Stortinget - Møte torsdag den 23. november 2023

Dato: 23.11.2023
President: Kari Henriksen
Dokument: (Innst. 47 S (2023–2024), jf. Dokument 8:254 S (2022–2023))

Søk

Innhald

Sak nr. 9 [14:50:01]

Innstilling fra kommunal- og forvaltningskomiteen om Representantforslag fra stortingsrepresentantene Stine Westrum, Marie Sneve Martinussen og Tobias Drevland Lund om en strandsone for alle og styrking av allemannsretten (Innst. 47 S (2023–2024), jf. Dokument 8:254 S (2022–2023))

Talarar

Presidenten []: Etter ønske frå kommunal- og forvaltingskomiteen vil presidenten ordna debatten slik: 3 minutt til kvar partigruppe og 3 minutt til medlemer av regjeringa.

Vidare vil det – innanfor den fordelte taletida – bli gjeve høve til inntil 7 replikkar med svar etter innlegg frå medlemer av regjeringa, og dei som måtte teikna seg på talarlista utover den fordelte taletida, får òg ei taletid på inntil 3 minutt.

Mari Holm Lønseth (H) [] (ordfører for saken): Saken gjelder et representantforslag fra Rødt om en strandsone for alle og en styrking av allemannsretten. Det fremmes tre forslag i innstillingen, og utover Rødt er det SV som fremmer dem, sånn de er lagt fram. Jeg regner med at de partiene redegjør for sine egne standpunkt.

Norge er et langstrakt land. Vi har verdens nest lengste kystlinje. Vi er også et land hvor folk bor spredt. Det meste av strandsonen i Norge er åpen for ferdsel. Samtidig er det områder hvor strandsonen er svært nedbygd. Det gjelder f.eks. i Indre Oslofjord, hvor det ikke er ønskelig med noen oppmykning i dagens regelverk.

Nettopp fordi strandsonen er variert og utbyggingspresset er veldig ulikt fra landsdel til landsdel, er det viktig at vi har et differensiert regelverk for hvordan strandsonen kan utvikles. I områder med lavt press bør det bli enklere å bygge, mens i områder med høyt press bør regelverket forbli som i dag. Det sikrer vi med den differensierte strandsoneforvaltningen som vi har, hvor Solberg-regjeringen sørget for at det har blitt litt enklere å bygge ut i områder med lavt press.

Det er riktig, som forslagsstillerne peker på, at strandsonen er en viktig kilde til rekreasjon. Men det framstår nesten som om det utelukkende er en kilde til rekreasjon når man leser forslaget sånn det er fremmet fra Rødt. Det kan framstå som om de har glemt at strandsonen og koblingen til havet faktisk er en viktig kilde til å trygge arbeidsplasser i hele landet, særlig i distriktene. Når Rødt i sitt forslag beskriver strandsonen og hvordan den bygges ned, skriver de at strandsonen er preget av oppdrettsanlegg, brygger, basseng, blomsterbed, benker og båthus, og at det nærmest tar over strandsonen. Det er litt fristende å spørre hvor i strandsonen det er Rødt ferdes, hvis de tror at det rundt i landet vårt er sånn at den nå bygges ned i distriktene av f.eks. basseng. Det er iallfall en virkelighet jeg ikke kjenner meg igjen i fra Trøndelagskysten, som jeg tror kanskje er mer representativ for den virkeligheten som mange opplever.

Jeg tror tvert imot at man mange steder i landet merker at ønsket om å skape nye arbeidsplasser blir hindret av at regelverket er rigid. Det er faktisk oppdrettsanlegg, båthus og naust som også bidrar til å skape store verdier og trygge arbeidsplasser i store deler av distriktene. Båthusene som Rødt trekker fram som noe negativt, er f.eks. helt nødvendige for å opprettholde fiskeri i store deler av landet.

Helt avslutningsvis vil jeg si at kommunene i dag selvfølgelig har plikt til å følge opp ulovligheter, og det har jeg tillit til at kommunene gjør uten at de får noe videre pålegg om det.

Heidi Greni (Sp) []: Plan- og bygningsloven fastsetter byggeforbud i 100-metersbeltet langs sjøen. I 100-metersbeltet skal det tas hensyn til natur, friluftsliv, kulturmiljø og andre allmenne interesser. Det er imidlertid viktig å presisere at byggeforbudet ikke er absolutt, og at kommunene kan fastsette en annen byggegrense.

