Søk

Innhold

16. Oppfølging av skatteforvaltningsloven

16.1 Sammendrag

16.1.1 Innledning

Skatteforvaltningsloven tok til å gjelde 1. januar 2017. Lova samlar alle forvaltingsreglane på skatte- og avgiftsområdet og erstattar ligningsloven og ei rekkje forvaltingsreglar i skatte- og avgiftslover. Som oppfylging av lova foreslår departementet nokre opprettingar og presiseringar m.m., både i sjølve skatteforvaltningsloven og i nokre andre lover. Departementet foreslår at endringa i skatteloven § 10-2 tek til å gjelde straks med verknad frå og med inntektsåret 2017, medan dei andre endringane tek til å gjelde straks.

16.1.2 Folketrygdloven

Folketrygdloven § 24-4 gjeld kontroll av arbeidsgjevarar m.m. I tredje ledd fyrste punktum går det fram at skatteoppkrevjaren og skattekontoret kan kopiere til datalagringsmedium ved gjennomsyn av ei verksemd. Skattekontoret sin kontrollåtgang vert no regulert av skatteforvaltningsloven, og departementet foreslår difor å oppheve tilvisinga til skattekontor i folketrygdloven § 24-4.

Departementet viser til framlegg til endringar i folketrygdloven § 24-4 tredje ledd fyrste punktum. Departementet foreslår at endringane tek til å gjelde straks.

16.1.3 Skatteloven

Skatteloven nytta tidlegare uttrykk som «ligning», «utlignet skatt» m.m. i mange føresegner. Ligningsloven vert oppheva i samband med den nye skatteforvaltningsloven, og uttrykket likning er ikkje lenger i bruk. Føresegnene i skatteloven vart difor endra ved lov 27. mai 2016 nr. 14 om skatteforvaltning (skatteforvaltningsloven) § 16-3 nr. 22. Departementet ser behov for å korrigere ein del av desse endringane, og viser til framlegg om endringar i skatteloven §§ 2-2, 2-10 til 2-15, 2-20, 2-33, 2-35, 3-1, 4-3, 4-17, 4-20, 4-31, 4-50, 4-51, 5-2, 5-11, 5-41, 6-3, 6-32, 6-49, 6-51, 6-70, 6-90, 7-3, 8-2, 8-3, 8-10, 9-14, 10-2, 10-63, 10-70, 14-1, 14-7, 14-70, 14-80, 14-82, 15-3, 15-4, 16-10, 16-28, 16-63, 17-2 og 18-5. Framlegget er ikkje meint å innebere realitetsendringar. Departementet foreslår at endringa i skatteloven § 10-2 tek til å gjelde straks med verknad frå og med inntektsåret 2017, medan dei andre endringane tek til å gjelde straks.

16.1.4 Skattebetalingsloven

Føresegnene i skattebetalingsloven §§ 10-12, 11-2 og 11-4 nyttar uttrykk som levering av «oppgave». For å fylgje opp ny terminologi i skatteforvaltningsloven, foreslår departementet at «melding» vert nytta i staden for «oppgave». I skattebetalingsloven § 10-12 foreslår departementet vidare å endre tilvisinga til artistskatteloven § 11 til skatteforvaltningsloven § 8-15, jf. § 8-8 andre ledd, som no er riktig tilvising.

Departementet viser til framlegg til endringar i skattebetalingsloven §§ 10-12, 11-2 og 11-4. Departementet foreslår at endringane tek til å gjelde straks.

16.1.5 Merverdiavgiftsloven

Merverdiavgiftsloven § 1-3

Føresegna definerer einskilde ord og uttrykk og viser i fyrste ledd bokstav g om unntak frå lova til §§ 16-1og 16-6 i lova. Merverdiavgiftsloven kapittel 16 vart oppheva med skatteforvaltningsloven, og departementet foreslår difor at tilvisinga vert oppheva.

Departementet viser til framlegg til endring i merverdiavgiftsloven § 1-3 fyrste ledd bokstav g. Departementet foreslår at endringa tek til å gjelde straks.

Merverdiavgiftsloven § 10-7

Føresegna gjeld refusjon av merverdiavgift som vert betala ved innførsel. Departementet foreslår at tilvisinga til § 11-2 i § 10-7 andre ledd tredje punktum vert endra til § 11-1 fyrste ledd, som no er riktig tilvising.

Departementet viser til framlegg til endringar i merverdiavgiftsloven § 10-7 andre ledd tredje punktum. Departementet foreslår at endringane tek til å gjelde straks.

Merverdiavgiftsloven § 14-7

Føresegna gjeld sletting frå register for forenkla ordning. Tredje og fjerde ledd viser til andre ledd, men tilvisinga er feil då andre ledd vart nytt fyrste ledd som fylgje av skatteforvaltningsloven. Tilvisinga må difor endrast.

