Innstilling frå næringskomiteen om endringar i statsbudsjettet 2015 under Landbruks- og matdepartementet
Dette dokument
- Innst. 116 S (2015–2016)
- Kildedok: Prop. 26 S (2015–2016), unnateke kap. 1137
- Dato: 04.12.2015
- Utgiver: næringskomiteen
- Sidetall: 4
Tilhører sak
Alt om
Innhold
- 1. Samandrag
- 1.1 Framlegg til endringar i løyvingar under kapittel
og postar i 2015
- Kap. 1115 Mattilsynet
- Kap. 4115 Mattilsynet
- Kap. 1136 Kunnskapsutvikling m.m.
- Kap. 1138 Støtte til organisasjonar m.m.
- Kap. 1141 Kunnskapsutvikling m.m. innan miljø- og næringstiltak i landbruket
- Kap. 1142 Landbruksdirektoratet
- Kap. 1148 Naturskade – erstatningar
- Kap. 1149 Verdiskapings- og utviklingstiltak i skogbruket
- Kap. 1150 Til gjennomføring av jordbruksavtalen m.m.
- Kap. 4100 Landbruks- og matdepartementet
- Kap. 4115 Mattilsynet
- Kap. 4150 Til gjennomføring av jordbruksavtalen m.m.
- Kap. 4162 Statskog SF – forvaltning av statleg eigarskap
- Kap. 5651 Aksjar i selskap under Landbruks- og matdepartementet
- 1.1 Framlegg til endringar i løyvingar under kapittel
og postar i 2015
- 2. Merknader frå komiteen
- 3. Tilråding frå komiteen
Til Stortinget
Landbruks- og matdepartementet legg i proposisjonen fram forslag til endringar i løyvingar under enkelte kapittel og postar i statsbudsjettet for 2015.
For å sikre realistisk budsjettering på kap. 4115, post 2 Meirinntektsfullmakt, jf. posten, blir det gjort framlegg om å auke kap. 4115 post 2 med 4 mill. kroner mot tilsvarande auke av kap. 1115 post 1.
For å sikre realistisk budsjettering blir det gjort framlegg om å auke posten med 4 mill. kroner, med tilsvarande auke av kap. 1115 post 1.
Norsk institutt for bioøkonomi har fått i oppdrag å greie ut og gi ny kunnskap om korleis rovviltbestandane har påverka utviklinga i landbruket. For å dekkje kostnadene ved arbeidet blir det gjort framlegg om å styrkje posten med 1 mill. kroner som blir overført frå kap. 1137 post 50.
Behovet for midlar på posten har i 2015 vore noko mindre enn anteke. Det blir difor gjort framlegg om å omdisponere 1,1 mill. kroner til ei styrking av skogplanteforedling under kap. 1149 post 73.
Oppgåver knytte til kompetansesenter for skogbruksplanlegging blei tidleg i 2015 flytta frå Norsk institutt for skog og landskap til Landbruksdirektoratet. Det blir gjort framlegg om å redusere kap. 1141 post 52 med 1,5 mill. kroner, mot tilsvarande auke på kap. 1142 post 1.
Departementet gjer framlegg om å auke kap. 1142 post 1 med 4,6 mill. kroner for å korrigere for feil mva.-uttrekk.
Landbruksdirektoratet overtok tidleg i 2015 oppgåver knytte til kompetansesenter for skogbruksplanlegging som tidlegare låg ved Norsk institutt for skog og landskap. Det vert gjort framlegg om å redusere kap. 1141 post 52 med 1,5 mill. kroner, mot tilsvarande auke på kap. 1142 post 1.
For å dekkje inn auka utgifter knytte til omstilling og utvikling av Fylkesmannen som regional reindriftsmyndigheit gjer departementet framlegg om å omdisponere 1,9 mill. kroner frå kap. 1142 post 80 til kap. 1142 post 1.
Totalt blir det gjort framlegg om ein auke på post 1 tilsvarande 8 mill. kroner.
Det blir gjort framlegg om at løyvinga over kap. 1142 post 45 blir redusert med 0,6 mill. kroner grunna justering av meirverdiavgift.
