Innstilling fra energi- og miljøkomiteen om Endringar i statsbudsjettet 2019 under Olje- og energidepartementet

Innhold

Stortinget

1. Sammendrag

1.1 Innleiing

I proposisjonen kjem Olje- og energidepartementet med framlegg til endringar i statsbudsjettet 2019. I kapittel 3 i proposisjonen gjer departementet greie for bruken av fullmakter under petroleumsverksemda.

1.2 Endringar i statsbudsjettet 2019

Kap. 1800 Olje- og energidepartementet

Post 21 Spesielle driftsutgifter, kan overførast, kan nyttast under post 72

Riksantikvaren disponerer midlar under posten til dekning av utgifter til kulturminneundersøkingar i regulerte vassdrag. Delar av pågåande arbeid og utbetalingsbehov vil bli forskyvd til 2020.

Det er sett av midlar under posten til oppfølging av arbeidet med å etablere eit fullskala demonstrasjonsprosjekt for fangst og lagring av CO2 i Noreg. Delar av arbeidet og utbetalingsbehovet blir forskyvd til 2020.

Det er foreslått å redusere løyvinga med 10 mill. kroner, til 16,5 mill. kroner.

Post 70 Tilskot til internasjonale organisasjonar mv.

Det vil ikkje vere utgifter til ACER i inneverande år.

Det er difor foreslått å redusere løyvinga med 3,3 mill. kroner, til 3,7 mill. kroner.

Kap. 1810 Oljedirektoratet

Post 1 Driftsutgifter

Det er foreslått å auke løyvinga med 5,5 mill. kroner, til om lag 312,9 mill. kroner. Ein viser til tilsvarande inntektsauke under kap. 4810, post 1 Gebyrinntekter.

Post 23 Oppdrags- og samarbeidsverksemd, kan overførast

Utgifter til Oljedirektoratets samarbeidsavtale med Direktoratet for utviklingssamarbeid (Norad) om rådgiving innanfor petroleumsforvaltning for utviklingsland (Olje for utvikling) er anslått å bli 25 mill. kroner lågare enn gjeldande løyving. Reduksjonen er delvis motsvara av auka utgifter til Diskos-samarbeidet (6,5 mill. kroner) som skuldast auka aktivitet.

På denne bakgrunnen er det foreslått å redusere løyvinga med 18,5 mill. kroner, til 100,5 mill. kroner. Ein viser til tilsvarande inntektsreduksjon under kap. 4810, post 2 Oppdrags- og samarbeidsinntekter.

Kap. 1820 Noregs vassdrags- og energidirektorat

Post 1 Driftsutgifter

Det er foreslått å redusere løyvinga med 2 mill. kroner, til om lag 571,4 mill. kroner. Ein viser til tilsvarande utgiftsauke under kap. 2490, post 45 Større utstyrsanskaffingar og vedlikehald.

Post 23 Oppdrags- og samarbeidsverksemd, kan overførast

Utgifter til internasjonale rådgivingsoppdrag og bistand innanfor vassdrags- og energisektoren er anslått å bli 17 mill. kroner lågare enn gjeldande løyving.

På denne bakgrunnen er det foreslått å redusere løyvinga med 17 mill. kroner, til 72 mill. kroner. Ein viser til tilsvarande inntektsreduksjon under kap. 4820, post 2 Oppdrags- og samarbeidsinntekter.

Kap. 1840 CO2-handtering

Post 72 Fullskala CO2-handtering, kan overførast, kan nyttast under post 70

Equinor sin oppdaterte utbetalingsplan viser eit utbetalingsbehov i 2019 på om lag 180 mill. kroner mot tidlegare estimert 150 mill. kroner.

På denne bakgrunnen er det foreslått å auke løyvinga med 30 mill. kroner, til 329 mill. kroner.

Kap. 2440/5440 Statens direkte økonomiske engasjement i petroleumsverksemda

Overslaget for kap. 2440, post 30 Investeringar er redusert med 2 000 mill. kroner, til 27 000 mill. kroner. Nedgangen skuldast lågare investeringsoverslag for fleire utbyggingar. Reduksjonen er noko motverka av auka investeringar for offshore ferdigstilling av Martin Linge.

