Innstilling fra energi- og miljøkomiteen om Endringar i statsbudsjettet 2017 under Olje- og energidepartementet

Søk

Innhold

Til Stortinget

1. Sammendrag

Olje- og energidepartementet kjem i proposisjonen med framlegg om endringar i statsbudsjettet 2017. Departementet gjer i tillegg greie for budsjettstatus når det gjeld fullskala CO2-handtering, og greie for bruk av fullmakter under petroleumsverksemda.

1.1 Endringar i statsbudsjettet 2017

Kap. 1800 Olje- og energidepartementet

Post 21 Spesielle driftsutgifter, kan overførast, kan nyttast under post 72

Det blir foreslått å flytte 0,8 mill. kroner til kap. 1800 post 70. Nytt forslag til løyving under kap. 1800 post 21 er om lag 25,6 mill. kroner.

Post 70 Tilskot til internasjonale organisasjonar mv.

Det blir foreslått å auke løyvinga med 0,8 mill. kroner, til 2,8 mill. kroner. Ein viser til tilsvarande utgiftsreduksjon under kap. 1800 post 21 Spesielle driftsutgifter.

Kap. 1810 Oljedirektoratet

Post 23 Oppdrags- og samarbeidsverksemd, kan overførast

Det blir foreslått å redusere løyvinga med 6 mill. kroner, til 111 mill. kroner. Ein viser til tilsvarande reduksjon under kap. 4810 post 2 Oppdrags- og samarbeidsinntekter.

Kap. 1811 Statoil ASA

Post 96 Aksjar

Statoil ASA har innført eit utbytteaksjeprogram som gir aksjeeigarar i Statoil eit val mellom å ta imot utbytte heilt eller delvis i form av kontantar eller nye aksjar i selskapet til rabattert pris. Statens kontantutbytte vil bli redusert i perioden då utbytteaksjeprogrammet pågår. Talet på aksjar som staten har i Statoil, vil auke sjølv om eigardelen blir halden konstant.

Utbytte frå Statoil blir betalt om lag fire månader etter at selskapet annonserer utbyttet i samband med at rekneskapstala for kvartalet blir gjort kjende. Dette inneber at utbyttet frå tredje og fjerde kvartal 2016 og første og andre kvartal 2017 blir betalt i 2017. Utbyttet for andre kvartal 2017 er venta innbetalt i midten av desember 2017.

Det blir foreslått løyvd 7 441 mill. kroner i utbytteaksjar i 2017, ein auke på 1034 mill. kroner. Ein viser til tilsvarande forslag til løyving under kap. 4811, post 96 Utbytteaksjar.

Kap. 1820 Noregs vassdrags- og energidirektorat

Post 22 Flaum- og skredførebygging, kan overførast, kan nyttast under postane 45, 60 og 72

Det blir foreslått å auke løyvinga med 25 mill. kroner, til om lag 318 mill. kroner i 2017.

Post 23 Oppdrags- og samarbeidsverksemd, kan overførast

Det blir foreslått å redusere løyvinga med 10 mill. kroner, til 80 mill. kroner. Ein viser til tilsvarande reduksjon under kap. 4820 post 2 Oppdrags- og samarbeidsinntekter.

Kap. 1825 Energiomlegging, energi- og klimateknologi

Post 50 Overføring til Energifondet

Det blir foreslått å auke løyvinga med totalt 35 mill. kroner, til 2 621 mill. kroner. Ein viser til tilsvarande samla auke under kap. 4825 post 85 Fondsavkasting og kap. 5582 post 72 Påslag på nettariffen til Energifondet.

Kap. 1830 Forsking og næringsutvikling

Post 70 Internasjonale samarbeids- og utviklingstiltak, kan overførast

Olje- og energidepartementet har utbetalt tilskot til Nordisk energiforsking og EUs rammeprogram for konkurranseevne og innovasjon (CIP). Det inneber at løyvinga for 2017 kan reduserast med 3,3 mill. kroner, til 14 mill. kroner.

Kap. 1840 CO2-handtering

Post 71 Tilskot til Teknologisenter for CO2-fangst på Mongstad

Ny avtaleperiode for Teknologisenter for CO2-fangst på Mongstad vart starta opp 18. august 2017. Drifta av teknologisenteret vart samtidig overført til eit nytt selskap TCM Operations DA, som skal stå for drifta av testanlegga, der statens eigardel er 77,5 prosent. Samtidig vart anlegga overdratt til TCM Asset AS, eit dotterselskap av Gassnova SF, som står som eigar av anlegga ved teknologisenteret og betaler kommunal eigedomsskatt.