Norge er et langstrakt land med store variasjoner. Derfor må også strandsonepolitikken være ulik mellom landsdelene. De statlige planretningslinjene for strandsone er delt inn i tre soner. I sone 1, Oslofjordregionen, er det stort press på arealet, med 71 pst. nedbygd strandsone. Den sonen har de strengeste reglene, og slik bør det også være i fortsettelsen.

Sone 3 er områder der det er mindre press på strandsonearealene. Der kan det tvert imot være ønskelig med mer aktivitet, næringsutvikling og bosetting. Dette er områder hvor den største utfordringen er at det er mindre aktivitet i strandsonen og færre innbyggere. Som forrige representant nevnte, er oppdrettsnæringen, fiskeri osv. utrolig viktige næringer i disse kommunene, og det er kommunen som må bestemme hvordan strandsonen skal disponeres. Dette gjelder mange steder og kommuner hvor hver innbygger har en hel kvadratkilometer å boltre seg på. En slik kommune kan ikke ha samme politikk som kommunene langs Oslofjorden. Sone 2 er midt imellom disse.

Regjeringspartiene mener dagens regelverk er et godt utgangspunkt for en bærekraftig forvaltning. Det er kommunen som er planmyndighet, det er lokalpolitikerne som sitter med lokalkunnskapen, og de forvalter lovverket godt. Det stemmer ikke at kommunene er slepphendte med byggetillatelser i strandsonen – tvert imot er antallet slike tillatelser sterkt redusert de siste årene. Mange kommuner har også lagt mye arbeid i å rydde opp i allerede utbygde områder.

Kommunene skal i løpet av 2024 ha vedtatt en ny planstrategi, der gjennomgang av planer for strandsonen vil være en naturlig del. Jeg har tillit til at kommunene følger opp utfordringene i strandsonen på en god måte.

Kommunene har ansvar for å følge opp tiltak som er i strid med loven, enten ved å kreve at det søkes om byggetillatelse i etterkant eller ved å kreve tiltaket fjernet. De kan også sørge for revisjon av arealplan. Det bør fortsatt være kommunenes ansvar, og det er ikke ønskelig fra Arbeiderpartiet og Senterpartiets side å innskrenke kommunenes selvråderett.

I Hurdalsplattformen slås det fast at vi vil ha en mer differensiert forvaltning med større handlefrihet og mulighet for næringsutvikling og bosetting i spredtbygde strøk i sone 3. Vi støtter derfor ingen av forslagene.

Helge André Njåstad (FrP) []: Det blir gøy å diskutera litt strandsone, takk vera dette Dokument 8-forslaget frå Raudt. Det einaste eg kan seia om det, er at dei reiser ein debatt. Når ein les forslaget, er det ikkje mykje gledeleg å finna i det, for dei vil ha statleg overstyring.

No har me nettopp valt nye kommunestyre. Innbyggjarane i heile landet har gjeve tillit til lokalt folkevalde for at dei skal styra lokale saker. Så går det ein månad, og no meiner altså forslagsstillarane at ein veit best i denne salen, herifrå, korleis det skal planleggjast i heile landet.

Når ein les forslaget og ser verkelegheitsbeskrivinga om at det er badebasseng og blomsterbed som pregar strandsona i Noreg, har vel det gjort at dette forslaget kan stemplast som useriøst. Dei færraste kommunar i Noreg kjenner seg igjen i at strandsona er prega av basseng og blomsterkasser og den typen aktivitet. Eg er veldig glad for det regjeringspartia seier her, og med det legg seg på den same linja som Framstegspartiet, at det er lokalt folkevalde som skal avgjera arealpolitikken og strandsonepolitikken, ikkje denne salen.

Eg håpar òg landets statsforvaltarar har merka at regjeringspartia gjev lokalpolitikarane den tilliten, og då sluttar å plaga lokalpolitikarar med motsegner og yrkeslause prosessar knytte til planleggingsretten som det lokale sjølvstyret har. Eg håpar at det vert formidla tydeleg til statsforvaltarane.

