Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.

Stortinget.no

logo
Hopp til innholdet
Til forsiden

Innstilling frå kyrkje-, utdannings- og forskingskomiteen om endringar på statsbudsjettet for 1998 under kapittel administrerte av Kyrkje-, utdannings- og forskingsdepartementet.

Innhold

Til Stortinget.

Departementet gjer framlegg om desse endringane på statsbudsjettet for 1998:

Det er no gjort avtale mellom Kopinor og Kirkens Arbeidsgiverorganisasjon som regulerer all framtidig kopiering i kyrkjelydane, jf. åndsverklova. Departementet gjer i proposisjonen nærare greie for avtalen, som føreset eit eingongsvederlag for all vederlagspliktig tidlegare kopiering i Den norske kyrkja. Etter forhandlingar er eingongsvederlaget fastsett til 7,5 mill. kroner, og departementet gjer framlegg om å auke kap. 294 med denne summen.

Det er stort behov for vikartenester for prestane, jf. St.prp. nr. 64 (1997-98). Bispedømma har sett i verk innstrammingstiltak i 1998, men det er likevel eit stort tilleggsbehov på vikarbudsjettet, som vert å styrke med 10,7 mill. kroner over kap. 295.

Når det gjeld kap. 2410, gjer departementet framlegg om å auke driftsutgiftene med 3 mill. kroner i samband med utvals- og utviklingsarbeid. Omlagløyvinga til utdanningsstipend er auka med 113 mill. kroner. Dette følgjer av reglane for folkehøgskoleelevar og av dei to etterbetalingane til studentar i utlandet pga. svekka kronekurs. Overslaget for reisestipend innanlands er justert noko ned. Men samstundes har det vore fleire gebyrstipend. Valutaendringane har òg gjort tala høgare. Omlagløyvinga til andre stipend er difor auka med 40 mill. kroner. Vidare er rentestønaden auka med 37 mill. kroner ut frå dei siste prognosane. Overslaget for avskrivingar etter hovudfag og avskrivingar for lånekundar som bur i Finnmark, er sett ned med 72 mill. kroner. Det er ikkje behov for løyving til tap på utlån i 1998. Dette gir ein reduksjon på 20 mill. kroner. Lån til studentar i utlandet har auka både i tal og storleik i undervisningsåret 1997-98. Omlagløyvinga over post 90 er difor auka med 45 mill. kroner.

Over kap. 5310 er inntektene frå gebyr auka med 10 mill. kroner. Bakgrunnen er at det har vore fleire andregongsvarsel og oppseiingar av lån. Avdraga over post 90 vert å redusere med 500 mill. kroner ettersom ekstraordinære avdrag til no i 1998 har vorte reduserte til om lag halvparten. Endra overslag over tap og avskrivingar gir ein reduksjon på 106 mill. kroner. Over kap. 5617 er rentene frå Lånekassa auka med 27 mill. kroner. Bakgrunnen er at redusert avdragsinngang har ført til auka behov for innlån og dermed høgare rentekostnader.

Over kap. 210 er omlagløyvingane i tilskot til livssynssamfunn og trudomssamfunn utanfor Den norske kyrkja auka med til saman 9,2 mill. kroner. Bakgrunnen er auke i satsane pr. medlem og auka medlemstal.

Når det gjeld tilskot til privateigde skole- og kyrkjebygg, er det kome inn søknader som gir grunnlag for tilskot på om lag 6 mill. kroner meir enn det som er løyvd til dette. Departementet gjer framlegg om å auke løyvinga tilsvarande for ikkje å få eit etterslep i 1999.

Over kap. 221 gjer departementet framlegg om å redusere tilskotet til verkemiddeltiltak i Nord-Noreg med 10 mill. kroner. Mindrebehovet har samanheng med den gamle ordninga og at det har vorte færre verkemiddelskolar. Fleire elevar i skolefritidsordningar enn føresett gir eit meirbehov i tilskot i skolefritidsordningar på 5 mill. kroner. Mindrebehovet i tilskot til kommunale musikk- og kulturskolar er på 5 mill. kroner. Løyvingane vert å redusere tilsvarande. Tilskotsordninga for investeringar i skolebygg for 6-åringar er avslutta. Løyvinga på 49 mill. kroner over kap. 229 som vart overført frå 1997, vil difor ikkje bli nytta.

