Innstilling fra næringskomiteen om endringer i statsbudsjettet for 2008 under Nærings- og handelsdepartementet

Innhold

Til Stortinget

1. Sammendrag

I denne proposisjonen legg Nærings- og handelsdepartementet fram endringsforslag på statsbudsjettet for 2008 i samsvar med punkta nedanfor.

1.1 Kap. 900 Nærings- og handelsdepartementet

Post 1 Driftsutgifter

Ein viser til omtale og framlegg om auka inntektsløyving på 1,8 mill. kroner frå sal av eit beredskapslager med hermetikk under kap. 3900 post 2 Ymse inntekter. I tråd med tidlegare opplegg og etablert praksis legg Nærings- og handelsdepartementet til grunn at meirinntekta frå dette salet skal nyttast til å dekkje utgifter til tiltak for å styrke forsyningsberedskapen.

Nærings- og handelsdepartementet gjer vidare framlegg om å omdisponere 400 000 kroner frå løyvinga til skipsfartsberedskap under post 72 nedanfor.

Nærings- og handelsdepartementet har vore i rettstvist med eit islandsk reiarlag, jf. kap. 3939 post 50. Utfallet av tvisten inneber at staten får tilbakebetalt 3,2 mill. kroner. Advokatutgiftene i samband med saka utgjer 350 000 kroner. Ein legg til grunn at desse ekstraordinære utgiftene blir dekt under post 1 som ei tilleggsløyving.

På dette grunnlaget gjer departementet framlegg om å auke løyvinga under posten med til saman 2,55 mill. kroner, frå 156,82 til 159,37 mill. kroner.

Post 70 Tilskot til internasjonale organisasjonar

Posten dekkjer bidrag og utgifter til deltaking i fleire internasjonale organisasjonar og komitear, mellom anna for ispatruljetenester i det nordlege Atlanterhavet utført av den amerikanske kystvakta. Utgiftene ved ispatruljetenesta blir i utgangspunktet dekt av USA, som deretter krev refusjon frå deltakarlanda for deira delar av utgiftene på grunnlag av nettotonnasjen for passerande skip. Det har vore stopp i innkrevjinga sidan 2003. Det ventast heller ikkje refusjonskrav i 2008. Nærings- og handelsdepartementet gjer derfor framlegg om å redusere løyvinga med 3,5 mill. kroner, frå 24,3 til 20,8 mill. kroner.

Post 72 Tilskot til beredskapsordningar

Av løyvinga for 2008 på 3 mill. kroner har ein sett av 2,4 mill. kroner til skipsfartsberedskap i regi av Norges Rederiforbund. Ein gjennomgang viser at verksemda for 2008 kan bli gjennomført innanfor ei ramme på 2 mill. kroner. På dette grunnlaget gjer Nærings- og handelsdepartementet framlegg om å redusere løyvinga under posten med 400 000 kroner, frå 3,0 til 2,6 mill. kroner.

1.2 Kap. 904 Brønnøysundregistra

Post 22 Forvalting av Altinn-løysinga, kan overførast

Løyvinga for 2008 var større enn det faktiske behovet, som er på 110,8 mill. kroner inklusiv ordinær drift av løysinga. Nærings- og handelsdepartementet gjer på dette grunnlaget framlegg om å redusere løyvinga med 2,9 mill. kroner, frå 113,7 til 110,8 mill. kroner.

1.3 Kap. 920 Noregs forskingsråd

Post 50 Tilskot

Regjeringa si maritime strategi "Stø kurs" trekkjer opp ambisjonane for vidare utvikling av Noreg som ein ledande maritim nasjon. Noregs forskingsråd og Innovasjon Norge skal gjennom virkemidla sine, i Forskingsrådet først og fremst Maroff-programmet, bidra til at offentlege og private ressursar blir koordinert med sikte på innovasjon og utvikling innanfor dette området. Så langt har prosjekttilgang og lovnadsomfang for middel til miljøprosjekt i dei maritime næringane og utviklinga av nærskipsfartsflåten i regi av Innovasjon Norge vore moderat. Aktiviteten i Maroff-programmet er derimot høg. Rammene for programmet er fullt utnytta i dag. Fleire kvalifiserte søknader har blitt avslått. Departementet meiner derfor ein kan få betre utnytting av midla under strategien ved å omdisponere 7,5 mill. kroner frå Innovasjon Norge sitt budsjett til Noregs forskingsråd og Maroff-programmet.

