Felles parlamentarikardelegasjon til EFTA og EØS

Delegasjonen til EFTA og EØS har i EFTA-samanheng rådgivande funksjonar overfor EFTAs Råd og fungerer som bindeledd til nasjonalforsamlingane i EFTA-landa i saker innanfor det tradisjonelle arbeidsområdet til EFTA (frihandel).

EFTAs logo.
EFTAs logo.

Medlemmene i delegasjonen

Sjå oversikt over medlemmene i delegasjonen

Kontaktinformasjon

Sekretariatsfunksjonen for Stortingets delegasjon til EFTA og EØS blir teken hand om av internasjonal avdeling.

E-post: postmottak.internasjonal@stortinget.no

Om EFTA, EØS og den norske delegasjonen 

Stortingets parlamentarikardelegasjon til EFTA og EØS har rådgivande funksjonar overfor EFTAs ministerråd (EFTAas handelsministrar) og EØS-rådet (EØS-/utanriks- eller europaministrane i EFTA-landa) og fungerer som bindeledd til nasjonalforsamlingane i dei andre EFTA-landa. 
 
EØS-avtalen er Noregs mest omfattande internasjonale avtale og har dei siste 20 åra sikra Noreg full tilgang til den indre marknaden i EU. I same periode har Noreg gjennom EFTA inngått eit omfattande nettverk av handelsavtalar med land over heile verda. EFTA har sidan skipinga i 1960 vore ein handelsorganisasjon med fokus på økonomisk integrasjon. Med EØS-avtalen som tredde i kraft i 1994, vart samarbeid med EU betrakteleg utvida til å dekkja dei fleste politikkområde. Europapolitikken har på denne måten vorte mykje meir enn handelspolitikk, og like mykje innanrikspolitikk som utanrikspolitikk. Frå Stortinget si side har det derfor vore viktig med brei deltaking frå dei fleste fagkomiteane på Stortinget i EFTA/EØS-delegasjonen. 
 
EFTA/EØS-delegasjonen deltek i EFTAs parlamentarikarkomité, der han møter kollegaer frå Island, Liechtenstein og Sveits. Komiteen utgjer eit rådgivande organ til EFTAs ministerråd (handelsministrane i EFTA-landa), der fokus er på EFTAs frihandelsavtalar. Komiteen gir innspela sine til pågåande frihandelsforhandlingar og gir med dette arbeidet EFTA gjer med frihandelsavtalane ein viktig parlamentarisk dimensjon. 
 
EFTA/EØS-delegasjonen deltek òg i den felles EØS-parlamentarikarkomiteen saman med medlemmer frå Europaparlamentet. Her står ulike spørsmål knytte til EØS-avtalen på dagsordenen. Komiteen gir i fråsegner og resolusjonar til EØS-rådet (EØS/EFTA-landa utanriks- eller europaministrar) sine vurderingar av utviklinga i EØS og sine tilrådingar med omsyn til spesifikke saker på ulike politikkområde. 
 

Historie 

I 1977 vart det oppretta ein eigen komité for parlamentarikarar frå EFTA-landa. Uformelle kontaktmøte mellom EFTA-parlamentarikarar hadde då blitt haldne sidan 1963 i samband med sesjonane til Europarådet i Strasbourg. 
 
Frå 1989 bestod den norske parlamentarikarkomiteen til EFTA av fem faste medlemmer og fem varamedlemmer valde første året i stortingsperioden for fire år. 
 
Etter at EØS-avtalen tredde i kraft 1.1.94 vedtok Stortinget 1.2.94 å oppretta ein parlamentarikar-delegasjon til EFTA og EØS med seks medlemmer og seks varamedlemmer. I 2009 vart vara-lista utvida til 10 representantar for å inkludera så mange fagkomitear som mogleg i delegasjonen. Delegasjonen blir vald første året i stortingsperioden for fire år om gongen. 

Sjå òg

Nettstaden til EFTA
Om Europautvalget

Stortingets delegasjon til EFTA-parlamentarikarkomiteane og Den felles EØS-parlamentarikarkomiteen kjem kvart år med ei årsmelding som blir behandla av Stortinget.

