5.1 Sammendrag
Ordninga med aksjesparekonto
vart innført 1. september 2017. Ordninga inneber at personlege skattytarar
kan opprette aksjesparekonto. Innskot på kontoen kan investerast
i børsnoterte aksjar, børsnoterte eigenkapitalbevis og andelar i
aksjefond. Gevinstar ved realisasjon av verdipapir på kontoen vert
ikkje skattlagde i samband med realisasjonen, men først når midlane
vert tekne ut av kontoen.
Ved innføringa av
ordninga vart det gitt overgangsreglar. Etter overgangsreglane kan
personlege aksjonærar fram til utgangen av 2018 overføre verdipapir
til aksjesparekonto med kontinuitet. Det vil seie at overføringa
ikkje vert skattlagd. Samstundes vert innskotet på kontoen sett
til skattytars inngangsverdi på aksjane og andelane. Eventuell unytta
skjerming på dei overførte aksjane og aksjefondsandelane, vert unytta
skjerming på aksjesparekontoen.
I nokre tilfelle
kan aksjonærar ha negativ inngangsverdi på aksjar. Når aksjar med
negativ inngangsverdi vert realiserte, vert gevinsten sett til vederlaget
tillagt den negative inngangsverdien.
Overgangsreglane
for aksjesparekonto kan nyttast til å realisere aksjar med negativ
inngangsverdi utan at inngangsverdien vert skattlagd i samband med
realisasjonen, eller når midlane vert tekne ut av kontoen. Ein aksjonær
kan til dømes overføre ein aksje med negativ inngangsverdi på 50
og verdi på 100 til ein aksjesparekonto oppretta for formålet. Overføringa
skjer etter overgangsreglane og utløyser ikkje skatt. Innskotet
på kontoen vert sett til inngangsverdien på aksjen. Det vil seie
at aksjonæren får eit negativt innskot på kontoen på 50.
Aksjonæren sel deretter
aksjen for 100 og tek midlane ut frå kontoen. Uttaket på 100 vert
då skattlagt som aksjeinntekt. Den negative inngangsverdien på aksjen vert
ståande som eit negativt innskott på den tomme aksjesparekontoen,
og vert ikkje skattlagd før kontoen vert avslutta.
Departementet meiner
det er uheldig at overgangsreglane kan nyttast til å realisere aksjar
med negativ inngangsverdi utan at den inngangsverdien vert skattlagd
i samband med realisasjonen, eller når midla vert tekne ut av kontoen.
Departementet foreslår difor å endre overgangsreglane slik at negative
inngangsverdiar vert skattlagde når aksjar vert overførte til aksjesparekonto. Endringa
gjer at den negative inngangsverdien på 50 i dømet over vert skattlagd
når aksjen vert overført til aksjesparekontoen. Departementet legg
til grunn at aksjonærens innskot i slike tilfelle vert sett til
null.
Departementet viser
til framlegg til endring i overgangsregelen til skatteloven § 10-21,
i lov 20. desember 2016 nr. 111 om endring i skatteloven.
Departementet varsla
i ei nyheitssak 26. april 2018 at denne endringa i overgangsregelen
ville verte foreslått. Det vart òg varsla at forslaget under føresetnad
av at det vart vedteke av Stortinget, ville få verknad frå 26. april
2018. I tråd med dette foreslår departementet at endringa tek til
å gjelde straks med verknad frå og med 26. april 2018.