Innstilling fra transport- og kommunikasjonskomiteen om endringar i statsbudsjettet for 2009 under Samferdselsdepartementet
Dette dokument
- Innst. 74 S (2009–2010)
- Kildedok: Prop. 50 S (2009–2010)
- Dato: 02.12.2009
- Utgiver: transport- og kommunikasjonskomiteen
- Sidetall: 8
Tilhører sak
Alt om
Innhold
- 1. Innledning
- 2. Programkategori 21.10 Administrasjon
- 3. Programkategori 21.20 Luftfartsformål
- 4. Programkategori 21.30 Vegformål
- 5. Programkategori 21.40 Særskilde transporttiltak
- 6. Programkategori 21.50 Jernbaneformål
- 7. Programkategori 22.10 Post og telekommunikasjonar
- 8. Komiteens tilråding
Til Stortinget
Komiteen, medlemmene fra Arbeiderpartiet, Anne Marit Bjørnflaten, Susanne Bratli, Freddy de Ruiter, Gorm Kjernli, Magne Rommetveit og Tone Merete Sønsterud, fra Fremskrittspartiet, Jan-Henrik Fredriksen, Ingebjørg Godskesen, Bård Hoksrud og Arne Sortevik, fra Høyre, Øyvind Halleraker, Lars Myraune og Ingjerd Schou, fra Sosialistisk Venstreparti, Hallgeir H. Langeland, fra Senterpartiet, Janne Sjelmo Nordås, og fra Kristelig Folkeparti, lederen Knut Arild Hareide, viser til at Samferdselsdepartementet i proposisjonen foreslår endringer i bevilgninger under programkategoriene 21.10 Administrasjon, 21.20 Luftfartsformål, 21.30 Vegformål, 21.40 Særskilte transporttiltak, 21.50 Jernbaneformål og 22.10 Post og telekommunikasjoner.
Komiteen viser ellers til egen sak om sluttsaldering av statsbudsjettet for 2009 som blir behandlet i finanskomiteen, og til merknader og forslag i den forbindelse.
Frå kontingentane blei budsjetterte og fram til utbetalingspunktet har valutakursane blitt høgare. Samferdselsdepartementet foreslår å auka løyvinga på kap. 1300, post 70 Tilskot til internasjonale organisasjonar, med 1,3 mill. kroner.
Komiteen har ingen merknader og støtter Regjeringens forslag.
Aktiviteten i luftfartssektoren er i 2009 høgare enn venta. For Luftfartstilsynet har dette ført til at tilsynsverksemda har auka. Departementet foreslår å auka løyvinga på kap. 1313, post 1 Driftsutgifter, med 9 mill. kroner. Inntektene blir auka tilsvarande, jf. kap 4313, post 1.
I Statens havarikommisjon for transport blir det oppretta eit fast sekretariat som kan tre i funksjon viss det blir aktuelt å oppnemna ein særskild granskingskommisjon i samband med ei ulykke i petroleumssektoren. Det er eingongskostnader ved starten. Desse er rekna til 220 000 kroner og er rammeoverført frå budsjettet til Arbeids- og inkluderingsdepartementet. Samferdselsdepartementet foreslår å auka løyvinga på kap. 1314, post 1 Driftsutgifter, med 220 000 kroner.
Samferdselsdepartementet foreslår å auka løyvinga på kap. 4313, post 1 Gebyrinntekter, med 9 mill. kroner, jf. omtalen under kap. 1313, post 1 Driftsutgifter.
Staten har i 2009 gitt avdragsfridom på lånet. Dette aukar renteinntektene med om lag 4 mill. kroner, jf. budsjettert med om lag 24,2 mill. kroner.
Samferdselsdepartementet foreslår å redusera løyvinga på kap. 5619, post 80 Renter, med i alt 20,2 mill. kroner.
Komiteen har ingen merknader og støtter Regjeringens forslag.
I midten av mai 2009 var det ei ulykke på E6 Follotunnelen i Vestby kommune. Utgiftene for staten for oppryddingsarbeidet blir om lag 10 mill. kroner.
I samband med raset på rv 70 Oppdølstranda i Møre og Romsdal, jf. post 31 Rassikring, er kostnadene knytt til drift og vedlikehald rekna ut til om lag 2 mill. kroner for umiddelbar opprydding og fjellrensk.
På grunn av dei endra inntektsoverslaga på kap. 4320, post 1 Salsinntekter m.m. og post 3 Refusjonar frå forsikringsselskap, foreslår departementet å auka løyvinga på kap. 1320, post 23 Trafikktilsyn, drift og vedlikehald, med 76,5 mill. kroner.