Eg kjem sjølv frå ein øykommune, og eg har ikkje sett eit einaste basseng eller ei einaste blomsterkasse i min kommune. Eg ser heller ikkje så mange område som er veldig eigna til å driva friluftsliv. Det er jo dette lokalpolitikarane driv med, at ein ser kva område som er godt eigna til friluftsliv. Der er allemannsretten viktig, der er det viktig å leggja til rette for allmenta, men det aller meste av strandsona langs kysten består jo av haug og hamar og er utilgjengeleg for folk, med mindre ein gjer inngrep, og då legg til rette for at ein kan byggja bygg til næring, naust for å lagra båtar osv., og det er til stor glede. Den jobben gjer ein best lokalt, ikkje om ein skal sitja i Stortinget og bestemma.

Kommunane gjer òg ein god jobb med å følgja opp gode planar og sørgja for at ting er i tråd med regelverket. Me har stor tillit til at lokalpolitikarane klarar dette, og om dei ikkje klarar det, vil innbyggjarane skifta dei ut ved val, noko dei gjorde i haust. I mange kommunar valde dei inn fleire Framstegsparti-politikarar i kommunestyra, fordi dei ønskjer meir ja-politikk, dei ønskjer meir næringsutvikling. Me synest det er bra at det er innbyggjarane gjennom val som bestemmer kven som skal styra arealpolitikken, og at ein ikkje frå denne salen skal instruera alle til å ha eit strengare strandsonevern. Dette kan lokaldemokratiet handtera heilt fint sjølv.

Birgit Oline Kjerstad (SV) []: Vi har ei lang kystlinje i Noreg, men der strandsona er mest brukt og tilgjengeleg for rekreasjon, er ho ikkje uendeleg. Tvert imot er strandsona under sterkt press.

Eg vaks opp så å seie i fjøra. Vi kunne leike alle stader, og vi var trygge på at dette var ein felles tumleplass og møteplass. Vi kjende oss ikkje uønskte eller på «privat grunn», sjølv om nokon både eigde grunnen og hadde båtstø og naust som dei brukte.

Kystlinja vår er unik i verdssamanheng, men ser ein på gamle bilete, er eg slett ikkje imponert over korleis vi har forvalta ho, særleg ikkje dei siste 50 åra.

Kommunane set av areal gjennom arealplanane sine. Det skal dei fortsetje med, og dei må gjere nokre vurderingar. Strandsona er mange stader svært attraktiv for friluftsliv, rekreasjon og naturopplevingar. Samtidig er det areala langs sjøen som er under sterkast utbyggingspress her i landet. Det største problemet er bit-for-bit-utbygginga. I utgangspunktet er det forbod mot å byggje nærare enn 100 meter frå sjøkanten. Det har både med allemannsretten og behov for å ta vare på naturverdiane å gjere. Byggjeforbodet er nedfelt både i plan- og bygningslova og i friluftslova.

I 2021 fekk kommunane inn 1 286 søknader om å få byggje nye bygningar i 100-metersbeltet ved sjø. Over 1 000 av desse vart innvilga, 70 pst. fekk dispensasjon. Tal frå SSB viser at det var innvilga rekordmange søknader om å byggje i strandsona også i 2022. Det var ein auke på 53 pst. samanlikna med dei to føregåande åra, så her er det noko som nesten er i ferd med å eksplodere.

Langs Oslofjorden er det berre 40 pst. av strandsona som er tilgjengeleg for allmenta. I resten av landet er det 68 pst. Det kan høyrest mykje ut, men det kan likevel bety at dei mest attraktive delane er mykje meir pressa enn det dette talet tilseier.

Det er ein myte at det er så strengt i Noreg. Faktum er at bygging i strandsona er minst like strengt og kanskje strengare i andre land. Kva er vitsen med eit forbod i lovs form dersom vi har kommunepolitikarar og regjeringar som ser gjennom fingrane med det som skjer, og gjev dispensasjon eller lèt vere å fylgje opp tilfelle der folk tek seg til rette og set opp private stengsel og skilt med «adgang forbudt»?

Det er ikkje vanskeleg å forstå at mange har lyst til å ha ei hytte eller eit hus i sjøkanten, men slik det har utvikla seg på dei mest attraktive plassane, meiner eg at praksisen må skjerpast inn.