Nytt samla anslag for 2017 viser ein reduksjon på 93 mill. kroner frå gjeldande løyving, til 524 mill. kroner.

Kap. 2440/5440 Statens direkte økonomiske engasjement i petroleumsverksemda

Det berekna driftsresultatet for SDØE er auka med 2 600 mill. kroner, frå 84 300 mill. kroner til 86 900 mill. kroner.

Overslaget for netto kontantstraum frå SDØE er auka frå 84 500 mill. kroner til 87 100 mill. kroner, ein auke på 2 600 mill. kroner frå gjeldande løyving 2017.

Kap. 2490 NVE Anlegg

Post 24 Driftsresultat

Anslaget for driftsinntekter er auka med 35 mill. kroner, til 115 mill. kroner i 2017. Auken skuldast høgare omsetning som følge av auka oppdragsmengde, i hovudsak i regionene Vest og Midt.

Anslaget for driftsutgifter er auka med 35,1 mill. kroner, til 110,3 mill. kroner. Auken heng saman med den auka aktiviteten i regionane Vest og Midt.

Endringane medfører inga endring i NVE Anlegg sitt driftsresultat.

Kap. 4810 Oljedirektoratet

Post 2 Oppdrags- og samarbeidsinntekter

Det blir foreslått å redusere løyvinga med 6 mill. kroner, til om lag 111 mill. kroner. Ein viser til omtale og tilsvarande utgiftsreduksjon under kap. 1810, post 23 Oppdrags- og samarbeidsverksemd.

Kap. 4811 Statoil ASA

Post 96 Utbytteaksjar

Det blir foreslått løyvd 7 441 mill. kroner i utbytteaksjar i 2017, ein auke på 1 034 mill. kroner. Ein viser til omtale og tilsvarande løyving under kap. 1811, post 96 Aksjar.

Kap. 4820 Noregs vassdrags- og energidirektorat

Post 02 Oppdrags- og samarbeidsinntekter

Det blir foreslått å redusere løyvinga med 10 mill. kroner, til om lag 80 mill. kroner. Ein viser til omtale og tilsvarande utgiftsreduksjon under kap. 1820, post 23 Oppdrags- og samarbeidsverksemd.

Post 40 Flaum- og skredførebygging

Inntekter frå kommunar for sikrings- og miljøtiltak som er gjennomførte i regi av NVE er berekna til 30 mill. kroner i 2017, ein auke på 11 mill. kroner.

Kap. 4825 Energiomlegging, energi- og klimateknologi

Post 85 Fondsavkasting

Det er foreslått å auke løyvinga med 5 mill. kroner, til 1 866 mill. kroner. Auken er motsvara av ein tilsvarande auke under kap. 1825, post 50 Overføring til Energifondet.

Kap. 4840 CO2-handtering

Post 80 Renter, TCM DA

Det er foreslått å redusere løyvinga med 3,4 mill. kroner, til 0,6 mill. kroner. Ein viser til omtale og tilsvarande utgiftsreduksjon under kap. 1840, post 71 Tilskot til Teknologisenter for CO2-fangst på Mongstad.

Post 86 Avdrag, TCM DA

Det er foreslått å redusere løyvinga med 26,4 mill. kroner, til 303,6 mill. kroner. Ein viser til omtale og tilsvarande utgiftsreduksjon under kap. 1840, post 71 Tilskot til Teknologisenter for CO2-fangst på Mongstad.

Kap. 5582 Sektoravgifter under Olje- og energidepartementet

Post 72 Påslag på nettariffen til Energifondet

Inntekter frå påslaget på nettariffen til Energifondet er berekna til 660 mill. kroner i 2017, ein auke på 30 mill. kroner frå gjeldande løyving. Auken er motsvara av ein tilsvarande auke under kap. 1825, post 50 Overføring til Energifondet.

Kap. 5685 Aksjar i Statoil ASA

Post 85 Utbytte

Det blir foreslått løyvd 8 372 mill. kroner i utbetalt kontantutbytte i 2017, ein reduksjon på 696 mill. kroner. Ein viser til nærare omtale under kap. 1811 post 96 Aksjar.