Tilskotet til undervisning for framandspråklege elevar har eit mindreforbruk i grunnskolen på 38 mill. kroner (kap. 221) og i vidaregåande opplæring på 4 mill. kroner (kap. 231). Departementet gjer framlegg om å redusere løyvingane tilsvarande. Færre fiskarar enn venta har delteke på tryggleikskurs og repetisjonskurs. Løyvinga over kap. 232 er difor redusert med 1,9 mill. kroner. På grunn av mindreforbruk gjer departementet framlegg om å redusere kvalitetssikringstilskotet til lærebedrifter med 175 mill. kroner. Tilskotet til vaksne lærlingar som må reise bort for å ta deler av opplæringa, er redusert med 4,5 mill. kroner (kap. 234). Omlegginga av dei statlege vidaregåande skolane i landbruksfag og naturbruk gir eit mindrebehov på 3 mill. kroner. Omlagløyvinga i tilskot til private skolar er sett ned med 18 mill. kroner (kap. 240). Tilskotet til internasjonale utdanningsprogram er redusert med 2,3 mill. kroner som følgje av tilbakeført kontingent til EU frå 1996 (kap. 239).

For Noregs teknisk-naturvitskapelege universitet er posten for kjøp av eigedom under kap. 262 auka med 11,8 mill. kroner mot ein tilsvarande reduksjon av kap. 743, jf. St.prp. nr. 18 (1998-99). Noregs handelshøgskole har ved ein feil ført inntekter frå mastergradstudiet på inntektskapitlet utan å rekneskapsføre tilsvarande utgifter over posten for særskilde driftsutgifter (kap. 264). Departementet gjer framlegg om å auke utgiftsløyvinga med 1,57 mill. kroner på grunn av dette.

Over kap. 281 gjer departementet framlegg om å redusere dei felles driftsutgiftene for universitet og høgskolar med 19,3 mill. kroner. Bakgrunnen er den endra forskriften til tenestemannslova frå 1.august 1998 som gir høve til tilsetjing i post doc-stillingar. Budsjetteffekten i 1998 har vore mindre enn tidlegare lagt til grunn. Endra valutakurs har auka kontingenten til internasjonale program slik at tilskotet vert å auke med 2,5 mill. kroner.

Departementet gjer framlegg om å setje ned nokre inntektskapittel og å redusere utgiftsløyvingane tilsvarande for å dekke inn inntektssvikten. Kap. 243, kap. 262, kap. 273 og kap. 281 er i framlegget redusert med til saman 11,6 mill. kroner og dei tilhøyrande inntektskapitla er reduserte med same sum.

Der inntektene har vorte høgare enn dei vedtekne inntektsløyvingane, gjer departementet framlegg om å auke desse løyvingane og å justere opp dei tilsvarande utgiftsløyvingane. Dette gir ein samla auke i utgiftsløyvingane på 340,2 mill. kroner over kapitla som gjeld skole og opplæring (kap. 203, kap. 232, kap. 243 og kap. 244), universiteta (kap. 260, kap. 261, kap. 262 og kap. 263), einskilde høgskolar (kap. 264, kap. 265, kap. 268, kap. 273, kap. 278 og kap. 279) og dei statlege høgskolane (kap. 274), og over kap. 280, kap. 283 og kap. 297. Inntektskapitla er auka tilsvarande.

Komiteen sluttar seg til løyvingsframlegga.

Komiteens medlemmer fra Arbeiderpartiet og Sosialistisk Venstreparti viser til at departementet finner det nødvendig for inneværende år å øke tilskuddet til skolefritidsordningene. Disse medlemmer har ingen merknader til dette. Disse medlemmer viser også til at tilskudd til språkopplæring for minoritetsgrupper viser et mindreforbruk. Disse medlemmer mener dette er foruroligende, og forutsetter at departementet drøfter årsaksforholdene i den bebudede melding om morsmålsopplæring.

Disse medlemmer merker seg at departementet foreslår å redusere posten med 19,3 mill. kroner. Bevilgningen var øremerket opprettelse av post doc.-stillinger. Departementet begrunner reduksjonen med at nødvendige endringer i forskriftene til tjeneste-mannsloven har tatt lengre tid enn forutsatt. Endringene i forskriftene er gjort gjeldende fra 1.august i år.