Vi menneske tek meir og meir plass, og naturen får tilsvarande mindre plass. Det som er utilgjengeleg i dag, er ofte dei areala som den ville naturen og sjøfuglar osv. brukar. Oppstykking og sal av tomter, bit for bit, strødde utover, og privatisering med å stengje ute andre er ei utvikling som eg meiner både bryt med norsk tradisjon og allemannsretten og er ein trussel mot det biologiske mangfaldet i norsk kystnatur.

Med det tek eg opp dei forslaga SV er med på i denne saka.

Presidenten []: Då har representanten Birgit Oline Kjerstad teke opp dei forslaga SV er med på.

Tobias Drevland Lund (R) []: Allemannsretten er noe av det vakreste vi har i Norge. Likevel er strandsonen – der mange liker å oppholde seg – under sterkt press. Hvor mye strandsone som er tilgjengelig, er selvfølgelig svært varierende fra kommune til kommune, men i indre Oslofjord er hele 71 pst. nedbygd. Nedbygging av strandsonen, både den lovlige, den som har skjedd med politikernes velsignelse, og den ulovlige, den som har skjedd nettopp uten at det har vært lov, legger til rette for den største trusselen mot både allemannsretten og naturen selv. Det er summen av alle inngrepene som er problemet – om det så er bassenger, hytter, hyttebyer, flytebrygger, lektere, fastmonterte benker, båthus, trapper eller hva det skal være. Alt dette i sum er i ferd med å gjøre allemannsretten enkelte steder i strandsonen til en teoretisk øvelse – for ikke å snakke om den ulovlige privatiseringen av strandsonen, som tiltar.

Økokrim viet i sin trusselvurdering for 2022 et eget kapittel til strandsonekriminalitet og beskrev denne som systematisk, forsettlig og økende. En del av problemet er at ressursene til ulovlighetsoppfølging i strandsonen er svært begrenset i mange kommuner, og derfor er det vanskelig for kommunene å følge opp brudd på regelverket.

Undersøkelser som Sivilombudet gjorde av dispensasjonsvedtak – bl.a. i min egen hjemkommune, Kragerø – i perioden 2016–2019, viste at flertallet av vedtakene som kommunen fattet, hele 600 vedtak, var mangelfulle og inneholdt meget knappe begrunnelser. Jeg har selv sittet i kommunestyret i min hjemkommune, Kragerø, hvor slikt som dette oppleves, og hvor flertallet av politikerne tillater å bygge et basseng i hundremetersbeltet. Naturvernforbundet oppsummerer dette godt i sitt innspill til komiteen. De har tidligere avdekket at ni av ti får bygge i vernet natur, og kystkommuner gir dispensasjon for bygging i hundremetersbeltet i stort omfang. Dette fører til nedbygging og fragmentering av verdifull natur, samtidig som naturen blir mindre tilgjengelig for folk.

La meg gjøre én ting klinkende klart: Problemet er ikke fastboende som driver næring eller fastboende som skal bytte vinduer, bytte en dør eller bygge et nytt båthus. Problemet er de gigantomane prestisjeprosjektene til både rike hyttebeboere og rike utbyggere, som tror hyttedrømmen best ivaretas med slagordet «jo større, jo bedre». Som resultat blir naturen taperen hver eneste gang, og folk får mindre mulighet til nettopp å være i og bruke naturen. Det må tas grep, det må tas kraftige grep, og derfor har Rødt flere forslag her i dag. Det er jo leit at det virker som om flertallet i salen ikke er like opptatt av dette problemet.

Med det viser jeg til forslagene Rødt er med på.

Statsråd Erling Sande []: Representantane Westrum, Martinussen og Lund har fremja forslag om å be regjeringa om å fremje forslag om eit forbetra strandsonevern, om korleis kommunane si oppfølging av ulovlege tiltak i strandsona kan styrkjast, og om kartlegging av kommunane sitt arbeid med å fjerne sjikanøse stengsel i strandsona.

