Søk
Søk i saker og publikasjoner fra Stortinget og regjeringen og redaksjonelle artikler tilbake til 1996. For historiske saker, se eget søk.
Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.
Skattebetalingsloven har ei fråsegn om at skattytaren kan unngå restskatt med rentetillegg om han eller ho betaler inn tilleggsforskot innan 31. mai i skattefastsetjingsåret. Fråsegna byggjer på ein føresetnad om at skatteoppgjeret er ferdigstilt etter denne datoen, sidan det ikkje er mogleg å betale forskot på skatt etter at skatteoppgjeret ligg føre.
Frå og med våren 2020 vil dei fleste skattytarane få skatteoppgjeret før 31. mai. Fristen for å betale tilleggsforskot vert då kortare enn i dag. Etter Finansdepartementet sitt syn bør det likevel framleis vere slik at skattytaren kan sleppe rentetillegg om han eller ho betaler skatten innan 31. mai. Departementet foreslår difor at det ikkje vert berekna rentetillegg når skattytaren betaler innan 31. mai i skattefastsetjingsåret.
Framlegget har ikkje verknader for provenyet, og høyringsinstansane har gjennomgåande vore positive til endringane.
Departementet syner til framlegg om endringar i skattebetalingsloven §§ 4-7 og 11-5.
Departementet foreslår at endringane tek til å gjelde frå 1. januar 2020 med verknad for skatteoppgjeret for inntektsåret 2019.
Komiteen slutter seg til regjeringens lovforslag.