Nærings- og handelsdepartementet gjer på dette grunnlaget framlegg om å auke løyvinga til Noregs forskingsråd med 7,5 mill. kroner, frå 1 169,0 til 1 176,5 mill. kroner.

1.4 Kap. 922 Romverksemd

Post 70 Kontingent i European Space Agency (ESA)

Det er lagt til grunn at løyvingane til kontingent i den europeiske romorganisasjonen ESA skal justerast dersom valutakursen på euro har endra seg i budsjettåret, i høve til kursen som blei lagt til grunn for saldert budsjett. Samla utgjer valutakursjusteringane ein auke på om lag 1,1 mill. kroner. Samstundes har det vore justering i kontingentoppkallinga frå ESA i budsjettåret. Dei samla kontingentforpliktingane i perioden er uendra, men den årlege utbetalingstakta er justert. Total auka innbetaling i høve til budsjett for 2008 utgjer 0,8 mill. kroner. Nærings- og handelsdepartementet gjer på dette grunnlaget framlegg om å auke løyvinga med 1,9 mill. kroner, frå 109,7 til 111,6 mill. kroner.

Post 71 Internasjonal romverksemd

Det er lagt til grunn at løyvingane til internasjonal romverksemd skal justerast dersom valutakursane på euro og amerikanske dollar har endra seg i budsjettåret i høve til kursane som blei lagt til grunn for saldert budsjett. Samla utgjer valutakursjusteringane ein auke på om lag 0,9 mill. kroner. Samstundes har det vore ei endring i oppkallinga av programmiddel frå ESA i 2008. Totalt gjer endra framdrift i gjennomføring av programma at utbetalingane til ESA i 2008 blir 30,4 mill. kroner lågare enn berekna i St.prp. nr. 1.

Nærings- og handelsdepartementet gjer på dette grunnlaget framlegg om å redusere løyvinga med 29,5 mill. kroner, frå 295,6 til 266,1 mill. kroner.

1.5 Kap. 950 Forvalting av statleg eigarskap

Post 21 Spesielle driftsutgifter, kan overførast

På statsbudsjettet for 2008 er det løyvd 10,7 mill. kroner til å dekkje utgifter og fagleg bistand i samband med aksjetransaksjonar i selskap under Nærings- og handelsdepartementet si forvalting. Posten skal òg dekkje konsulentbistand ved eigar- og strukturmessige vurderingar og Verdipapirsentral (VPS)- avgifter.

Når ein tek omsyn til dei vel 3,3 mill. kronene som er overført frå 2007, er det behov for ei tilleggsløyving på om lag 11 mill. kroner for 2008. Nærings- og handelsdepartementet gjer på dette grunnlaget framlegg om å auke løyvinga med 11 mill. kroner, frå kr 10 764 000 til kr 21 764 000.

Post 96 Aksjer

Ved stortingsvedtak 3. mars 2008 blei det gitt ei løyving på 250 mill. kroner til statleg deltaking i ei eller fleire kapitalutvidingar i Eksportfinans ASA i 2008. På ekstraordinær generalforsamling i Eksportfinans 13. mars 2008 blei det beslutta å auke aksjekapitalen med 1,2 mrd. kroner. Basert på fullmakt frå Stortinget deltok staten i kapitalutvidinga med om lag 180 mill. kroner, slik at eigarandelen på 15 pst. blei vidareført uendra.

På dette grunnlaget gjer Nærings- og handelsdepartementet framlegg om å redusere løyvinga under posten med 70 mill. kroner frå 250 til 180 mill. kroner.

1.6 Kap. 960 (nytt) Raufoss ASA

Post 71 Refusjon for miljøtiltak

Fram til midten av oktober 2008 hadde departementet refundert om lag 8 mill. kroner i kostnader knytt til pålagte, utførte miljøtiltak i 2008. Etter planen vil det bli aktuelt med ytterlegare om lag 10 mill. kroner i utbetalingar i 2008. På dette grunnlaget gjer Nærings- og handelsdepartementet framlegg om å løyve 18 mill. kroner til refusjonar for 2008.

