Unntak fra plikten til å justere
merverdiavgift
I revidert nasjonalbudsjett
2017 vart det innført eit unntak frå plikta til å justere kompensasjon
for meirverdiavgift etter merverdiavgiftskompensasjonsloven ved overdraging
av bygg og anlegg i samband med samanslåing og deling av kommunar.
Bakgrunnen for endringa var regjeringa si reform av kommunestrukturen
i Noreg, der eit sentralt prinsipp er at samanslåingar og delingar
ikkje skal medføre utgifter eller prosedyrekrav for kommunane, sjå
nærare Prop. 130 LS (2016–2017) kapittel 14. Samanslåing og deling
av kommunar og fylkeskommunar fylgjer reglar i lov 15. juni 2001
nr. 70 om fastsetjing og endring av kommune- og fylkesgrenser (inndelingslova).
Det vart ikkje foreslått
tilsvarande endringar i meirverdiavgiftsregelverket, fordi det for
dette regelverket er sentralt at kommunane fylgjer det same regleverket som
private verksemder. I høve til kommunale vass- og avløpsanlegg gjer
det seg likevel gjeldande enkelte særlege omsyn. Slike anlegg er
regulerte i lov 16. mars 2012 nr. 12 om kommunale vass- og avløpsanlegg,
kor det mellom anna er fastsett reglar om kven som kan eige anlegga.
Omsetnad av vass-
og avløpstenester frå kommunane utløyser plikt for kommunane til
å berekne meirverdiavgift. Motstykket er at kommunane har rett til
frådrag for inngåande meirverdiavgift på kostnader til oppføring
og vedlikehald m.m. av vass- og avløpsanlegg. Slike anskaffingar
er omfatta av justeringsreglane i merverdiavgiftsloven kapittel
ni. Justering inneber at kommunen må betale tilbake frådragsført
meirverdiavgift på anskaffingar av kapitalvarer dersom desse blir
selde eller på annan måte tekne i bruk utanfor avgiftspliktig verksemd.
Ei samanslåing eller deling av kommunar er ei hending som utløyser
plikt til å justere.
Lov om kommunale
vass- og avløpsanlegg § 1 andre ledd definerer vass- og avløpsanlegg
som hovudleidningar for vatn og avløp, pumpestasjonar, høgdebasseng, anlegg
for handtering og reinsing av vatn og avløp m.m. Det fylgjer av
§ 1 fyrste ledd at anlegg skal vere kommunalt eigde, og at eksisterande
privateigde anlegg berre kan overdragast til kommunar. Kommunale
vass- og avløpsanlegg kan berre nyttast til det dei er oppførte
for. Av omsyn til kommunane foreslår departementet at det vert fastsett
eit unntak frå plikta til å justere meirverdiavgift etter merverdiavgiftsloven
ved overdraging av kommunale vass- og avløpsanlegg i samband med
kommunesamanslåingar og -delingar.
På denne bakgrunnen
foreslår departementet eit nytt sjette ledd fyrste punktum i merverdiavgiftsloven § 9-2.
Endringa inneber at det blir fastsett eit unntak frå plikta til
å justere inngåande meirverdiavgift ved overdraging av kommunale
vass- og avløpsanlegg ved samanslåingar og delingar av kommunar
og fylkeskommunar. Ein praktisk konsekvens av endringa er at kommunane
ikkje må utarbeide justeringsavtaler med tilhøyrande dokumentasjon
for å overføre slike kapitalvarer. Det er presisert i lovforslaget
at unntaket berre gjeld der overdraginga skjer som ledd i samanslåing
eller deling etter reglane i inndelingslova. Så lenge overdraginga
skjer som ledd i ei slik samanslåing, har det ikkje noko å seie
om kommunen eig anlegget sjølv, til dømes gjennom eit kommunalt
føretak, eller om fleire kommunar eig det gjennom eit interkommunalt
selskap. Det er vidare berre anlegg som definerte i lov om kommunale
vass- og avløpsanlegg § 1 andre ledd som er omfatta av framlegget.
Departementet syner
til framlegg til nytt sjette ledd fyrste punktum i merverdiavgiftsloven
§ 9-2.