Departementet legg opp til at posten også kan nyttast til kjøp av utstyr i samanheng med flytting av lokale for Landbruksdirektoratet si avdeling i Alta.
Det blir gjort framlegg om at posten blir auka med 10 mill. kroner. Auken skuldast i hovudsak større utbetalingar til lovbestemde erstatningar, spesielt knytta til påvisingar av antibiotikaresistente bakteriar (MRSA) i svinebuskapar.
I tråd med omtalen under kap. 1142 post 1 blir det gjort framlegg om at kap. 1142 post 80 blir redusert med 1,9 mill. kroner.
På bakgrunn av oppdaterte prognosar for utbetalingar i 2015 og tilsegn som ikkje er innfridde per 31. desember 2015, gjer departementet framlegg om å redusere løyvinga på posten med 15 mill. kroner, og å auke tilsegnsfullmakta med 19,5 mill. kroner til 101 mill. kroner.
Det blir gjort framlegg om å styrkje posten ved flytting av 1,1 mill. kroner frå kap. 1138 post 71.
2014 var eit bra år for jordbruket med mindre klimarelaterte avlingsskadar enn i eit normalår.
Departementet gjer framlegg om å redusere posten med 14 mill. kroner til 35,1 mill. kroner.
Basert på gjeldande prognosar ligg det an til eit overforbruk på posten tilsvarande 72,6 mill. kroner.
Departementet gjer framlegg om ei auka løyving på posten med 72,6 mill. kroner til 2 623,3 mill. kroner.
Departementet har inngått husleigeavtale med Veterinærmedisinsk Oppdragssenter AS (Veso). Samla vil dette gi ei inntekt på 1,3 mill. kroner i 2015, som det blir gjort framlegg om at blir budsjettert på kap. 4100 ny post 30.
Revidert anslag for prognosen på posten er 150,9 mill. kroner. Dette er 11 mill. kroner lågare enn saldert budsjett. Forventa mindreinntekt skuldast seinare innføring enn venta ved framlegg i statsbudsjettet for 2015 av nytt/endra regelverk for gebyr innan områda forsøksdyr og plantevernmiddel.
Det blir difor gjort framlegg om å redusere kap. 4115 post 1 med 11 mill. kroner.
Marknadsprisane i verda på protein og feitt er venta å halde seg så høge at det blir heilt ubetydelege prisutjamningsbeløp på kraftfôrråvarer i 2015.
Departementet gjer framlegg om å redusere løyvinga på posten med 29,965 mill. kroner til 35 000 kroner.
Departementet forventar at Statskog SF betalar eit avdrag på 34 mill. kroner i 2015, og gjer framlegg om å auke kap. 4162 post 90 med 24 mill. kroner.
Grunna høgare utbytte enn budsjettert, blir det gjort framlegg om ein auke på posten tilsvarande 28,2 mill. kroner.
Totalt blir løyvinga på posten 33,2 mill. kroner i 2015.
Komiteen, medlemene frå Arbeidarpartiet, Else-May Botten, Ingrid Heggø, Odd Omland og Knut Storberget, frå Høgre, Frank Bakke-Jensen, Ingunn Foss, Gunnar Gundersen og Ove Trellevik, frå Framstegspartiet, Morten Ørsal Johansen, Øyvind Korsberg og Jørund Rytman, frå Kristeleg Folkeparti, Line Henriette Hjemdal, frå Senterpartiet, leiaren Geir Pollestad, og frå Venstre, Pål Farstad, viser til Prop. 26 S (2015–2016).
Komiteen syner til omtale og framlegg i proposisjonen og sluttar seg til desse.
