4.1 Sammendrag
Departementet gjer
framlegg om å innføre enklare reglar for skattlegging av personar
som er busette i utlandet, men som arbeider i Noreg. Den nye ordninga
vil i hovudsak gjelde for utanlandske arbeidstakarar på kortvarig
opphald i landet. Skatteordninga vil vere vesentleg enklare for
dei som inngår i den, og vil gje riktigare skatt etter reglane for
ei gruppe det over tid har vore krevjande å skattleggje rett.
Det ligg tunge argument
bak framlegget om å innføre ei slik ordning. Skatteetaten har vist
til at skattlegginga av denne gruppa gjev opphav til mange feil,
og at den samstundes er svært ressurskrevjande. Det kjem av at regelverket
er komplisert, at informasjonsgrunnlaget er mangelfullt, og at etterlevinga
ikkje er god nok. I tillegg er innkrevjing av restskattar vanskeleg
arbeid og kontrollkapasiteten avgrensa. Riksrevisjonen har etter
ein gjennomgang av regelverk og praksis på området bedt Finansdepartementet
om å vurdere endringar for å sikre riktigare og meir effektive reglar
for denne gruppa.
Framlegget går i
korte trekk ut på at lønsinntekter vert skattlagde etter ein bruttometode
med ein fast sats. Ein foreslår at satsen vert fastsett til 25 pst.
i Stortingets skattevedtak for 2019. Skattytar får ingen frådrag
i skattegrunnlaget, og det same gjeld i utrekna skatt. Skatten vil
verte fastsett fortløpande gjennom arbeidsgjevar sitt skattetrekk
og påfølgande melding til Skatteetaten. For inntekter som vert skattlagde
i ordninga, skal skattytar ikkje levere skattemelding (tidlegare
sjølvmelding). Brutto arbeidsinntekt (lønsinntekt og ev. skattepliktige trygdeinntekter)
er eit eige skattegrunnlag, og ein skal ikkje samordne dette grunnlaget
med andre grunnlag. Personar som har inntekt frå næring, kan ikkje
inngå i ordninga.
Ein foreslår òg
å oppheve det særlege standardfrådraget for denne gruppa. Sokkelarbeidarar
og utanlandske sjøfolk inngår ikkje i den nye ordninga og får difor behalde
standardfrådraget.
For å motverke at
høge inntekter vert skattlagde særs gunstig, foreslår departementet
eit tak for inntekter i ordninga. Etter framlegget vil ein skattytar
som har årlege lønsinntekter over trinn 3 i trinnskatten, ikkje kunne
vere i ordninga. Dei som tener over dette taket, vil i staden verte
skattlagde i tråd med dei ordinære reglane i skatteloven.
Departementet foreslår
at ordninga skal vere frivillig. Det inneber at skattytar kan velje
skattlegging i tråd med vanlege reglar. Det er særlig omsynet til
EØS-avtalen og forbodet mot diskriminering som ligg bak.
Framlegget var på
høyring våren 2017. Høyringsinstansane var gjennomgåande positive
til ei ny ordning for skattlegging av denne gruppa.
For ei nærare omtale
av utviklinga i arbeidsinnvandring til Noreg, liknande skatteordningar
i andre land og Riksrevisjonens rapport til Stortinget viser ein til
høyringsnotatet av 7. april 2017.
Innføring av ei
ny ordning for skattlegging av utanlandske arbeidstakarar vil vere
forenklande for etaten og for dei som inngår i ordninga. I 2016
var det i underkant av 170 000 personar på kortvarig opphald i Noreg. Det
er anslått at 20–25 pst. av utanlandske arbeidstakarar på kortvarig
opphald vil velje kjeldeskatt.
Med ordninga fjernar
ein mange feilkjelder ved skattlegginga av denne gruppa. Skattekontoret
vil ikkje lenger måtte vurdere ulike frådrag, og skatten vil vere oppgjord
ved trekk og melding frå arbeidsgjevar. Problem med innkrevjing
av restskatt og utbetaling av beløp ein har til gode vil nærast
verte borte for dei som er i ordninga. Skattytarar i ordninga vil
i hovudsak ikkje måtte levere skattemelding.
Skattedirektoratet
anslår på usikkert grunnlag at den nye ordninga kan frigje ressursar
tilsvarande 10–20 årsverk årleg.
Skatteetaten må
i 2018 klargjere for ordninga, og det er løyvd 10 mill. kroner til
etaten sine kostnader til systemutvikling.