1.7 Kap. 2421 Innovasjon Norge

Post 50 Innovasjon - prosjekt, fond

Under denne løyvinga er det for 2008 øyremerkt 25 mill. kroner som eit ledd i Regjeringa sin maritime strategi "Stø kurs" for 2008. Innovasjon Norge estimerer at i storleik 17,5 mill. kroner av midla vil bli disponert innan årsskiftet. For å få ei best mogleg utnytting av midla under maritim strategi for 2008 gjer Nærings- og handelsdepartementet framlegg om at resterande 7,5 mill. kroner blir omdisponert til Maroff-programmet under kap. 920 Noregs forskingsråd, post 50 Tilskot.

Nærings- og handelsdepartementet gjer på dette grunnlaget framlegg om å redusere løyvinga med 7,5 mill. kroner, frå 131,0 til 123,5 mill. kroner.

Post 90 Lån frå statskassa til utlånsverksemd, overslagsløyving

Innlån og avdrag har blitt redusert i 2008 fordi Innovasjon Norge nyttar mindre kortsiktige lån enn det som låg til grunn ved salderinga av budsjettet. Dette inneber òg at avdraga blir redusert om lag tilsvarande. På dette grunnlaget gjer Nærings- og handelsdepartementet framlegg om å redusere løyvinga med 11,1 mrd. kroner, frå 34,9 til 23,8 mrd. kroner.

1.8 Kap. 3900 Nærings- og handelsdepartementet

Post 2 Ymse inntekter

Hausten 2008 er eit beredskapslager med hermetikk selt for om lag 1,8 mill. kroner. På dette grunnlaget gjer departementet framlegg om auke av inntektsløyvinga under posten med 1 800 000 kroner, frå 101 000 kroner til 1 901 000. Det er gjort framlegg om tilsvarande auke av utgiftsløyvinga under kap. 900 post 1.

1.9 Kap. 3934 (nytt) Internasjonaliseringstiltak

Post 70 Tilbakeføring frå Baltisk investeringsprogram (BIP)

I 1998 vedtok dei nordiske finans- og økonomiministrane (MR-Finans) ei utfasing av BIP frå januar 1999. Etter kvart som middel til utlån og eigenkapitalinvesteringar blir frigjorte, skal desse tilbakeførast til dei nordiske landa. Programmiddel på vel 6,9 mill. kroner er blitt tilbakeført til Nærings- og handelsdepartementet i 2008.

På dette grunnlaget gjer departementet framlegg om ei løyving på 6,9 mill. kroner under nytt budsjettkapittel.

1.10 Kap. 3951 (nytt) Store Norske Spitsbergen Kulkompani A/S

Post 90 Tilbakebetaling av ansvarleg lån

Staten gav i juni 2007 Store Norske Spitsbergen Kulkompani A/S eit ansvarleg lån på 250 mill. kroner til ei rente på 9 pst. p.a. Heile det ansvarlege lånet er betalt tilbake til Nærings- og handelsdepartementet. På dette grunnlaget gjer departementet framlegg om å inntektsløyve 250 mill. kroner under nytt budsjettkapittel.

1.11 Kap. 3961 Selskap under NHD si forvalting

Post 71 Garantiprovisjon, Eksportfinans ASA

Då Stortinget 17. juni 2008 handsama næringskomiteen si innstilling om eigarskapssaker om Eksportfinans ASA m.m. blei det løyvd 6 375 000 kroner i garantiprovisjon over statsbudsjettet for 2008. I tillegg omfatta løyvinga 1 125 000 kroner i kompensasjon for aksjonærar som valde å ikkje delta i garantien.

I ettertid har Eksportfinans kome til at departementet ikkje har krav på kompensasjon for aksjonærar som valde å ikkje vere med i garantien. Nærings- og handelsdepartementet deler selskapet si fortolking av avtala og gjer framlegg om at inntektsløyvinga under posten blir redusert med 1 125 000 kroner, frå 6 375 000 kroner til 5 250 000 kroner.

1.12 Kap. 5325 Innovasjon Norge

Post 90 Avdrag på uteståande fordringar

Posten omfattar avdrag på lån til Innovasjon Norge frå statskassa. Ein viser til omtale av opplegget for innlån under kap. 2421 post 90 ovanfor. På dette grunnlaget gjer Nærings- og handelsdepartementet framlegg om å redusere løyvinga med 12 mrd. kroner, frå 35,1 til 23,1 mrd. kroner.