Eg sluttar meg for så vidt til utsegna til representantane om at nærmiljøet er viktig for leik og rekreasjon, og at ei tilgjengeleg strandsone difor er viktig. Som representantane påpeiker, er det ein stor del av strandsona i Oslofjorden som i dag ikkje er tilgjengeleg, mens situasjonen andre stader i landet er ein ganske annan. Det er altså stor ulikskap mellom kommunane, og dette er tatt høgde for i statlege planretningslinjer for strandsona, som blei vedtatt i 2011 og revidert i 2021. I Oslofjorden er det strenge reglar for nybygg og tiltak i strandsona, og det er mitt inntrykk at kommunane følgjer opp dette i si forvaltning og planlegging. I ein del kommunar på Sørlandet, på Vestlandet og i Trøndelag er det utbyggingspress i delar av kommunen, mens andre har mykje tilgjengeleg strandsone og lite utbyggingspress. Desse er plasserte i sone 2 i strandsoneretningslinjene, med meir differensierte føringar. Sone 3 gjeld område med mindre utbyggingspress. Dei vil ha større handlingsrom i bruk av sine areal.

I Nasjonale forventninger til regional og kommunal planlegging 2023–2027, frå juni i år, er det forventa at kommunane vurderer arealbruken langs sjøen og i og langs vassdrag i eit heilskapleg og langsiktig perspektiv. Eg meiner dei statlege planretningslinjene gjev grunnlag for ei god og differensiert strandsoneforvalting som sikrar ålmenta god tilgang til strandsona gjennom aktiv kommunal planlegging. Vi må ha tillit til det lokale sjølvstyret.

Det er viktig at kommunane sørgjer for at ulovlege tiltak i strandsona blir følgde opp og retta. Dette er viktig arbeid, men det er òg ressurskrevjande for kommunane. Mitt departement arbeider med betre rettleiing om oppfølging av ulovlege tiltak i kommunane.

Som oppfølging av heilskapleg tiltaksplan for Oslofjorden oppretta Klima- og miljødepartementet i 2022 ei tilskotsordning for juridiske utgreiingar om tilgangen for ålmenta i strandsona. Det har ført til at ulovlege stengsel i strandsona er fjerna. Ordninga blir føreslått vidareført i 2024 med 3,2 mill. kr.

Mange kommunar er i gang med å følgje opp sjikanøse stengsel i strandsona. Statsforvaltarane rapporterer årleg til departementet om kommunane si oppfølging i strandsona, og det er oppretta eit kystsonenettverk med kommunar, fylkeskommunar og statsforvaltarar langs Oslofjorden. Dette nettverket er viktig for å auke kompetansen om forvalting av strandsona, ikkje minst når det gjeld friluftsomsyn og oppfølging av ulovlegheiter. Det vil òg kunne gje betre oversikt over kva kommunar som har sett i gang arbeid med å følgje opp ulovlege tiltak. Nettverket blir drifta over budsjettet til Klima- og miljødepartementet.

Presidenten: Det blir replikkordskifte.

Mari Holm Lønseth (H) []: Regjeringen har sagt at de ønsker en mer differensiert forvaltning av strandsonen. Blant annet har man i distriktsmeldingen, Meld. St. 27 for 2022–2023, skrevet tydelig at kommunene skal få mer handlingsrom og bedre muligheter til næringsutvikling og bosetting i spredtbygde strøk. Kan statsråden forklare litt mer konkret hvilke endringer regjeringen planlegger å gjøre i strandsoneforvaltningen, og når han vil gjøre det?

Statsråd Erling Sande []: Det er eit arbeid vi allereie er i gang med. Vi har sendt forventingsbrev om korleis vi som stat forventar at kommunane skal forvalte areala sine, og då har vi nettopp understreka at det er moglegheiter for differensiert strandsoneforvalting. Eg synest saksordføraren, representanten Lønseth, hadde eit godt innlegg i stad. Ho peika på noko veldig viktig, nemleg at strandsone ikkje berre handlar om hyttebygging og rekreasjon, det handlar også om verdiskaping. I mange tilfelle handlar det å kunne bruke ei differensiert strandsoneforvalting om moglegheita til å etablere viktig næringsverksemd. Det er ein gong slik i landet vårt at ein god del av næringsverksemda er knytt til sjø og må liggje i strandsona. Slik er logikken innretta, og difor er det viktig at kommunane har desse verktøya, og at dei har større verktøy i område der det er mindre press.

