2.1 Sammendrag
I behandlinga av
Prop. 1 S (2017–2018) Statsbudsjettet 2018 og tilhøyrande Innst.
2 S (2017–2018) fatta Stortinget 4. desember 2017 følgjande oppmodingsvedtak
(nr. 37 (2017–2018)):
«Stortinget ber regjeringen
utrede utvidelse av merverdiavgiftsfritaket for medier til å gjelde
all digital journalistikk, herunder betydningen for uavhengige journalister,
og legge dette frem i forbindelse med revidert nasjonalbudsjett
2018.»
I Prop. 86 LS (2017–2018)
Endringar i skatte-, avgifts- og tollovgivinga foreslo regjeringa
å innføre eit fritak for meirverdiavgift slik at trykte tidsskrift
som er fritekne for meirverdiavgift, òg kan gjevast ut elektronisk med
meirverdiavgiftsfritak. Det vart samstundes foreslått ikkje å innføre
fritak for meirverdiavgift for enkeltartiklar, idet ei slik utviding
av fritaket reiser fleire administrative og avgiftstekniske problem,
samstundes som faren for press for ytterlegare fritak aukar. I Prop.
1 LS (2018–2019) Skatter, avgifter og toll 2019 vart det varsla
at regjeringa ville innføre eit fritak for meirverdiavgift for elektroniske
utgåver av trykte tidsskrift, som ikkje treng å vere identiske med
det trykte tidsskriftet. Vidare vart det varsla at regjeringa ville
innføre eit fritak for meirverdiavgift for elektroniske bøker. Regjeringa varsla
at ein ville kome attende med endeleg framlegg og provenyanslag
i revidert nasjonalbudsjett 2019.
Dagens fritak for
meirverdiavgift for trykte tidsskrift og bøker inneber ulik avgiftsbehandling
av trykte og elektroniske tidsskrift og bøker. Det er uheldig med
ulik avgiftsbehandling av varer og tenester med same innhald og
bruksområde. For å oppnå lik behandling av trykte og elektroniske
tidsskrift og bøker, og for å leggje til rette for at tilbydarane
av tidsskrift og bøker skal kunne følgje med i den digitale utviklinga
og nyttiggjere seg moglegheitene som ligg i digital publisering,
foreslår regjeringa å innføre fritak for meirverdiavgift for elektroniske
tidsskrift og bøker. Framlegget tek sikte på å gjere det nøytralt
for ein eksisterande tilbydar å gå over til (heil)digital publisering,
og at valet av publiseringsform skal vere nøytralt for nye tilbydarar.
Skattedirektoratet
har hatt framlegg til lov- og forskriftsendringar på høyring. Framlegga
inneber ei avveging mellom omsynet til lik avgiftsbehandling av
trykte og elektroniske tidsskrift og bøker og omsynet til å avgrense
fritaka slik at dei ikkje vil omfatte fleire typar av publikasjonar
enn dei som er fritekne i dag. Framlegga i denne proposisjonen følgjer
opp framlegga i høyringsnotatet, men med enkelte endringar. Regjeringa foreslår
å opne for moderate innslag av lyd og rørlege bilete i dei elektroniske
publikasjonane, som ikkje må endre eller utvide bruksområdet til
publikasjonen. Vidare foreslår regjeringa å fjerne kravet om at
det må liggje føre ei trykt utgåve av det elektroniske tidsskriftet.
Regjeringa foreslår òg å omfatte strøyming og nedlasting av lydbøker
av fritaket, på lik line med nogjeldande fritak for tradisjonelle
lydbøker. For å bidra til at fritaka for elektroniske tidsskrift
og bøker ikkje vil omfatte fleire typar av publikasjonar enn dei
som er fritekne i dag, vert det lagt opp til at føresegnene i merverdiavgiftsforskriften
kapittel 6, som inneheld definisjonar av tidsskrift og bøker og
dei nærare vilkåra for fritak, så langt dei høver skal gjelde tilsvarande
for elektroniske tidsskrift og bøker. Regjeringa vil her gjere greie
for hovudinnhaldet i forskriftsføresegna som ein tek sikte på å
innføre. Den endelege utforminga og vedtakinga av forskrift vert gjort
av departementet.
Tapet av proveny
av å frita elektroniske tidsskrift og bøker er anslått til 27,5
mill. kroner påløpt og 18 mill. kroner bokført i 2019. Tapet av
proveny er forventa å auke over tid i takt med aukande handel med
elektroniske tidsskrift og bøker.
Departementet syner
til framlegg om endringar i merverdiavgiftsloven § 6-3 og § 6-4.
Endringane skal ta
til å gjelde 1. juli 2019.