1.13 Kap. 5612 Renter frå Store Norske Spitsbergen Kulkompani A/S

Post 80 Renter

Selskapet tilbakebetalte lånet i slutten av september 2008 saman med påløpne renter som utgjorde 16,875 mill. kroner. Avviket mellom budsjetterte og faktisk innbetalte renter utgjer såleis 5,625 mill. kroner.

Nærings- og handelsdepartementet gjer derfor framlegg om å redusere renteinntektene frå Store Norske Spitsbergen Kulkompani A/S med 5,6 mill. kroner, frå 22,5 til 16,9 mill. kroner.

1.14 Kap. 5613 Renter frå SIVA SF

Post 80 Renter

Som følgje av rentestrukturen på dei statspapira som låna til SIVA er knytt opp til, er det grunnlag for å nedjustere renteinntektsløyvinga med 8,2 mill. kroner, frå 33,0 til 24,8 mill. kroner.

1.15 Kap. 5625 Renter og utbyte frå Innovasjon Norge

Post 80 Renter på lån frå statskassa

Som følgje av faktiske renteinnbetalingar og prognosar for resten av året, er det grunnlag for å justere renteinntektsløyvinga ned på grunn av lågare innlånsvolum og rentesatsar enn lagt til grunn for løyvinga i St.prp. nr. 1 (2007–2008).

På dette grunnlaget gjer Nærings- og handelsdepartementet framlegg om at løyvinga for renteinntektene blir redusert med 85 mill. kroner, frå 555 til 470 mill. kroner.

1.16 Kap. 5656 Aksjar i selskap under NHD si forvalting

Post 85 Utbyte

Då Stortinget 20. juni 2008 handsama Innst. S. nr. 270 og St.prp. nr. 59 (2007–2008), blei løyvinga under denne posten auka til 15 404,2 mill. kroner i samla aksjeutbyte frå selskap under Nærings- og handelsdepartementet si forvalting.

I juli 2008 mottok departementet utbyte på 98,9 mill. kroner på staten sine aksjar i Aker Holding AS. Denne summen var ikkje inkludert i løyvinga som er nemnd over. Vidare blei det utbetalt utbyte på staten sine aksjar i Nammo AS som var 18,8 mill. kroner høgare enn budsjettert.

På dette grunnlaget gjer Nærings- og handelsdepartementet framlegg om å auke løyvinga med 117,7 mill. kroner, frå 15 404,2 til 15 521,9 mill. kroner.

1.17 Orienteringssak

Galileo - utbetaling av kostnader til utviklingsfasen

I perioden 2005–2007 blei det i alt sett av 76 mill. kroner til deltaking på EU-sida i utviklingsfasen av satellittnavigasjonsprogrammet Galileo. Det blei sett av 60 mill. kroner under kap. 2421 post 72 og 16 mill. kroner under kap. 922 post 72.

Det er no oppnådd semje om deltaking i utviklingsfasen, og dei avsette midla vil bli utbetalt utan at det blir inngått ei særskilt avtale om deltaking slik det tidlegare var føresett. Det forhandlast no om ei avtale om deltaking i utbyggingsfasen av Galileo. Ei eventuell avtale om denne fasen vil bli lagt fram for Stortinget, jf. omtale i St.prp. nr. 1 (2008–2009).

2. Komiteens merknader

Komiteen, medlemene fra Arbeidarpartiet, Gunvor Eldegard, Sigrun Eng, Steinar Gullvåg, Sigvald Oppebøen Hansen og Arne L. Haugen, frå Framstegspartiet, Hans Frode Kielland Asmyhr, Kåre Fostervold og Øyvind Korsberg, frå Høgre, Torbjørn Hansen og Elisabeth Røbekk Nørve, frå Sosialistisk Venstreparti, Inge Ryan, frå Kristeleg Folkeparti, Ingebrigt S. Sørfonn, frå Senterpartiet, leiaren Ola Borten Moe, og frå Venstre, Leif Helge Kongshaug, viser til St.prp. nr. 29 (2008–2009) der Stortinget blir bedt om å gjøre vedtak om endringer i statsbudsjettet for 2008 under Nærings- og handelsdepartementet.

Komiteen viser til endringene i statsbudsjettet, og har merket seg disse. Endringsforslagene innebærer økte utgifter i Nærings- og handelsdepartementet, til Altinn-løsningen, Norges forskningsråd, romvirksomhet, forvaltning av statlig eierskap, Raufoss ASA og Innovasjon Norge.

