Ansvaret og oppgåvene til presidentskapet

Presidentskapet er ansvarleg for å planleggja og leggja til rette arbeidet på Stortinget i samsvar med føresetnadene i Grunnlova og Stortingets forretningsorden.

Vis som temaark

Presidentskapet på Stortinget vert valt ved konstitueringa av Stortinget kvart år, av og blant representantane. Presidentskapet er samansett av seks personar: Stortingspresidenten og fyrste til og med femte visepresident. Direktøren på Stortinget er sekretær for presidentskapet.

Sjå oversyn over medlemer i presidentskapet, kontaktinformasjon, saker til handsaming, m.m.

Presidentskapet på Stortinget er leidd av stortingspresidenten. Stortingspresidenten har det høgste offentlege vervet i Noreg etter Kongen.

Stortingspresidenten leier møta i Stortinget. Han kan overlata møteleiinga til ein visepresident eller ein setjepresident som Stortinget har valt for ei kortare tid. Visepresident og setjepresident har som møteleiar same myndigheit som stortingspresidenten.

Nokre av dei viktigaste oppgåvene til presidentskapet er:

  • å sjå etter at konstitusjonelle reglar vert fylgde
  • å planleggja og styra arbeidet i Stortinget
  • å representera Stortinget i offisielle samanhengar

Les om ansvaret og oppgåvene til presidentskapet i Stortingets forretningsorden §§ 6–9.

Konstitusjonelle reglar

Presidentskapet skal, på vegner av Stortinget, sjå etter at konstitusjonelle reglar vert fylgde, også under komitéhandsaminga, og at alle saker får ei slik handsaming som Grunnlova og andre konstitusjonelle reglar føreskriv. Presidentskapet har eit særleg ansvar for å sjå etter at dei konstitusjonelle reglane om tilhøvet mellom regjering og nasjonalforsamling vert fylgde.

Presidentskapet har inga avgjerande myndigheit ut over dei fullmaktene som er gjevne av Stortinget gjennom reglane i forretningsordenen eller ved spesielle vedtak for det einskilde tilfellet. Presidentskapet har likevel monaleg innverknad på dei formelle og administrative sidene ved arbeidet på Stortinget. 

Handsaminga av politiske saker

I nyare tid har Stortinget ved mange høve understreka funksjonen presidentskapet har som eit styre for Stortinget, utan rett til å ta politiske avgjerder. I dei tilfella der det kjem opp politiske saker eller saker som kan verta politisk kontroversielle, er det tradisjon for at stortingspresidenten føreslår å leggja saka fram for gruppeleiarane i dei ulike partia. Slike gruppeleiarmøte vert normalt haldne på initiativ frå stortingspresidenten. Etter drøftingane med gruppeleiarane tek presidentskapet avgjerd i sakene.

Arbeidsordninga

Hovudoppgåva til presidentskapet er å planleggja og styra arbeidet i Stortinget. Presidentskapet skal syta for at sakshandsaminga i Stortinget fylgjer ein føremålstenleg tidsplan. Oppgåvene er fyrst og fremst administrative, og særleg retta mot arbeidsordninga og møteverksemda på Stortinget. 

Representasjon og gjestingar

Presidentskapet tek seg vanlegvis òg av parlamentarikardelegasjonar frå utlandet, og medlemer av presidentskapet leier ofte norske delegasjonar som reiser på offisielle gjestingar til andre land. Presidentskapet har dessutan representasjonsoppgåver på vegner av Stortinget.


Sist oppdatert: 16.12.2013 13:09