Disse medlemmer viser til komiteens merknader i Innst. S. nr 51 (1997-98) der komiteen bl.a. uttalte:

«Komiteen ber departementet påskynde prosessen slik at den nye stillingskategorien kan bli etablert.»

Økt satsning på forskning og utdanning av forskere skulle været et prioritert område. Post doc.-stillingene ble opprettet for å stimulere ferdige doktorkandidater til å satse på en forskerkarriere.

Disse medlemmer beklager at det har tatt så lang tid å rydde opp i de juridiske forhold. Det har tatt nærmere ett år fra komiteen kommenterte forholdet i Innst. S. nr. 51 (1997-98). Disse medlemmer ber departementet påse at det antall stillinger som var forutsatt blir opprettet snarest. Disse medlemmer forutsetter dessuten at bruk av den nye stillingskategorien blir vurdert og drøftet i forskningsmeldingen.

Komiteens medlemmer fra Fremskrittspartiet vil understreke at et fundament for politisk behandling av budsjetter er at man forutsetter at budsjettene i så stor grad det lar seg gjøre skal følges. Imidlertid er det selvfølgelig at det i løpet av et år vil oppstå situasjoner som nødvendiggjør korreksjoner i forhold til merforbruk/mindre forbruk, korrigeringer av feilføringer etc. Dette gjelder særlig forhold de politiske myndigheter i liten grad rår over, f.eks. søknader inennfor enkelte tilskuddsordninger, tilfeldige markedssvingninger osv. Disse medlemmer aksepterer derfor de foreslåtte endringer.

Når det gjelder skolefritidsordningen, tilskudd til kommunale musikk- og kulturskoler og tilskudd til undervisning av fremmedspråklige - som nevnt i proposisjonen - vil disse medlemmer vise til sine kommentarer og forslag i forbindelse med budsjettbehandlingen for 1998 og 1999. I disse kommentarene og forslagene vil disse medlemmers syn på nevnte felt fremgå.

Komiteen viser til proposisjonen og rår Stortinget til å gjere slikt

vedtak:

I.

Statsbudsjettet for 1998 vert endra slik:

Kap.

Post

Formål

Kroner

Utgifter:

203

Statens utdanningskontor

01

Driftsutgifter, kan nyttast under post kap. 200 post 01,

blir auka med

7 000 000

frå kr 118 679 000 til kr 125 679

210

Tilskott til trussamfunn o.a. og privateigde skole- og kyrkjebygg

70

Tilskott til registrerte trussamfunn, omlagløyving,

blir auka med

5 700 000

frå kr 42 780 000 til kr 48 480 000

71

Tilskott til uregistrerte trussamfunn, omlagløyving,

blir auka med

1 700 000

frå kr 4 440 000 til kr 6 140 000

72

Tilskott til livssynssamfunn, omlagløyving, blir auka med

1 800 000

frå kr 12 776 000 til kr 14 576 000

75

Tilskott til privateigde skole- og kyrkjebygg, blir auka med

6 000 000

frå kr 10 335 000 til kr 16 335 000

221

Tilskott til grunnskolen

60

Tilskott til verkemiddeltiltak i Nord-Noreg, kan overførast,

blir r e d u s e r t med

10 000 000

frå kr 29 758 000 til kr 19 758 000

63

Tilskott til skolefritidsordningar, kan overførast,

blir auka med

5 000 000

frå kr 446 250 000 til kr 451 250 000

65

Tilskott til undervisning for framandspråklege elevar,

blir redusert med

38 000 000

frå kr 640 291 000 til kr 602 291 000

67

Tilskott til kommunale musikk- og kulturskolar, omlagløyving, blir redusert med

5 000 000

frå kr 91 661 000 til kr 86 661 000

231

Tilskott til vidaregåande opplæring

65

Tilskott til ekstra språkopplæring for framandspråklege elevar/lærlingar, blir redusert med

4 000 000

frå kr 38 000 000 til kr 34 000 000

232

Statlege skolar med opplæring på vidaregåande nivå

01

Driftsutgifter, blir auka med

3 000 000

frå kr 100 417 000 til kr 103 417 000

21

Tryggleiksopplæring for fiskarar, blirredusert med

1 900 000

frå kr 22 614 000 til kr 20 714 000

234

Tilskott til lærebedrifter og lærlingar

70

Tilskott til bedrifter som tek inn lærlingar,

blir redusert med

175 000 000

frå kr 514 000 000 til kr 339 000 000

73

Tilskott til lærlingar, blir redusert med

4 500 000

frå kr 15 453 000 til kr 10 953 000

235

Statlege vidaregåande skolar i landbruksfag og naturbruk

01

Driftsutgifter, blir redusert med

3 000 000

frå kr 23 566 000 til kr 20 566 000

239

Andre formål i vidaregåande opplæring

72

Tilskott til internasjonale utdanningsprogram (LEONARDO m.fl.), blir redusert med

2 300 000

frå kr 27 875 000 til kr 25 575 000

240

Private skolar o.a.