Samferdselsdepartementet foreslår å auka løyvinga på kap. 1320, post 23 Drift og vedlikehald av riksvegar m.a., med i alt 88,5 mill. kroner.
I samband med sprengingsarbeid på prosjektet E6 Vist – Jevika – Selli gjekk det 30. juni 2008 eit ras i Løsberga sør for Steinkjer, jf. omtale i St.prp. nr. 72 (2008–2009). For å dekkja delar av dei utgiftene som må betalast i 2009, er det behov for 32 mill. kroner.
På grunn av dei endra inntektsoverslaga på kap. 4320, post 1 Salsinntekter m.m., foreslår departementet å auka løyvinga på kap. 1320, post 30 Riksveginvesteringar, med 13 mill. kroner.
Samferdselsdepartementet foreslår å auka løyvinga på kap. 1320, post 30 Riksveginvesteringar, med i alt 45 mill. kroner.
I juni 2009 gjekk det eit ras på rv 70 langs Oppdølstranda i Møre og Romsdal. Kostnadene knytt til oppryddingsarbeid, sikringsarbeid langs vegen, reparasjon av ferjekaiar og båttransport i 2009 er rekna ut til 43 mill. kroner. Av dette blir det foreslått å dekkja 41 mill. kroner over kap. 1320, post 31 Rassikring, medan 2 mill. kroner blir dekt over post 23, jf. kap. 1320 post 23.
Statens vegvesen har inntekter frå m.a. tilbakebetaling frå bompengeselskapa av utlegg som Statens vegvesen har hatt i samband med kjøp av bompengebrikker og sal av kjennemerke. Inntektene på post 1 er venta å utgjere om lag 190 mill. kroner i 2009. Dette er 43 mill. kroner meir enn det er budsjettert med. Det blir foreslått å auka løyvinga på kap. 4320, post 1 Salsinntekter m.m., med 43 mill. kroner, jf. kap. 1320, post 23 Trafikktilsyn, drift og vedlikehald av riksvegar m.m., og post 30 Riksveginvesteringar.
Statens vegvesen mottek innbetalingar frå forsikringsselskap. Inntektene på post 3 er venta å utgjera om lag 90 mill. kroner i 2009. Dette er 46,5 mill. kroner meir enn det er budsjettert med. Det blir foreslått å auka løyvinga på kap. 4320, post 3 Refusjonar frå forsikringsselskap, med 46,5 mill. kroner, jf. kap. 1320, post 23 Trafikktilsyn, drift og vedlikehald av riksvegar m.m.
Komiteen viser til at det i samband med sprengningsarbeid på prosjektet E6 Vist–Jevika–Selli gikk to ras i Løsberga sør for Steinkjer, 30. juni 2008 og 3. november 2008. Dette førte til at E6 og jernbanen ble stengt over lengre tid.
Komiteen viser til konklusjoner og anbefalinger i rapport fra referansegruppe nedsatt av Statens vegvesen etter raset i Løsberga, datert 23. februar 2009. Rapporten viser at ikke alle retningslinjer er blitt fulgt og at bruk av ingeniørgeologisk kompetanse under planlegging og prosjektering har vært mangelfull. Komiteen forutsetter at konklusjonene og anbefalingene fra referansegruppen følges opp.
Komiteen slutter seg for øvrig til Regjeringens forslag.
Samferdselsdepartementet foreslår å auke løyvinga på kap. 1330, post 70 Kjøp av sjøtransporttenester på strekninga Bergen – Kirkenes, med 5,9 mill. kroner som kompensasjon for Hurtigruten ASA sine innbetalingar til NOx-fondet for første halvår 2009.
Komiteens flertall, alle unntatt medlemmene fra Fremskrittspartiet, viser til den reviderte avtalen mellom staten og Hurtigruta ASA der selskapet bl.a. skal få kompensert NOx-avgift. Flertallet mener det er viktig å sikre driften av Hurtigruta og støtter Regjeringens forslag.
Komiteens medlemmer fra Fremskrittspartiet har merket seg at revidert avtale med Hurtigruten medfører budsjettendringer.
På grunn av dei endra inntektsoverslaga på kap. 4350, som er knytt til drift og vedlikehald, foreslår departementet å auka løyvinga på post 23 Drift og vedlikehald, med i alt 50,9 mill. kroner, jf. kap 4350.
Det blir betalt køyrevegsavgift for malmtransporten på Ofotbanen. Som følgje av finanskrisa og dårlegare konjunkturar har det blitt mindre malmtransport enn lagt til grunn ved fastsetjinga av løyvinga for 2009. Departementet foreslår derfor å redusera løyvinga på kap. 4320, post 1 Køyrevegsavgift, med 13 mill. kroner.
