Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.
Innhold
Departementet gjer framlegg om ei endring i folkeregisterloven for å sikre at det framleis kan tildelast nytt fødselsnummer i samband med anonyme spedbarnsadopsjonar.
Etter tidlegare folkeregisterregelverk vart det gjeve nytt fødselsnummer i nokre adopsjonshøve, sjå adopsjonsloven 16. juni 2017 nr. 48 § 14 om spedbarnsadopsjonar. Det gjeld såkalla anonyme adopsjonar, som skjer i samband med fødselen på oppmoding frå dei biologiske foreldra. Dei biologiske foreldra får ikkje vite kven som vert adopsjonsforeldre, og adopsjonsforeldra får ikkje identifiserande opplysningar om barnet si biologiske slekt. For å sikre anonymitet mellom partane får barnet nytt fødselsnummer etter adopsjonen. (Barnet har etter fylte 18 år rett til å få opplyst kven som er biologiske foreldre.)
Ved ein inkurie fall heimelen til å gje nytt fødselsnummer i desse høva ut i ny folkeregisterlov. Departementet foreslår difor ei endring i folkeregisterloven 9. desember 2016 nr. 88 § 2-2, slik at det framleis kan tildelast nytt fødselsnummer til barnet i samband med anonyme spedbarnsadopsjonar.
Det vert vist til framlegg om nytt siste punktum i § 2-2 tredje ledd i folkeregisterloven.
Komiteen slutter seg til regjeringens forslag.