Departementet viser til framlegg til endringar i merverdiavgiftsloven § 14-7 tredje og fjerde ledd. Departementet foreslår at endringane tek til å gjelde straks.

Merverdiavgiftsloven § 15-10

Føresegna gjeld dokumentasjonsplikt og viser i fjerde ledd til «omsetningsoppgaven». Ved skatteforvaltningsloven vart dette uttrykket erstatta med uttrykket «skattemelding», og føresegna må difor endrast i samsvar med dette.

Departementet viser til framlegg til endring i merverdiavgiftsloven § 15-10 fjerde ledd andre punktum. Departementet foreslår at endringa tek til å gjelde straks.

Merverdiavgiftsloven § 22-2

Overgangsreglane i andre ledd andre og tredje punktum er ikkje lenger aktuelle. Departementet foreslår difor at dei vert oppheva.

Departementet viser til framlegg til endring i merverdiavgiftsloven § 22-2 andre ledd. Departementet foreslår at endringa tek til å gjelde straks.

16.1.6 Skatteforvaltningsloven

Skatteforvaltningsloven § 2-10

Føresegna regulerer kva personar som ikkje kan gjere teneste som medlem av ei skatte- eller avgiftsnemnd. Dette gjeld mellom anna personar som i laupet av dei siste ti åra er straffa for å ha brote straffeloven §§ 378 og 379 (forsettleg skattesvik) og personar som i laupet av dei siste ti åra har fått skjerpa tilleggsskatt etter skatteforvaltningsloven § 14-6, jf. § 2-10 bokstav c og d. Straff for brot på straffeloven § 380, som gjeld grovt aktlaust skattesvik, er derimot ikkje til hinder for å vere nemndsmedlem.

Skjerpa tilleggsskatt kan verte pålagd når skattytar har handla grovt aktlaust, og kjem i staden for melding til påtalemakta. Departementet meiner difor at også straff for brot på straffeloven § 380 bør vere til hinder for å gjere teneste som nemndsmedlem.

Departementet viser til framlegg til endring i skatteforvaltningsloven § 2-10 bokstav c. Departementet foreslår at endringa tek til å gjelde straks.

Skatteforvaltningsloven § 7-4

Føresegna nyttar uttrykket «deltakerlignet selskap». Ved skatteforvaltningsloven vart uttrykket erstatta med uttrykket «selskap med deltakerfastsetting». Føresegna må difor endrast i samsvar med dette.

Departementet viser til framlegg til endring i skatteforvaltningsloven § 7-4 fyrste punktum. Departementet foreslår at endringa tek til å gjelde straks.

Skatteforvaltningsloven § 7-13

Føresegna gjev departementet heimel til å gje forskrift om mellom anna leveringsmåte, leveringsfristar og leveringsstad for pliktige opplysningar etter kapittel 7. Føresegna vidarefører den tidlegare forskriftsheimelen i ligningsloven § 5-12. Med heimel i denne var det også gjeven forskrift om innhaldet i opplysningsplikta, det vil seie kva ulike tredjepartar skal gje informasjon om. Desse føresegnene er i all hovudsak vidareførte i skatteforvaltningsforskriften, og departementet foreslår ei tilføying i skatteforvaltningsloven § 7-13 om at departementet kan gje forskrift om det nærare innhaldet i opplysningsplikta.

Departementet viser til framlegg om endringar i skatteforvaltningsloven § 7-13 fyrste ledd. Departementet foreslår at endringane tek til å gjelde straks.

Skatteforvaltningsloven § 8-2

Føresegna bestemmer mellom anna kven som skal levere skattemelding for svalbardskatt og vidarefører Svalbardskatteloven § 4-4. Ved overføringa til skatteforvaltningsloven vart ordlyden endra noko, men utan at det var meininga å endre innhaldet. Departementet ser at føresegna har vorte meir upresis etter endringa og foreslår difor at ho vert endra tilbake til tidlegare ordlyd.

Departementet foreslår òg å endre tilvisinga til kven som er skattepliktig til Svalbard, og som dermed skal levere skattemelding. Både i den tidlegare føresegna i Svalbardskatteloven § 4-4 og noverande § 8-2 i skatteforvaltningsloven er det vist til Svalbardskatteloven §§ 2-1 og 2-2. Riktig tilvising skal vere §§ 2-1 og 2-3.

Departementet viser til framlegg til endringar i skatteforvaltningsloven § 8-2 fyrste ledd bokstav b. Departementet foreslår at endringane tek til å gjelde straks.

