10. Skattefastsettingen til de skattepliktige som følge av søksmål fra myndighetene mot en klagenemnd

10.1 Sammendrag

Skatteforvaltningsloven (skfvl.) § 15-2 fyrste ledd slår fast at Finansdepartementet kan gå til søksmål for å få prøvd om eit vedtak frå ei skatteklagenemnd byggjer på feilaktig faktisk grunnlag eller urett oppfatning av eit rettsleg spørsmål. Dersom departementet går til søksmål mot nemnda og vinn fram, følgjer det ikkje klårt av lova kva konsekvensane for den skattepliktige som vedtaket gjeld, er.

Departementet sende på høyring eit framlegg om å presisere i skatteforvaltningsloven at omgjeringstilgangen til skattestyresmaktene som følgje av dom òg gjeld for søksmål etter skfvl. § 15-2.

Nokre høyringsinstansar var ikkje einige med departementet i at framlegget var ei presisering av gjeldande rett, men fann at framlegget endrar rettsstillinga til dei skattepliktige.

Departementet held fast ved sitt syn om at framlegget inneber ei presisering og ikkje endrar rettstilstanden. Presiseringa vil òg gjelde for saker der kommunen går til søksmål etter skfvl. § 15-2 anna og tredje ledd.

Departementet legg til grunn at presiseringa ikkje vil ha administrative eller økonomiske konsekvensar for departementet, Skatteetaten eller dei skattepliktige.

Departementet syner til framlegg om endring i skatteforvaltningsloven § 12-1 tredje ledd bokstav a, som departementet foreslår at tek til å gjelde straks.

10.2 Komiteens merknader

Komiteens flertall, alle unntatt medlemmene fra Senterpartiet, slutter seg til regjeringens lovforslag.

Medlemene i komiteen frå Senterpartiet legg til grunn at dersom Finansdepartementet er usamd med ei skatteklagenemnd i eit skattespørsmål, så ligg det føre ein uklårleik i rettstilstanden som det ikkje nødvendigvis er rimeleg at skattytar skal måtte bere risikoen for. Desse medlemene er ikkje samde i at det er openbert at dom i ei rettssak mellom Finansdepartementet og ei skatteklagenemnd skal få konsekvensar for skatteutmålinga til skattytaren, kanskje særleg ikkje der avgjerda er til ugunst for skattytaren. Desse medlemene saknar ei grundig vurdering av rettstryggleiken til skattytaren opp mot intensjonen i legalitetsprinsippet og det som for skattytaren kan opplevast som vilkårleg skattlegging.

Desse medlemene viser til at fire av fem uavhengige høyringsinstansar som har gjeve uttale, går imot framlegget. Dette gjeld Deloitte Advokatfirma AS, NHO, Rekneskap Noreg og Revisorforeininga. Skattedirektoratet, Norsk økoforum og Finans Noreg, kor dei to første kan reknast for å ha band til departementet, støttar framlegget. Ut frå høyringssvara synest det elles som om korkje Finans Noreg eller Norsk økoforum har vurdert prinsipielle sider ved framlegget.

Desse medlemene viser til at NHO i høyringssvaret sitt mellom anna problematiserer at departementet sitt framlegg vil innebere at dei vanlege fristane for endring av skatt ikkje lenger skal kome skattytar til gode. Revisorforeininga trekkjer fram at skattytar kan ha trong for raskt å innrette seg etter Skatteklagenemnda sitt vedtak, og at det då er uheldig at Finansdepartementet har høve til å gå til søksmål mot nemnda i inntil seks månader etter avgjerda. I tillegg kan ein måtte tåle ein rettsprosess som kan vare i årevis. NHO problematiserer også at framlegget vil innebere at det vert vanskelegare for skattytar å føresjå sin eigen skattesituasjon.

Desse medlemene viser vidare til at Revisorforeininga i høyringssvaret sitt er oppteken av at skattytaren ikkje har ankerett i saka Finansdepartementet fører mot ei skatteklagenemnd. Dette er svært uheldig for skattytaren sin rettstryggleik, ifylgje Revisorforeininga. Desse medlemene deler dette synet og meiner dette er eit tilhøve som bør ha stor vekt.

