6.1 Sammendrag
Som ledd i regjeringa
sitt arbeid med forenklingar i skatte- og avgiftsregelverket har
departementet vurdert moglege forenklingar i reglane om skattlegging
av ektefellar. Fleire av reglane om skattlegging av ektefellar er vanskelege
å forstå for skattytarar og er samstundes administrativt krevjande
for Skatteetaten. Ei utfordring ligg i at formuen og inntektene
til ektefellane heilt eller delvis skal leggjast saman før endeleg
skatt vert fastsett, og at ein i nokre tilfelle må vurdere gunstigaste
skattemåte manuelt. Ein har òg særlege unntak og andre fristar enn
i skatteloven elles. Det gjer at manuell behandling ofte er naudsynt.
Vidare skapar reglane i mange høve uvisse og behov for rettleiing
til skattytarane. Etter opphevinga av skatteklasse 2 frå og med
inntektsåret 2018 betyr nokre reglar for skattlegging som ektefellar ikkje
lenger noko i praksis. Samstundes har ein dei seinare åra innført
fleire skattereglar som byggjer på individuell fastsetjing. Det
gjer ei vurdering av gunstigaste skattemåte for ektefellar mindre
aktuell. Auka digitalisering inneber òg at ein i nokre av reglane
kan leggje betre til rette for automatisk behandling i Skatteetaten sine
system.
På denne bakgrunnen
gjer departementet framlegg om enkelte justeringar og oppdateringar
av reglane om skattlegging av ektefellar. Endringane gjer reglane
enklare å forstå for skattytarane og betre tilpassa automatisk behandling
i Skatteetaten.
Departementet gjer
framlegg om å oppheve hovudregelen om at ektefellar skal verte skattlagde
under eitt for alminneleg inntekt, sidan denne ikkje lenger har
nokon praktisk verknad. Etter opphevinga av skatteklasse 2 vert
ektefellar alltid skattlagde særskild for alminneleg inntekt fordi
dette no alltid løner seg.
Departementet gjer
vidare framlegg om å endre tidspunktet for når skattlegging som
ektefellar tek til å gjelde, til utgangen av 31. desember året før
inntektsåret. Fristen vert då ved årsskiftet som i skatteloven elles.
Etter gjeldande reglar vert berre dei som har inngått ekteskap innan
utgangen av 31. oktober, skattlagde som ektefellar frå det etterfølgjande
inntektsåret. Meir effektiv handtering av informasjon gjer at Skatteetaten ikkje
lenger treng tida fram til årsskiftet for utskriving av skattekort
og fastsetjing av skattemanntal. Ein frist ved årsskiftet kan behandlast
automatisk og er enklare å forstå for skattytarane.
Departementet gjer
i tillegg framlegg om å endre tidspunktet for fastsetjing av skattestad
frå 1. november året før inntektsåret til utgangen av 1. januar
i inntektsåret. Med det vidarefører ein dagens samordning med reglane
for skattlegging av ektefeller, og reglane vert samstundes betre
tilpassa automatisk behandling og den faktiske bustaden til ei kvar
tid.
Departementet vil
òg gjere framlegg om å oppheve unntaket som gjer det mogleg å krevje
skattlegging som ektefellar allereie eitt år tidlegare enn hovudregelen. Unntaket
gjeld dersom ektefellane har stifta felles heim innan utgangen av
inntektsåret dei giftar seg. Unntaket er lite nytta, og ein antek
at det vert enda mindre brukt etter at skatteklasse 2 vart oppheva.
Då det i dag er vanleg at ektefellar allereie bur saman når dei
giftar seg, fjernar ein òg ei føresegn som ville vore svært administrativt
krevjande for Skatteetaten å praktisere.
Vidare gjer departementet
framlegg om at ektefellar ikkje lenger skal reknast å leve «varig
adskilt» sjølv om ein av ektefellane har langvarig opphald eller
er bustadsregistrert på institusjon i folkeregisteret. Etter framlegget
skal desse ektefellane no alltid verte skattlagde som ektefellar,
og ikkje individuelt.
Gjennom skatteloven
§ 2-16 får desse endringane i reglane for skattlegging av ektefellar
tilsvarande verknad for meldepliktige sambuarar.
Framlegga til endringar
som er nemnde ovanfor, vil gje klårare reglar og føre til forenklingar
både for skattytarane og for Skatteetaten. Endringane skal gjelde
frå 2020, men vert fremja allereie i revidert nasjonalbudsjett,
slik at Skatteetaten skal få høve til å gjere dei naudsynte endringane
i sine system fram til årsskiftet. Departementet legg til grunn
at endringane ikkje vil ha nemneverdige verknader for provenyet.
Departementet syner
til framlegg til endringar i skatteloven § 2-10, § 2-11, § 2-12,
§ 3-1 og § 3-4 og i inndelingslova § 12. Ein legg opp til at endringane
tek til å gjelde straks med verknad frå og med inntektsåret 2020.