Skatteforvaltningsloven § 8-3

Føresegna bestemmer kven som skal levere skattemelding for merverdiavgift, og viser i andre ledd til skattytarar som er nemnde i fyrste ledd bokstav b til e. Riktig tilvising skal vere fyrste ledd bokstav b til d.

Departementet viser til framlegg om endring i skatteforvaltningsloven § 8-3 andre ledd tredje punktum. Departementet foreslår at endringa tek til å gjelde straks.

Skatteforvaltningsloven § 14-3

Føresegna gjeld tilleggsskatt og fastset mellom anna at tilleggsskatt vert pålagd skattytar og trekkpliktig som har unnlate å levere pliktige opplysningar, når dette kan føre til skattemessige fordelar. Etter fyrste ledd andre punktum vert det rekna som unnlaten levering dersom opplysningane vert leverte etter at skattestyremaktene har fatta vedtak om skattegrunnlaget og berekna skatt. Føresegna byggjer på ei tilsvarande føresegn i ligningsloven § 10-2.

Etter ligningsloven fekk skattytar som leverte sjølvmeldinga etter leveringsfristen, ei forseinkingsavgift. Avgifta vart berekna i samband med likninga, og det var difor naudsynt å regulere skiljet mellom forseinka og ikkje levert melding. Ordninga med forseinkingsavgift vart oppheva med skatteforvaltningsloven, og det er ikkje lenger naudsynt å regulere eit slikt skilje. Departementet foreslår difor at fyrste ledd andre punktum vert oppheva.

Departementet viser til framlegg om endring i skatteforvaltningsloven § 14-3 fyrste ledd. Departementet foreslår at endringa tek til å gjelde straks.

Skatteforvaltningsloven § 16-2

Føresegna gjev overgangsreglar og regulerer mellom anna kva tilleggsskattereglar som skal nyttast når eit lovbrot har skjedd før skatteforvaltningsloven tok til å gjelde.

Etter andre ledd får reglane om tilleggsskatt og lovbrotsgebyr i skatteforvaltningsloven §§ 14-3 til 14-7 verknad for saker som vart tekne opp med varsel om tilleggsskatt eller lovbrotsgebyr etter at lova tok til å gjelde 1. januar 2017. For saker med varsel før lova tok til å gjelde, gjeld derimot dei tidlegare reglane i ligningsloven og merverdiavgiftsloven.

Den europeiske menneskerettskonvensjon (EMK) artikkel 7 nr. 1 har fylgjande ordlyd:

«Ingen skal bli funnet skyldig i en straffbar handling på grunn av noen gjerning eller unnlatelse som ikke utgjorde en straffbar handling etter nasjonal eller internasjonal rett på den tid da den ble begått. Heller ikke skal en strengere straff bli idømt enn den som gjaldt på den tid da den straffbare handling ble begått.»

Den europeiske menneskerettsdomstol (EMD) har i saka Scoppola mot Italia frå 2009 innfortolka eit krav i andre punktum om at mildare straffereglar, som er vedtekne og har teke til å gjelde etter at lovbrotet fann stad, skal brukast, jf. også Høgsterett sin omtale i dom 20. september 2016. Departementet foreslår på denne bakgrunn endringar i overgangsreglane slik at dei vert meir i samsvar med EMK. Framlegget inneber at skattestyresmaktene, i saker der lovbrotet fann stad før 1. januar 2017, men saka vert behandla etter dette tidspunktet, skal nytte dei mildaste tilleggsskattereglane (det vil seie uavhengig av når varsel om tilleggsskatt vert sendt).

Departementet viser til framlegg om endringar i skatteforvaltningsloven § 16-2 andre ledd. Departementet foreslår at endringane tek til å gjelde straks.

Skatteforvaltningsloven §§ 2-2, 8-2, 8-11, 9-4 og 13-3

Av skatteforvaltningsloven § 1 bokstav e fylgjer det at lova gjeld for petroleumsskatt. Føresegnene om skatteforvaltning som tidlegare var i petroleumsskatteloven er difor flytta til skatteforvaltningsloven. Etter petroleumsskatteloven er det to grupper av skattepliktige. Det er skattepliktige som har ordinær skatteplikt etter petroleumsskatteloven, og skattepliktige som er særskattepliktige etter petroleumsskatteloven. Departementet foreslår enkelte presiseringar for å gjere dette skillet tydelegare i skatteforvaltningsloven.

Departementet viser til framlegg om endringar i skatteforvaltningsloven § 2-2, § 8-2 fyrste ledd bokstav c, § 8-11 fyrste ledd fyrste punktum og tredje ledd siste punktum, § 9-4 fyrste ledd og § 13-3 andre ledd fyrste punktum og fjerde ledd fyrste punktum. Departementet foreslår at endringane tek til å gjelde straks.

16.2 Komiteens merknader

Komiteen slutter seg til regjeringens forslag.