Inntektene innebærer endringer i forhold til inntekter til Nærings- og handelsdepartementet, internasjonaliseringstiltak, støtte til skipsbygging, tilbakebetaling fra Store Norske Spitsbergen Kulkompani A/S, selskaper under departementets forvaltning, reduksjon i utestående fordringer hos Innovasjon Norge, reduserte renter fra Store Norske Spitsbergen Kulkompani A/S, SIVA SF, Innovasjon Norge (renter samt utbytte), og økt utbytte fra aksjer i selskap under Nærings- og handelsdepartementets forvaltning. Komiteen støtter dette.

3. Tilråding fra komiteen

Komiteen har elles ingen merknader, viser til proposisjonen og rår Stortinget til å gjøre følgende

vedtak:

I

I statsbudsjettet for 2008 blir det gjort følgende endringer:

Kap.

Post

Formål

Kroner

Utgifter

900

Nærings- og handelsdepartementet

1

Driftsutgifter, blir auka med

2 550 000

frå kr 156 820 000 til kr 159 370 000

70

Tilskot til internasjonale organisasjonar, blir redusert med

3 500 000

frå kr 24 300 000 til kr 20 800 000

72

Tilskot til beredskapsordningar, blir redusert med

400 000

frå kr 3 000 000 til kr 2 600 000

904

Brønnøysundregistra

22

Forvalting av Altinn-løysinga, kan overførast,blir redusert med

2 900 000

frå kr 113 700 000 til kr 110 800 000

920

Noregs forskingsråd

50

Tilskot, blir auka med

7 500 000

frå kr 1 169 000 000 til kr 1 176 500 000

922

Romverksemd

70

Kontingent i European Space Agency (ESA), blir auka med

1 900 000

frå kr 109 700 000 til kr 111 600 000

71

Internasjonal romverksemd, blir redusert med

29 500 000

frå kr 295 600 000 til kr 266 100 000

950

Forvalting av statleg eigarskap

21

Spesielle driftsutgifter, kan overførast,blir auka med

11 000 000

frå kr 10 764 000 til kr 21 764 000

96

Aksjar, blir redusert med

70 000 000

frå kr 250 000 000 til kr 180 000 000

960

(nytt)

Raufoss ASA

71

Refusjon for miljøtiltak, blir løyvd med

18 000 000

2421

Innovasjon Norge

50

Innovasjon - prosjekt, fond, blir redusert med

7 500 000

frå kr 131 000 000 til kr 123 500 000

90

Lån frå statskassa til utlånsverksemd, overslagsløyving,blir redusert med

11 100 000 000

frå kr 34 900 000 000 til kr 23 800 000 000

Inntekter

3900

Nærings- og handelsdepartementet

2

Ymse inntekter, blir auka med

1 800 000

frå kr 101 000 til kr 1 901 000

3934

(nytt)

Internasjonaliseringstiltak

70

Tilbakeføring frå Baltisk investeringsprogram, blir løyvd med

6 900 000

3939

Stønad til skipsbygging

50 (ny)

Tilbakeføring frå fond for stønad ved skipskontraktar, blir løyvd med

3 200 000

3951

(nytt)

Store Norske Spitsbergen Kulkompani A/S

90

Tilbakebetaling av ansvarleg lån, blir løyvd med

250 000 000

3961

Selskap under NHD si forvalting

71

Garantiprovisjon, Eksportfinans ASA, blir redusert med

1 125 000

frå kr 6 375 000 til kr 5 250 000

5325

Innovasjon Norge

90

Avdrag på uteståande fordringar, blir redusert med

12 000 000 000

frå kr 35 100 000 000 til kr 23 100 000 000

5612

Renter frå Store Norske Spitsbergen Kulkompani A/S

80

Renter, blir redusert med

5 600 000

frå kr 22 500 000 til kr 16 900 000

5613

Renter frå SIVA SF

80

Renter, blir redusert med

8 200 000

frå kr 33 000 000 til kr 24 800 000

5625

Renter og utbyte frå Innovasjon Norge

80

Renter på lån frå statskassa, blir redusert med

85 000 000

frå kr 555 000 000 til kr 470 000 000

5656

Aksjar i selskap under NHD si forvalting

85

Utbyte, blir auka med

117 700 000

frå kr 15 404 200 000 til kr 15 521 900 000

Oslo, i næringskomiteen, den 4. desember 2008

Ola Borten Moe

leder og ordfører