Søk

Innhold

13. Tilgang til taushetsbelagte opplysninger i Folkeregisteret

13.1 Sammendrag

Lov 9. desember 2016 nr. 88 om folkeregistrering tok til å gjelde 1. oktober 2017. Med den nye lova må heimel for utlevering av opplysningar frå Folkeregisteret som er omfatta av teieplikt, stå i regelverket som gjeld for dei ulike saksområda. Vedtak om utlevering av opplysningar etter tidlegare folkeregisterlov gjeld likevel fram til eitt år etter at den nye lova tok til å gjelde. Dersom tilgangen til opplysningar som er omfatta av teieplikt, skal vidareførast, må ny lovheimel vere på plass før dette. Dette er det gjort greie for i Prop. 164 L (2015–2016) Lov om folkeregistrering, sjå særleg kap. 18 (punkt 18.4.4) og kap. 23. Samstundes med at ny folkeregisterlov vart vedteke, vart det difor vedteke endringar i ei rekkje lover for å sikre framleis tilgang til opplysningar underlagde teieplikt.

I samråd med Kunnskapsdepartementet, Arbeids- og sosialdepartementet, Utanriksdepartementet, Barne- og likestillingsdepartementet, Helse- og omsorgsdepartementet, Kulturdepartementet og Kommunal- og moderniseringsdepartementet foreslår Finansdepartementet å gjere enkelte lovendringar som er naudsynte for å sikre framleis tilgang til opplysningar som er omfatta av teieplikt i folkeregisterloven, og som ikkje vart gjorde då folkeregisterloven vart fremja. Vurderingane av behovet for slik heimel er gjort i dei einskilde departementa, og vert fremja samla her av praktiske omsyn. Finansdepartementet foreslår òg endringar i skatteforvaltningsloven og a-opplysningsloven for å klårgjere at skattemyndigheitene framleis har tilgang til opplysningar frå Folkeregisteret når dei utfører oppgåver etter desse lovene.

Dei foreslåtte lovendringane er alle ei vidareføring av gjeldande rett og teknisk oppfølging av ny folkeregisterlov, jf. omtale i nemnde proposisjon. Departementa har difor lagt til grunn at det openbert ikkje er naudsynt å sende desse framlegga på allmenn høyring, jf. punkt 3-3 i utgreiingsinstruksen.

Departementa har vidare lagt til grunn at endringane er ei vidareføring av gjeldande rett og difor ikkje får økonomiske eller administrative konsekvensar.

Departementet foreslår heimlar i barnehageloven, opplæringslova og friskolelova for å vidareføre offentlege styresmakter sin tilgang til dei opplysningane frå Folkeregisteret som er naudsynte for å utføre oppgåver etter desse lovene.

Departementet foreslår endringar i lov om Statens pensjonskasse, lov om pensjonstrygd for sjømenn, lov om pensjonstrygd for fiskere og lov om sosiale tjenester i arbeids- og velferdsforvaltningen (sosialtjenesteloven). Formålet med endringane er å sikre tilgang til Folkeregisteret for visse etatar m.m. under Arbeids- og sosialdepartementet.

Departementet gjer framlegg om endringar i utenrikstjenesteloven for å sikre utanrikstenesta (Utanriksdepartementet og utanriksstasjonane) naudsynt lovheimel for å innhente opplysningar frå Folkeregisteret utan hinder av teieplikta, jf. folkeregisterloven § 10-2 første leddet.

Departementet foreslår endringar i lov om utenlandske skilsmisser, barnelova, ekteskapslova og gjeldsordningsloven. For å kunne utføre oppgåvene dei er pålagde, treng offentlege styresmakter enkelte opplysningar frå Folkeregisteret som er omfatta av teieplikt etter folkeregisterloven. Formålet med dei foreslåtte lovendringane er å vidareføre den moglegheita offentlege myndigheiter i dag har til å hente opplysningar som er omfatta av teieplikt, frå Folkeregisteret. Dette gjeld til dømes opplysningar om sivilstand, ektefelle, barn og foreldreansvar, som dei fram til no har hatt tilgang til etter den tidlegare folkeregisterloven.

Norsk pasientskadeerstatning (NPE) og klageinstansen Pasientskadenemnda treng tilgang til opplysningar som er underlagt teieplikt i Folkeregisteret. Opplysningane vert nytta til å behandle krav om erstatning for pasientskadar etter pasientskadeloven. Det gjeld opplysningar om foreldre, barn og ektefelle eller registrert partnar, og særleg i saker der pasienten er død og det er naudsynt å finne ut kven som er rett person til å tre inn i kravet, eller kven som har rett til å fremje søknad om erstatning. Det kan òg vere aktuelt å be om opplysningar om foreldreansvar, elektronisk kontaktinformasjon og kontaktopplysningar for dødsbu.

Norsk pasientskadeerstatning og Pasientskadenemnda har i dag tilgang til opplysningane med grunnlag i vedtak. Framlegget om å ta inn ein ny § 10 a i pasientskadeloven som sikrar naudsynt lovheimel for å innhente opplysningar frå Folkeregisteret utan hinder av teieplikta, fører vidare denne tilgangen.

Det vert vist til framlegg om ny § 10 a i pasientskadeloven.

Departementet gjer framlegg til endring i lov 7. juni 1996 nr. 32 om gravplasser, kremasjon og gravferd (gravferdsloven). Lova vert foreslått endra slik at kyrkjelege fellesråd og kommunar får heimel i lova for framleis å kunne innhente opplysningar frå Folkeregisteret utan hinder av teieplikt når dette er naudsynt for å utøve pliktene dei har etter gravferdsloven, jf. folkeregisterloven § 10-2.

Det vert gjort framlegg til endringar i lov 16. juni 2017 nr. 65 om eierseksjoner (eierseksjonsloven) og lov 17. juni 2005 nr. 101 om eigedomsregistrering (matrikkellova). Dei to lovene vert foreslått endra slik at kommunen får heimel i lov for framleis å kunne innhente opplysningar frå Folkeregisteret utan hinder av teieplikt når dette er naudsynt for å utøve pliktene dei har etter eierseksjonsloven og matrikkellova, jf. folkeregisterloven § 10-2. Det same gjeld for Kartverket som sentral matrikkelstyresmakt.

I samband med ny folkeregisterlov vart det teke inn ein heimel i skatteforvaltningsloven § 10-5 andre ledd bokstav i om at folkeregisterstyresmakta etter krav frå skattestyresmaktene skal gje dei opplysningane som er naudsynte for skattestyresmaktenes fastsetting av skatt. Heimelen er plassert i skatteforvaltningsloven kapittel 10 om kontroll. Etter ei fornya vurdering har departementet kome til at heimelen høyrer betre heime i kapittel 7 om opplysningsplikta til tredjepartar. Departementet foreslår difor ein ny heimel i skatteforvaltningsloven § 7-9 nytt tredje ledd om at skattestyresmaktene utan hinder av teieplikt skal ha tilgang til opplysningar frå Folkeregisteret som er naudsynte for fastsetting av skatt. Skatteforvaltningsloven § 10-5 andre ledd bokstav i vert foreslått oppheva. Forslaget inneber ei vidareføring av den tilgangen til Folkeregisteret skattestyresmaktene har i dag.

13.2 Komiteens merknader

Komiteen slutter seg til regjeringens forslag.