Overslaget for kap. 5440, underpost 24.1 Driftsinntekter er redusert med 4 800 mill. kroner, til 154 400 mill. kroner. Reduksjonen skuldast i hovudsak lågare prisføresetnader for gass og lågare gassal.

Overslaget for kap. 5440, underpost 24.2 Driftsutgifter er auka med 3 100 mill. kroner, til 30 500 mill. kroner.

Overslaget for kap. 5440, underpost 24.4 Avskrivingar er auka med 3 000 mill. kroner, til 23 200 mill. kroner. Auken skuldast større sal av olje frå fleire store felt.

Overslaget for kap. 5440, underpost 24.5 Renter av statens kapital er redusert med 100 mill. kroner, til 2 800 mill. kroner.

Endringar i underpostar medfører at overslaget over SDØEs driftsresultat er redusert med 10 800 mill. kroner, frå 106 600 mill. kroner til 95 800 mill. kroner.

Overslaget for netto kontantstraum frå SDØE er redusert frå 100 700 mill. kroner til 94 800 mill. kroner, ein reduksjon på 5 900 mill. kroner frå gjeldande løyving for 2019.

Kap. 2490 NVE Anlegg

Post 24 Driftsresultat

Overslaget for kap. 2490, underpost 24.1 Driftsinntekter er auka med 48,5 mill. kroner, til 128,5 mill. kroner. Overslaget for kap. 2490, underpost 24.2 Driftsutgifter er auka med 50,5 mill. kroner, til 125,8 mill. kroner. Overslaget for kap. 2490, underpost 24.3 Avskrivingar er redusert med 2 mill. kroner, til 2,5 mill. kroner. Ovannemnde endringar medfører inga endring i NVE Anlegg sitt driftsresultat.

Post 45 Større utstyrsanskaffingar og vedlikehald, kan overførast

NVE har behov for ein hengar for å kunne transportere stort og tungt utstyr i Nord-Noreg.

På denne bakgrunnen er det foreslått løyvd 2 mill. kroner. Ein viser til tilsvarande reduksjon under kap. 1820, post 1 Driftsutgifter.

Kap. 4810 Oljedirektoratet

Post 1 Gebyrinntekter

Det er foreslått å auke løyvinga med 5,5 mill. kroner, til 32 mill. kroner. Ein viser til tilsvarande utgiftsauke under kap. 1810, post 1 Driftsutgifter.

Post 2 Oppdrags- og samarbeidsinntekter

Det er foreslått å redusere løyvinga med 18,5 mill. kroner, til 100,5 mill. kroner. Ein viser til tilsvarande utgiftsreduksjon under kap. 1810, post 23 Oppdrags- og samarbeidsverksemd.

Kap. 4820 Noregs vassdrags- og energidirektorat

Post 2 Oppdrags- og samarbeidsinntekter

Det er foreslått å redusere løyvinga med 17 mill. kroner, til 72 mill. kroner. Ein viser til tilsvarande utgiftsreduksjon under kap. 1820, post 23 Oppdrags- og samarbeidsverksemd.

Kap. 5582 Sektoravgifter under Olje- og energidepartementet

Post 70 Bidrag til kulturminnevern i regulerte vassdrag

Sektoravgift for kulturminnevern i regulerte vassdrag dekkjer kostnader til arkeologiske undersøkingar i vassdrag. Det er foreslått ei løyving på 1,5 mill. kroner i 2019.

Kap. 5685 Aksjar i Equinor ASA

Post 85 Utbytte

Equinor ASA har utbetalt til saman 14 744 mill. kroner i utbytte til Olje- og energidepartementet for tredje og fjerde kvartal 2018 og første kvartal 2019. For budsjettformål er det lagt til grunn eit kontantutbytte for andre kvartal 2019 tilsvarande utbetalinga for første kvartal 2019.

Det er på denne bakgrunnen foreslått å auke løyvinga med 530 mill. kroner, til 20 000 mill. kroner.

1.3 Bruk av fullmakter under petroleumsverksemda

Som ein del av den årlege behandlinga av statsbudsjettet gir Stortinget fullmakter til Kongen i statsråd og Olje- og energidepartementet knytte til petroleumsverksemda. I proposisjonen gjer Olje- og energidepartementet greie for bruken av desse fullmaktene sidan førre rapportering.

