Innstilling frå utanriks- og forsvarskomiteen om representantforslag om en opptrapping av norske bidrag til internasjonal klimafinansiering

Søk
Til Stortinget

Bakgrunn

I dokumentet vert følgjande forslag fremja:

«Stortinget ber regjeringen komme tilbake til Stortinget i forbindelse med statsbudsjettet for 2022 med en stortingsmelding om norsk klimafinansiering fram mot 2030. Meldingen skal utrede hvordan Norge kan trappe opp sine bidrag til internasjonal klimafinansiering i tråd med landets rettmessige ansvar.»

Ein viser til dokumentet for nærare utgreiing om forslaget.

Merknader frå komiteen

Komiteen, medlemmene frå Arbeidarpartiet, Jette F. Christensen, leiaren Anniken Huitfeldt, Martin Kolberg, Marianne Marthinsen og Jonas Gahr Støre, frå Høgre, Hårek Elvenes, Trond Helleland, Ingjerd Schou og Michael Tetzschner, frå Framstegspartiet, Siv Jensen, Christian Tybring-Gjedde og Morten Wold, frå Senterpartiet, Emilie Enger Mehl og Liv Signe Navarsete, frå Sosialistisk Venstreparti, Audun Lysbakken, frå Venstre, Trine Skei Grande, og frå Kristeleg Folkeparti, Geir Sigbjørn Toskedal, viser til at Representantforslag 165 S (2020–2021) omhandlar ei opptrapping av norske bidrag til internasjonal klimafinansiering. Komiteen merkar seg at forslagsstillarane ber om at regjeringa i høve statsbudsjettet for 2022 skal kome med ei stortingsmelding om norsk klimafinansiering fram mot 2030. Meldinga skal greie ut korleis Noreg kan trappe opp bidraga sine til internasjonal klimafinansiering i tråd med landets rettmessige ansvar.

Komiteen er kjent med at Parisavtalen forpliktar rike land til å bidra til klimafinansiering i utviklingsland for å bidra til målet om globale kutt i klimagassutsleppa. Klimafinansieringa skal gå til både klimatilpassing og utsleppskutt i utviklingsland.

Komiteen peikar på at i avgjerda frå Paris vart målet frå klimatoppmøtet i København i 2009 (COP 15) gjentatt, og semja medfører at dei rike landa er forplikta til å bidra med minst 100 mrd. amerikanske dollar (USD) frå 2020. Innan 2025 skal avtalepartane også verte samde om eit nytt kollektivt mål.

Komiteen viser til påstanden i representantforslaget om at verda heng etter når det gjeld målsetjingane frå Paris om klimafinansiering, og at det er særskilt støtta til klimatilpassing som er for låg.

Komiteen merkar seg at ulike aktørar reknar ulikt og dermed har ei ulik oppfatning av i kor stor grad rike land når lovnadane. Ifølge OECD har rike land lagt 78,9 mrd. USD på bordet i 2018 til føremålet. Ifølge den humanitære organisasjonen Oxfam International er det reelle talet langt lågare, mellom anna fordi ein så stor del av midlane er lån. I rapporten Climate Finance Shadow Report 2020 vert det operert med eit nedre estimat på 19 til 22,5 mrd. USD årleg i 2017–2018.

Komiteen peikar på at det i forslaget vert vist til at landas eigne målsetjingar må auke i løpet av 2020-talet dersom ein skal klare å kutte klimautsleppa og avgrense global oppvarming til 1,5 grader. Det vert også vist til at sjølv om dette er krevjande, finst det i dag rammeverk for ei slik utrekning. Komiteen merkar seg at rammeverket som Stockholm Environment Institute (SEI) har utvikla gjennom «Climate Equity Reference Project» (CERP), tek utgangspunkt i to grunnleggjande prinsipp:

  • 1. Land har ulikt ansvar for klimakrisa.

  • 2. Land har ulik kapasitet til å bidra til å løse klimakrisa.

Komiteen merkar seg at på same måte som Klimakur 2030 og Meld. St. 13 (2020–2021) Klimaplan for 2021–2030 skildrar vegen mot at dei norske måla for utsleppskutt skal nåast, skal ei slik stortingsmelding vere eit vegkart for ei opptrapping av klimafinansieringa internasjonalt. Komiteen merkar seg at stortingsmeldinga ifølgje forslagsstillarane bør drøfte ulike finansieringsløysingar og gjere greie for eventuelle modellar og løysingar som også kan vere aktuelle for andre land, og for norsk deltaking i det internasjonale klimafinansieringssamarbeidet.

Komiteen merkar seg uttalen frå Utanriksdepartementet i saka. Det vert frå departementet si side vist til at Noreg lenge har vore ein betydeleg bidragsyter av offentleg klimafinansiering til utviklingsland. Gjennom finansiering via multilaterale kanalar, Norfunds investeringar i fornybar energi og ei omfattande klima- og skogsatsing er Noreg eit føregangsland innan langsiktig og føreseieleg finansiering.

Komiteen viser til at statsråden påpeikar at Noreg ikkje har ei individuell forplikting til å auke klimafinansieringa si, men at Noreg saman med andre industriland må bidra til at målet på 100 mrd. USD årleg til klimafinansiering innan 2020 vert nådd.

Komiteen viser også til at uttalen frå departementet understrekar at løysinga ikkje utelukkande ligg i overføring av pengar. Land som mottar klimafinansiering, må også prioritere eigne ressursar til klimatiltak. Dersom landa nyttar energikjelder som sol og vind, kan dei få lågare utgifter, og dei vert mindre avhengige av andre.