1.2 Fullskala CO2-handtering

Gassnova har inngått kontraktar om konseptstudiar og forprosjektering av CO2-fangst og -lagring. Tre industriaktørar, Norcem, Yara og Fortum Oslo Varme, har levert sine konseptstudiar. Vidare har Gassco fått gjennomført konseptstudiar av skipstransport av CO2. Gassnova og Gassco gjer no sine vurderingar av arbeida. Statoil gjennomfører konseptstudiar av CO2-lager saman med Total og Shell. Konseptstudiane av CO2-lager blir etter planen ferdigstilte sommaren 2018.

Som varsla i Prop. 1 S (2017–2018) vil regjeringa komme tilbake til Stortinget med eit heilskapleg fremlegg om arbeidet med fullskala CO2-handtering i Noreg etter at resultata frå konseptstudiane for fangst er gjennomgått og kvalitetssikra, seinast i samband med revidert nasjonalbudsjett for 2018. Regjeringa vil her gi ei vurdering av industriaktøranes bidrag og insentiv til kostnadsreduksjonar, statens samla kostnader og risiko samt potensialet for kostnadsreduksjonar og teknologispreiing til prosjekt internasjonalt.

Det er anslått at utbetalingsbehovet i 2017 vil bli betydeleg lågare enn tidlegare budsjettert. Det er anslått eit mindreforbruk i storleiksorden 110 til 170 mill. kroner i forhold til gjeldande løyving. Det er understreka at anslaga er usikre. Uvissa kjem mellom anna av eit uavklart spørsmål om meirverdiavgift. Med bakgrunn i uvisse omkring betaling av meirverdiavgift og arbeidet med å etablere grunnlaget for det heilskaplege framlegget for Stortinget, er det lagt opp til å overføre heile mindreforbruket i 2017 til 2018. Overføringa av mindreforbruket i 2017 vil dekke inngåtte forpliktingar, eventuell meirverdiavgift og arbeid som pågår fram til det heilskaplege fremlegget er behandla av Stortinget.

2. Merknader frå komiteen

Komiteen, medlemmene fra Arbeiderpartiet, Åsmund Aukrust, Else-May Botten, Espen Barth Eide, Hege Haukeland Liadal og Runar Sjåstad, fra Høyre, Tina Bru, Liv Kari Eskeland, Stefan Heggelund og Lene Westgaard-Halle, fra Fremskrittspartiet, Terje Halleland og Gisle Meininger Saudland, fra Senterpartiet, Sandra Borch og Ole André Myhrvold, fra Sosialistisk Venstreparti, Lars Haltbrekken, fra Venstre, lederen Ola Elvestuen, fra Kristeleg Folkeparti, Tore Storehaug, og fra Miljøpartiet De Grønne, Per Espen Stoknes, viser til de foreslåtte endringene i statsbudsjettet for 2017 under Olje- og energidepartementet.

Komiteen viser til omtalen av sommerens og høstens nedbørsmengder, som førte til flom- og jordskred i Sogn og Fjordane og på Sørlandet, og støtter regjeringens forslag om å øke bevilgningen til NVEs flom- og skredforebyggingsarbeid med 25 mill. kroner i 2017.

Komiteen viser til Prop. 1 S (2017–2018), hvor det sies at regjeringen vil komme tilbake til Stortinget med et helhetlig opplegg for arbeidet med fullskala CO2-håndtering i Norge etter at resultatene fra konseptstudiene for fangst er gjennomgått og kvalitetssikret – senest i forbindelse med revidert nasjonalbudsjett for 2018.

Komiteen viser til at tre industriaktører har levert sine konseptstudier for fullskala CO2-håndtering, og at det er gjennomført konseptstudier av skipstransport av CO2. Statoil gjennomfører konseptstudier av CO2-lagring i samarbeid med Total og Shell.

Komiteen merker seg at utbetalingsbehovet i 2017 vil være betydelig lavere enn tidligere budsjettert, og at det er anslått et mindreforbruk på mellom 110 og 170 mill. kroner. Komiteen merker seg at mindreforbruket overføres fra 2017 til 2018, og at midlene skal gå til å dekke inngåtte forpliktelser, eventuell merverdiavgift og arbeidet som skal pågå frem til saken om CO2-håndtering er behandlet av Stortinget.

Komiteen vil understreke at regjeringen har forpliktet seg til å holde prosjektene for fullskala CO2-håndtering i Norge i gang til beslutningen er tatt i Stortinget.