Desse medlemene viser dessutan til at Rekneskap Noreg i høyringssvaret sitt tek til orde for at Finansdepartementet sin søksmålsrett etter skatteforvaltningsloven § 15-2 i seg sjølv er problematisk for skattytarane sin rettstryggleik. Desse medlemene finn ikkje grunnlag for å ta stilling til dette, men ser elles at det også er grunn til å stille spørsmål ved om søksmålsretten representerer fornuftig statleg pengebruk. Slike rettssaker kan vere svært kostbare, gå føre seg over fleire år og gå gjennom fleire rettsinstansar. Departementet har andre og presumptivt mindre kostbare måtar å påverke rettstilstanden på enn å gå til søksmål mot eit anna statleg finansiert organ. Desse medlemene viser til at departementet til dømes kan gje nye forskrifter eller leggje fram lovframlegg for Stortinget. Departementet kan også gje prinsipputtaler om korleis ein regel skal tolkast. Det er difor ikkje opplagt at departementet har eit strengt behov for søksmålsretten som ligg i skatteforvaltningsloven § 15-2 fyrste ledd, langt mindre at departementet bør nytte seg av retten i det omfanget som mellom anna Rekneskap Noreg skildrar i høyringssvaret sitt. Desse medlemene minner om at det i forarbeida går tydeleg fram at søksmålsretten var tenkt å skulle nyttast berre heilt unntaksvis.

Desse medlemene viser elles til at i spørsmål der Finansdepartementet er usamd med ei skatteklagenemnd og departementet finn det riktig å gå til søksmål, så vil det ofte kunne vere viktige prinsipielle avvegingar. Slike avvegingar kan i regelen verte betre handsama i openheit gjennom ein demokratisk prosess der ulike samfunnsinteresser og folk flest kan verte høyrde, enn som ei forhandling i rettsapparatet der ulike statsfinansierte organ i mange tilfelle vil vere dei einaste som er representerte.

Desse medlemene minner elles om at rettsapparatet reint prinsipielt er til for å verne borgarane, mellom anna mot urettmessige inngrep frå staten, og at det ikkje er openbert at det er uproblematisk at staten nyttar rettsapparatet til å gå til sak mot eigne klageorgan, særskilt ikkje når dette kan gå ut over borgarane sine interesser.

Det veg tungt for desse medlemene at det ikkje verkar som om det er gjort tilstrekkelege prinsipielle vurderingar kring mellom anna rettstryggleik i førebuinga av saka, og desse medlemene kan difor ikkje støtte regjeringa sitt framlegg.

Desse medlemene fremjar i staden fylgjande framlegg:

«Stortinget ber regjeringa setje ned ei arbeidsgruppe som skal vurdere korleis ein kan klårgjere regelverket kring dei eventuelle konsekvensane eit søksmål frå Finansdepartementet mot ei skatteklagenemnd etter skatteforvaltningsloven § 15-2 skal få for skattytar, og der løysinga ikkje må gå utover skattytaren sin rettstryggleik.»

Desse medlemene er klar på at det høyrer regjeringa til å avgjere kven som skal sitje i regjeringa sine utval og arbeidsgrupper, men tillet seg å gjere til kjenne eit syn om at det nok vil vere ein føremon om arbeidsgruppa har ei overvekt av medlemer som representerer andre enn Finansdepartementet og staten sine interesser.

Desse medlemene viser elles til dei meir grunnleggjande motførestillingane mot dagens ordning som er komne fram, og fremjar på den bakgrunnen fylgjande framlegg:

«Stortinget ber regjeringa sjølv, eller ei arbeidsgruppe regjeringa sett ned, vurdere om rettstryggleiken til skattytar vert svekka av skatteforvaltningsloven § 15-2 fyrste ledd og om det er fornuftig bruk av skattebetalarane sine pengar å leggje til rette for at staten kan saksøkje eit statleg finansiert organ gjennom denne føresegna, eller om føresegna bør fjernast.»

Desse medlemene vil til slutt vise til at det er viktig at skattereglar er enkle, klare og tydelege. Desse medlemene meiner at Finansdepartementet burde leggje større vekt på dette, m.a. for å unngå uklårleikar som fører til for samfunnet og skattytar kostbar og på andre måtar byrdefull behandling i skatteklagenemnd og altså i ytste konsekvens søksmål. Desse medlemene meiner generelt at departementet burde prioritere eigne ressursar til slikt forenklingsarbeid i staden for til å førebu rettssaker. Det har eit viktig demokratisk aspekt ved seg at regelverk er enkle å forstå for folk flest, og at det ikkje skal vere behov for kostbar juridisk rådgjeving.