Mari Holm Lønseth (H) []: Jeg deler intensjonen til statsråden i stor grad, og jeg synes denne debatten også på en god måte får fram at strandsonen er veldig variert. Når man hører innleggene fra Rødt, virker det som om man har tenkt å ha et eget regelverk for folk som har lyst til å bygge hytte, og et annet regelverk for personer som driver næring. Det håper jeg statsråden kan si at kanskje er en uhensiktsmessig måte å gjøre det på framover. Man må også se på hvor stort utbyggingspress det eventuelt er i kommunene, slik at de som bor langs kysten, kan leve av næringene og av havet, som vi har gjort i mange, mange år.

Solberg-regjeringen gjorde noen endringer i strandsoneforvaltningen og sørget bl.a. for at et par ekstra kommuner kom over i såkalt sone 3. Kan det være aktuelt for statsråden i det videre arbeidet at flere kommuner med lavt utbyggingspress i dag kommer over i sone 3?

Statsråd Erling Sande []: Eg vil i alle fall ikkje utelukke det på dette tidspunktet. Vi jobbar bl.a. med planretningslinjer, og også der er det å få understreka differensiering av areal kjempeviktig. Replikken til representanten minner meg også om noko anna, og det er at i nokre tilfelle er næring også rekreasjon, f.eks. i form av reiselivsnæring. Det er viktig at ein i ulike delar av landet vårt får utnytte dei moglegheitene ein har i sine areal. Vi skal verne om strandsona der det er høgt press, og det er ein viktig del av det differensierte regelverket.

Birgit Oline Kjerstad (SV) []: Vi har levd av havet i tusenvis av år her i landet, vil eg nesten seie, men det har vel aldri vore færre båtar enn det er no. Vi har fiskerihamnene og dei anlegga som tener den næringa. Det er ikkje snakk om å rive dei. Den store auken i unntak frå reglane om forbod mot å byggje i strandsona er i veldig stor grad knytt til fritidseigedomar som er hytter, ikkje så mykje til næringsverksemd. I 2022 var auken i saker om unntak for bygging i strandsona på 53 pst. Er ikkje statsråden i det heile bekymra for at det fort blir slik at veldig mykje blir nedbygd som ikkje burde ha vore nedbygd – usystematisk og med unntak for enkeltpersonar som finn på at her vil dei byggje?

Statsråd Erling Sande []: Eg har veldig stor tillit til det lokale sjølvstyret, men likevel meiner eg at dei differensierte retningslinjene var viktige for å ivareta nettopp det Kjerstad er inne på. Det er sjølvsagt ikkje greitt dersom folk tek seg til rette. Den typen bygging skal vi sjølvsagt ikkje ha. Lova gjeld, men det å gje kommunane moglegheit til å la folk få lov til å utvikle strandsona, eksempelvis til næring, i område der det er lågt press på strandsona, kan vere riktig.

Eg synest at representanten Kjerstad hadde eit anna viktig poeng i startinnlegget sitt, då ho beskreiv barndomens reking i strandsona, som eg også kjenner meg igjen i. Det viser til at til og med delar av strandsona som er utbygde, ikkje nødvendigvis er utilgjengelege. Det er ikkje eit svart-kvitt bilde på det viset.

Birgit Oline Kjerstad (SV) []: Takk for svaret. Mange kommunar er små. I mange distriktskommunar er det veldig tette band til dei som har ei økonomisk interesse i å selje tomt osv. Mange kritiserer arealforvaltinga fordi ein er for lite prinsippfast i korleis ein gjer vurderingane – at det fort blir kjennskap, venskap eller mykje pengar som gjer at ein får eit løyve. Eg gjentek: Er ikkje statsråden bekymra for at det blir gjeve for mange dispensasjonar, som går ut over den felles verdien av å ha eit intakt landskap over tid?

Statsråd Erling Sande []: Til det siste, og som eg beskreiv i mitt innlegg: Ein følgjer med og rapporterer på det som er av utbygging i strandsona, og det er eit arbeid som kjem til å halde fram. Det blir ført ei oversikt over dette. Eg er nok ikkje med på den mistilliten til lokalpolitiske prosessar som Kjerstad her legg til grunn. Eg legg til grunn at kommunane gjennom si handsaming har politikarar som tek ansvaret sitt på alvor, og ikkje lèt kjennskap og venskap styre sine prioriteringar.

