Harald T. Nesvik (Frp): Jeg vil få lov til å stille
sosialministeren følgende spørsmål:
«Ifølge en pressemelding
fra Sosial- og helsedepartementet avviser Regjeringen ESAs alkoholkrav
om at blant annet «rusbrus» og øl med
samme alkoholprosent må behandles likt. Dette innebærer
at «rusbrus» må kunne selges i butikk
som øl. Statsråden skriver at «ved sida av øl,
finst det produkt på marknaden som i stor grad appellerer
til ungdom på grunn av smaken og marknadsføringa».
Hva er det statsråden legger til grunn
for denne påstanden?»
Statsråd Magnhild Meltveit Kleppa: Det er rett, slik representanten Nesvik seier,
at Regjeringa har svart EFTA sitt overvakingsorgan, ESA, at vi frå norsk
side held fast på synet om at alkoholpolitiske omsyn skal
styra alkoholpolitikken, og at dei norske reglane ikkje er i strid
med EØS-avtalen.
Bakgrunnen for saka er at ESA i oktober i fjor
sende ei grunngjeven fråsegn til den norske regjeringa.
I fråsegna hevda ESA at dei norske reglane som opna for
ulik behandling av alkoholhaldige drikkar med likt alkoholinnhald,
er i strid med reglane i EØS-avtalen om fri flyt av varer. ESA meiner
t.d. at rusbrus og øl med same alkoholprosent må behandlast
likt. Det vil m.a. seia at rusbrus må kunna seljast i butikk
som øl, og ikkje berre på Vinmonopolet, slik ordninga
er i dag.
Ved sida av øl finst det ei rekkje
produkt med same alkoholinnhald på marknaden som på grunn
av smak og marknadsføring i stor grad appellerer til ungdom.
Eg tenkjer her i særleg grad på den samansette
gruppa med drikkar som gjerne blir omtalt som rusbrus eller alcopops.
Rusbrus kan vera basert på brennevin,
vin eller øl. Desse drikkane er som oftast søta
opp med sukkertilsetjingar og smakar til vanleg svært likt
brus. Denne smaken er i høg grad eigna til å skjula
alkoholstyrken i drikken. Vidare rettar marknadsføringa
av rusbrus seg i hovudsak mot ungdom. Drikkane får namn,
flaskene form og etikettane grafiske uttrykk som i særleg
grad tiltrekkjer seg unge menneske. Forsking frå Statens
institutt for alkohol- og narkotikaforskning, SIFA, viser vidare
at forbruket av desse drikkane kjem i tillegg til forbruk av andre
alkoholhaldige drikkar, f.eks. øl.
I Dokument nr. 8:85 for 1997-98 føreslo
representanten Fridtjof Frank Gundersen at norsk lovgjeving skulle
tilpassast for å likebehandla vin og øl med same
alkoholstyrke når det gjeld omsetning. Dette forslaget
vart avvist av stortingsfleirtalet i vedtak den 2. juni 1998, som
viste til at det ligg føre nok alkoholpolitiske grunngjevingar
til å halda ved lag forskjellsbehandlinga innanfor EØS-avtalen.
Eg er uroleg for at ei omlegging av regelverket
i samsvar med haldninga til ESA vil føra til større
totalforbruk blant unge menneske, gjera debutalderen for alkohol
lågare og opna vegen for at alkoholhaldige drikkar når
fram til nye og yngre brukargrupper. Det er ei utvikling Regjeringa
ikkje ynskjer. Med alt det engasjementet som er lokalt i kommunane
for å styrkja det førebyggjande arbeidet, engasjement
frå foreldre, skule, organisasjonar og folkevalde, er det
mi oppfatning at ei slik utvikling ynskjer heller ikkje små og
store lokalsamfunn i landet vårt.
Harald T. Nesvik (Frp): Nå må jeg nok innrømme
at jeg ikke har smakt på disse rusbrusene, og det var interessant å høre
hvordan statsråden karakteriserte smaken på dem.
Men det som jeg vil spørre statsråden om i denne
sammenheng, gjelder det at man viser til markedsføringsøyemed
her, at man er redd for at markedsføringen av disse produktene
fører til en lavere debutalder. Tror egentlig statsråden
at folk begynner å drikke tidligere fordi det er en interessant
utforming på flasken som eventuelt står i butikken?
Det er det ene.
Det andre gjelder de lover og regler som vi
har for salg av alkoholholdige drikkevarer i Norge. Der er det helt
klare regler som går på alder og også på de
forskjellige utsalgsstedene. Tror statsråden at man ved å opprettholde
dette forslaget som man har, utsetter debutalderen for alkohol?
Statsråd Magnhild Meltveit Kleppa: I denne saka held eg meg til undersøkingar
og rapportar som viser at det er samanheng mellom utforming, smak
og marknadsføring overfor ungdom og at ungdom faktisk prøver
ut desse ulike nye produkta. Det er ikkje for ingenting at undersøkingar
viser at det er ungdom som i størst grad nyttar rusbrus.
Det er òg slik at blant den yngste gruppa, frå 15
til 19 år, er det vanlegare å drikka rusbrus heime og
hjå vener. Forsking frå SIFA viser at rusbrus
i stor grad blir selt på diskotek, kafear, restaurantar
og andre plassar der ungdom til vanleg møtest, men altså fyrst
og fremst blir tilbydd heime for dei yngste. Då synest
eg Vinmonopolet handterer aldersgrensene greitt slik som situasjonen
er i dag.
Harald T. Nesvik (Frp): Statsråden sier i sitt svar at hun
viser til undersøkelser som viser dette. Da vil jeg gjerne
vite: Hvilke undersøkelser er det statsråden viser til,
som kan fortelle oss at man får en lavere debutalder når
det gjelder rusbrus og alkohol? Undersøkelser som jeg har
sett, viser nemlig at veldig få debuterer ved bruk av rusbrus.
Jeg vil bare vite om statsråden kan fortelle meg det, slik
at jeg også får lese de samme undersøkelsene
som sosialministeren, som viser en tidligere debutalder, og som
viser hva man drikker ute på restauranter. De fleste alkoholholdige
drikkevarene nytes når vi er ute på restauranter,
for det er som regel der man har bevillingene, eller man drikker
i sitt eget private hjem. Så spørsmålet
mitt til statsråden er: Kan du fortelle meg hvilke undersøkelser
du viser til, som påpeker at man vil få en lavere
debutalder på grunn av rusbrus?
Presidenten: Presidenten vil seie at talen skal
gå via presidenten.
Statsråd Magnhild Meltveit Kleppa: Eg held meg til undersøkingar som
bl.a. er publiserte via Statens institutt for alkohol- og narkotikaforsking,
og som fokuserer på kven det er som prøver ut
rusbrus. Når det gjeld debutalderen, deler eg representanten
Nesvik si vurdering, at det er fleire faktorar som spelar inn på den.
Blant anna er det påvist no i seinare tid, av f.eks. forskar
Willy Pedersen, at foreldre som tilbyr sine eigne barn alkohol heime,
gjer dei ei bjørneteneste. Der er det stor fare for lågare
debutalder, høgare konsum tidleg og utprøving
av andre stoff i neste fase. Poenget er ei lovgjeving som tek omsyn
til ungdom.