Utbyggingsprosjekt på norsk kontinentalsokkel

Stortinget har samtykt i at Olje- og energidepartementet kan godkjenne prosjekt (planar for utbygging/anlegg og drift) på norsk kontinentalsokkel under følgjande føresetnader (jf. fullmakt XIV i Prop. 1 S (2018–2019)):

  • 1. Prosjektet må ikkje ha prinsipielle eller samfunnsvise sider av betydning.

  • 2. Øvre grense for dei samla investeringane per prosjekt utgjer 20 mrd. kroner.

  • 3. Kvart enkelt prosjekt må vise akseptabel samfunnsøkonomisk lønsemd og vere rimeleg robust mot endringar i prisutviklinga for olje og naturgass.

Fullmakta har blitt nytta ved følgjande høve:

Troll fase 3

Departementet tok 3. juli 2018 imot søknad om godkjenning av endra plan for utbygging og drift (PUD) for Troll fase 3. Dei totale investeringane er i endra PUD anslått til 7,8 mrd. kroner. Endra PUD vart godkjent av Olje- og energidepartementet 7. desember 2018.

Gullfaks Shetland/Lista fase 2

Departementet tok 15. januar 2019 imot søknad om godkjenning av endra plan for utbygging og drift (PUD) for Gullfaksfeltet for vidareutviklingsprosjektet Shetland/Lista fase 2. Dei totale investeringane er i endra PUD anslått til 2,2 mrd. kroner. Endra PUD vart godkjent av Olje- og energidepartementet 14. juni 2019.

Solveig

Departementet tok 27. mars 2019 imot søknad om godkjenning av plan for utbygging og drift (PUD) for Solveig. Dei totale investeringane er i PUD anslått til 6,5 mrd. kroner. PUD for Solveig vart godkjent av Olje- og energidepartementet 26. juni 2019.

Duva

Departementet tok 22. februar 2019 imot søknad om godkjenning av plan for utbygging og drift (PUD) for Duva. Dei totale investeringane er i PUD anslått til 5,5 mrd. kroner. PUD for Duva vart godkjent av Olje- og energidepartementet 27. juni 2019.

Tor II

Departementet tok 1. juli 2019 imot søknad om godkjenning av plan for utbygging og drift (PUD) for Tor II. Dei totale investeringane er i PUD anslått til 6,1 mrd. kroner. PUD for Tor II vart godkjent av Olje- og energidepartementet 14. november 2019.

Overdraging og samordning av delar i utvinningsløyve

Olje- og energidepartementet godkjente 6. mars 2019 at Petoro på vegne av staten ved SDØE deltok i ei forenkla samordning mellom utvinningsløyva 435 og 211, jf. fullmakt XII punkt 2 i Prop. 1 S (2018–2019).

2. Komiteens merknader

Komiteen, medlemmene fra Arbeiderpartiet, Åsmund Aukrust, Espen Barth Eide, Ruth Grung, Else-May Norderhus og Runar Sjåstad, fra Høyre, Tina Bru, Liv Kari Eskeland, Stefan Heggelund og Lene Westgaard-Halle, fra Fremskrittspartiet, Terje Halleland og Theodor Barndon Helland, fra Senterpartiet, Sandra Borch og Ole André Myhrvold, fra Sosialistisk Venstreparti, Lars Haltbrekken, fra Venstre, lederen Ketil Kjenseth, fra Kristelig Folkeparti, Tore Storehaug, og fra Miljøpartiet De Grønne, Une Bastholm, viser til de foreslåtte endringene i statsbudsjettet for 2019 under Olje- og energidepartementet.

Komiteen merker seg at Equinor har et økt utbetalingsbehov i 2019 knyttet til fullskala demonstrasjonsprosjekt for fangst og lagring av CO2 i Norge, og komiteen støtter regjeringens forslag om å øke bevilgningen med 30 mill. kroner, til 329 mill. kroner, for å sikre en god fremdrift på dette prosjektet.

