og fri konkurranse, snarare enn proteksjonisme og kunstig understøtting av eige næringsliv, for å få til eit sal. Dette er vel dokumentert og eit berande prinsipp i WTO.

Ei spørjeundersøking frå Pew Research Center i 2014 viser stor grad av støtte til slik openheit og frihandel. Utviklingsland var mest positive til globale og opne marknader, og det er alminneleg akseptert at handel bidrar til auka økonomisk vekst og utvikling. Handel er viktig for å skapa arbeidsplassar og velstandsvekst og ikkje minst for å redusera fattigdom. Dette er godt dokumentert. Motsett vil ein auke i handelshindringar senka økonomisk vekst og sysselsetjing.

Det er dette godet som gjer at Høgre og Framstegspartiet ikkje er med på ein fleirtalsmerknad i saka. Me er godt fornøgde med måten regjeringa følgjer opp frihandelsavtalar på, og me er òg godt fornøgde med korleis den førre regjeringa følgde opp slike avtalar. I ein tilsvarande merknad i innstillinga til Meld. St. 29 for 2014–2015 om globalisering og handel, som me nyleg har behandla her i Stortinget, var det berre SV og Senterpartiet som stod bak ein slik tilsvarande merknad. Eg antek at det ikkje ligg noka endring i politikken med dette, trass denne merknaden, for det har lenge vore ei oppfatning at Noreg kan spela ei rolle internasjonalt saman med andre likesinna land for å hjelpa fram med initiativ og kompromiss på det handelspolitiske området, med den føresetnaden at dei grunnleggjande reglane i WTO vert følgde.

Ei sentral problemstilling er om retten til å innføra nasjonale reguleringar og hindringar vert avgrensa av internasjonale handelsforpliktingar. Det som er sikkert, er at når ein stat inngår frihandelsavtale med EFTA, gjev han ikkje frå seg retten til å sikra andre viktige interesser som forbrukarrettar, tilsynsbehov, folkehelse og miljø- og sikkerheitskrav. Dette er og vil framleis vera ei sak for det enkelte landet. WTO anerkjenner òg at medlemer har behov for å regulera viktige nasjonale omsyn. Dette er reflektert i avtaleverket til WTO og i alle bilaterale frihandelsavtalar som byggjer på WTO. Dette er inkludert i EFTA-avtalane våre.

Sjølv om eg oppfattar fleirtalsmerknaden til å vera i motstrid med kva fleirtalet meinte i samband med behandlinga av Meld. St. 29 for 2014–2015 om globalisering og handel, antek eg at meininga kanskje ikkje er at me skal oppfatta merknaden slik. Men som nemnt er det ein god grunn til at Høgre og Framstegspartiet ikkje er med i den merknaden.

Presidenten: Flere har ikke bedt om ordet til sak nr. 10.

Votering i sak nr. 10

Komiteen hadde innstilt:

Stortinget samtykker i ratifikasjon av protokoll av 18. september 2015 om endring av frihandelsavtalen mellom EFTA-statene og Albania.

Votering:Komiteens innstilling ble enstemmig bifalt.