7. Skatteloven § 2-40

7.1 Sammendrag

Etter skatteloven § 2-30 er Noregs Bank friteken for skatt. Dotterselskap av Noregs Bank som høyrer heime i Noreg, er i utgangspunktet skattepliktige hit. Frå 2017 vart det innført fritak for skatt for norske aksjeselskap som direkte eller indirekte er eigde fullt ut av Noregs Bank. Fritaket gjeld skatt på passive inntekter frå investeringar etter lov om Statens pensjonsfond utland (SPU), jf. skatteloven § 2-40.

Slik føresegna lyder, gjeld fritaket «aksjeselskaper». Departementet ynskjer å gjere det klårt at fritaket ikkje berre gjeld aksjeselskap skipa etter norsk aksjelovgiving, men òg omfattar selskap skipa i utlandet når dei høyrer heime i Noreg. Det er ein føresetnad at slike selskap svarer til norske aksjeselskap.

Departementet legg òg fram forslag om å føye til ei overskrift til skatteloven § 2-40 der det kjem fram at føresegna gjeld avgrensing av skatteplikt for visse selskap eigde av Noregs Bank.

Framlegga vil ikkje ha administrative følgjer eller verknader for provenyet.

Departementet syner til framlegg til endring av skatteloven § 2-40 og ny overskrift til føresegna.

Departementet foreslår at endringane tek til å gjelde straks.

7.2 Komiteens merknader

Komiteen slutter seg til regjeringens lovforslag.