Stortinget - Møte tirsdag den 18. desember 2012 kl. 10
President: Dag Terje Andersen
Sak nr. 6 [14:28:03]
Interpellasjon fra representanten Bjørn Lødemel til miljøvernministeren:
«Stortinget vedtok samrøystes nytt rovviltforlik i juni 2011 der ei av hovudmålsetjingane var å dempe konfliktnivået mellom beitedyr og rovvilt. Rovviltforliket slår fast at det ikkje skal vere rovvilt som representerer skadepotensial i prioriterte beiteområde for husdyr og kalvingsområde for tamrein. Det slår også fast at ein skal sikre situasjonen for sørsamisk tamreindrift. I Nord-Trøndelag er det i 2012 registrert åtte ynglingar av jerv, det skal vere fire. Det er registrert elleve ynglingar av gaupe, det skal vere seks. Bestanden av kongeørn er ute av kontroll, og han er kanskje dobbelt så stor som han skal vere. I tillegg skal bestanden av bjørn doblast i høve til det som er i dag. Nye tal syner ein dramatisk auke i tap av rein på beite. Heile den sørsamiske tamreindrifta er i fare.
Kva konkrete tiltak vil statsråden setje i verk for å redusere rovviltbestanden i Nord-Trøndelag og sikre den sørsamiske tamreindrifta?»