Sal av varer og tenester frå Jernbaneverket har vore større enn det som var lagt til grunn ved fastsetjinga av løyvinga for 2009. Departementet foreslår å auke løyvinga på kap. 4350, post 2 Sal av utstyr og tenester, med 121,9 mill. kroner.
Jernbaneverket sel vidare elektrisitet. Departementet foreslår å redusere løyvinga på kap. 4350, post 6 Vidaresal av elektrisitet til togdrift, med 58 mill. kroner.
Komiteen har ingen merknader og støtter Regjeringens forslag.
I samband med lønsoppgjeret for 2009 er Post- og teletilsynet tildelt 618 000 kroner i lønskompensasjon på kap. 1380, post 1 Driftsutgifter. Etaten er sjølvfinansierande. Departementet foreslår derfor å auka løyvinga på kap. 4380, post 1 Diverse gebyr, med 618 000 kroner.
Komiteen har ingen merknader og støtter Regjeringens forslag.
Komiteen har ellers ingen merknader, viser til proposisjonen og rår Stortinget til å gjøre slikt
vedtak:
I statsbudsjettet for 2009 blir det gjort følgjande endringar:
Kap. | Post | Formål | Kroner |
Utgifter | |||
1300 | Samferdselsdepartementet | ||
70 | Tilskot til internasjonale organisasjonar, blir auka med | 1 300 000 | |
frå kr 19 300 000 til kr 20 600 000 | |||
1313 | Luftfartstilsynet | ||
1 | Driftsutgifter, blir auka med | 9 000 000 | |
frå kr 168 515 000 til kr 177 515 000 | |||
1314 | Statens havarikommisjon for transport | ||
1 | Driftsutgifter, blir auka med | 220 000 | |
frå kr 50 488 000 til kr 50 708 000 | |||
1320 | Statens vegvesen | ||
23 | Trafikktilsyn, drift og vedlikehald av riksvegar m.m., kan overførast, kan nyttast under post 29, post 30, post 31 og post 72, blir auka med | 88 500 000 | |
frå kr 8 559 500 000 til kr 8 648 000 000 | |||
30 | Riksveginvesteringar, kan overførast, kan nyttast under post 23, post 29, post 31, post 60 og post 72, blir auka med | 45 000 000 | |
frå kr 7 870 900 000 til kr 7 915 900 000 | |||
31 | Rassikring, kan overførast, kan nyttast under post 30 og post 60, blir auka med | 41 000 000 | |
frå kr 502 500 000 til kr 543 500 000 | |||
1330 | Særskilde transporttiltak | ||
70 | Kjøp av sjøtransporttenester på strekninga Bergen – Kirkenes, blir auka med | 5 900 000 | |
frå kr 319 300 000 til kr 325 200 000 | |||
1350 | Jernbaneverket | ||
23 | Drift og vedlikehald, kan overførast, kan nyttast under post 30, blir auka med | 50 900 000 | |
frå kr 4 703 400 000 til kr 4 754 300 000 | |||
Inntekter | |||
4313 | Luftfartstilsynet | ||
1 | Gebyrinntekter, blir auka med | 9 000 000 | |
frå kr 115 800 000 til kr 124 800 000 | |||
4320 | Statens vegvesen | ||
1 | Salsinntekter m.m., blir auka med | 43 000 000 | |
frå kr 147 000 000 til kr 190 000 000 | |||
3 | Refusjonar frå forsikringsselskap, blir auka med | 46 500 000 | |
frå kr 43 500 000 til kr 90 000 000 | |||
4350 | Jernbaneverket | ||
1 | Køyrevegsavgift, blir redusert med | 13 000 000 | |
frå kr 25 000 0000 til kr 12 000 000 | |||
2 | Sal av utstyr og tenester, blir auka med | 121 900 000 | |
frå kr 113 100 000 til kr 235 000 000 | |||
6 | Vidaresal av elektrisitet til togdrift, blir redusert med | 58 000 000 | |
frå kr 283 100 000 til 225 100 000 | |||
4380 | Post- og teletilsynet | ||
1 | Diverse gebyr, blir auka med | 618 000 | |
frå kr 170 600 000 til kr 171 218 000 | |||
5619 | Renter av lån til Oslo Lufthavn AS | ||
80 | Renter, blir redusert med | 20 200 000 | |
frå kr 257 000 000 til kr 236 800 000 |
Oslo, i transport- og kommunikasjonskomiteen, den 2. desember 2009
Knut Arild Hareide |
Susanne Bratli |
leder |
ordfører |