Stortinget - Møte onsdag den 5. november 1997

Dato: 05.11.1997

Tilbake til spørretimen

Spørsmål 32

Oddbjørg Ausdal Starrfelt (A): Eg tillet meg å stilla fylgjande spørsmål til sosialministeren:

Mange pensjonistar som har tent opp tilleggspensjonar gjennom mange år i arbeidslivet, er no usikre på kva konsekvensar ein auke i minstepensjonen på kr 1.000 pr månad vil få for dei.

Korleis ser statsråden på dette, og kva tiltak vil ho setja i verk for å hindra ei urettvis handsaming av pensjonistar med små tilleggspensjonar?

Statsråd Magnhild Meltveit Kleppa: Minstepensjonistar i folketrygda i dag omfattar både pensjonistar utan tilleggspensjon og pensjonistar med tilleggspensjon som er lågare enn særtillegget.

Pensjonar frå folketrygda er som kjent sett saman av grunnpensjon, tilleggspensjon og/eller særtillegg. Summen utgjer minsteforsikringa i folketrygda, det vil seia minstepensjonen.

Ein auke i minstepensjonane på 1.000 kr i månaden, som Regjeringa håpar å få fleirtal for, vil såleis også koma pensjonistar med låge tilleggspensjonar til gode. Auken vil variera i storleik ut frå kor mykje som manglar for å sikra ein samla pensjon på det nye nivået for minstepensjonen. I hovudsak vil ein slik auke gjelda tidlegare deltidsarbeidande kvinner og/eller kvinner med ein kort yrkesaktiv periode etter 1967, då folketrygda blei innført.

Ein auke av minstepensjonen vil elles ikkje få konsekvensar for andre pensjonistar med tilleggspensjon. Dei vil på vanleg måte få pensjonane regulerte i samsvar med auken i grunnbeløpet.

Representanten Ausdal Starrfelt spør kva tiltak vi vil setja i verk for å hindra ei urettferdig behandling av pensjonistar med låge tilleggspensjonar. Sidan alle med tilleggspensjonar under minstepensjonsnivå også vil få auka pensjonen, kan eg ikkje direkte sjå noka urettferdig behandling her.

Det er vanskeleg å skjøna innvendingar til ei forbetring som særleg gjeld for kvinner med inga eller låg opptening i folketrygda. Desse kvinnene har utført storparten av arbeidsinnsatsen sin i heimen etter at folketrygda vart innførd i 1967. Dei har heller ikkje fått nytte av nyordninga med poeng for omsorgsarbeid frå 1992, slik framtidas pensjonistar får.

Eg er kjend med at mange pensjonistar blir vonbrotne når dei trass i å ha utvist ein viss yrkesaktivitet blir minstepensjonistar. Dette vil eg ikkje kalla urettferdig, men eit utslag av den sosiale fordelinga i folketrygda sitt pensjonssystem, dvs. fordeling frå menn til kvinner og frå yrkesaktive til ikkje yrkesaktive.

Auka minstepensjon er ein del av Regjeringa sitt mål om å betra forholda for grupper som er økonomisk svakt stilte.

Sjølv om minstepensjonane har auka prosentvis nokså bra dei siste åra, blir auken ikkje så stor i kroner. Frå 1990 finn vi ein auke på om lag 16.000 kr. Eit monaleg løft slik Regjeringa no ynskjer, er både rimeleg og rettferdig etter mi vurdering. Etter kvart som fleire og fleire tener opp eigen tilleggspensjon i folketrygda, vil ordninga med særtillegg og minsteforsikring omfatta stadig færre, men det vil vera ei viktig forsikring for dei det gjeld.

Oddbjørg Ausdal Starrfelt (A): Eg vil takka statsråden for svaret. Eg har høyrt påstått at ein må tena ca 140.000 kr i året for å tena opp til tilleggspensjon tilsvarande desse 12.000 kronene i året, dersom det skulle verta tilleggspensjonen. Mange, særleg kvinnene i låglønsyrke og/eller deltidsarbeid, tener mindre enn 140.000 kr i året. Dei betaler og har betalt trygdeavgift ut frå ei forventing om at dei vil få tilleggspensjon. Som eg no forstår statsråden, vil desse tillegga no verta etne opp av minstepensjonen. Ser ikkje statsråden dette som eit løftebrot, og vil ho vurdera dette nærare før eller i samband med trygdeoppgjeret i vår?

Statsråd Magnhild Meltveit Kleppa: Det er ei side her som undrar meg, og det er den argumentasjonen som Arbeidarpartiet fører i denne saka i forhold til kva som blir resultatet. Kva er det som faktisk er tilfellet? Jo, for det fyrste blir minstepensjonistane - altså ei av dei gruppene som har sakka akterut i velstandsutviklinga - etter dette forslaget løfta, i tillegg får nokre fleire med små tilleggspensjonar endå meir å klara seg med i kvardagen, og det siste: Det er ingen som etter denne ordninga får mindre utbetalt enn det dei har i dag. Dette handlar altså om eit forslag som skal syta for ei meir rettferdig fordeling av goda.

Oddbjørg Ausdal Starrfelt (A): Eg takkar igjen for svaret. Eg kjenner mange pensjonistar med små tilleggspensjonar som er veldig urolege for dette. Dette løftet vil kosta ganske mykje pengar, og eg går ut frå at det òg er grenser for kor mykje meir pengar den nye regjeringa har å dela ut. Kan me risikera at dette går ut over andre pensjonistar, f.eks ved reduksjon i bustøtta, som er retta mot dei økonomisk sett mest vanskeleg stilte pensjonistane, og f.eks ved at grunnbeløpet i folketrygda ikkje vert regulert i tråd med inntektsutviklinga elles ved pensjonistoppgjeret i vår?

Statsråd Magnhild Meltveit Kleppa: Eg deler representanten Ausdal Starrfelt sitt syn på at trygdeoppgjeret skal gå sin gang slik som det pleier. Dette er ikkje eit inngrep i forhandlingane om grunnbeløpet, men det er eit signal om at Regjeringa ynskjer å løfta nokre av dei gruppene som har minst i dette samfunnet.

Regjeringa er altså oppteken av å sikra ein grunntryggleik når det gjeld økonomi, og eg håper og trur at solidariteten i det norske folket er meir utbreidd enn det som Arbeidarpartiet synest å meina. Dette handlar om eit handslag til ei av dei gruppene som har minst. Eg trur faktisk mange yrkesaktive med ulik inntekt er einige med Regjeringa i at det er betre å sikre fleire ein grunntryggleik enn å gjera endå fleire til klientar i ulike system.