Birgit Oline Kjerstad (SV) []: Mange planavdelingar i kommunane ønskjer å ta litt meir kontroll over denne bit-for-bit-utbygginga. Eg etterlyser at statsråden no tek ansvar og støttar opp om dette veldig sterkt. Det er ikkje alltid i fellesskapet sin interesse, det som skjer når det blir bygd så mykje. Når statsråden beskriv denne tilliten til systemet, lurer eg på om han ikkje ser nokon problem med at dette skjer litt for spontant og litt for ustrukturert med omsyn til dei lange linjene i arealforvaltninga.

Statsråd Erling Sande []: For det første meiner eg at planlegging er det viktigaste verktøyet kommunar har, og det skal fendre, som vi seier på kysten, nokon av problemstillingane med at dette blir usystematisk og usamanhengande. Eg håpar og trur at det fungerer. Så kan det vere unntak, og det kjenner vi vel alle eksempel på. Det kan også vere eksempel på at det skjer ulovlegheiter. Lova, som ligg i botnen, skal sikre strandsona eit sterkt vern, men det differensierte regelverket vi har lagt på toppen, skal også gje moglegheiter for utvikling i dei areala der ein ikkje har stort press på strandsona, og der ein veldig stor del av strandsona er tilgjengeleg for folk i dag.

Tobias Drevland Lund (R) []: Det var mange ting som ble sagt, bl.a. om mitt parti. Høyre anklager Rødt for dårlig politikk på dette området. Det kommer altså fra et parti som senest i fjor foreslo at man ikke skulle følge opp ulovligheter i strandsonen hvis det hadde skjedd for lenge siden. Det får stå for deres regning.

Derimot er statsråden inne på noe som jeg er enig i, og det er at han vil slå ned på ulovligheter. Det er i tråd med det jeg også tok opp i mitt innlegg, at man i Økokrims trusselvurdering vier et eget kapittel til ulovligheter i strandsonen og strandsonekriminalitet, som de kaller det, og at denne kriminaliteten er systematisk, forsettlig og økende. Mitt spørsmål til statsråden er: Hva tenker statsråden om denne alvorlige utviklingen, og hvordan vil statsråden sørge for at vi får mindre ulovlig bygging i strandsonen, og at vi får bukt med det problemet?

Statsråd Erling Sande []: I alle samanhengar gjeld det at vi må følgje lova. Vi må sikre at alle følgjer lova, og vi har juridiske verktøy for det når det skjer lovbrot. Likevel, som eg nemnde i mitt innlegg, har vi også etablert ei tilskotsordning for juridiske utgreiingar som skal byggje opp under saker der det er spørsmål om allmenta sin tilgang til strandsona har blitt svekt, og som igjen skal føre til at ulovleg oppsette stengsel blir fjerna. Denne ordninga har gjeve resultat, og difor blir ho føreslått vidareført i budsjettet for neste år.

Tobias Drevland Lund (R) []: Jeg takker for svaret.

Det ulovlige byggingen i strandsonen er et stort problem, som også statsråden erkjenner, men et annet problem er at mange kommuner rett og slett sliter med manglende ressurser og økonomisk handlingsrom til å følge opp når ulovligheter først har skjedd ute i kommunene, fordi de ikke har ressurser, og de har ikke folk som kan ettergå det. Jeg lurer på om statsråden vil se på muligheten for å styrke kommunenes mulighet til selv å drive ulovlighetsoppfølging i tiden framover.

Statsråd Erling Sande []: Då er vi tilbake på eit tema som vi kjem til å diskutere mykje i denne sal, nemleg å setje kommunane generelt i stand til å leve opp til oppgåvene sine og utføre dei viktige oppgåvene sine. Dette er ein liten bit av eit stort sett oppgåver som kommunane har. Eg trur vi er tilbake til det spørsmålet som regjeringa har vore veldig oppteken av: Korleis sikrar vi ein økonomi i kommunane som gjer at dei klarer å oppfylle oppgåvene sine?

Presidenten []: Replikkordskiftet er dermed avslutta.

Fleire har ikkje bedt om ordet til sak nr. 9.

Votering, sjå tysdag 28. november