Komiteen er gjort kjend med at regjeringa ser på moglege finansieringskjelder til fornybar energi utanfor bistandsbudsjettet. Komiteen viser vidare til at Utanriksdepartementet no gjennomfører ei utgreiing som skal bringe fram naudsynt grunnlag for å vurdere korleis Noreg kan bidra til auka investeringar i fornybar energi i utviklingsland med store klimagassutslepp, med målsetjing om at det skal redusere klimagassutslepp frå energisektoren, som mellom anna byggjer på Norfunds erfaringar. Komiteen registrerer at etablering av eit nytt klimafond vert sett på som ei moglegheit.

Komiteens medlemmer fra Arbeiderpartiet er opptatt av å løfte klimapolitikken inn i utenriks-, utviklings- og ikke minst handelspolitikken i bred forstand. Disse medlemmer vil forene klima- og utviklingspolitikken og gi bekjemping av klima- og naturkrisen førsteprioritet i norsk utviklingspolitikk gjennom en kraftig satsing på fornybar energi, en revitalisering av regnskogsatsingen og midler til klimatilpasning.

Komiteens medlemmer fra Arbeiderpartiet og Senterpartiet vil minne om at Solberg-regjeringen dessverre har kuttet milliardbeløp i bevilgningene til fornybar energi i utviklingsland: Under regjeringen Stoltenberg II ble det i 2013 satset 1701 mill. 2021-kroner på utbygging av fornybar energi i utviklingsland; regjeringen Solbergs foreslåtte bevilgning til fornybar energi i 2021 på 794 mill. 2021-kroner var altså mer enn en halvering sammenliknet med 2013, jf. Finansdepartementets svar på budsjettspørsmål 36, publisert 26. oktober 2020, på spørsmål fra Arbeiderpartiet om samlede bevilgninger til fornybar energi på utviklingsbudsjettet i perioden 2010–2021.

Disse medlemmer mener en styrking av Norges rolle i den internasjonale klimapolitikken, inkludert norsk klimafinansering, vil bli en svært viktig oppgave for perioden 2021–2025, men kan ikke se at et eget stortingsvedtak om pålegge regjeringen å legge fram en stortingsmelding om snaut fem måneder nødvendigvis er formålstjenlig.

Komiteens medlem fra Sosialistisk Venstreparti minner om at kampen mot klimaendringene og for et rettferdig grønt skifte er den viktigste utfordringen i vår tid. Det gjelder internasjonalt så vel som i Norge. Akkurat som for klimaomstillingen i Norge mener dette medlem at det hviler et ansvar på både Stortinget og regjeringen for å utvikle en konkret plan for Norges klimafinansiering globalt. Dette medlem merker seg at det gjennom behandlingen av klimameldingen, Meld. St. 13 (2020–2021), jf. Innst. 325 S (2020–2021), fremkom at det finnes betydelig oppslutning i Stortinget for en forpliktende plan for internasjonal klimafinansiering.

Dette medlem merker seg regjeringens seneste initiativer på dette området, redegjort for i utviklingsministerens uttalelse til forslaget av 27. april 2021, og merker seg at regjeringen mener den har gjort klimatilpasning til en prioritet, og at en strategi for klimafinansiering er under utarbeidelse. Dette medlem registrerer også at regjeringen fremhever sin satsning på Det grønne klimafondet, og ser seg nødt til å minne om at regjeringen i budsjettforhandlingene høsten 2020 godtok store kutt i disse bevilgningene for å komme til enighet med Fremskrittspartiet. Dette medlem vil fremheve dette som et viktig eksempel på hvorfor det er tvingende nødvendig at en forpliktende opptrappingsplan kommer til Stortinget så snart som mulig. Dette medlem registrerer også at regjeringen heller ikke ser ut til å stilling til det som er forslagets hovedintensjon, nemlig å ta høyde for gapet mellom bidrag til internasjonal klimafinansiering og det rettmessige ansvar Norge har i kampen mot klimaendringene.

På denne bakgrunn fremmer dette medlem følgende forslag:

«Stortinget ber regjeringen komme tilbake til Stortinget i forbindelse med statsbudsjettet for 2022 med en stortingsmelding om norsk klimafinansiering fram mot 2030. Meldingen skal utrede hvordan Norge kan trappe opp sine bidrag til internasjonal klimafinansiering i tråd med landets rettmessige ansvar.»

Forslag frå mindretal

Forslag frå Sosialistisk Venstreparti:
Forslag 1

Stortinget ber regjeringen komme tilbake til Stortinget i forbindelse med statsbudsjettet for 2022 med en stortingsmelding om norsk klimafinansiering fram mot 2030. Meldingen skal utrede hvordan Norge kan trappe opp sine bidrag til internasjonal klimafinansiering i tråd med landets rettmessige ansvar.

Tilråding frå komiteen

Tilrådinga frå komiteen vert fremja av medlemene i komiteen frå Arbeiderpartiet, Høgre, Framstegspartiet, Senterpartiet, Venstre og Kristeleg Folkeparti.

Komiteen har elles ingen merknader, viser til representantforslaget og rår Stortinget til å gjere følgjande

vedtak:

Dokument 8:165 S (2020–2021) – Representantforslag fra stortingsrepresentantene Lars Haltbrekken, Kari Elisabeth Kaski og Audun Lysbakken om en opptrapping av norske bidrag til internasjonal klimafinansiering – vert ikkje vedteke.

Vedlegg

Vedlegg finnes kun i PDF, se merknadsfelt.

Oslo, i utanriks- og forsvarskomiteen, den 19. mai 2021

Anniken Huitfeldt

Liv Signe Navarsete

leiar

ordførar