Merknader frå komiteen
Komiteen, medlemmene frå Arbeidarpartiet,
Kjell-Idar Juvik, Tor Arne Bell Ljunggren, Sverre Myrli, Magne Rommetveit
og Karianne O. Tung, frå Høgre, leiaren Nikolai Astrup, Torill Eidsheim,
Nils Aage Jegstad og Helge Orten, frå Framstegspartiet, Tor André Johnsen,
Åse Michaelsen og Morten Stordalen, frå Kristeleg Folkeparti, Hans
Fredrik Grøvan, frå Senterpartiet, Janne Sjelmo Nordås, og frå Venstre, Abid
Q. Raja, meiner at god maritim infrastruktur er viktig for
effektiv sjøtransport og for verdiskaping og busetjing langs heile
kysten.
Komiteen meiner at sjøvegen
spelar ei viktig rolle for framtidige arbeidsplassar, og Noreg skal også
i framtida vera ein viktig sjøfartsnasjon.
Komiteen registrerer at ansvaret
for tryggleik til sjøs og beredskap mot akutt forureining er delt mellom
fleire departement og etatar. Komiteen merkar seg at meldinga
fokuserer på tiltak innanfor Samferdselsdepartementet sitt ansvarsområde,
og at spørsmål knytt til fritidsbåtar ikkje blir omtala nærare
i denne meldinga.
Medlemene i komiteen
frå Høgre og Framstegspartiet syner til at den førre stortingsmeldinga
om sjøtryggleik, St.meld. nr. 14 (2004–2005) På den sikre siden,
sjøsikkerhet og oljevernberedskap, blei fremma av regjeringa Bondevik
II, og at det sidan den gong ikkje er fremma heilskaplege meldingar
for Stortinget om dette før stortingsmeldinga som Stortinget no
har til handsaming. Desse
medlemene merkar seg at tiltak knytt til sjøtryggleik for
fritidsbåtar ikkje er omtala i meldinga, men at det heller ikkje
var varsla at det skulle vere del av meldinga. Desse medlemene syner vidare
til høyringa som var held i saka den 16. oktober 2016, og merkar
seg at fleire av høyringsdeltakarane, mellom anna Noregs Rederiforbund,
framhevar at stortingsmeldinga gjev ein god og heilskapleg vurdering
av dagens arbeid med førebyggande sjøtryggleik og beredskap mot
akutt forureining, og at den beskriv gode tiltak for å forbetre
sjøtryggleiken langs norskekysten.
Medlemene i komiteen
frå Arbeidarpartiet og Senterpartiet beklagar at spørsmål knytt
til sjøtryggleik ved bruk av fritidsbåtar ikkje er omtala i meldinga. Desse medlemene viser
til at bruken av fritidsbåt er aukande, og at Grunnlagsdokumentet
for NTP slår fast at det er opp mot seks gonger fleire som har døydd
i ulukker knytt til bruk av fritidsbåt enn ved nyttefartøy.
Komiteen merkar
seg at skipstrafikken i norske farvatn har auka sidan
2005. I dag er trafikken dominert av passasjerskip, stykkgodsskip
og fiskefartøy. Målt i utsegla distanse, har Vestlandet den mest
omfattande trafikken. Prognosen for utvikling i skipstrafikken fram
mot 2040 tilseier ei samla auke i utsegla distanse på 41 pst. Analysane
bygger på prognosar for skipstrafikken fram mot 2040. Komiteen registrerer
at risikoen for ulukker er rekna ut frå trafikkmengd og føreliggjande
ulukkesstatistikk. Dei fleste ulukkene får avgrensa konsekvensar,
men enkelte ulukker resulterer i dødsfall eller akutt forureining. Komiteen merkar
seg at talet på ulukker med akutt forureining internasjonalt har
gått ned sidan 1970-talet.
Komiteen registrerer at den
venta auken i skipstrafikken fram mot 2040 kan innebera auka miljørisiko
og vil kunna føra til fleire ulukker, dersom det ikkje blir sett
i verk nye førebyggande tiltak eller at eksisterande tiltak blir
utvida. Den berekna ulukkesfrekvensen er høgast på Vestlandet, både
i 2013 og i 2040. Vidare kan blant anna teknologiutvikling og endra
krav til skipsfarten påverka kor sannsynleg det vil vera at det
oppstår ulukker.
Komiteen merkar seg at analysen
av årsaker til ulukker viser at menneskelege feil, som feilhandlingar
eller feilvurderingar, ofte er den direkte årsaka til ulukker. Bildet
av dei bakanforliggande årsakene er komplekst. Det er fleire faktorar
som påverkar navigasjonsprosessen negativt, som mangelfull samhandling
og koordinering på fartøya, for lite bruk av tilgjengeleg personell
og mangelfulle rutinar og prosedyrar. I tillegg blir situasjonen
ofte forverra av vanskelege ytre forhold som dårleg ver og sikt
eller sterk straum.
Komiteen deler målet med nullvisjonen
som seier at det ikkje skal førekome ulukker med drepne eller hardt
skadde i transportsektoren. Komiteen merkar seg at sjøtryggleiken
har lagt til grunn eit hovudmål om at talet på transportulukker
skal reduserast i tråd med nullvisjonen.
Komiteen registrerer at hovudmålet
for den statlege beredskapen er å hindra og avgrensa miljøskade
ved akutt forureining, eller fare for akutt forureining. Komiteen viser
til at staten sitt ansvar for beredskap mot akutt forureining også
inneber å følgja opp skipsvrak som utgjer ein risiko for akutt forureining.
Komiteen viser til at regelverk
for internasjonal skipsfart blir utarbeidd i FN sin sjøfartsorganisasjon
IMO. Vidare legg EU føringar for drift av norske hamner og trygg
og framkomeleg ferdsel i norske farvatn. Arbeidet som pågår i organisasjonen
IALA (International Association of Marine Aids to Navigation and
Lighthouse Authorities) og Arktisk råd, er også viktig for Noreg
sitt arbeid med førebyggande sjøtryggleik og beredskap mot akutt
forureining. Komiteen merkar
seg at hendingar til sjøs også kan medføra så omfattande forureining
at det er behov for internasjonal assistanse, og at Noreg derfor har
fleire avtalar med naboland om bistand ved større hendingar med
akutt forureining.
Komiteen merkar seg at meldinga
i hovudsak omhandlar det som ligg under Samferdselsdepartementet
sitt ansvarsområde, med hovudvekt på infrastruktur og transportsystem. Komiteen ber
om at det som ei oppfølging blir utarbeidd ei ny melding som tek
føre seg betre samhandling på tvers av sektorar og institusjonar
og mellom alle aktørane når det gjeld førebyggande sjøtryggleik
og kystberedskap. Ei slik melding må også omhandla ulukker knytt
til bruk av fritidsbåt.
Komiteen fremmer følgjande
forslag:
«Stortinget
ber regjeringa om å utarbeida ei stortingsmelding om betre samhandling
mellom alle aktørane når det gjeld førebyggande sjøtryggleik og kystberedskap.
Meldinga skal også omhandla ulukker knytt til bruk av fritidsbåt.»