2. Merknader frå komiteen
Komiteen, medlemene frå Arbeidarpartiet,
leiaren Dag Terje Andersen, Eva Kristin Hansen og Magne Rommetveit,
frå Høgre, Svein Harberg og Bente Stein Mathisen, frå Framstegspartiet,
Grethe Andersen, frå Senterpartiet, Nils T. Bjørke, frå Sosialistisk
Venstreparti, Torgeir Knag Fylkesnes, og uavhengig representant
Ulf Leirstein, syner til Riksrevisjonen si undersøking av det
norsk-russiske bilaterale miljøsamarbeidet (Dokument 3:8 (2018–2019)).
Komiteen har i samband med
handsaminga av denne rapporten vore på synfaring på norsk og russisk side
frå 27. til 29. mai 2019. Komiteen har på denne synfaringa
møtt engasjerte folk og viktige institusjonar, og vil takke for
den informasjonen og kunnskapen som vart komiteen til del på båe
sider av landegrensene.
Komiteen har mellom anna vitja
Øvre Pasvik nasjonalpark, representantar frå nikkelverket i Nikel,
russiske forskarar og vidare Norsk institutt for bioøkonomi (NIBIO)
Svanhovd og målestasjonen til Norsk institutt for luftforskning
(NILU) i Svanvik.
Komiteen vil streke under
at den informasjonen som vart gjeven, er i tråd med dei funna Riksrevisjonen har
i sin rapport, og dannar eit godt grunnlag for den tilrådinga komiteen
kjem med.
Komiteen syner til at Riksrevisjonen
i sin rapport har tre hovudfunn:
-
Det er framleis
rom for å styrkje samarbeidet i fleire av prosjekta og å synleggjere
den kunnskapen som kjem fram i samarbeidet.
-
Framleis manglar
det eit felles regelverk for gjennomføringa av arbeidet.
-
Midlane til å finansiere
arbeidet virkar til å bli utbetalte unødig seint.
Komiteen sluttar seg til dette
og dei tilrådingane som Riksrevisjonen kjem med i sin rapport.
Komiteen meiner det er viktig
å ha eit godt samarbeid mellom Noreg og Russland når det gjeld miljøsamarbeid,
og særleg i grenseområda mellom dei to grannelanda. Komiteen seier
seg difor særs nøgd med at det i denne saka har vore eit samarbeid
på tvers av dei to riksrevisjonane i Noreg og Russland. Vi treng
meir samarbeid for at vi i fellesskap kan kome fram til gode løysingar
på dei miljøutfordringane me står framfor. Frå norsk side er det
framleis grunn til å vere uroa over forureininga som kjem frå nikkelverka
på Kolahalvøya og dei ulike kjeldene til radioaktiv forureining
som finst i nærleiken av Finnmark.
Komiteen syner til miljøvernavtala
mellom Noreg og Russland frå 1988 og 1992. I og med at det ikkje finst
avtaler av nyare dato, er komiteen nøgd med at ein har
sett mest på perioden frå 2013 til 2018. Ein parallellrevisjon som
her har vore gjord, kan vere eit steg på vegen mot ei ny miljøvernavtale
mellom dei to landa, men komiteen vil tilrå at dette
blir eit vidare tema for Klima- og miljødepartementet å ta opp med
Utanriksdepartementet for vidare modning og eventuell utgreiing.
Komiteen vil i den samanheng
peike på at når det til dømes er vanskeleg å få løyve til å registrere
talet på isbjørnar i russisk område og registrering av det biologiske
mangfaldet, er det naudsynt å følgje opp dette. Desse døma, saman
med fråveret av eit felles regelverk for den øvrige gjennomføringa
av arbeidet, gjer at komiteen er
utålmodig på vidare framgang i samarbeidet i og med at eit felles
regelverk var noko ein var samde om å få på plass gjennom avtala
frå 1992.
Komiteen vil særskilt få nemne
problema med utsleppa frå nikkelverka på russisk side av grensa. Komiteen seier
seg samd med Riksrevisjonen i at det er veikskap i samarbeidet som
gjer at grannane ikkje har vorte samde om kva slags tolegrense som
skal være styrande for miljøsamarbeidet og sikre miljøet i grenseområda.
