Stortinget - Møte tirsdag den 14. oktober 2014 kl. 10
President: Olemic Thommessen
Sak nr. 2 [11:02:10]
Interpellasjon fra representanten Per Olaf Lundteigen til arbeids- og sosialministeren:
«Med avtalen om Det europeiske økonomiske samarbeidsområdet vart det fri rørsle av arbeidstakarar mellom Noreg og land som er tilslutta Den europeiske unionen (EU). EØS-avtalen fråtek Noreg mange styringsmiddel. Med storutvidinga av EU austover i 2004 opna det seg ein heilt ny og stor arbeidsmarknad for borgarar i desse landa. Ifølgje Statistisk sentralbyrå har det frå 2004 nettoinnvandra om lag 143 000 statsborgarar frå dei nye unionslanda. Mange fleire har arbeidd her. Løns- og kostnadsnivå er mykje lågare i Aust-Europa enn i Noreg. Arbeidsvilkåra er jamt over òg dårlegare. Stort tilbod av utanlandsk arbeidskraft som krev ei lågare løn enn norske arbeidstakarar, medfører eit negativt press på løns- og arbeidsvilkår i fleire yrker i Noreg med påfølgjande redusert attraktivitet. Arbeidskraft med nedsett arbeidsevne og svakare tilslutnad blir pressa ut. Sysselsettingsandelen i Noreg fell.
Kva mottiltak har statsråden?»