Komiteen viser til at regjeringen skal komme tilbake til Stortinget med et helhetlig fremlegg om det videre arbeidet med fullskala CO2-håndtering i Norge senest i revidert nasjonalbudsjett for 2018.

3. Tilråding fra komiteen

Komiteen viser til proposisjonen og til det som står over og rår Stortinget til å gjøre følgende

vedtak:
I

I statsbudsjettet for 2017 blir det gjort følgjande endringar:

Kap.

Post

Formål

Kroner

Utgifter

1800

Olje- og energidepartementet

21

Spesielle driftsutgifter, kan overførast, kan nyttast under post 72, blir sett ned med

800 000

frå kr 26 427 000 til kr 25 627 000

70

Tilskot til internasjonale organisasjonar mv., blir auka med

800 000

frå kr 2 000 000 til kr 2 800 000

1810

Oljedirektoratet

23

Oppdrags- og samarbeidsverksemd, kan overførast, blir sett ned med

6 000 000

frå kr 117 000 000 til kr 111 000 000

1811

Statoil ASA

96

Aksjar, blir auka med

1 034 000 000

frå kr 6 407 000 000 til kr 7 441 000 000

1820

Noregs vassdrags- og energidirektorat

22

Flaum- og skredførebygging, kan overførast, kan nyttast under postane 45, 60 og 72, blir auka med

25 000 000

frå kr 292 892 000 til kr 317 892 000

23

Oppdrags- og samarbeidsverksemd, kan overførast, blir sett ned med

10 000 000

frå kr 90 000 000 til kr 80 000 000

1825

Energiomlegging, energi- og klimateknologi

50

Overføring til Energifondet, blir auka med

35 000 000

frå kr 2 586 000 000 til kr 2 621 000 000

1830

Forsking og næringsutvikling

70

Internasjonale samarbeids- og utviklingstiltak, kan overførast, blir sett ned med

3 300 000

frå kr 17 300 000 til kr 14 000 000

1840

CO2-handtering

71

Tilskot til Teknologisenter for CO2-fangst på Mongstad, blir sett ned med

93 000 000

frå kr 617 000 000 til kr 524 000 000

2490

NVE Anlegg

24

Driftsresultat

0

1 Driftsinntekter

-115 000 000

2 Driftsutgifter

110 300 000

3 Avskrivingar

4 500 000

4 Renter av statens kapital

200 000

6 Reguleringsfond

-13 000 000

-13 000 000

Inntekter

4810

Oljedirektoratet

2

Oppdrags- og samarbeidsinntekter, blir sett ned med

6 000 000

frå kr 116 625 000 til kr 110 625 000

4811

Statoil ASA

96

Utbytteaksjar, blir auka med

1 034 000 000

frå kr 6 407 000 000 til kr 7 441 000 000

4820

Noregs vassdrags- og energidirektorat

2

Oppdrags- og samarbeidsinntekter, blir sett ned med

10 000 000

frå kr 89 733 000 til kr 79 733 000

40

Flaum- og skredførebygging, blir auka med

11 000 000

frå kr 19 000 000 til kr 30 000 000

4825

Energiomlegging, energi- og klimateknologi

85

Fondsavkasting, blir auka med

5 000 000

frå kr 1 861 000 000 til kr 1 866 000 000

4840

CO2-handtering

80

Renter, TCM DA, blir sett ned med

3 400 000

frå kr 4 000 000 til kr 600 000

86

Avdrag, TCM DA, blir sett ned med

26 400 000

frå kr 330 000 000 til kr 303 600 000

5440

Statens direkte økonomiske engasjement i petroleumsverksemda

24

Driftsresultat, blir auka med

2 600 000 000

frå kr 84 300 000 000 til kr 86 900 000 000

1 Driftsinntekter

141 700 000 000

2 Driftsutgifter

-26 300 000 000

3 Leite- og feltutviklingsutgifter

-1 300 000 000

4 Avskrivingar

-23 500 000 000

5 Renter av statens kapital

-3 700 000 000

86 900 000 000

5582

Sektoravgifter under Olje- og energidepartementet

72

Påslag på nettariffen til Energifondet, blir auka med

30 000 000

frå kr 630 000 000 til kr 660 000 000

5685

Aksjar i Statoil ASA

85

Utbytte, blir sett ned med

696 000 000

frå kr 9 068 000 000 til kr 8 372 000 000

Oslo, i energi- og miljøkomiteen, den 7. desember 2017

Ola Elvestuen

Leiar og ordførar