8.1 Sammendrag
Skattebetalingsloven
har ei fråsegn om at skattytaren kan unngå restskatt med rentetillegg
om han eller ho betaler inn tilleggsforskot innan 31. mai i skattefastsetjingsåret.
Fråsegna byggjer på ein føresetnad om at skatteoppgjeret er ferdigstilt
etter denne datoen, sidan det ikkje er mogleg å betale forskot på
skatt etter at skatteoppgjeret ligg føre.
Frå og med våren
2020 vil dei fleste skattytarane få skatteoppgjeret før 31. mai.
Fristen for å betale tilleggsforskot vert då kortare enn i dag.
Etter Finansdepartementet sitt syn bør det likevel framleis vere
slik at skattytaren kan sleppe rentetillegg om han eller ho betaler skatten
innan 31. mai. Departementet foreslår difor at det ikkje vert berekna
rentetillegg når skattytaren betaler innan 31. mai i skattefastsetjingsåret.
Framlegget har ikkje
verknader for provenyet, og høyringsinstansane har gjennomgåande
vore positive til endringane.
Departementet syner
til framlegg om endringar i skattebetalingsloven §§ 4-7 og 11-5.
Departementet foreslår
at endringane tek til å gjelde frå 1. januar 2020 med verknad for
skatteoppgjeret for inntektsåret 2019.