70

Tilskott, omlagløyving, blir redusert med

18 000 000

frå kr 901 153 000 til kr 883 153 000

243

Kompetansesentra for spesialundervisning

01

Driftsutgifter, kan nyttast under post 21, blir a u k a med

300 000

frå kr 676 577 000 til kr 676 877 000

21

Særskilde driftsutgifter, blir a u k a med

14 000 000

frå kr 14 165 000 til kr 28 165 000

244

Nasjonalt læremiddelsenter

01

Driftsutgifter, blir auka med

4 000 000

frå kr 29 734 000 til kr 33 734 000

21

Særskilde driftsutgifter, blir auka med

2 000 000

frå kr 2 500 000 til kr 4 500 000

260

Universitetet i Oslo

01

Driftsutgifter, blir auka med

7 500 000

frå kr 1 804 504 000 til kr 1 812 004 000

21

Særskilde driftsutgifter, blir auka med

70 000 000

frå kr 383 273 000 til kr 453 273 000

261

Universitetet i Bergen

01

Driftsutgifter, blir auka med

1 500 000

frå kr 1 005 711 000 til kr 1 007 211 000

21

Særskilde driftsutgifter, blir auka med

80 000 000

frå kr 236 262 000 til kr 316 262 000

49

Kjøp av eigedom, kan overførast, blir auka med

7 700 000

frå kr 10 000 til kr 7 710 000

262

Noregs teknisk- naturvitskapelege universitet

01

Driftsutgifter, blir redusert med

10 400 000

frå kr 1 343 793 000 til kr 1 333 393 000

21

Særskilde driftsutgifter, blir auka med

25 000 000

frå kr 241 862 000 til kr 266 862 000

49

Kjøp av eigedom, kan overførast, blir auka med

11 800 000

frå kr 10 000 til kr 11 810 000

263

Universitetet i Tromsø

01

Driftsutgifter, blir a u k a med

9 500 000

frå kr 620 781 000 til kr 630 281 000

49

Kjøp av eigedom, kan overførast, blir auka med

2 200 000

frå kr 10 000 til 2 210 000

264

Noregs handelshøgskole

01

Driftsutgifter, blir auka med

17 000 000

frå kr 129 007 000 til kr 146 007 000

21

Særskilde driftsutgifter, blir auka med

1 570 000

frå kr 10 918 000 til kr 12 488 000

265

Arkitekthøgskolen i Oslo

21

Særskilde driftsutgifter, blir auka med

1 500 000

frå kr 1 978 000 til kr 3 478 000

268

Noregs idrettshøgskole

01

Driftsutgifter, blir auka med

500 000

frå kr 67 208 000 til kr 67 708 000

21

Særskilde driftsutgifter, blir auka med

1 500 000

frå kr 2 408 000 til kr 3 908 000

273

Statlege kunsthøgskolar

01

Driftsutgifter, blir auka med

2 000 000

frå kr 117 572 000 til kr 119 572 000

21

Særskilde driftsutgifter, blir redusert med

300 000

frå kr 407 000 til kr 107 000

274

Statlege høgskolar

01

Driftsutgifter, blir auka med

34 000 000

frå kr 4 488 359 000 til kr 4 522 359 000

21

Særskilde driftsutgifter, blir auka med

7 000 000

frå kr 188 361 000 til kr 195 361 000

278

Noregs landbrukshøgskole

01

Driftsutgifter, blir auka med

4 000 000

frå kr 304 162 000 til kr 308 162 000

21

Særskilde driftsutgifter, blir auka med

15 000 000

frå kr 110 869 000 til kr 125 869 000

49

Kjøp av eigedom, kan overførast, blir auka med

2 500 000

frå kr 10 000 til kr 2 510 000

279

Noregs veterinærhøgskole

01

Driftsutgifter, blir auka med

5 000 000

frå kr 132 837 000 til kr 137 837 000

280

Riksbibliotektenesta

01

Driftsutgifter, blir auka med

400 000

frå kr 12 464 000 til kr 12 864 000

21

Særskilde driftsutgifter, blir auka med

1 000 000

frå kr 2 550 000 til kr 3 550 000

281

Fellesutgifter for universitet og høgskolar

01

Driftsutgifter, blir redusert med

19 300 000

frå kr 609 841 000 til kr 590 541 000

21

Særskilde driftsutgifter, blir redusert med

100 000

frå kr 1 393 000 til kr 1 293 000

73

Tilskott til internasjonale program, blir auka med

2 500 000

frå kr 37 960 000 til kr 40 460 000

283

Det norske meteorologiske institutt

01

Driftsutgifter, blir auka med

7 000 000

frå kr 200 861 000 til kr 207 861 000

21

Særskilde driftsutgifter, blir auka med

2 000 000

frå kr 43 568 000 til kr 45 568 000

294

Kyrkjeleg administrasjon

79

Til rådvelde for departementet, kan overførast,

blir auka med

7 500 000

frå kr 750 000 til kr 8 250 000

295

Presteskapet

01

Driftsutgifter, blir auka med

10 700 000

frå kr 500 227 000 til kr 510 927 000

297

Nidaros domkyrkje o.a.

01

Driftsutgifter, blir auka med

5 300 000

frå kr 19 895 000 til kr 25 195 000

2410

Statens lånekasse for utdanning

01

Driftsutgifter, blir auka med

3 000 000

frå kr 173 923 000 til kr 176 923 000

70

Utdanningsstipend, blir auka med

113 000 000

frå kr 3 722 600 000 til kr 3 835 600 000

71

Andre stipend, blir auka med

40 000 000

frå kr 561 800 000 til kr 601 800 000

72

Rentestønad, blir auka med

37 000 000

frå kr 2 058 600 000 til kr 2 095 600 000

73

Avskrivingar, blir redusert med

72 000 000

frå kr 462 300 000 til kr 390 300 000

74

Tap på utlån, blir redusert med

20 000 000

frå kr 20 000 000 til kr 0

90

Lån til Statens lånekasse for utdanning,

blir auka med

45 000 000

frå kr 6 259 000 000 til kr 6 304 000 000

Inntekter:

3203

Statens utdanningskontor

11

Kursavgifter, blir auka med

7 000 000

frå kr 510 000 til kr 7 510 000

3232

Statlege skolar med opplæring på vidaregåande nivå

02

Salsinntekter o.a., blir auka med

3 000 000

frå kr 6 197 000 til kr 9 197 000

3243

Kompetansesentra for spesialundervisning

01

Inntekter ved oppdrag, blir auka med

14 000 000

får kr 14 175 000 til kr 28 175 000

02

Salsinntekter o.a., blir redusert med

500 000

frå kr 6 225 000 til kr 5 725 000

11

Kursavgift ved vaksenopplæring og etterutdanning,

blir auka med

1 100 000

frå kr 1 113 000 til kr 2 213 000

60

Betaling frå kommunar og fylkeskommunar,

blir redusert med

300 000

frå kr 3 366 000 til kr 3 066 000

3244

Nasjonalt læremiddelsenter

01

Inntekter ved oppdrag, blir auka med

2 000 000

frå kr 2 500 000 til kr 4 500 000

02

Salsinntekter o.a., blir auka med

4 000 000

frå kr 6 586 000 til kr 10 586 000

3260

Universitetet i Oslo

01

Inntekter ved oppdrag, blir auka med

70 000 000

frå kr 372 936 000 til kr 442 936 000

02

Salsinntekter o.a., blir auka med

2 000 000

frå kr 57 640 000 til kr 59 640 000

11

Kursavgift ved vaksenopplæringstiltak, blir auka med

5 500 000

frå kr 4 383 000 til kr 9 883 000

3261

Universitetet i Bergen

01

Inntekter ved oppdrag, blir auka med

80 000 000

frå kr 244 410 000 til kr 324 410 000

02

Salsinntekter o.a., blir auka med

1 500 000

frå kr 20 087 000 til kr 21 587 000

49

Sal av eigedom, blir auka med

7 700 000

frå kr 10 000 til kr 7 710 000

3262

Noregs teknisk- naturvitskapelege universitet

01

Inntekter ved oppdrag, blir auka med

25 000 000

frå kr 248 810 000 til kr 273 810 000

02

Salsinntekter o.a., blir redusert med

9 000 000

frå kr 33 745 000 til kr 24 745 000

11

Kursavgift ved vaksenopplæringstiltak, blir redusert med

1 400 000

frå kr 2 361 000 til kr 961 000

3263

Universitetet i Tromsø

02

Salsinntekter o.a., blir auka med

4 500 000

frå kr 19 537 000 til kr 24 037 000

49

Sal av eigedom, blir auka med

2 200 000

frå kr 10 000 til kr 2 210 000

82

Refusjon frå Sosial- og helsedepartementet, blir auka med

5 000 000

frå kr 0 til kr 5 000 000

3264

Noregs handelshøgskole

02

Salsinntekter o.a., blir auka med

3 000 000

frå kr 3 161 000 til kr 6 161 000

11

Kursavgift ved vaksenopplæringstiltak, blir auka med

14 000 000

frå kr 0 til kr 14 000 000

3265

Arkitekthøgskolen i Oslo

01

Inntekter ved oppdrag, blir auka med