Til dømes er Pasvikprogrammet, og konklusjonane frå dette, eit døme
på noko som hadde vore ein fordel å hatt semje omkring for å kome
vidare i samarbeidet. Komiteen har
merka seg at det ikkje har vore mogleg å få med dei russiske styresmaktene
på ein slik konklusjon.
Komiteen vil peike på at sjølv
om Russland framleis vurderer ratifisering av Parisavtala frå desember 2015,
er det viktig at ein av omsyn til klima- og miljøarbeidet framover
prøver å få til ei semje om nærare samarbeid. Dette gjeld òg arbeidet
med å kartleggje det biologiske mangfaldet og kva trugsmål dette
står overfor. Komiteen er
difor glad for at partane har ratifisert konvensjonen om biologisk
mangfald.
Komiteen vil særskilt peike
på arbeidet med havmiljøsamarbeidet. Ein heilskapleg plan for forvaltninga av
Barentshavet, som òg inkluderer dei russiske havområda, er viktig
å arbeide saman om. Komiteen legg
til grunn at Noreg vil følgje opp det pågåande russiske arbeidet
med forvaltningsplanen for den russiske delen av Barentshavet. Overvakinga
av økosystemet i det sårbare Barentshavet er særs viktig, og komiteen vil
streke under at det er viktig at Noreg og Russland blir samde om finansiering,
metodikk og kva slags miljømål som skal setjast i dette arbeidet.
Komiteen syner til konklusjonen
frå Riksrevisjonen om at utbetalinga av midlane i det bilaterale
samarbeidet kjem seint til partane. Komiteen er samd i dette og
meiner midlane må kunne utbetalast tidlegare, slik at aktørane kan
sette i verk tiltak i rett tid utan at dei sjølve må leggje ut for
det som er løyvd. Komiteen legg
til grunn at kontrollen med kva midlane går til, er, og skal vere,
god.
Komiteen legg vidare vekt
på dei seks tilrådingane som kjem frå Riksrevisjonen i rapporten:
-
For å styrke miljøkommisjonens
arbeid bør Klima- og miljødepartementet i henhold til artikkel 6
i avtalen av 3. september 1992 i samarbeid med russiske myndigheter
fortsette å utarbeide regler og prosedyrer for samarbeidet.
-
Klima- og miljødepartementet
må fortsette arbeidet med å definere en tålegrense for naturen i
grenseområdene, og Norge må fortsette å være en pådriver for å nå
målet om å bringe utslippene fra nikkelverkene ned til et nivå som
ikke skader helse og miljø i grenseområdene.
-
Klima- og miljødepartementet
må fortsette arbeidet med å harmonisere metoder for måling av forurensning
av tungmetaller både i luft og på land.
-
Klima- og miljødepartementet
bør fortsette å bidra til at det blir utarbeidet en oppdatert flerbruksplan for
Pasvikvassdraget. En slik flerbruksplan bør fungere som et reelt
virkemiddel i arbeidet med å forvalte vassdraget og bidra til en
tilpasset miljøovervåkning av området.
-
Klima- og miljødepartementet
kan gjøre mer nytte av kunnskapen om truede fugle- og dyrearter
som bygges opp gjennom det bilaterale miljøsamarbeidet og i større
grad synliggjøre dette. Forvaltningen av arter er et nasjonalt ansvar.
For felles bestander er det likevel et potensial for at Norge og
Russland i større grad kan diskutere hvilke tiltak landene kan sette
i verk hver for seg eller sammen for ytterligere å ta vare på de
sjeldne og truede artene som man har framskaffet kunnskap om gjennom
samarbeidet.
-
Utenriksdepartementet
bør effektivisere den interne prosessen med å tilgjengeliggjøre
midlene som finansierer store deler av det bilaterale miljøsamarbeidet
på norsk side slik at midlene kan utbetales tidligere på året.
Komiteen sluttar seg til dette,
og syner her elles til svara frå klima- og miljøministeren og utanriksministeren
som kjem fram i rapporten, og forventar at dette blir følgt opp
som lova.