Harald T. Nesvik (Frp): Jeg vil få lov til å stille
følgende spørsmål til sosialministeren:
«Ifølge Dagbladet 13. januar
2000 er prisen på 3 liter vin i papp, såkalt bag
in box, kunstig høy på grunn av en foreldet forskrift.
Dette fører i dag til at private importører tar
inn ca. 40 mill. kroner mer enn denne varen, ved normal prising,
ville oppnå.
Vil statsråden sørge for
at den aktuelle forskriften blir fjernet?»
Statsråd Magnhild Meltveit Kleppa: Etter gjeldande føresegner for innkjøpsverksemda
i A/S Vinmonopolet skal prisane fastsetjast slik at utsalsprisen
er den same uavhengig av om eit produkt blir selt i vanleg flaskestorleik
eller annan flaskestorleik eller emballasje. Det er med andre ord
alkoholpolitiske omsyn som ligg bak føresegnene. Det gjer
at forbrukarane ikkje får nokon prisfordel – dvs.
rabatt – når alkohol kan seljast billegare i større
volum og annan emballasje, som t.d. i bag-in-box, som representanten
Nesvik spør om.
Vinmonopolet har i brev til departementet av
4. januar i år gjort greie for sitt ynske om at føresegna
blir oppheva, og grunngjev dette med endra forhold frå den
gongen føresegna vart gjeven. Det blir peika på at
overføringa av ekstrafortenesta på pappvin frå Vinmonopolet
til grossistane har ført til ei kunstig marknadsvriding
til fordel for grossistar som leverer pappvin. Vidare meiner Vinmonopolet
at den forventa prisnedgangen ikkje vil vera så stor at
det vil skapa noko alkoholpolitisk problem i form av større
forbruk, at ein prisnedgang på svakvin vil medverka til
at grensehandel og illegal omsetning får skjerpa konkurranse
frå legal omsetning, og at komsumet blir vridd frå sterkare
til svakare drikkar.
Denne saka vil eg sjå nærare
på. Eg tek sikte på å gjera greie for
ei mogleg endring i samband med revidert nasjonalbudsjett.
Harald T. Nesvik (Frp): Jeg takker statsråden for svaret,
og håper da at statsråden i forbindelse med revidert
nasjonalbudsjett vil legge fram en sak for Stortinget der man opphever
denne forskriften en gang for alle.
Når vi ser på alkoholprisene
og avgiftsnivået i Norge, kan man jo sette spørsmålstegn
ved hvem man egentlig prøver å hjelpe. Er det
smuglerne og de kriminelle i dette landet, eller er det egentlig
de alkoholpolitiske synspunktene man prøver å hevde
for å holde forbruket nede?
Det som skal bli interessant å se,
er hva som kommer fra statsråden når det gjelder
denne forskriften. Forskriften ble vel i sin tid opprettet for bl.a. å beskytte
tapperiet til Vinmonopolet mot konkurransen fra såkalte
billigviner fra utlandet. Det argumentet er helt klart borte i og med
den endringen som har skjedd med Vinmonopolet og Arcus. Jeg håper
statsråden tar dette med seg i vurderingen.
Statsråd Magnhild Meltveit Kleppa: Som det går fram av mitt fyrste svar,
er føresetnadene for føresegna endra. På det
punktet deler eg representanten Nesvik sitt syn. Det er òg
det som gjer at eg vil sjå nærare på dette.
Når det elles gjeld alkoholpolitiske
omsyn i dei forslaga vi handterer, kan det nok vera at våre
vegar skilst – som dei av og til òg har gjort
før. Eg vil understreka at eg er oppteken av ein alkoholpolitikk
som tek omsyn ikkje berre til tilgjenge, ikkje berre til nokre kroner
frå eller til på pris, men som òg tek
omsyn til den samanhengen som er mellom tilgjenge, forbruk og skadar.
Harald T. Nesvik (Frp): Jeg må få si til statsråden, på bakgrunn
av det svaret som ble gitt her, at det da er interessant det man
kan lese i budsjettet, at regjeringspartiene går inn for
en kraftig reduksjon i avgiftene når det gjelder hetvin
og sterkvin, mens man på grunn av de 12 kronene som det
her faktisk er snakk om for bag-in-box-vinsortene, vil bruke alkoholpolitiske
argumenter for nok en gang å se på denne saken.
Og kanskje er det det som er grunnen
til at man faktisk ønsker å opprettholde denne forskriften.
Jeg håper likevel at det blir som sosialministeren sier,
at man vil vurdere denne forskriften, og jeg håper den
vil bli fjernet. Men jeg må si at når det gjelder de
alkoholpolitiske argumenter, er det ikke helt sammenheng her, når
man ser på prisreduksjonen for sterkvin og hetvin, samtidig
som man faktisk vil opprettholde det høyeste prisnivået
for vinprodukt som har lavere alkoholstyrke.
Statsråd Magnhild Meltveit Kleppa: Lat meg klara opp i to forhold. For det fyrste:
Dei endringane som skjedde i avgiftene frå Regjeringa si
side, var eit forsøk på å få til
eit meir ryddig og rettferdig avgiftssystem. Det svaret som eg gav
representanten Nesvik i dag, er vel nettopp eit eksempel på at
Regjeringa, i ei tid med endra føresetnader, er villig
til å sjå på situasjonen på nytt.
Og det er det eg har sagt her. Eg har
faktisk ikkje stått og forsvart eksisterande system ut
frå ei alkoholpolitisk grunngjeving på dette feltet.
Det var det som var grunnen før, men det er no endra, og
eg går difor inn og ser på denne saka på nytt.
Men det eg ynskjer å understreka, og som eg synest er viktig å understreka,
er at det er eit aukande engasjement, ikkje minst ute i dei ulike
lokalsamfunna, og ei stor uro når det gjeld dei unge. Alkoholforbruket aukar,
og skadane aukar i dette landet. Det må vi òg
ta på alvor.