10.2 Komiteens merknader
Komiteens flertall, alle unntatt
medlemmene fra Senterpartiet, slutter seg til regjeringens lovforslag.
Medlemene i komiteen
frå Senterpartiet legg til grunn at dersom Finansdepartementet
er usamd med ei skatteklagenemnd i eit skattespørsmål, så ligg det
føre ein uklårleik i rettstilstanden som det ikkje nødvendigvis
er rimeleg at skattytar skal måtte bere risikoen for. Desse medlemene er
ikkje samde i at det er openbert at dom i ei rettssak mellom Finansdepartementet
og ei skatteklagenemnd skal få konsekvensar for skatteutmålinga
til skattytaren, kanskje særleg ikkje der avgjerda er til ugunst
for skattytaren. Desse
medlemene saknar ei grundig vurdering av rettstryggleiken
til skattytaren opp mot intensjonen i legalitetsprinsippet og det
som for skattytaren kan opplevast som vilkårleg skattlegging.
Desse medlemene viser til
at fire av fem uavhengige høyringsinstansar som har gjeve uttale,
går imot framlegget. Dette gjeld Deloitte Advokatfirma AS, NHO,
Rekneskap Noreg og Revisorforeininga. Skattedirektoratet, Norsk
økoforum og Finans Noreg, kor dei to første kan reknast for å ha
band til departementet, støttar framlegget. Ut frå høyringssvara
synest det elles som om korkje Finans Noreg eller Norsk økoforum
har vurdert prinsipielle sider ved framlegget.
Desse medlemene viser til
at NHO i høyringssvaret sitt mellom anna problematiserer at departementet
sitt framlegg vil innebere at dei vanlege fristane for endring av
skatt ikkje lenger skal kome skattytar til gode. Revisorforeininga
trekkjer fram at skattytar kan ha trong for raskt å innrette seg
etter Skatteklagenemnda sitt vedtak, og at det då er uheldig at
Finansdepartementet har høve til å gå til søksmål mot nemnda i inntil
seks månader etter avgjerda. I tillegg kan ein måtte tåle ein rettsprosess
som kan vare i årevis. NHO problematiserer også at framlegget vil
innebere at det vert vanskelegare for skattytar å føresjå sin eigen
skattesituasjon.
Desse medlemene viser vidare
til at Revisorforeininga i høyringssvaret sitt er oppteken av at
skattytaren ikkje har ankerett i saka Finansdepartementet fører
mot ei skatteklagenemnd. Dette er svært uheldig for skattytaren
sin rettstryggleik, ifylgje Revisorforeininga. Desse medlemene deler dette
synet og meiner dette er eit tilhøve som bør ha stor vekt.
Desse medlemene viser dessutan
til at Rekneskap Noreg i høyringssvaret sitt tek til orde for at
Finansdepartementet sin søksmålsrett etter skatteforvaltningsloven
§ 15-2 i seg sjølv er problematisk for skattytarane sin rettstryggleik. Desse medlemene finn ikkje
grunnlag for å ta stilling til dette, men ser elles at det også
er grunn til å stille spørsmål ved om søksmålsretten representerer
fornuftig statleg pengebruk. Slike rettssaker kan vere svært kostbare,
gå føre seg over fleire år og gå gjennom fleire rettsinstansar.
Departementet har andre og presumptivt mindre kostbare måtar å påverke
rettstilstanden på enn å gå til søksmål mot eit anna statleg finansiert
organ. Desse medlemene viser
til at departementet til dømes kan gje nye forskrifter eller leggje
fram lovframlegg for Stortinget. Departementet kan også gje prinsipputtaler
om korleis ein regel skal tolkast. Det er difor ikkje opplagt at
departementet har eit strengt behov for søksmålsretten som ligg
i skatteforvaltningsloven § 15-2 fyrste ledd, langt mindre at departementet
bør nytte seg av retten i det omfanget som mellom anna Rekneskap
Noreg skildrar i høyringssvaret sitt. Desse medlemene minner om
at det i forarbeida går tydeleg fram at søksmålsretten var tenkt å
skulle nyttast berre heilt unntaksvis.
Desse medlemene viser elles
til at i spørsmål der Finansdepartementet er usamd med ei skatteklagenemnd
og departementet finn det riktig å gå til søksmål, så vil det ofte
kunne vere viktige prinsipielle avvegingar. Slike avvegingar kan
i regelen verte betre handsama i openheit gjennom ein demokratisk
prosess der ulike samfunnsinteresser og folk flest kan verte høyrde,
enn som ei forhandling i rettsapparatet der ulike statsfinansierte
organ i mange tilfelle vil vere dei einaste som er representerte.
Desse medlemene minner elles
om at rettsapparatet reint prinsipielt er til for å verne borgarane,
mellom anna mot urettmessige inngrep frå staten, og at det ikkje
er openbert at det er uproblematisk at staten nyttar rettsapparatet
til å gå til sak mot eigne klageorgan, særskilt ikkje når dette
kan gå ut over borgarane sine interesser.
Det veg tungt for desse medlemene at
det ikkje verkar som om det er gjort tilstrekkelege prinsipielle vurderingar
kring mellom anna rettstryggleik i førebuinga av saka, og desse medlemene kan
difor ikkje støtte regjeringa sitt framlegg.
Desse medlemene fremjar i
staden fylgjande framlegg:
«Stortinget
ber regjeringa setje ned ei arbeidsgruppe som skal vurdere korleis
ein kan klårgjere regelverket kring dei eventuelle konsekvensane
eit søksmål frå Finansdepartementet mot ei skatteklagenemnd etter skatteforvaltningsloven
§ 15-2 skal få for skattytar, og der løysinga ikkje må gå utover
skattytaren sin rettstryggleik.»
Desse medlemene er
klar på at det høyrer regjeringa til å avgjere kven som skal sitje
i regjeringa sine utval og arbeidsgrupper, men tillet seg å gjere
til kjenne eit syn om at det nok vil vere ein føremon om arbeidsgruppa
har ei overvekt av medlemer som representerer andre enn Finansdepartementet
og staten sine interesser.
Desse medlemene viser elles
til dei meir grunnleggjande motførestillingane mot dagens ordning
som er komne fram, og fremjar på den bakgrunnen fylgjande framlegg:
«Stortinget
ber regjeringa sjølv, eller ei arbeidsgruppe regjeringa sett ned,
vurdere om rettstryggleiken til skattytar vert svekka av skatteforvaltningsloven
§ 15-2 fyrste ledd og om det er fornuftig bruk av skattebetalarane
sine pengar å leggje til rette for at staten kan saksøkje eit statleg
finansiert organ gjennom denne føresegna, eller om føresegna bør
fjernast.»
Desse medlemene vil
til slutt vise til at det er viktig at skattereglar er enkle, klare
og tydelege. Desse medlemene meiner
at Finansdepartementet burde leggje større vekt på dette, m.a. for
å unngå uklårleikar som fører til for samfunnet og skattytar kostbar
og på andre måtar byrdefull behandling i skatteklagenemnd og altså
i ytste konsekvens søksmål. Desse medlemene meiner generelt
at departementet burde prioritere eigne ressursar til slikt forenklingsarbeid
i staden for til å førebu rettssaker. Det har eit viktig demokratisk aspekt
ved seg at regelverk er enkle å forstå for folk flest, og at det
ikkje skal vere behov for kostbar juridisk rådgjeving.