Årsrapport fra Stortingets delegasjon til EFTA-parlamentarikerkomiteene og Den felles EØS-parlamentarikerkomiteen 

Aktuelt

  • EFTA-delegasjonen til India

    Trine Lise Sundnes (A) ledet 17.–21. april et arbeidsbesøk med EFTA-parlamentarikerkomiteen til New Delhi og Mumbai. Formålet var å støtte opp om de pågående handelsforhandlingene mellom EFTA og India.

    (24.04.2023)
  • EFTA-delegasjon til Thailand

    Stortinget deltok på et EFTA-parlamentarikerbesøk 5.–9. september for å støtte handelsforhandlingene mellom EFTA og Thailand.

    (12.09.2022)
  • EFTAs ministermøte på Island

    EFTA utvikler tettere handelsforbindelser med Thailand, Kosovo og Moldova. Stortingets EFTA-delegasjon støtter utviklingen av bedre handelsrelasjoner i en turbulent tid for global handel.

    (23.06.2022)
  • Energiomstilling tema for EØS-parlamentarikerkomiteens møte på Stortinget

    Endringene i energisituasjonen i Europa og energisamarbeidet i EØS-området står på agendaen når Stortinget er vertskap for et møte i den felles EØS-parlamentarikerkomiteen (EEA Joint Parliamentary Committee) 23.–25. mai.

    (20.05.2022)
  • Viktigheten av grunnleggende verdier i EØS-samarbeidet

    Stortingets EFTA-delegasjon deltok 24.−26. november 2021 på et arbeidsbesøk til Polen med EFTAs parlamentarikerkomite. Formålet med besøket var å få bedre innsikt i hvordan EØS-midlene brukes i lys av den svært bekymringsfulle rettsstatsutviklingen i Polen.

    (01.12.2021)
  • 60 år med økonomisk integrasjon og markedsadgang

    Hvordan skal man regulere bærekraft i Den europeiske frihandelsorganisasjonens (EFTA) handelsavtaler? Det blir et viktig tema for Stortingets delegasjon når parlamentarikerne i de fire EFTA-landene møter EFTA-ministrene tirsdag 27. oktober.

    (22.10.2020)
  • – EFTA blir viktigere for oss under pandemien

    Responsen fra Den europeiske frihandelsorganisasjonen (EFTA) på koronakrisen, og krisens effekt på global handel, sto sentralt da Stortingets EFTA-parlamentarikerdelegasjon møtte ministrene digitalt mandag 8. juni.

    (08.06.2020)
  • EFTA-parlamentarikerkomiteen i videomøte om covid-19 og EØS

    Under ledelse av Svein Roald Hansen (A) holdt EFTAs parlamentarikerkomité tirsdag 19. mail et videomøte om covid-19 og betydningen for EØS-samarbeidet. 

    (22.05.2020)
  • Handel og brexit

    Stortingets delegasjon til EFTA og EØS deltok 20.–23. november på en rekke EFTA-møter i Brussel og Genève relatert til brexit og handel. 

    (26.11.2018)
  • Globale handelsspørsmål på agendaen

    Under EFTAs ministermøte på Island 25. juni satte EFTAs parlamentarikerkomité globale handelsspørsmål på agendaen.

    (27.06.2018)
Velg å se:
Komitémedlemmer
Verv Navn Parti
Varamedlem Aukrust, Åsmund A
Varamedlem Hussaini, Mani A
Medlem Sjåstad, Runar A
Leder Sundnes, Trine Lise A
Varamedlem Vitanza, Solveig A
Medlem Bjørnstad, Sivert FrP
Varamedlem Halleland, Terje FrP
Varamedlem Astrup, Nikolai H
Medlem Lunde, Heidi Nordby H
Varamedlem Sanner, Jan Tore H
Varamedlem Kristjánsson, Mímir R
Medlem Lundteigen, Per Olaf Sp
Varamedlem Myhrvold, Ole André Sp
Varamedlem Sandtrøen, Per Martin Sp
Nestleder Fylkesnes, Torgeir Knag SV
Varamedlem Rotevatn, Sveinung V