Komiteen har elles ingen merknader, viser til proposisjonen og rår Stortinget til å gjere slikt
vedtak:
I
I statsbudsjettet for 2015 blir det gjort følgjande endringar:
Kap. | Post | Formål | Kroner |
Utgifter | |||
1115 | Mattilsynet | ||
1 | Driftsutgifter, blir auka med | 4 000 000 | |
frå kr 1 196 972 000 til kr 1 200 972 000 | |||
1136 | Kunnskapsutvikling m.m. | ||
50 | Kunnskapsutvikling, formidling og beredskap, Norsk institutt for bioøkonomi, blir auka med | 1 000 000 | |
frå kr 111 069 000 til kr 112 069 000 | |||
1138 | Støtte til organisasjonar m.m. | ||
71 | Internasjonalt skogpolitisk samarbeid – organisasjonar og prosessar, kan overførast, blir redusert med | 1 070 000 | |
frå kr 4 170 000 til kr 3 100 000 | |||
1141 | Kunnskapsutvikling m.m. innen miljø- og næringstiltak i landbruket | ||
52 | Kunnskapsutvikling og kunnskapsformidling om arealressursar, skog og landskap, blir redusert med | 1 500 000 | |
frå kr 52 548 000 til kr 51 048 000 | |||
1142 | Landbruksdirektoratet | ||
1 | Driftsutgifter, blir auka med | 8 000 000 | |
frå kr 218 929 000 til kr 226 929 000 | |||
45 | Større utstyrskjøp og vedlikehald, kan overførast, blir redusert med | 600 000 | |
frå kr 6 827 000 til kr 6 227 000 | |||
73 | Tilskott til erstatningar m.m., overslagsløyving, blir auka med | 10 000 000 | |
frå kr 45 610 000 til kr 55 610 000 | |||
80 | Radioaktivitetstiltak, kan overførast, blir redusert med | 1 900 000 | |
frå kr 2 500 000 til kr 600 000 | |||
1148 | Naturskade – erstatningar | ||
71 | Naturskade, erstatningar, overslagsløyving, blir redusert med | 15 000 000 | |
frå kr 171 800 000 til kr 156 800 000 | |||
1149 | Verdiskapings- og utviklingstiltak i skogbruket | ||
73 | Tilskott til skog-, klima- og energitiltak, kan overførast, blir auka med | 1 070 000 | |
frå kr 17 970 000 til kr 19 040 000 | |||
1150 | Til gjennomføring av jordbruksavtalen m.m. | ||
71 | Tilskott til erstatningar m.m., overslagsløyving, blir redusert med | 14 000 000 | |
frå kr 49 100 000 til kr 35 100 000 | |||
73 | Pristilskott, overslagsløyving, blir auka med | 72 593 000 | |
frå kr 2 550 707 000 til kr 2 623 300 000 | |||
Inntekter | |||
4100 | Landbruks- og matdepartementet | ||
30 | (NY) Husleige, blir auka med | 1 305 000 | |
frå kr 0 til kr 1 305 000 | |||
4115 | Mattilsynet | ||
1 | Gebyr m.m., blir redusert med | 11 000 000 | |
frå kr 161 886 000 til kr 150 886 000 | |||
2 | Driftsinntekter og refusjonar mv., blir auka med | 4 000 000 | |
frå kr 5 509 000 til kr 9 509 000 | |||
4150 | Til gjennomføring av jordbruksavtalen m.m. | ||
85 | Marknadsordninga for korn, blir redusert med | 29 965 000 | |
frå kr 30 000 000 til kr 35 000 | |||
4162 | Statskog SF – forvaltning av statleg eigarskap | ||
90 | Avdrag på lån, blir auka med | 24 000 000 | |
frå kr 10 000 000 til kr 34 000 000 | |||
5651 | Aksjar i selskap under Landbruks- og matdepartementet | ||
85 | Utbytte, blir auka med | 28 150 000 | |
frå kr 5 000 000 til kr 33 150 000 |
II
Tilsegnsfullmakter
Stortinget samtykkjer i at Landbruks- og matdepartementet i 2015 kan gi tilsegn om tilskott utover gitte løyvingar, men slik at samla ramme for nye tilsegn og gammalt ansvar ikkje overstig følgjande beløp:
Kap. | Post | Formål | Samla ramme |
1148 | Naturskade – erstatningar | ||
71 | Naturskade, erstatningar | 101,0 mill. kroner |
Oslo, i næringskomiteen, den 4. desember 2015
Geir Pollestad |
leiar og ordførar |