Komiteen merker seg at det foreslås å redusere bevilgningen til utgifter til internasjonale rådgivningsoppdrag og bistand innenfor vassdrags- og energisektoren med 17 mill. kroner. Komiteen vil understreke viktigheten av å øke produksjonen av fornybar energi verden over og at Norge har en spesiell kompetanse innenfor vannkraft. Mer samarbeid og kompetanseoverføring er viktig for å skape mer fornybar energi, og Norge bør fortsatt ta en rolle her.

3. Komiteens tilråding

Komiteens tilråding fremmes av en samlet komité.

Komiteen har for øvrig ingen merknader, viser til proposisjonen og rår Stortinget til å gjøre følgende

vedtak:

I statsbudsjettet for 2019 blir det gjort følgjande endringar:

Kap.

Post

Formål

Kroner

Utgifter

1800

Olje- og energidepartementet

21

Spesielle driftsutgifter, kan overførast, kan nyttast under post 72, blir sett ned med

10 000 000

frå kr 26 500 000 til kr 16 500 000

70

Tilskot til internasjonale organisasjonar mv., blir sett ned med

3 300 000

frå kr 7 000 000 til kr 3 700 000

1810

Oljedirektoratet

1

Driftsutgifter, blir sett opp med

5 500 000

frå kr 307 447 000 til kr 312 947 000

23

Oppdrags- og samarbeidsverksemd, kan overførast, blir sett ned med

18 500 000

frå kr 119 000 000 til kr 100 500 000

1820

Noregs vassdrags- og energidirektorat

1

Driftsutgifter, blir sett ned med

2 000 000

frå kr 573 443 000 til kr 571 443 000

23

Oppdrags- og samarbeidsverksemd, kan overførast, blir sett ned med

17 000 000

frå kr 89 000 000 til kr 72 000 000

1840

CO2-handtering

72

Fullskala CO2-handtering, kan overførast, kan nyttast under post 70, blir sett opp med

30 000 000

frå kr 299 000 000 til kr 329 000 000

2440

Statens direkte økonomiske engasjement i petroleumsverksemda

30

Investeringar, blir sett ned med

2 000 000 000

frå kr 29 000 000 000 til kr 27 000 000 000

2490

NVE Anlegg

24

Driftsresultat:

1 Driftsinntekter

-128 500 000

2 Driftsutgifter

125 800 000

3 Avskrivingar

2 500 000

4 Renter av statens kapital

200 000

5 Investeringsformål

0

6 Reguleringsfond

0

0

(NY)

45

Større utstyrsanskaffingar og vedlikehald, kan overførast, blir løyvd med

2 000 000

Inntekter

4810

Oljedirektoratet

1

Gebyrinntekter, blir sett opp med

5 500 000

frå kr 26 500 000 til kr 32 000 000

2

Oppdrags- og samarbeidsinntekter, blir sett ned med

18 500 000

frå kr 119 000 000 til kr 100 500 000

4820

Noregs vassdrags- og energidirektorat

2

Oppdrags- og samarbeidsinntekter, blir sett ned med

17 000 000

frå kr 89 000 000 til kr 72 000 000

5440

Statens direkte økonomiske engasjement i petroleumsverksemda

24

Driftsresultat:

1 Driftsinntekter

154 400 000 000

2 Driftsutgifter

-30 500 000 000

3 Leite- og feltutviklingsutgifter

-2 100 000 000

4 Avskrivingar

-23 200 000 000

5 Renter av statens kapital

-2 800 000 000

95 800 000 000

30

Avskrivingar, blir sett opp med

3 000 000 000

frå kr 20 200 000 000 til kr 23 200 000 000

80

Renter av statens kapital, blir sett ned med

100 000 000

frå kr 2 900 000 000 til kr 2 800 000 000

5582

Sektoravgifter under Olje- og energidepartementet

(NY)

70

Bidrag til kulturminnevern i regulerte vassdrag, blir løyvd med

1 500 000

5685

Aksjar i Equinor ASA

85

Utbytte, blir sett opp med

530 000 000

frå kr 19 470 000 000 til kr 20 000 000 000

Oslo, i energi- og miljøkomiteen, den 5. desember 2019

Ketil Kjenseth

leder og ordfører