1 500 000

frå kr 2 000 000 til kr 3 500 000

3268

Noregs idrettshøgskole

01

Inntekter ved oppdrag, blir auka med

1 500 000

frå kr 2 500 000 til kr 4 000 000

02

Salsinntekter o.a., blir auka med

500 000

frå kr 3 984 000 til kr 4 484 000

3273

Statlege kunsthøgskolar

01

Inntekter ved oppdrag, blir redusert med

300 000

frå kr 430 000 til kr 130 000

02

Salsinntekter o.a., blir auka med

2 000 000

frå kr 1 016 000 til kr 3 016 000

3274

Statlege høgskolar

01

Inntekter ved oppdrag, blir auka med

7 000 000

frå kr 196 565 000 til kr 203 565 000

02

Salsinntekter o.a., blir auka med

10 000 000

frå kr 97 832 000 til kr 107 832 000

11

Kursavgift ved vaksenopplæringstiltak, blir auka med

24 000 000

frå kr 0 til kr 24 000 000

3278

Noregs landbrukshøgskole

01

Inntekter ved oppdrag, blir auka med

15 000 000

frå kr 110 869 000 til kr 125 869 000

02

Salsinntekter, o.a., blir auka med

4 000 000

frå kr 14 902 000 til kr 18 902 000

49

Sal av eigedom, blir auka med

2 500 000

frå kr 10 000 til kr 2 510 000

3279

Noregs veterinærhøgskole

02

Salsinntekter o.a., blir auka med

5 000 000

frå kr 12 682 000 til kr 17 682 000

3280

Riksbibliotektenesta

01

Inntekter ved oppdrag, blir auka med

1 000 000

frå kr 2 552 000 til kr 3 552 000

02

Salsinntekter o.a., blir auka med

400 000

frå kr 0 til kr 400 000

3281

Fellesutgifter for universitet og høgskolar

01

Inntekter ved oppdrag, blir redusert med

100 000

frå kr 100 000 til 0

3283

Det norske meteorologiske institutt

01

Inntekter ved oppdrag, blir auka med

2 000 000

frå kr 39 966 000 til kr 41 966 000

02

Salsinntekter o.a., blir auka med

7 000 000

frå kr 8 232 000 til kr 15 232 000

3297

Nidaros domkyrkje o.a.

02

Salsinntekter o.a., blir auka med

5 300 000

frå kr 3 657 000 til kr 8 957 000

5310

Statens lånekasse for utdanning

72

Gebyr, blir auka med

10 000 000

frå kr 90 000 000 til kr 100 000 000

90

Avdrag, blir redusert med

500 000 000

frå kr 3 400 000 000 til kr 2 900 000 000

91

Tap og avskrivingar, blir redusert med

106 000 000

frå kr 481 200 000 til kr 375 200 000

5617

Renter frå Statens lånekasse for utdanning

80

Renter, blir auka med

27 000 000

frå kr 3 949 000 000 til kr 3 976 000 000

Oslo, i kyrkje-, utdannings- og forskingskomiteen, den 4. desember 1998.

Grete Knudsen,

Sigvald Oppebøen Hansen,

Rune E. Kristiansen,

leiar.

ordførar.

sekretær.