7.1 Sammendrag
Etter skatteloven
§ 2-30 er Noregs Bank friteken for skatt. Dotterselskap av Noregs
Bank som høyrer heime i Noreg, er i utgangspunktet skattepliktige
hit. Frå 2017 vart det innført fritak for skatt for norske aksjeselskap som
direkte eller indirekte er eigde fullt ut av Noregs Bank. Fritaket
gjeld skatt på passive inntekter frå investeringar etter lov om
Statens pensjonsfond utland (SPU), jf. skatteloven § 2-40.
Slik føresegna lyder,
gjeld fritaket «aksjeselskaper». Departementet ynskjer å gjere det
klårt at fritaket ikkje berre gjeld aksjeselskap skipa etter norsk
aksjelovgiving, men òg omfattar selskap skipa i utlandet når dei høyrer
heime i Noreg. Det er ein føresetnad at slike selskap svarer til
norske aksjeselskap.
Departementet legg
òg fram forslag om å føye til ei overskrift til skatteloven § 2-40
der det kjem fram at føresegna gjeld avgrensing av skatteplikt for
visse selskap eigde av Noregs Bank.
Framlegga vil ikkje
ha administrative følgjer eller verknader for provenyet.
Departementet syner
til framlegg til endring av skatteloven § 2-40 og ny overskrift
til føresegna.
Departementet foreslår
at endringane tek til å gjelde straks.